Nyheter:

Soldatar på øving langs den norsk-russiske grensa. David Kilcullen vitja grensa i 2016.

To drakar, mange slangar og eigne oppdagingar på den norsk-russiske grensa

Etter eit par tiår kor terror har vore i fokus er Russland og Kina for alvor tilbake på den globale scena, seier den australske strategen David Kilcullen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I september 2016 var den australske kontraterroreksperten og strategen David Kilcullen omtrent så langt unna heimlandet det er mogleg å kome.

Han var i grenseland i eit framandt landskap. Dagane var alt korte, men den tidlegare oberstløytnanten i den australske hæren flytta seg langt i løpet av kort tid både med båt og ATV.

Saman med ein ung korporal han omtalar som «J» stod han 25 meter frå den russiske grensa. Han var gjest hos Garnisonen i Sør-Varanger. Her i grenseland såg han noko som gjorde at nokre brikker fall på plass for Klicullen. Plutseleg såg han hendingar som hadde skjedd sommaren før i ein litt annan kontekst.

David Kilcullen, australsk strateg og kontraterrorekspert.

Det er fyrst i kapittel fire i den nye boka til Kilcullen – «The Dragons and The Snakes» – at det kjende Finnmark-landskapet dukkar opp.

Australiaren har blitt ei av desse strategiske tenkarane ein må lesa omtrent uansett kva han skriv.

Slik har det vore sidan han skapte seg eitt namn innanfor opprørsnedkjemping studia i 2009 med boka The Accidential Guerilla.

I den boka tok han til orde for at om Vesten skulle intervenere ein stad, måtte det gjerast med lav profil og med velværet til lokalbefolkninga i fokus.

Ein skulle ikkje påtvinge folk andre system – eit klårt peik til demokratispreiinga som dei amerikanske nykonservative hadde predika i tiåret før.

Denne saken er lang - vil lese en kort en først? Hva med: Den nye forsvarssjefen svarer på lesernes spørsmål.

Balansegang på grensa

Sidan den gong har han utvikla og tenkt nye ting kring emnet. Og som dei fleste har han vore mest oppteken med terrorisme. Terrorisme er heller ikkje vekke frå denne boka, men den inneheld òg noko nytt – drakar.

Tittelen er henta frå ei setning tidlegare CIA-direketør James Woolsey kom med i 1993, etter Den kalde krigen, om at ein hadde slått ein stor drage (Sovjetunionen), men at ein no levde i ei verden med ulike giftige slangar.

I boka til Kilcullen er slangane terrorisme, og drakane som er attende er Russland og Kina.

Via zoom frå eitt New York midt i koronaplaga let Kilcullen tankane gå attende til haustturen i Finnmark for snart fire år sidan:

– Då eg stod på grensa la eg merke med at den norske sida var bygd for å halde folk ute, medan den russiske sida var bygd for å halde folk inne. No, korleis kan eit system som er designa for å halde folk inne plutseleg la 5000 menneske kome over grensa på to veker?

Han høyrde liknande soger frå sommaren før i Finland og i Baltikum.

– Ein finsk etterretningsoffiser sa at dei folka hadde profesjonell hjelp. Frå russisk organiserte kriminalitet, grensevakter, det var jamvel pakketurar til Murmansk og bussar til grensa, seier Kilcullen.

Men det var ikkje berre i dei finske skogar han høyrde ting. Han fekk høyre at Finnmark ville ryke alt fyrste dagen i ein konflikt i ein brief han fekk av Forsvaret.

Han synar til ein rapport som seier at det ville ta Russland maksimalt 60 timar å nå Riga og Tallin.

– Det er klart at [dei russiske fallskjermstyrkane] VDV kan hoppa inn i Alta og marineinfanteriet kan komme inn utan at Garnisonen i Sør-Varanger kan gjere noko, men det er ikkje den fasen me skal uroe oss for. Om stridsvognene rullar er det alt for seint.

– Måten vestlege analytikarar har sett på dette minner veldig om tenkinga på 1980-talet under Den kalde krigen. Måten skandinavar og baltarar ser på dette er mykje meir sofistikert, og dei innser at scenarioet ligg mykje tettare opp mot såpeoperaen (han nyttar verkeleg det ordet) Okkupert (norsk TV-serie, red. anm.).

David Kilcullen på besøk i Afghanistan.

Russlands strategi

Det er tydeleg at Kilcullen ikkje les offentleg norsk forsvarsdebatt om Finnmark, men om hans syn er prega av det han høyrer på kammerset så er det kanskje ei anna tenking rundt om i departement og planleggingsseksjonar.

Men poenget med «Noreg-kapitelet» i boka er å sette lys på det han kallar «liminal krigføring».

Når definisjonen på det kjem har han for lengst forlete Finnmark og har vada lang inn i russisk forsvarssoge og teori. Eg skal ikkje plaga lesarane med noko djupdykk inn i termen hans, som han orsakar seg for å ha funne på i boka, men kort sagt går tenkinga hans ut på dette:

«Russlands evne til å ri langs kanten, å operere rett i skorpa kor ein kan verte oppdaga – gjere handlingar som er små og tvitydige nok til å oppnå politiske kjernemål, men som ikkje er nok til å utløyse ein militær reaksjon.»

Eller som han seier enklare:

– Med å fôre litt stimuli inn i grenseovergangen, så kan russarane kartlegge og kalibrere nøyaktig korleis og kor lenge det tar for oss å reagere.

Men før me slepp taket i det kjende og heimslege og flyttar blikket til ein annan drake og slangane spør eg korleis han i hamna i Noreg, og ikkje sei i Polen eller Romania då han skulle skrive boka.

– Det handlar sjølvsagt om tilgang, og så har eg jobba med nordmennene i Afghanistan. Og eg har fått mange tilbakemeldingar i USA på at dei ikkje visste korleis stoda var i Noreg. Noreg er òg ein interessant døme av di de er med i NATO, men ikkje i EU. Det er interessant for andre NATO-land som ikkje er i EU, som Canada og USA. Men eg reiste i dei landa du nemnar då eg jobba med boka.

  • Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på tips@fofo.no.

Vegen attende

Men jamvel om Kilcullen skriv utfyllande om Russland sitt comeback og nye krigføringsmodell, skriv han òg godt om korleis våre naboar i aust oppfattar ting. Han har til og med vorte skulda for å vere pro-russisk av ein amerikansk meldar av boka. Eg spør kor tid og korleis Russland kom attende på den globale arena.

– Eg trur Russland byrja å kome attende som ei global makt etter Georgia-kampanjen i 2008, seier han.

– Mykje av dei såkalla «nye utsjåande» reformene kom som etter det betra Russlands evne til å operere. Frå 2011 såg me russarane byrja å ta ei meir aktiv rolle, og det som irriterte dei verkeleg var det som skjedde i Libya. Dei kjende seg forrådt av Hilary Clinton og Joe Biden, som lova dei opp og i mente at dette berre var ein humanitær intervensjon. Kort tid, ikkje noko regimeskifte og ingen føter på bakken.

Kinesiske styrkar øver i Taiwan sin nærleik. – Militærbalansen i Stillehavet byrjar å tippe i Kinas retning, seier David Kilcullen.

Ironisk nok var den russiske retorikken etter Krim i februar 2014 nesten ein ordrett kopi av språket Obama-administrasjonen nytta i Libya. Men dei byrja verkeleg å kome for fullt i 2013 i samband med Syria og den såkalla raude linja til Obama-administrasjonen. Då dei sa dei kunne få Assad til gje avkall på kjemiske våpen, og sjølvsagt då dei gjekk inn i Syria i 2015.

Men er Russland så farlege som folk vil ha det til? Dei produserer ikkje stort, lever av olje og gass og våpensal, men klarar ikkje å produsere ein bil som folk vil ha i den opne marknaden.

– I boka gjer eg eitt poeng i at russarane dreg til Kirkenes for å kjøpe bleier. Men eg trur spådommane om olje og gassens død er overdriven. Me har framleis ikkje den energien som trengs for å erstatte olje og gass. Så Russland kan truleg halde det gåande eit par tiår til.

– Nøkkelen til å forstå skilnaden mellom Russland og Kina geostrategisk er at Russland er ei makt i fall som opptrer aggressivt i sitt nære utland. Dette gjer dei for å sikre seg rom slik at dei har handlerom i framtida. Russland har alltid tenkt i form av interessesonar og bufferar, seier Kilcullen.

Visste du at Forsvarets forum sender ut nyhetsbrev med de viktigste forsvarsnyhetene hver morgen? Du kan melde deg på her.

Tektonisk skifte

– Kina er ei stigande makt og signaliserer den største endringa globalt dei siste 500 åra, nemleg Kinas attendekomst som ein maritim makt.

– Det er 500 år sidan dei hadde ein flåte som kunne segla rundt i verda. Dei har alt to hangarskip på vatnet, og to til under konstruksjon, og dei er alt verdas nest største marinemakt. Alt dette har skjedd det siste tiåret.

I boka går han inn på korleis Kina har kjøpt opp hamner i Europa, og korleis dei mislukkast å ta over hamna i Lysekil i Sverige. I Kilcullens heimland har dei kjøpt kontroll over hamna i Darwin for 99 år. Darwin er òg staden kor amerikanarane bygde ein leir for å ha ei roterande styrke av US Marines, i noko som liknar litt på det opplegget ein inntil nyleg hadde i Trøndelag.

Australia merkar naturleg nok spenninga i Stillehavet meir enn det me gjer i Noreg. Men Australia hadde eitt ganske positivt forhold til Kina i byrjinga av dette tiåret. Midtens rike er den største handelspartnaren, og Australia har positiv handelsbalanse.

Slik skildra Australia forholdet til Kina i 2012: Då var Kina ein moglegheit, no er tonane endra.

– Om du les NOU-en som kom i 2018 vil du sjå korleis ting har endra seg. Nokre av det kjem frå ein stor politisk skandale kor ein kinesisk statsborgar med link til Det kinesiske kommunistpartiet betalte store summar til politikarar i Det australske arbeiderpartiet. Det kan ha vore økonomiske interesser bak, men det vart oppfatta som innblanding i australsk politikk.

Så kom det eit cyberåtak på det australske parlamentet kor mykje av trafikken vart ruta gjennom Kina. Det førte til ei endring i den australske haldinga til cyberforsvar. Og no med Covid-19 har forholdet vorte ennå verre.

– Men, tingen i Australia er at folk ikkje lengre stolar på USA. Det har dels med Trump å gjere, og dels med den mislykka dreiinga mot Asia-policyen til Obama. Militærbalansen i Stillehavet byrjar å tippe i Kinas retning. Australia byrjar å tenke at ein må vere meir sjølvdrevne i forsvaret av landet.

– Nyleg skreiv ein av dei mest kjende australske strategane, Hugh White, ei bok om forsvaret av Australia. Ett at spørsmåla var om ein burde alliere seg med Kina. Det australske forsvaret har sikta seg inn på nokre kjernekapasitetar dei siste åra – spesialstyrkar, F-35 og ubåtar, det er ikkje heilt ulikt slik dei har gjort det i Noreg, trur eg, seier han.

Handle lokalt

Sett frå New York med Covid-19 rasande utanfor og med protestar i gatene rundt om i landet, seier Kilcullen at det er liten tvil om at USA er ei makt i fall. Korleis og kor lenge det vil ta før det fallet er ferdig er han ærleg nok til å seie at han ikkje veit. Han skildrar nokre ulike scenario i slutten av boka, og eitt av dei er det bysantinske rike som dreiv med styrt nedbygging i nesten tusen år. Så trur du det vert slik?

Det viktigaste spørsmålet er korleis mellomstore maktar, som Noreg og Australia, kan bidra til å oppretthalde ein trygg global tilstand

– Dei sluttpoenga er sånn som forlaget vil du skal ha med. Eg veit ikkje kva som er svaret, men den bysantinske modellen er kanskje den beste. Eg likar i grunnen ingen av dei tre alternativa eg skisserer opp. Det viktigaste spørsmålet er korleis mellomstore maktar, som Noreg og Australia, kan bidra til å oppretthalde ein trygg global tilstand, når store makter trekk seg attende.

Men hovudbodskapen til Kilcullen er at jamvel om drakane er her att, er det ikkje slutt på slangane heller.

Mykje av delen før han reiser i Passvikdalen handlar om korleis terrorgrupper har tilpassa seg og vekse sidan 2001.

Han meiner Trump har klart å så nok tvil om innhaldet i artikkel 5 i NATO til at land tar grep, i motsetnad til forgjengarane som sa at land burde bruka meir på forsvar, men at USA sjølvsagt dekka ryggen deira.

Me sveiper innom dilemma og himmelstrok det ikkje er plass til her gjennom det timelange intervjuet. Før me kuttar linken kjem Kilcullen med ein bodskap om korleis mindre land kan handsame det globale kaoset som utspeler seg og som han skriv om i boka:

– Ein av dei beste måtane me kan forsvare oss på i dei globale bilete i dag er å verkeleg fokusere heime. Sosial samhøyring, økonomisk motstandsdyktigheit, motstandsvilje på lokalt plan, som dykkar Heimevern, som kanskje bør utvidast forbi den reine militære måten å tenke kring dette. Som til dømes cyber, økonomisk tenking slik at tryggleiksbiletet vert meir komplekst.

Ein heng i alle høve ikkje fast i gamle tankemåtar etter ein time med Kilcullen. Heimevernet verkar i utgangspunktet tusenar av mil vekke frå eit Kina som styrkar seg. Men ein gong visste norske sjøfolk kva det var å verte shanghaia. Les ein boka til Kilcullen ser ein at gamle lure triks ikkje har gått av moten, jamvel om forma er annleis.

Powered by Labrador CMS