Meniges mening
I DIALOG: Landstillitsvalgt Eirik Eiksund på vei inn til et møte tidligere i vinter om seksuell trakassering i Forsvaret.
Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
Er det framleis kult å seie at ein jobbar i Forsvaret?
Utan motiverte soldatar som ønskjer å gjere ei teneste på vegne av nasjonen, får vi eit forsvar som ikkje vil vere i stand til å forsvare våre verdiar, rettar og landet vårt.
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.
Sidan eg kom inn i Forsvaret som vernepliktig i starten av 2020 har eg vore stolt av å vere ein del av organisasjonen. Ei kjensle av at eg er ein del av noko større enn meg sjølv som i ei krise- eller krigssituasjon utgjer ein forskjell har vore ein drivande faktor for meg. Samtidig har eg blitt møtt av utruleg mange dyktige menneske i Forsvaret som har inspirert meg, og fortsett å inspirere meg kvar einaste dag.
Dette er mykje av grunnen til at eg har valt å halde fram i Forsvaret, også etter at plikttenesta mi var over. Når venner og familie har spurt meg kva eg driv på med, har eg vore stolt av å kunne seie at eg jobbar i Forsvaret.
Den siste perioden har eg vore meir nølande.
Soldatar inne til førstegongsteneste blir lært opp i å bere flagget på skuldra med stoltheit. Dei blir fortalte at alt ein seier og gjer medan ein har på seg uniform ikkje berre reflekterer eins eigne haldningar og verdiar, men også heile Forsvaret som heilskap.
Dette er grunnen til at soldatar i uniform som regel stiller seg bakarst i køa på flyplassen, ikkje går på raude lys og opptrer høflig til dei ein møter. Men denne representasjonen og omdømme går begge vegar.
Når Forsvaret «dummar seg ut», slik som i Silje-saken frå NRK i februar, reflekterer dette dårleg tilbake på oss alle. Plutseleg er det ikkje så kult å seie til venner at ein jobbar i Forsvaret.
«Åja, den staden der kvinner blir trakassert utan konsekvensar for gjerningspersonen?»
«Åja, den organisasjonen der varsling blir møtt med gjengjelding og forskjellsbehandling?»
All den tid det er viktig at vi som jobbar i Forsvaret forklarer at dette er oppførsel vi tek fullstendig avstand frå, blir det likevel opplevd som ei vond belastning å måtte forklare dette på vegne av Forsvaret, gang på gang.
Så kva har dette å seie for Forsvarets operative evne? Frå dei tillitsvalde sin ståstad får slike hendingar store konsekvensar. Forsvaret er avhengig av å få inn unge og motiverte soldatar til førstegongsteneste, som i dag fyller store delar av Forsvarets aktive beredskap.
Førstegongstenesta er Forsvarets største og viktigaste rekrutteringsbrønn for vidare tilsetting i organisasjonen. Om Forsvaret mistar dei som frivillig ønskjer å gjennomføre førstegongstenesta, er verneplikta framleis ei lovpålagt plikt. Altså vil organisasjonen aldri hamne i ein situasjon der ingen av dei 60.000 ungdommane som er i eit årskull gjennomfører tenesta.
Likevel er det utruleg viktig å ta inn over seg kor stor del motivasjon og trivsel spelar i den enkeltes forsvarsvilje og dermed Forsvarets operative evne. Utan motiverte soldatar som ønskjer å gjere ei teneste på vegne av nasjonen, får vi eit forsvar som ikkje vil vere i stand til å forsvare våre verdiar, rettar og landet vårt.
Like viktig er det at Forsvaret sett fokuset på auka tillit, både i og utanfor organisasjonen. I ein skarp situasjon er ein avhengig av å kunne stole hundre prosent på makkeren din. Dette er folk den enkelte i verste fall skal gå til krig saman med. Dermed er ein avhengig av gjensidig tillit til ei kvar tid. Forsvaret er også avhengig av tillit frå samfunnet elles.
Utan støtte til å gjennomføre oppdraget frå befolkninga vil det bli vanskeleg å få politisk gjennomslag i styrking av ressursar. Dette er gjennomslag Forsvaret er avhengig av for å kunne ivareta personellet og materialet vi har, så vel som for å kunne vidareutvikle organisasjonen.
Soldatane lærer seg å representere landet og Forsvaret all den tid ein er inne til teneste.
Forsvaret må ta på største alvor det ansvaret det er å vere soldatanes ansikt i møte med resten av samfunnet. Gjennom den merksemda kultur og haldningar i Forsvaret har fått i media den siste tida har vi momentum og moglegheit til å faktisk ta i eit tak og få til reell endring. Det krev handlingsvilje og haldningsendring gjennom heile organisasjonen. Eg ønskjer å på ny kjenne på stoltheit av å vere i Forsvaret. Det trur eg ikkje eg er aleine om.
Mer om tema mobbing og seksuell trakassering: