Meninger
ATOMVÅPEN: I juni vedtok Senterpartiet å støtte norsk tilslutning til FN-traktaten som forbyr atomvåpen. Her er Liv Signe Navarsete (Sp) og partileiar Trygve Slagsvold Vedum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB
Atomvåpenforbud: – Senterpartiet seier ja til ei tryggare framtid
To av dei største farane verda står ovanfor i dag er klimaendringar og atomvåpen, skriv Liv Signe Navarsete.
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.
I helga vedtok Senterpartiet å støtte norsk tilslutning til FN-traktaten som forbyr atomvåpen. Kvifor? Fordi lite er viktigare for oss enn tryggleik.
Hårek Elvenes frå Høgre kallar vedtaket vårt oppsiktsvekkande, og hevdar at SP «løper fra Norges Nato-forpliktelser».
Det er mykje Elvenes ikkje har forstått.
Det handlar altså om politisk vilje, og ei godkjenning av kva trussel atomvåpen faktisk utgjer.
Det er ikkje Nato, men tre av medlemslanda som har atomvåpen. Sjølv Elvenes sin eigen utanriksminister har slått fast at det ikkje er noko juridiske hinder for Noreg som Nato-medlem å slutte seg til traktaten. Det handlar altså om politisk vilje, og ei godkjenning av kva trussel atomvåpen faktisk utgjer.
Klimaendringar og atomvåpen
To av dei største farane verda står ovanfor i dag er klimaendringar og atomvåpen. Medan klimaendringane kjem snikande, vil bruk av atomvåpen ramme brått, med enorme konsekvensar. Forskarar åtvarar no om at eit nytt rustningskappløp er i gang og at faren for bruk av atomvåpen aukar.
Les også: Svaret på økningen i kjernefysisk spenning kan ikke være å fortsette som før, skriver Kjølv Egeland.
Me kan ikkje bygge beredskap mot atomvåpen. Skadane vil vere for store, og strålingsfaren for høg. Atomvåpen kan bli brukt som eit resultat av ei planlagt handling, ei ulukke eller ei misforståing, eller ved terror. Ei middels stor atombombe over Oslo sentrum vil utslette alt innafor ring 1. Alle innafor ring 3 vil få tredjegrads forbrenning.
I Noreg har me åtte sengeplassar for akutte brannskadar.
Den førre raudgrøne regjeringa tok i 2013 initiativ til ein mellomstatleg konferanse om atomvåpen sine humanitære konsekvensar. Det humanitære initiativet leia etter kvart fram til forhandlingar i FN om eit forbod mot atomvåpen. Forbodet vart vedteke av 122 land i 2017, og tredde i kraft i januar i år.
På det tidspunkt hadde Høgre teke over makta i Noreg, og Solberg-regjeringa let vere å delta i FN-forhandlingane.
Rettsstyrt verdsorden
Som eit lite land har Noreg alt å tene på ein rettsstyrt verdsorden der desse prinsippa blir respektert.
Atomvåpenforbodet byggjer på humanitærrettslege prinsipp, som avgrensar lovlege metodar og krigsmiddel i ei væpna konflikt. Våpen som blir nytta må kunne skilje mellom sivile og stridande, og våpen som forårsakar uhøveleg skade eller liding er forbode. Som eit lite land har Noreg alt å tene på ein rettsstyrt verdsorden der desse prinsippa blir respektert.
Forbodet bidreg til å stigmatisere atomvåpen, og legg press på atomvåpenstatane om å forhandla om gjensidig og verifiserbar nedrusting. Dette presset er me nøydde å bidra til, fordi eksisterande avtalar ikkje er tilstrekkeleg.
Les også: Nye våpen, gamle vrangforestillinger: Hvordan forstå Boris Johnsons atomvåpen-politikk
Nyleg avgjorde Storbritannia at dei vil auke taket på kor mange atomvåpen landet kan ha, stikk i strid med deira forpliktingar under Ikkjespreiingsavtalen. I London grunngjev dei avgjersla med trongen for å verne sine allierte. Altså oss.
Eit masseøydeleggingsvåpen
Spørsmålet er om trugslar om bruk av atomvåpen bidreg til auka tryggleik i verda. I dag har ni land til saman over 13 000 atomvåpen. Nesten 2000 av desse står klare til utskyting på minuttars varsel. Det inneber ein enorm risiko.
Så lenge Noreg ikkje tek tydeleg avstand frå kjernefysisk avskrekking, bidreg me til å legitimere atomvåpen. Eit masseøydeleggingsvåpen utvikla for å utslette byar.
I dag har ni land til saman over 13 000 atomvåpen. Nesten 2000 av desse står klare til utskyting på minuttars varsel. Det inneber ein enorm risiko.
Både FN og Nato har ei atomvåpenfri verd som målsetning. Me må gjere vårt til at Nato no set nedrusting på agendaen. Traktaten som forbyr atomvåpen bidreg nettopp til å leggje til rette for at me kan nå dette målet. Atomvåpenstatane i Nato verken kan eller bør ruste ned einsidig, men som allianse kan og bør Nato ta leiarskap.
Neste veke arrangerer Nato toppmøte i Brussel. Alliansen skal diskutere den nye strategien NATO 2030. Noreg bør her nytte moglegheita til å problematisere kjernefysisk avskrekking.
Gode allierte vågar å løfte kontroversielle tema. Me må våge å gjere ein forskjell.