Kronikk

Kan Europa svekkje Russland sin krig i Ukraina med meir bruk av indirekte strategiar?

I staden for ein direkte konfrontasjon, kan vestlege land nytte seg av asymmetriske strategiar for å svekkje Russland si evne til å halde fram krigføringa, skriv innsendar.

TOPPMØTE: Europeiske statsleiarar samla seg i London søndag for å diskutera Ukraina og felles tryggleik.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.

I Den seinaste dagane har den amerikanske leiinga si handtering av Russland sin folkerettstidige krig i Ukraina sett naudsynt fart og auka samhald og ambisjon i europeisk leiarskap sitt stød til President Zelenskij og det ukrainske folket.

Det synast så langt som tiltaka i hovudsak er meir av det me allerede gjer, pengar og industrisamarbeid (Det har me), våpensystem (Har me nok av det?), ammunisjon (Har me nok av det?), trening (Det kan me) og aukande moralsk stød, som er bra. 

Sjølvom dette er naudsynt, er det forutsigbart for Kreml, og kan vanskeleg skape ny dynamikk på slagfeltet.

Det har vore eit Ukrainsk forsøk på indirekte strategi, då dei august 2024 tok russisk territorium i Kursk regionen. Innleiingsvis var dette ei stor overrasking og gav vel ei stund noko avlasting på slagfeltet i Ukraina. Diverre synast momentum i denne operasjonen å være borte.

Russarane skapa ein slik handlingsrom sjølve då Wagnergruppa under leiing av Jevgenij Prigozjin i juni 2023 gjorde eit væpna opprør som kuliminerte etter nokre dramatiske dagar. Prigozjin vart seinare i god Kreml-tradisjon teke av dage i ein flystyrt. 

TUNG ERFARING: Jørn Buø var tidlegare forsvarsattaché til Russland, Ukraina, Belarus og fire sentralasisatiske land.

Denne dramatiske hendinga vart berre observera frå verden rundt, og eg er ikkje kjent at nokon utanforRussland tok fordel av dette. Det vart sikkert vurdera, men ingen synlege tiltak vart iverksett. Det kan eg for så vidt forstå all den tid det var mykje bekymring rundt russiske atomvåpen si skjebne i ein russisk borgarkrig.

Gjennom historia har ofte dei mest effektive resultata i krig blitt oppnådde gjennom indirekte tilnærmingar, slik den britiske militærstrategen Sir Basil Liddell Hart hevda. 

Teorien om «den indirekte tilnærminga» legg vekt på at ein direkte strategi ofte styrkjer fienden sin motstand, medan ein meir subtil og uventa taktikk kan underminere fienden sin balanse og gjere han sårbar.

I konteksten av vestmaktene sin respons til Russland sin krig, er dette eit perspektiv som kan vere avgjerande for å svekkje den russiske krigsinnsatsen utan å utløyse ein direkte militær konfrontasjon. Kvifor skal vi ikke få krigen meir over på russerane sin banehalvdel? Det kan skape eit betre forhandlingsgrunnalg for Ukraina.

Med dette debattinnlegget vil eg peike på nokre velkjende strategiske handlemåtar Europa kan velge å bruke for gjere det vanskelegare for Putin å kraftsamle alt han har til krigen han sjølv starta i 2014.

GRENSA: Jørn Buø (t.v) på grensa mellom Russland og Nord-Korea hausten 2002 saman med direktøren for jernbanen som er det einaste landssambandet mellom Nord Kora og Russland og den russiske grensekommisæren.

Av åpenbare årsaker vil eg måtte være prinsipiell og svært generell. Konkrete tiltak vil måtte være underlagt strengt hemmeleghald for å oppnå overrasking og effekt som de facto avlastar Ukraina sine operasjoner.

I boka som var pensum på Kungliga Försvarshögskolan «Om stridens grunder» av Marco Smeberg står det at en indirekte strategi rettar seg mot motstanderen sine svake punkt for å oppnå systemkollaps. 

Spredt engasjering av motstanderen tvingar han til å spreie sine ressurser.

Dette kan sammanfattas i tre punkt:

• Unngå motstanderen sin hovudstyrke

• Overrask og villed på en måte som splitter ressursane til motstandaren.

• Rett innsats mot motstandarens svake punkt.

Unngå direkte konfrontasjon

Tilnærminga mi er absolutt ikkje at Europa no skal bruke aktiv militærmakt for å oppnå dette, men snarare bruke ein rekke andre verkty i verktykassa for å råke Russland der det svir som mest.

Ein direkte militær konfrontasjon med Russland ville kunne spele i deira favør, sidan det kunne styrkje den nasjonale samhaldskjensla og mobilisere ressursar på ein meir effektiv måte. 

Dette har ein sett historisk, der direkte angrep ofte har ført til at motstandaren samlar seg rundt ein felles sak. I staden kan vestmaktene nytte seg av meir indirekte verkemiddel, som asymmetrisk krigføring, cyberoperasjonar, informasjonskrigføring og økonomisk undergraving.

Carl von Clausewitz understreka at krig er ein forlenging av politikk med andre middel, og at ein bør unngå å møte fienden på hans sterkaste punkt. Sun Tzu meinte at den beste krigen er den som blir vunne utan kamp, gjennom manipulering av fienden sin strategi og ressursar.

Desse prinsippa kan brukast som eit grunnlag for å forme vestmaktene si utvida tilnærming.

Økonomisk krigføring og energipolitikk

Vestlege sanksjonar og finansielle restriksjonar har allereie svekt Russland sin økonomi, men ei meir raffinert tilnærming kan skape endå større problem. 

Ein viktig del av den indirekte strategien er å redusere Russland sin evne til å finansiere krigen ved å manipulere energimarknaden. Sidan store delar av Russland sin økonomi er avhengig av eksport av olje og gass, kan vestlege land ytterlegare presse prisane ved å auke eigen energiproduksjon og strupe importen frå Russland. 

Dette vil skape interne spenningar i Russland og redusere evna deira til å oppretthalde krigsinnsatsen.

Teknologisk dominans og cyberkrig

Eit anna viktig område er cyberkrigføring og teknologisk dominans. Ved å undergrave russisk digital infrastruktur og spreie desinformasjon internt, kan vestlege statar svekkje Russland si evne til å koordinere militære operasjonar og oppretthalde ein stabil intern situasjon.

Cyberoperasjonar kan også nyttast for å forstyrre russiske forsyningslinjer og logistikk, noko som kan føre til operasjonell uvisse og ineffektivitet i den russiske hæren.

Stød til opposisjonopprør og irregulær verksemd

I tråd med Liddell Hart si teori om å «løyse opp forsvararen sitt grep» i staden for å angripe han direkte, kan vestmaktene støtte irregulære styrkar og opprørsgrupper som opererer innanfor russisk-kontrollerte område. 

Dette kan inkludere støtte til partisanrørsler i okkuperte område, psykologiske operasjonar for å demoralisere russiske soldatar, og distribusjon av propagandamateriale som skapar splid i dei russiske rekkene.

I Russland sitt nære utland, særleg Sentral-Asia, kan vestlege land arbeide for å svekkje russisk innverknad ved å styrkje samarbeidet med land som Kasakhstan, Kirgisistan og Usbekistan. 

Dette kan skje gjennom økonomisk bistand, investeringar og alternative tryggleikssamarbeid for å redusere deira avhengnad av Russland. 

Vidare kan vestlege land støtte uavhengige medium og sivilsamfunn i desse landa for å motverke russisk propaganda og fremje demokratiske verdiar.

Belarus: Russland sin svake bakgård

Eit særleg sårbart punkt for Russland er Belarus, som fungerer som ein nær alliert og ein strategisk buffersone. Lukasjenko-regimet er avhengig av russisk økonomisk og militær støtte, men det finst interne spenningar og opposisjonelle rørsler som vestlege land kan støtte for å svekkje Russland sin innverknad. 

Ved å fremje demokratiske krefter, yte økonomisk støtte til uavhengige organisasjonar og oppmuntre til politisk endring, kan ein skape ein situasjon der Belarus vert mindre lojale mot Moskva.

ENDRING?: President Alexander Lukasjenko avhengig av russisk økonomisk og militær støtte, men vestlege land kan svekkje Russland sin innverknad.

Vidare kan vestlege land arbeide for å svekkje det militære samarbeidet mellom Russland og Belarus, til dømes ved å leggje press på Lukasjenko gjennom sanksjonar og diplomatiske initiativ. Dersom Belarus vert mindre stabilt og meir uavhengig av Russland, kan dette tvinge

Kreml til å bruke ressursar på å oppretthalde kontrollen, noko som vil svekkje deira kapasitet til å føre krig andre stader.

Diplomatisk isolasjon og splid internt i Russland

Vestlege land kan også nytte seg av diplomatiske verkemiddel for å isolere Russland ytterlegare og svekkje deira internasjonale alliansar.

 Ved å utnytte Russland sine interne politiske motsetnader og støtte dissidentar og opposisjonsgrupper, kan ein bidra til auka uro og redusert stabilitet i landet. 

Dette kan skape eit politisk klima der Putin-regimet blir meir fokusert på interne utfordringar enn på krigsinnsatsen.

Konklusjon

Sir Basil Liddell Hart sitt prinsipp om indirekte tilnærming har vist seg effektivt i mange krigar gjennom historia, og det er relevant for dagens situasjon mellom vestmaktene og Russland. 

I staden for ein direkte konfrontasjon, kan vestlege land nytte seg av asymmetriske strategiar for å svekkje Russland si evne til å halde fram krigføringa. Gjennom økonomisk krigføring, cyberoperasjonar, irregulær krigføring og diplomatisk isolasjon kan vestmaktene føre ein strategisk krig som underminerer Russland utan å utløyse ein fullskala konfrontasjon.

Som von Clausewitz understreka, må krigføringa vere ein integrert del av politikken, medan Sun Tzu ville ha føreslått å svekkje fienden gjennom manipulasjon heller enn direkte maktbruk. 

FREMTIDA: Kan Europa klara å svekkje Vladimir Putin og Russland?

Liddell Hart oppsummerer det heile: "Den lengste vegen rundt er ofte den kortaste vegen heim."

von Clausewitz: «Die Überraschung liegt mehr oder weniger allen Unternehmungen zugrunde»

Då eg var saman med representantar frå den Ukrainske forsvarsleiing nyleg sa dei det same som Gunnar Sønsteby seier i til skuleelevane på Rjukan i filmen «Nr 24»:  «Fordi det er fridom, det er det verdt å døy for.» 

Skal me lukkast med å stå opp for rettstat og fridom slik verda er plent no må me faktisk våga noko.

Som Asbjørnsen og Moe skriv i folkeeventyret «Soria Moria»: "Den som ingenting vågar, ingenting vinn."

Ukrainarane vågar alt også for oss, då må me vere viljuge til å take ein større risiko enn mer har gjort så langt. Meir bruk av indirekte metodar bør difor ikkje være uprøvd.

Powered by Labrador CMS