Nyheter:

40 par kjempa om å bli best under Vake 2014.

Drageløparane

På Varangerhalvøya vert 80 vingar fylte med frisk nordavind.

Publisert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne saken ble opprinnelig publisert i papirutgaven av Forsvarets forum nr. 5, 2014. Nå publiseres den for første gang på nett i anledning Forsvarets forums Julekalender 2020.

Dette er luke 20. Les flere luker lengre ned i artikkelen.

***

Frå Berlevåg til Vardø går eit 30 mil langt løp der det gjeld å segle raskast på ski.

Her er Nils Arne Ro for veteran å rekne, han har vore med i fleire år og gått heilt til topps i tevlinga to gonger. No er det 40 par som kjempar om å bli best.

– Eg starta med kiting rundt år 2000. Eg hadde berre sett det på TV og kom forbi ein butikk i Oslo der ein kite var utstilt. Med bruksrettleiing på tysk gjekk eg i gang i områda rundt Lakselv, der det er gode forhold på våren, fortel Ro.

Kaptein Nils Arne Ro var ein av favorittane, men måtte bryte etter eit uhell.

Kiting til sjøs

No står 47-åringen på startstreken i konkurransen, som kallast Vake. Som pilot på SeaKing har han nok ekstra god bakgrunn for å temme vinden, som blæs friskt frå Barentshavet.

Ein annan militær har også meldt seg på, major Øistein Sabel Christophersen. Han jobbar til dagleg i Forsvarsdepartementet, har kortare røynsle enn piloten frå Banak:

– Eg byrja med kiting på sjøen då eg studerte økonomi i Spania i 2005. Sidan eg kitar mest på sjø, har eg også ein oppblåsbar skjerm, som er mest vanleg på vatnet, seier majoren.

–No satsar eg og makkeren på å komme til siste sjekkpunktet før nasjonalparken, slik at vier kvalifiserte til å vere med neste år.

Utstyret må det vere orden på.

Sterke krefter

Det er nemleg slik at berre 30 par får lov til å kite gjennom det verna området, dei ti siste må bryte av omsyn til fjellreven. Undervegs er det fleire sjekkpunkt og pålagd kviletider. Og minst to overnattingar i telt.

– Eg startar med foil-kite på 18 kvadrat, men har også to mindre med i pulken. Eg har GPS med kart på handleddet, og ein må heile tida vere veldig fokusert slik at ein held planlagt rute og ikkje ramlar i ein bekk. Det er masse krefter i sving som ein må takle. Eg held kort avstand til makkeren, og vi kommuniserer med handsignal, seier Ro, som brukar randonéski.

Han tilrår kitekurs for å lære grunnteknikken. Det krev trening å komme seg mot vinden og få fart på skjermen. Motvind kjennes godt i låra. Vind skrått bakfrå er det enklaste.

Hjerneskaking

Det er eit imponerande syn når 80 vingar vært fylte med frisk nordavind. Eit suser det einaste ein høyrer, og etter kort tid er dei fleste deltakarane med sine pulkar langt av garde.Her går det fort unna – opp til 65 kilometer i timen.

Difor tar det berre tre timar før dei beste når første sjekkpunkt. Her er det matpause med justering av utstyr. Sea King-pilot Ro og makker kjem inn på delt andreplass og «parkerar» skjermane sine før dei dreg vidare etter to timar.

Ro og makkeren held seg heilt i teten til det står att berre nokre kilometer. Då tar eit overraskande vindkast tak i kiten til piloten, slik at han får seg ein ufriviljug luftetur – og hjerneskaking.

Han må bryte.

«Kontor-majoren», med erfaring som kavalerist i Troms, kjem til siste sjekkpunkt som nummer 35:

– Det har vore ei kjempeoppleving i ein storslått natur, og vi har avdekt dei svake sidene. Vi har stadfesta at vi kan navigere og klare oss i telt. Vi kjem tilbake, med betre segleteknikk, proklamerer ein nøgd Sabel Christophersen.

NB: Det vart svensk siger i årets Vake 2014. Ein finsk militær blei nummer fire, og ein fransk militær kom inn på ellevte plass.

Powered by Labrador CMS