Nyheter
SKRALT: Innrykk med korona-tiltak Skjold leir. Foto: Krister Sørbø, Forsvarets Forum
Foto: Krister Sørbø.
Rekruttane kan komme til tomme hyller og brukte truser
Forsvaret slit med manglande utstyr før innrykk av nye rekruttar i januar. Tillitvaldsordinga ber Forsvaret ta ansvar.
Gjenbruk av kroppsnære klede som undertøy og t-skjorter. Innlevering av feltstøvlar ved dimisjon. Kledninga av Heimevernet utsetjast til andre halvår 2022.
Det er nokre av tiltaka som gjennomførast av Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO), for å sikre at dei fyrste rekruttane i 2022 får utstyret dei treng i januar.
Forsvarets forum har tidlegare skrive om den kritisk låge skobehaldninga på lagera til Forsvarets logistikkorganisasjon. Skomangelen er framleis høgst aktuell, men det er ikkje berre marsjstøvlar som minkar i antal. Også t-skjorter, undertøy, skytebriller og feltuniform manglar.
– FLO har avgjort at ordninga med «odel og eie-produkt» setjast ut av kraft, forklarar talsperson for Forsvaret, oberstløytnant Vegard Norstad Finberg.
Forsvarets forum har kontakta FLO for svar i saka og blei vist til Finberg i Kommunikasjonseininga i Forsvarsdepartementet, grunna ferieavvikling.
«Odel og eie-produkt» er produkt som soldatane får behalde etter tenesta. Det har typisk vore kroppsnære klede som til dømes undertøy, ull og netting, i tillegg til hovudplagg og feltstøvlar.
At ordninga no avsluttes, betyr at alt utstyr skal leverast inn når ein dimitterer. Det einaste soldatene får behalde er tilpassa hovudplagg, altså bereten.
I januar 2021 ville EØS-tilsyn sjå nærmare på Forsvarets PBU-anskaffinger. Les meir om det her!
Blir vaska og brukast om att som naudløysing
Denne ordninga er ikkje ny av året. Ifølge Finberg har innsamling av utstyr bidrege til nok materiell også i 2021. Det siste året har ordninga vore basert på frivilligheit, men no er det obligatorisk.
Såkalla «forsterka mønstring» skal gjennomførast, for å sikre at så mykje klede og utstyr som mogleg leverast attende til Forsvaret etter bruk.
– FLO vil sende brukte artiklar til vaskeri. Her blir artiklane vaska og tørka. Deretter gjer vaskeriet ein kvalitetskontroll, og kaster defekte og utslitne artiklar. Resten sorterast, og nokon mindre skader kan utbetrast, seier Finberg.
Etter at blant anna truser, ullundertøy og t-skjorter er vaska og sjekka, blir dei ein «b-batch». Dersom avdelinga ikkje har nok nytt undertøy eller t-skjorter til alle, leverast dei brukte kleda ut til nye rekruttar.
I 2019 mangla det ullsokkar. Då beordra sjefen i Sanitetsbataljonen dei ansatte til å gje frå seg ullsokkane sine. Les meir her!
Kritiske manglar på utstyr og bekledning kan potensielt gå på bekostning av beredskapen, og i verste fall soldatens sikkerheit.
Eirik Sjøhelle Eiksund, landstillitsvald.
Ikkje fyrste gong
Men det er ikkje fyrste gong at Forsvaret slit med manglar i personlige klede og utstyr (PBU). I juni 2020 mangla FLO avtale på over ein tredjedel av kleda og utstyret soldatane skal ha.
– Manglar på PBU har vore eit gjentakande problem for Forsvaret i fleire år, seier landstillitsvald i Forsvaret, Eirik Sjøhelle Eiksund.
– For eit år sidan såg me på akkurat dei same manglane på kroppsnære klede som me ser no, og tidlegare i haust mangla mellom anna innrykka i Hæren dei største og dei minste størrelsane i skotøy.
Eiksund meiner feil i systemet kring bestilling og levering får følgjer for soldatane.
– Heilskapleg ivaretaking handlar om å sørge for at soldaten er rusta til å gjennomføre tenesta si. Kritiske manglar på utstyr og klede kan potensielt få følgjer for beredskapen, og i verste fall soldatens sikkerheit.
– Må ta ansvar
Ifølge Finberg sørger tiltaka som no er sete i gong, for at avdelingane kan drifte så normalt som mogleg.
– Så langt ser det ut til at avvika ikkje har fått nokon uakseptable negative innverknadar på planlagde aktivitetar under rekruttskole eller innrykk.
Likevel, Eiksund og TVO krev ein permanent løysing på problemet.
– Det er på tide at PBU-problemet takast på alvor og faktisk gjerast noko med. Forsvaret og FLO må ta ansvar.
I 2019 ble manglane så alvorlege at FLO ikkje lenger kunne tilby utstyr for operative behov. Det kunne stansa deployering til internasjonale operasjonar. Les meir her!