Minneord

EIN ÆRA ER OVER: Jacob Strandheim (101) var den siste gjenlevande frå Shetlandsgjengen under 2. verdenskrig.

Shetlandsgjengens siste mønstrer av

Som 101-åring fekk han eit langt liv, for mange av hans kollegaer på Shetland stogga livet brått og brutalt ein stad i tjueåra. Dei vart evig unge. Sogene om dei vart godt formidla av Jakob Strandheim, no er den siste som såg andleta til desse unge òg vekke.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Jakob Strandheim, som vert gravlagd i dag, var den siste gjenlevande frå den norske maritime avdelinga til Special Operations Executive (SOE). Han vart 101 år gamal. Avdelinga Norwegian Naval Independent Unit, vart etter krigen kjent som Shetlandsgjengen. Strandheim, som den gong gjekk under namnet Nielsen vart innrullert i SOE 23. mars 1942, og var den siste frå sjøgjengen som vart trena saman med dei som hamna i landgjengen, kjend som Kompani Linge. Den mest kjende lingekaren på kullet er nok tungtvatn-sabotøren Claus Helberg.

Strandheim vart fødd på øya Herdla i det dåverande Hordaland i 1920. Han førde fiskebåten «Skjærgård» over til Shetland 5. oktober 1941, og kom fram til Lerwick på Shetland noko over eitt døgn seinare. Dei fleste om bord var mellom 19 og 21 år gamle, og var som Strandheim fiskarar. Starheim vart den einaste av gjengen som hamna inn i spesialteneste. Men det var ikkje gitt at den unge mannen med kystskippersertifikatet skulle hamne i slik teneste.

Hard marsj

Då han kom over, og etter at han hadde vorte avhøyrd av det britiske MI5 på Royal Victoria Patriotic School, hama Strandheim fyrst i teneste som skipper på båtar som gjekk i fraktfart lags den britiske kysten. Men han hadde ikkje vore mange månadane der før han melde seg til spesialteneste, og starta på grunntreninga på Stodham Park i Hampshire. For gamle vernepliktige var denne treningsbolken omtrent som å gå gjennom ein rekruttskule, men Strandheim hadde ikkje vore i militærteneste og hadde nytta dei fleste åra av sitt vaksne liv på havet. Lange utmarsjar klokka 06:00 kvar morgon tok nok på. Og dei britiske offiserane var ikkje imponert av kva dei såg på dette kurset. Det skal seiast at dette ikkje var uvanleg blant dei som handla på Shetland, under eitt tidlegare kull som bestod av berre sjøfolk måtte SOE legge om treningsmanualen grunna for mykje slitne bein. Men Jakob hang med, og fekk lovnadsord under den paramilitære treninga i Skottland, jamvel om britane konkluderte at han passa best på havet.

Då eg snakka med Jakob for nokre år sidan i samband med arbeid med boka om Shetlandsgjengen var det særskild ein ting han trakk fram frå treninga. Den fem mil lange utmarsjen dei gjorde på slutten av kurset. Han skildra det så levande at ein ana at han omtrent 75 år seinare framleis kjende gangsperra. Det andre han hugsa var at han var på veg til fallskjermtrening, men vart tatt av i siste liten av dei han skulle overførast til Shetland. Fleire av dei andre der oppe hadde fått den treninga før dei vart sende nordover. Starheim vart den siste av sjøgjengen som gjekk gjennom fellestrening med landgjengen frå Linge.

Nær døden

Då han kom til Shetland i juli 1942, var Shetlandsgjengen rett før sin tredje sesong. I løpet av 1942 auka tempoet på SOE-operasjonar mot Noreg markant, og Strandheim vart fyrst plassert på båten «Aksel» med den fargerike Bård Grotle som skipper. Han hadde nett vorte flytta over på «Andholmen» under Johannes Nessen, då «Aksel» sank på veg attende frå eit oppdrag. «Andholmen» som var på veg til Træna med forsyningar vart sett inn i søket. Dei skipbrotne vart sett frå eit Catalina-fly, men kunne berre droppe forsyningar grunna høge bølger. Dagen etter var gamlegjengen til Strandheim borte, og båten han var i haldt fram den lange seglinga mot nord. Det vart eit brutalt møtet med alvoret i tenesta.

Sesongen 1942-43 vart omkom omtrent halvparten av mannskapa på Shetland. Starheims fyrste sesong kom altså i ei tid med store tap, og stadig dystrare stemning. Men båten kom seg unna, og då dei fekk ubåtjagarane sommaren 1943 var det litt tilfeldig at Starheim vart plukka ut som nestkommanderande på «Hitra», under Ingvald Eidsheim. Nessen hadde nemleg fått tuberkulose, og dimed rykka Strandheim opp. Kanskje var krigsåra litt slik for vår siste veteran frå Shetlandsgjengen, han var på rett stad til rett tid og hadde flaks både med båtbytte og stillingar.

Det varte og rakk ein del tid før ubåtjagarane var klare til bruk, og Strandheim fekk òg eit par turar med MTB. Då eg intervjua han skildra han klårt ein dramatisk torpedooperasjon i Hustadvika med MTB, då dei gjekk til åtak på eit handelsfartøy.

Utan samband

Tida på «Hitra» vart ikkje utan drama, men det var ikkje på same måten som det hadde vore med fiskebåtane. Ei tid etter at me hadde hatt to lange samtalar hos han heime, kom eg over ei soge om ein norsk agent for den britiske etterretninga som hadde gløymd sendaren om bord i «Hitra». Då eg ringde lo Jakob så han rista, og sa. «Den der tosken der, ja». Dei hadde oppdaga sendaren i lugaren midt i Nordsjøen, og kunne ikkje gjere anna enn å gå attende til Scalloway på Shetland. Ei særmelding på radio sa at dei kom attende, og då dei trefte agenten igjen stod han berre å rista på hovudet.

- Det er dei dramatiske hendingane ein hugsar, sa Strandheim til meg under intervjuet. Men med hjelp av mange dokument og rapportar klarte me òg å rekonstruerer ein del soger som ikkje låg så strekt på minnet. Han var framleis litt harm på ein lingekar som hadde rapportert dei for å ha delt ut for mykje mjøl og kaffi til nokre lokale hjelparar, som frakta agenten vidare. Dei hadde vore ute av kurs, og såg lys frå eit vindauge i strid med blendingspålegga. Dei som budde i huset hadde tatt utfordringa på strak arm, og frakta agenten vidare til fastlandet. Eit lite døme på kor gode Shetlandsgjengen var å bygge eigne lokale nettverk langs kysten.

Jakob Strandheim var ein sprek nokon og nittiåring då eg intervjua han i heimen nokre steinkast frå Lagunen Storsenter utanfor Bergen. Hagen og huset så ganske strigla ut, og han hadde stor glede av å halde på i hagen fortalde han. Då covid kom uttalte han til BA at dette skulle me nok klare, me vant jo krigen. Eg ana ein stor livslyst hos Jakob Strandheim og ein rungande latter som satt laust. Han var ein av dei i Shetlandsgjengen som hadde flest turar over Nordsjøen, men han gjorde aldri noko stort nummer av det. Dei seinare åra var han ein del i media som den siste av ein gjeng som haldt forsyningslinjene opne til det okkuperte Noreg. Det var fyrst mot slutten av 1944 og i 1945 at frigjorde allierte fly kunne auke tempoet i forsyningane av Linge-grupper og Milorg. Før det var det Shetlandsgjengen som bar børe både med forsyning, innsetting av agentar og berging av flyktningar.

Kampen i natta

Den siste frå Shetlandsgjengen fekk eit langt liv. Han jobba litt som fiskar etter krigen før han fekk seg ein kontorjobb. Bak den smittande latteren og det gode humøret vart det til slutt litt alvor då me skulle avslutte det siste intervjuet. «Kona sa alltid at eg framleis kriga mot tyskarane i søvne», var noko av det siste han sa, før me braut opp og eg takka for meg. Krigen hadde utvilsamt satt sine spor, men han var òg rask med å peike på at dei som hadde vore i handelsflåten nok hadde det verre enn dei som var på Shetland. Som mange som mønstra av frå Shetland, levde han eit relativt normalt liv etter krigen. Med sine over 50 turar med skøyter, MTB og Ubåtjagar var Strandheim ein særs verdig siste mann ut. Han fekk òg oppleve at dei vart reist ei minnetavle på heimstaden Herdla kort tid før han gjekk bort 80 år etter at han drog over til Storbritannia. Som 101-åring fekk han eit langt liv, for mange av hans kollegaer på Shetland stogga livet brått og brutalt ein stad i tjueåra. Dei vart evig unge. Sogene om dei vart godt formidla av Jakob Strandheim, no er den siste som såg andleta til desse unge òg vekke. Ein æra er over, og det er opp til oss andre å fortelje om kva som skjedde desse dramatiske åra i Shetlandsgjengen.

Måtte Jakob Strandheims minne verte ei signing.

Powered by Labrador CMS