Nyheter:

Amerikanske farty tek del i ei øving i Sørkinahavet sommaren 2020.

Forskar: Dei største endringane i USA sin politikk kjem på havet

Stillehavet er fyrst, så Atlanterhavet og andre stadar. Men forsvarsekspert Walter Berbrick trur Arktis vil klatre på amerikanaranes prioriteringsliste.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tidleg i august kom meldingane om at det amerikanske marineinfanterikorpset (USMC) trapper ned det rullerande nærværet på Værnes. Sidan 2017 har dei hatt ein styrke meir eller mindre fast i Noreg.

Samstundes vart det i andre media meld at delar av det tunge materiellet som har vore førehandslagra i Noreg sidan tidleg 1980-tal skal fraktast ut. Det store spørsmålet knytt til desse endringane er:

Kvifor?

Og svaret er som alltid: Det er komplisert.

28. august avskar et russisk su-27 fly et amerikansk B-52 bombefly.

Forsvarets forum har freista finna ut kva som ligg bak dei amerikanske endringane og prøvd å finne ut kor vegen ber framåt.

Les ein amerikanske rapportar, teiknar det seg eit bilete av at det amerikanske militæret nærværet i nord ikkje naudsynt vert mindre, men at det vært annleis enn det som har vore høve dei siste førti åra.

Les ein dokumenta som kjem ut av USA står ein raskt attende med eitt inntrykk – det militære landskapet er i endring.

I fjor sommar haldt den dåverande nestkommanderande i den amerikanske hæren sin framtidskommando, generalløytnant Eric J. Wesley eit innlegg under ein konferanse i London.

Generalen sa då at motstandarane har studert det som vart gjort i 1991 og 2003 og konkludert med at dei ikkje vil i direkte strid med USA eller deira allierte.

Innspill?

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på tips@fofo.no.

I staden har dei utvikla konsept for krigføring som ikkje berre handlar om den tradisjonelle militære slagmarka, men òg utnytting av sosiale media og politikk til sin fordel.

– Det fyrste laget for å halde vestlege makter unna (standoff) er å splitte semja mellom vestelege demokratiske statar, baketter kjem langtrekkande missilar og så bortetter, sa general Wesley.

Han haldt fram med at ein må utfordra mostandarane på desse områda, men at det inneber risiko og må ha politisk ryggdekking.

Kina er atter ein maritim stormakt: – Militærbalansen i Stillehavet byrjar å tippe i Kinas retning, seier David Kilcullen.

Offensiv cyber og inn frå sjøen

I våre dagar skjer det mykje på eitt år. Og ting som general Wesley hinta om for eitt år sidan, kom meir i klårtekst i ein artikkel i Foreign Affairs signert sjefen for den amerikanske signaletterretninga Paul M. Nakasone.

Han fortel om eit oppdrag i Montenegro kor hackarar hadde kome inn i regjeringas nettverk.

For Nakasone er det eit døme på ein meir proaktiv strategi. Han skriv vidare at det ikkje har vore nok å jobbe reaktivt og defensivt – og at lærdommen er at ein må drive operasjonar utanfor dei militære nettverka, kort sagt: Retninga er at ein må jobbe meir proaktivt i cybernetiske rom. Ein må jakte aktivt på truslar. Med den nye strategien vil ein altså sjå eit meir offensivt USA innanfor cyberfeltet for å luke ut truslar før dei vert aktivert.

Men det som skjer innanfor cyberfeltet er ikkje den einaste endringa som skjer på den andre sida av fjorden.

Noko av grunnen til at USMC nå endrar nærværet i Noreg har direkte samband med ei omfattande endring i korleis dei skal operere i framtida.

Grovt sett går desse endringane ut på at det vert mest midlar til avdelingane som opererer i Stillehavsregionen, ein skal attende til ein meir maritim styrke som jobbar tett med marinen, og ein skal gå vekk frå bruken av tunge køyretøy, som stridsvogner.

Dei som les The Commandant’s Planning Guidance med norske auge vil og sjå dette:

«… Me har ikkje råd til å bygge fleire styrker… som har spesifikke oppdrag som arktisk krigføring, urban krigføring eller ørkenkrigføring. Me vil bygge ein styrke som er optimalisert for maritim ekspedisjonskrigføring i område det er kappestrid om…»

Det kan minna om at ein skal attende til noko som minner om øyhoppinga i Stillehavet under Den andre verdskrigen.

Dimed vil truleg framtidige øvingar i Noreg for USMC få eitt større preg av innsetting frå sjøen. Dei vil vere lettare utstyrt enn det dei har vore sidan førehandslagra vart sett opp i fyrste halvdel av 1980-talet. Det er sjølvsagt usikkert kva dei meir langsiktige konsekvensane av dette vil få for den norske planlegginga i åra som kjem.

I rommet og i lufta

Men medan ein minkar på land, vert det desto meir aktivitet i lufta og i rommet i åra som kjem. 21. juli slapp det amerikanske luftforsvaret sin arktiske strategi.

Strategien «identifiserer Arktis som ein region med ein strategisk moglegheit for luft- og romstyrkene.»

I høve dokumentet er det fire hovudliner det vert jobba utifrå: Vaktsemd, maktprojeksjon, altså å ha styrker utanfor eige territorium, samarbeid og førebuing.

Eitt viktig moment her er å operere saman med allierte i Arktis, og ein såg kanskje kimen av denne nye policy-en då seks amerikanske B-52 flaug saman med det norske Luftforsvaret i Nord-Noreg i sommar, samt overflyginga av alle NATO-land på fredag.

Forenkla skal amerikanarane oppgradere fasilitetar og vere meir til stades i nordområda, både i Alaska, over Atlanteren og i arktiske strøk.

Den meir ukjende faktoren er kva det nyoppretta Space Force kjem til å ta seg til i nord.

Dei relativt runde formuleringane talar om «å jobbe tett med allierte», «modernisere noverande eigedelar i Arktis for å handsame felles mål i rommet.»

Og: «Peike på endringar og forstyrringar i det unike arktiske miljøet.»

Ein ser med andre ord ei styrking av satsinga på nordområda frå amerikansk hald.

Men kvifor skjer dette? Og kva er planane for Den amerikanske marinen i nordlege strø?

I januar i fjor var den amerikanske andre flåte klar for operasjonar i Atlanterhavet etter at flåten vart nedlagt i kjølvatnet av Den kalde krigens slutt. I dei siste vekene har me fått hint om at amerikanarane er attende i vår kant av verda då ubåten Seawolf dukka opp.

Jamvel om det har vore lite om det i media har det skjedd ein del i Atlanterhavet det siste tiåret. I 2009 dukka det opp russiske ubåtar utafor kysten av USA etter fleire år. RAF Saxavord på Shetland, som stod til nedfalls då underteikna var der for få år sidan, er sett i aktivitet att. Det var herifrå det gjekk lyttekablar over det såkalla GIUK-gapet mellom Storbritannia og Island/Grønland. Det skjer kort sagt mykje der ute.

Gamle og nye hav

Ein av dei som jobbar tettast med spørsmål knytt til arktiske strøk med vekt på Marinen og maritime spørsmål, er forskar Walter Berbrick frå US Naval War College i Rhode Island. Han meiner det er nett på havet dei store endringane er i ferd med å skje.

Ei slik stor endring er den gradvise opninga av den nordre sjøvegen nord av Russland.

– Sjøvegen kuttar distansen med 40 prosent samanlikna med sånn det er i dag. Men den store «game changeren» er den transpolare ruta om isen smeltar. Det vil føre til auke i havnivået og vil vere ei utfordring for folk langs kystane og hamner. Meir fundamentalt vil det kunne endre sjørutene i framtida. Dette kan verte ein realitet frå midten av dette hundreåret. Og det vil vere den raskaste sjøruta av alle. Samstundes knyt det Stillehavet og Atlanterhavet saman på ein ny måte.

Walter Berbrick frå US Naval War College

Berbrick ser alt at stormaktene aukar interessa i området. Russland naturlegvis sidan dei er ein del av dei arktiske områda, men i 2008 kom Kina med ein eigen arktisk policy.

– I det store og heile ser eg opninga av dette nye havet som ei sjeldan og verkeleg moglegheit for USA og Russland til å restarte relasjonane. Med den stigande innflytinga som Kina har trur eg ikkje Russland tener på Kina verken økonomisk, politisk eller militært. Samstundes er det ikkje realistisk å marginalisera og kontre Russland i Arktis, det vil mislukkast.

Han argumenterer mellom anna for at det skal opprettast forum på lågare nivå kor ein kan utveksla erfaring og finne måtar å kommunisere på som ikkje eksisterer, til dømes mellom ulike marinar for å minke misforståingar og unngå konfliktar.

– Neste år vil verte ei særs viktig år i så måte. Då vert Russland leiar av arktisk råd og for det arktiske kystvaktforumet.

Noreg framleis viktig

Men amerikanarane er attende i Atlanteren med den igjen oppretta andre flåten.

Berbrick trur ikkje det skuldast ei spesifikk hending, men snarare auka sivil og militæraktivitet i området. Men, meiner han, det må nytenking til om ein skal handsame det som skjer i Arktis dei komande tiåra.

– I dag er det tre flåter, den andre, sjette og tredje som operer i arktiske strøk. Den tredje er på stillehavssida. Men eg argumenterer for at me skal få ein eigen Arktisk flåte som kan ta seg av Arktis.

Dei siste veker og månadars hendingar med auka amerikansk nærvær i nord ser han i samanheng med det større biletet:

– Det er ei klår erkjenning av at våre interesser og prioritering har skifta frå land til sjø på mange måtar.

Han trur heller ikkje endringane kring USMC naudsynt seier noko om dei bilaterale relasjonane mellom Noreg og USA.

– Eg trur USA og særskild denne administrasjonen (Trump-administrasjonen red.merk) ser den strategiske viktigheita av Noreg. Og dei ser framleis Noreg som ein sterk og viktig alliert.

– At Marineinfanterikorpset trekk seg ut, eller minkar nærværet, er ikkje naudsynt eit teikn på at ting svekkast. Ein må sjå det heile og store bilete og kva som skjer på andre stadar. Til dømes er forholdet mellom marinane styrka, seier han.

Forskaren har ti års teneste i Marinen før han byrja som akademikar.

Han understrekar kor viktig det er å få på plass eitt rammeverk som gjer at dei arktiske statane og marinane kan kommunisera med kvarandre. Dette tok han opp i fjor då han brifa ulike leiarar i det norske sjøforsvaret.

Samar mot Kina

Kan ein då kome til ein slags konklusjon om kvifor og korleis amerikanarane tenker om nordområda? Det heng nok fyrst og fremst saman med framveksten av nye sjøruter og dei potensielle økonomiske verknadane.

90 prosent av all handel går sjøvegen, og det er ingen grunn til å tru at volumet vil minke i åra framåt.

Noreg med sin geografiske posisjon ligg soleis midt i ruta for dei nye handelsvegane. Kinesarane har alt vore i Kirkenes og tala om å bygga ny hamn og ein jarnbane til Finland. Førebels heng prosjektet i lufta, og den samiske befolkninga har gått mot jarnbanen.

– Eg trur at det som vert oversett når ein talar om Arktis, er urbefolkninga, seier Burbeck.

– Det er viktig å ha dei med på laget når ein ser på desse områda.

I haust skal Stortinget legge fram ei stortingsmelding om nordområda. Det er klårt at endringane skjer fort i nord, jamvel om me høyrer relativt lite om det. Men samstundes er måten ting vert gjort på frå vår største allierte si side annleis, meir komplisert og på fleire felt enn før. I kva grad det vil prege den norske meldinga i haust veit me enno ikkje. Men heller ikkje i USA står nordområda på toppen av lista heilt ennå.

– Det er nok Stillehavet som er fyrst, så Atlanterhavet og andre stadar. Men eg trur Arktis vil klatre på prioriteringslista i åra som kjem, og kanskje nå heilt til topps, avsluttar Berbrick over kaffikoppen frå Rhode Island.

Det er rett nok færre amerikanske stridsvogner i Trøndelag, men på sjøen, i lufta, i rommet og cyberrommet skjer det mykje om dagen. Velkommen til det 21. hundreåret.

Powered by Labrador CMS