Nyheter

HOVEDSTADEN: En ukrainsk soldat tar seg en sigarett utenfor en ødelagt bygning i Kyiv 20. mars.

– Krigar har ein tendens til å vare lengre enn folk trur

– Russarane bryr seg ikkje om sivile tap. Den russiske tanken har vore at motstandaren skal seie at det er betre å vere ein russisk satellitt stat, enn at alt blir lagt i grus, sier pensjonert amerikansk oberst.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Hausten 2016 fekk den pensjonerte amerikanske general John Abiziad eit oppdrag av den dåverande amerikanske forsvarsministeren, Ash Carter. Han skulle gå inn som rådgjevar for den dåverande ukrainske forsvarsministeren, general Stepan Poltorak.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

Eitt av medlemmane i teamet generalen fekk med seg var Liam Collins, oberst i den amerikanske spesialstyrkane. Før Collins kom på plass i Ukraina, hadde generalen alt fått eit visst inntrykk om kva som venta, har obersten fortelje om denne fyrste tida.

– Dei er ganske sovjetiske i stilen, sa generalen til obersten før dei gjekk inn i møterommet.

Då møtet byrja, tok ein ukrainsk general fram ein protokoll, som han las opp frå i omtrent ein halv time. Så vart møtet heva. Utan diskusjon, utan nokre vidare seremoniar. Slik var stoda i det ukrainske forsvaret i 2016. Men rapportane om det ukrainske forsvaret den gong, var langt verre enn berre mangel på diskusjon.

Slalåm i Sarajevo

For oberst Collins var oppdraget i Ukraina noko som på mange måtar skilte seg ut frå det han hadde jobba med fram til då.

SPÅDOM: Den tidlegare obersten i den amerikanske spesialstyrkane Liam Collins trur krigen i Ukraina vil vare lengre enn mange trur.

Som dei fleste amerikanske spesialstyrkeoffiserar hadde han vore ein del av den såkalla lange krigen, som i det store og heile handla om å gå etter terroristgrupper. Alt hausten 2001 hoppa han inn i Afghanistan frå stor høgde i fritt fall.

Les også: Norsk politiker hedres av ukrainsk utbryterrepublikk

Han tenestegjorde i Irak og på Afrikas Horn. Tidleg i karrieren, under krigen i Bosnia, minnast han jamvel at han trefte nokre frå dei norske styrkane i den olympiske slalåmbakken i Sarajevo.

– Dei vart overraska over å sjå ein amerikanar som rant fortare enn dei, men på langrenn ville det sjølvsagt vore noko anna, seier han i starten av intervjuet.

Reformer

Attende i 2014, då konflikten i Donbas byrja, var det nok mange som tenkte at dette var og blei ein konflikt på nok ein ytterkant av Europa. For dei ukrainske styresmaktene, som hadde opplevd demonstrasjonane på Majdan i Kyiv det året, kor folk tydeleg sa frå at dei ville rette nasjonens andlet mot Vesten, vart konflikten ei oppvakning.

Studiar av det ukrainske forsvaret ga ikkje mykje von for framtida. Ein ukrainsk general, Victor Muzhenko, gjekk lengst og omtalte forsvaret som «ein armé som bokstaveleg tala låg i ruinar», skriv oberst Collins i ein artikkel.

Det gjekk omtrent to år frå dei harde orda frå generalen fall til general Abiziad og hans team sat i dei fyrste «sovjetstilmøta».

Ukrainarane hadde kome fram til at dei trengte å reformere forsvaret, og dei gjekk til Vesten for hjelp. Collins poengterer at det ikkje var ei gjenerobring av Donbass som stod på tapetet, men å hindre ein russisk invasjon.

Lærdom frå Georgia

Ut frå studiane kring stoda i forsvaret, hadde ein alt funne fleire punkt som hadde hemma dei væpna styrkane i strid. Dei gjekk over fleire felt, frå manglande evne til å handsame cyberangrep til dårleg sanitetsteneste.

Korrupsjonen var på nivå med klisjeane, soldatar fekk ikkje løn og forsyningane skrapa alltid botn. Logistikken og kommandolinjene var òg særs ineffektive. For å betre dette sette den dåverande presidenten Petro Porosjenko opp ei reformliste med fem punkt.

Kommando og kontroll, planverk, operasjonar, medisin og logistikk, og ei profesjonell utvikling av styrken. Det var kort sagt mykje å ta tak i for oberst Collins då han gjekk til oppgåva.

GEORGIA: Russiske soldater utenfor den georgiske byen Gori i august 2014.

For å skaffe seg mest mogleg oversikt over kva ukrainarane stod mot, reiste han på ein feltstudie til Georgia. I 2008 hadde den russiske hæren gått til åtak på landet.

Den korte krigen på sørsida av Kaukasus blei i etterkant tolka som den russiske hærens comeback av mange analytikarar. Særskild har det i litteraturen blitt peika på bruken av cyberangrep som ein integrert del av åtaket, som noko som var ei utfordring.

– Vesten lærte ikkje mykje frå krigen i 2008. På den tida var me inne i sluttfasen av opprørsnedkjempinga i Irak. Men eg fant ut eit par interessante ting medan eg var der. For det fyrste hadde ikkje russarane luftherredømme, dei mista 22 fly der. For det andre klarte georgiarane seg godt på taktisk nivå. Ein skal heller ikkje gløyme at nokre av dei betre georgiske styrkane den gong var stasjonerte i Irak, seier Collins.

Gradvis endring

Men jamvel om han fant ting han kunne ta med seg attende til Ukraina, så gjekk det tid før ting endra seg på møteromma.

– Eg byrja å merke endringar etter omtrent eit halvt år. Då vart ting lettare og diskusjonane auka. Men me var klare på at dette ikkje var noko me skulle tvinge dei til å gjere. Me laga eit opplegg som dei kunne akseptere eller avslå. Det var aldri snakk om tvang, seier den no pensjonerte obersten.

Analyse: Invasjonen av Ukraina kan bety slutten for Putin

I artikkelen peikar han på fleire faktorar som har vore medverkande til den motstanden det ukrainske forsvaret har gjort dei to siste vekene. Forutan om reformene, peikar han på fleire millionar i vestleg hjelp og militært utstyr. Endringar i den ukrainske militære tenkinga, som gjer at offiserar, som løytnantar og kapteinar kan ta avgjersler sjølve.

FRIVILLIG: Ukrainske frivillige under trening i vinter, før Russland invaderte.

Den siste, og viktigaste endringa, er skjedd i det ukrainske folket – dei stabla på beina ein nasjonal kultur for friviljug militærteneste. Dimed kunne ei sette opp ei avdeling som trena og organiserte sivile til å motstå åtak.

– Det at ein har kome seg vekk frå den gamle systemet, og gitt meir fridom til offiserar på lågare nivå har vore særs viktig. I moderne krigføring kor ting skjer ekstremt fort, har ein ikkje tid til å vente på tillating får høgareståande offiserar før ein handlar, påpeiker Collins.

Lærdom ut vindauget

– Er du likevel overraska over graden av motstanden?

– Nei, eg var sikker på at dei ville kjempe. Det som er overraskande er den russiske krigføringa. I starten var det fyrst og fremst ein stor strategisk blunder frå russisk side. Dei trudde dei kunne rulle inn i Kyiv og Zelensky ville gje opp. Dei har kasta all lærdom frå Georgia og dei grøne mennene på Krim ut vindauget.

– No går me over i ein fase som liknar meir på korleis eg trudde denne krigen ville bli ført. Med massiv bombardering av byar og sivilbefolkning. Russarane bryr seg ikkje om sivile tap. Den russiske tanken har vore at motstandaren skal seie at det er betre å vere ein russisk satellitt stat, enn at alt blir lagt i grus.

– Om dei skulle ta byane, trur du dei vil gå for heile landet, eller berre fram til Europaveg 95, som går frå Odesa til Kyiv? Og kor tid går ein eventuelt over i ein ny fase, som er meir geriljaprega?

– Motstanden har alt byrja, ein ser det til dømes med folk som lagar Molotov-cocktails. Men det er vanskeleg å fastslå korleis dette vil utvikle seg vidare. Krigar har ein tendens til å vare lengre enn folk trur. Snart deier fokuset over på andre ting, som høge drivstoffprisar.

– Men eg er ikkje sikker på at russarane vil prøve å ta, til dømes Lviv, i vest. Men eg er ganske sikker på at støtta til Ukraina vil halde fram frå amerikansk side, same kven som har den politiske makta.

Collins var delaktig i treninga og reformene i Ukraina frå 2016-2018. Utanom amerikanarane, var det òg bidrag frå mellom anna Storbritannia, Tyskland og nokre av dei baltiske statane. Men vil dette endre noko i det geopolitiske bilete, og var han overraska over dei europeiske reaksjonane?

Framleis Kina

– Eg trur ikkje dette vert nokon stor «game changer» for USA.

Med det seier han på mange måtar det same som USAs etterretningsdirektør, Avril Hains, sa under ei høyring i etterretningskomiteen til representantanes hus denne veka: Kina er framleis hovudprioriteten og den største utfordringa for USA.

– Eg var heller ikkje overraska over reaksjonane frå Polen og den baltiske statane. Eg var heller ikkje overraska over Storbritannia, som endra kurs etter åtaket på Skripal. Det som eg vart overraska over var reaksjonen til Tyskland, sier Collins.

Les også: – Det russiske imperiet vil bli knust

Medan han farta fram og tilbake til Ukraina i to år, var Collins, som òg har ein doktorgrad i internasjonale relasjonar, leiar for det moderne krigføringsinstituttet på West Point.

Han var mellom anna redaktør for «Routledge Handbook of U.S. Counterterrorism and Irregular Warfare Operations», som kom i fjor sommar. Collins gjekk av med pensjon etter 27 år i det amerikanske forsvaret i 2019.

Men han følger situasjonen i Ukraina tett. Jamvel om Russland no har endra taktikken til noko som minner meir om det han såg føre seg er han sikker på at det ikkje vil vere over i hasta:

– Om Kyiv fell, vil det ikkje endra noko fundamentalt, Zelensky vil flytte ein annan stad og motstanden vil halde fram, avsluttar den tidlegare obersten i dei amerikanske Special Forces.

Powered by Labrador CMS