Nesten utradert i 2002:
Slik kom Taliban tilbake

– Vesten gjorde for mykje i starten, seier Afghanistan-ekspert Antonio Giustozzi.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Afghanistan er nesten gløymd, i alle høve av media. Jamvel om Noreg framleis stiller spesialsoldatar frå Marinejegerkommandoen til CRU-222 styrka i Kabul er det som om alle har pakka ned og reist heim.

Alt støv i tennene, lukt av diesel og skotvekslingar frå dalføre der aust er no omdanna til minne, på godt og vondt, i hovuda til dei som har tenestegjort der aust.

Me har nyleg fått ein forsvarssjef som tenestegjorde i skuggen av Hindu Kush, og mange i Forsvaret har hanka med seg mange erfaringar frå landet langt der aust. Det er ikkje eitt enkelt land å forstå seg på. Og spørsmålet er om me nokon gong kjem til å få svara på dei spørsmåla som er knytt til det snart tjue år lange vestelege nærværet i landet.

Sjølv byrja eg lesa om Afghanistan for alvor i 1999. Eg hadde lese fyrste band av George MacDonald Frasers Flashman-serie, og hanka med meg det som var av bøker om landet på bokhandelen Foyles i London. Eg gjekk ut med fire bøker, kor ei var ei guidebok kor det stod kor det var farlege minefelt og telefonnummeret til Taliban.

Sidan oktober 2001 har nummeret ikkje vore i bruk, men Taliban har halde fram å vere ein faktor i soga om landet.

Sjølv har eg halde fram med å lesa om landet på og av sidan den gong. Det er definitivt fleire hyllemeter med bøker om landet på Foyles i dag, og ein av dei som har vore med å utvida bokheimen er italienaren Antonio Giustozzi, som i det daglege held til på King’s College i London.

Bøkene til Giustozzi kan minna litt om det som Andrea Pirlo gjorde på fotballbanen. Han kjem opp med uventa ting som får ein til å undra og setter tankane i spinn.

I den kanskje mest kjende boka han har skrive: «Koran, Kalashnikov and Laptop frå 2007», skreiv han korleis Taliban var i ferd med å flytta seg nordover.

Følgene av det fekk dei norske styrkane i Faryab kjenne på til fulle i 2009.

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på tips@fofo.no.

The Taliban at War

Bøkene hans er ikkje lettlesne eller billege, men ein må innom dei skal ein forstå litt meir om kva som skjer. Eg intervjua han for fyrste gong i 2009, og me tok opp tråden att via Zoom denne veka for å snakke om den siste boka hans «The Taliban at War 2001-2018».

I den boka prøver han å finne ut korleis Taliban kom attende etter nederlaget i 2001 og korleis dei har bygd seg opp att gjennom åra. Boka kom til som eit resultat av fleire års forsking på andre ting, og han hadde god nytte av lokal intervjuarar som for rundt og snakka med sentrale og mindre sentrale aktørar i organisasjonen.

År med bygging av relasjonar og tolmod førde fram og boka er særs rik på innsikter og myteknusing, som Giustozzi utbroderer:

– Då me byrja prosjektet hadde me hundrevis av kontaktar, nokre har sjølvsagt døydd i prosessen, men om me stod att med 50 prosent var det framleis eit høgt tal.

Fikk du meg deg denne? 2020-rapport visar at Nato ikkje lenger seier kor ofte Taliban angripar.

Fyrst blant likemenn

Gjennom intervjua som kom inn og vart omsette byrja han å få eit visst innblikk i korleis Taliban var sett opp og korleis organisasjonen fungerte og utvikla seg gjennom år. Det afghanske Taliban kan grovt sett delas i tre – Haqqani-nettverket som hadde ein hierarkisk struktur med ein leiar på toppen, og to såkalla Shuraar, ein i Quetta og ein i Peshawar.

Dei to står for det Giustozzi kallar eit polysentrisk leiarskap, som forenkla vil seie at leiaren er ein fyrste blant likemenn.

– Dei kallar det sjølvsagt ikkje for eit polysentrisk leiarskap sjølve, men poenget er at dei ikkje er organisert på same måten som leininistikse eller maoistiske opprørsgrupper, eller Det muslimske brorskapet. Metaforen når det gjeld dei er ingeniørkunsten og det moderne, at alle har ein gitt funksjon i maskineriet. Taliban avviser desse ideane og er anti-moderne i tenkinga. Men den store utfordringa mi var å forklare denne innsikta til lesarane.

Poenget er at det alltid vil vere eitt nytt leiarskap som står opp om «leiaren» døyr.

Tapte 15-20 prosent i året

I boka anslår han at omtrent 20 prosent av dei kjempande i Taliban var utsletta tidleg i 2002.

Gjennom åra sidan reknar han med at dei hadde årlege tap som låg rundt 15-20 prosent. Tilbakekomsten byrja i hovudsak som små lokale grupper som seinare vaks, og frå midten av 2002 byrja ei ny oppbygging i Pakistan.

At organisasjonen var attende merka ein mest frå 2003 då dei byrja målretta avretting av lokale geistlege som var pro-regjeringa. Press og truslar med nattbrev som oppmoda folk å ikkje samarbeida med dei som hadde invadert landet. Dei prøvde òg å stogga skular som vart sett opp. I moskéane sette dei inn eigne folk som predika jihad.

Men Guistozzi er ikkje med på at det vart gjort for lite frå vestleg hald dei fyrste åra:

– Det var to faktorar som verkeleg slapp dei laus. Den lokale motstanden som kom grunna hardhendt oppførsel av tryggleiksstyrkane i 2001, som skulle jakte på Taliban. For kva ein som vart tatt, var det ti som fekk det med seg. For å unngå å bli tatt byrja dei å søke tilflukt i Pakistan. Her kom dei saman i hemmelege grupper og byrja ei rørsle.

Det andre momentet som slo inn var forventninga, særleg i Pakistan, at operasjonen ikkje ville vare lenge, at det ville vere eit lågt fotavtrykk frå amerikanarane si side og at dei så ville dra. Andre naboland, som Iran og Kina, tenkte i same bane.

Visste du at Forsvarets forum sender ut nyhetsbrev med de viktigste forsvarsnyhetene hver morgen? Du kan melde deg på her.

Dei dreg vel snart

At det vert hevda i dag at amerikanarane ikkje gjorde nok, er paradoksalt nok det motsette av det Guistozzi trur.

Han trur dei gjorde for mykje.

Av den enkle grunn at ingen i regionen ville at amerikanarane skulle bli verande. At ein skulle innføre demokrati var noko ingen av dei amerikanske allierte såg positivt på, verken Saudi, Pakistan eller andre Golf-statar. Sett frå Riyad, og det styrka seg etter Irak-krigen, er ikkje demokratiinnføring noko som klinger godt, av di det på sikt ville undergrave det saudiske kongedømmet.

Saudiarane såg òg at sjiaane tok makta i Irak, og dei var blant dei fyrste som byrja støtta Taliban. På sikt var det fleire etterretningsorganisasjonar som betalte. I starten var det småskala åtak som vart gjort, men det gjekk betre enn venta.

Pakistans etterretningsorganisasjon ISI byrja støtta meir utover. Iran kom på banen, og seinare kom òg russarane inn. Då saudiarane såg at Iran kom på banen byrja dei å gje meir. Taliban, seier Giustozzi, lærte seg å spele donorane opp mot kvarandre, litt som regjeringa i Kabul gjorde det med sine donorar.

Taliban avvisar amerikanske påstandar om at landet har fått russisk støtte mot å drepe vestlege soldatar i Afghanistan. Det same gjer Russland: Les saka her.

Løyndommar i Moskva

Giustozzo byrja studia av Afghanistan som doktorand i 1993. Ein russisk student på LSE i London tipsa han om at det var moglegheiter i eit kaotisk Russland og han fekk sanka nok stoff til å skrive ei avhandling som vart gitt ut som boka «War, Politics and Society in Afghanistan» om den sovjetiske invasjonen og tida dei var i landet.

– Eg hadde eitt avgrensa budsjett, men hadde ein hatt pengar i Moskva på den tida kunne ein ha frakta ut to konteinarar med dokument. I dag er det ikkje lengre mogleg å kome inn på lukka område i bibliotek eller å sjå dokument grunna innskrenkingar.

Og russarane er som andre regionale makter attende i Afghanistan.

– Det russiske nærværet byrja for alvor då amerikanarane annonserte at dei skulle ut (under Obama). Det tok tid, men dei byrja å ta opp tråden med gamle partnarar. Folk dei støtta og hjelpte på 90-talet. Og av di dei er nært knytte til iranarane, som hadde knytt seg inn mot Taliban, såg iranarane eit potensiale i å ha dei russiske ressursane om bord. Spesielt etter slaget om Kunduz (i september 2015) forstod russarane at Taliban var strekte i nord òg. Men eg er ikkje sikker på at dei er meir nøgde med Taliban enn det amerikanarane er med regjeringa i Kabul.

– Kva med nyheitene om at russarane har love dusør for at Taliban skal drepe amerikanarar?

– Det er ei grad av sanning i det. Men me veit ikkje om det kom frå russarane eller talibanleiarar som var under press frå russarane om å gjere meir.

– Røyndommen er at det er særs vanskeleg å drepe amerikanarar i Afghanistan etter 2014. Det er ikkje mange av dei, og sett vekk frå «green-on-blue» åtak er det få moglegheiter. Spesialstyrkane kjem ofte med helikopter og det er nærast umogleg å vite om det på førehand og planlegge åtak. Og sjansane er store for at ein eventuell dusørjeger vert drepen i forsøket. Det kan ikkje vere snakk om meir enn eitt par åtak som har vore for dusør, om det i det heile har skjedd.

Få veterantreff

Dei høge tapstala til Taliban gjer at det er få att frå dei fyrste åra i rekkene. Men at det ikkje er umogleg å kjempe vidare me så høge tapstal.

– I Vesten ventar ein å kjempe med låge tapstal.

– Men ein hadde tilsvarande på austfronten under den andre verdskrigen på sovjetisk side, så det er mogleg.

– På ein måte kan høge tapstal vere til hjelp for ein organisasjon. Det er ikkje ein haug med veteranar som er utmatta av krigen og klagar. Dei dør. Ei ny gruppe kjem ikkje til å vare meir enn eitt eller to år. Dei er fulle av von og er indoktrinerte.

– Og om ein forsvinn i Kabul, kan han ikkje skremme dei som sit i Pakistan.

– Det er vanskelegare for dei som er i landsbyar. Har ein tap på 20-25 prosent veit ein at det ikkje er så mange fleir å ta av. Det handlar ikkje om det som skjer med dei som døyr, men dei som ser at andre døyr. Mange av dei me intervjua om den tidlege tida var folk som hadde slutta å vere ein del av Taliban.

Giustozzi kjem med mange innsikter om kvifor ting ikkje har gått bra i Afghanistan. Mislykka politiopplæring, etterretning som var for fokusert på å drepe folk, og mindre fokus på å forstå fienden, kva mål dei hadde og korleis dei opererte, samt manglande utveksling av etterretning mellom ulike organisasjonar. Han meiner det burde vore ein betre doktrine til å byrje med, og at det militære akademiet, som kom i 2013 burde vorte oppretta med ein gong, sidan det tar omtrent tjue år for å få offiserar opp på generalnivå.

Pakistan var det òg mange av, av di ein ikkje ville den afghanske hæren skulle vere ein trussel mot nabolandet.

Han ser òg at ISIS i Khorasan er svekka etter å tatt tap i november og mars, og at Pakistan har sendt inn delar av Haqqani-nettverket og Laskar-e Taiba for å stogga deira nærvær i dei to provinsane dei har stått sterkt, Badaksjan og Nangarhar. Italienaren trur Pakistan, i den grad dei kan kontrollera ISIS, vil sende dei til Kashmir for at India ikkje skal få ein suksess i Kashmir. Om dei sender inn grupper som Laskar-e Taiba og Jish Muhammed vil det tyde krig med India.

Forhandlingar eller offensiv

Og så er det store spørsmålet: Kva med forhandlingane i Doha mellom USA og Taliban?

– Fyrst vert det nok gitt fri fangar frå regjeringa. Men det er ikkje forhandlingar, men innleiande samtalar me ser no. Taliban vil ha ein garanti frå USA om at alt skal vere ute i mai neste år. Pakistanarane er dei som støttar samtalane, og Kina med dei. Men Hibatullah, leiaren av Taliban har lagt mykje av si stilling inn i samtalane. Om dei ikkje lukkast så må han gje makt til sine to nummer toarar, og det vil i praksis seie han er ferdig. Haqqani-nettverket er mot forhandlingane, og dei gjennomfører åtak i Kabul utan å ta ansvaret, men samstundes legg dei att info som gjer at dei som er mot forhandlingar i Kabul og Washington kan skulde på Taliban.

– Jamvel om forsvarssjefen i USA, Mark Esper, har sakt dei skal trappe ned styrkane til under 5000 føre eller rundt valet i USA, ser eg tendensar til at både Pakistan og Kina mistar litt av tolmodet.

– Trump treng absolutt ikkje eit auka konfliktnivå i Afghanistan føre valet, etter er det noko anna. Det kan vere det kjem ein offensiv framåt for å legge press på Trump, for Taliban er det eit absolutt krav at amerikanarane må ut. Og det vil uansett gå eitt halvt år til eitt år før ein eventuelt får ei FN-styrke inn for å trygge ein avtale. Mellombels allierer ulike land i regionen seg, som Kina og Iran. Det svekker India sin posisjon, jamvel om dei snakkar med Russland.

Det er kort sagt ikkje mangel på nyhende frå landet som stor sett har gått i gløymeboka. Me har berre skifta fokus til ting nærare heimen. Trump, corona, og før det Brexit.

Antoni Giustozzi vil halde fram med å skrive bøker om landet og ligg på veret til coronaen legg seg og han kan reise austover att. Men det er alt vanskelegare å få forskingspengar til prosjekt om Afghanistan, og det er ikkje sikkert at bokhylla som rommar bøker om landet vil fyllast like raskt som den gjorde etter at eg plukka med meg dei fire bøkene i 1999.

Med «The Taliban at War» har ein i alle høve ei betre forståing om korleis Taliban kom attende. Korleis soga ender veit me ikkje ennå.

Powered by Labrador CMS