Historie

Raidene som skapte Kompani Linge

MÅLØY: Allierte kommandosoldater under Måløy-raidet 27. desember 1941.

I starten av krigen vart den norske avdelinga av Special Operations Executive brukt som ei kommandostyrke i Lofoten og Måløy. Raida i romjula 1941 endra dette og skapte uro i Noregs fyrste spesialstyrke.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei to romjulsraida som fann stad for 80 år sidan endra fleire ting utanom dei fysiske øydeleggingane som vart gjort i Måløy/Vågsøy og i Lofoten. Norwegian Independent Company 1 gjekk kort tid etter over til å heite Kompani Linge. Avdelinga gjekk òg frå å utføre meir commando-liknande operasjonar til å verte meir likt ein spesialstyrke utover i 1942.

Samarbeidet mellom britane og eksilregjeringa i London kom inn i meir ordna former. Og for tyskarane styrka det Hitler sitt syn om Noreg som skjebneområde. Ei massiv utbygging av Festung Norwegen, samt ei massiv auke i talet på soldatar stasjonert i Noreg var nokre av resultata av hendingane i romjula 1941.

Jamvel om planane før raida var ganske omfattande, vart dei avrunda på nokre dagar. Operasjon Archery i Måløy/Vågsøy var fyrst og fremst eit raid som skulle opne opp for raidet i nord, men med Martin Linges død utanfor Ulvesund Hotell skapte det òg mannen og myten.

Raida førte òg til stor uro i kompaniet, og fleire av dei som storma i land på Vestlandet og i Nordland vart aldri meir å sjå i rullane til Noregs fyrste spesialstyrke. Over nyttår fylgde eit nytt og mindre raid i Florø. Etter det dreia operasjonsmønsteret seg, og seinare raid vart utført av dedikerte soldatar frå commandos-avdelingane.

På mange måtar kan ein sei at for avdelinga, som blant nordmennene vart kalla NORISEN, medførte raida ein overgang frå å måtte gjere noko raskt, til arbeid som var meir langsiktig.

Men kva skjedde så desse dagane den gong?

Forsvarets Forum freistar å hente fram gløymde røyster, og fortelje soga om romjulsraida 1941.

Då passar det kanskje med å byrja med lokkefuglen på Vestlandet fyrst.

Spesialsoldatar trent for oppdrag i Noreg

1941 hadde vore eit rart år for den norske avdelinga til Special Operations Executive (SOE). Alt i mars hadde ein byrja strukturell trening av spesialsoldatar for oppdrag i Noreg. Frå kontoret sitt i London hadde Martin Linge tala med nordmenn som dukka opp i London, vart avhøyrde og frigitt til teneste for Noreg.

Han hadde sett dei an. Tala med dei, og nokre gonger bladd opp ein fem punds setel for at dei kunne ta seg ein fest i London. Det var ein måte å dryge tida på i storbyen i bomberegnet.

FALT I MÅLØY: Kaptein Martin Linge som blei drepen under raidet mot Måløy i desember 1941.

Jamvel om kull etter kull vart trena i England og i det skotske høglandet, så hadde spesialavdelinga avgrensa resultat å syne til i sitt fyrste år. I Agder og Rogaland hadde dei klart å bygge opp eit nettverk. Nord for Haugesund sat ein agent utan samband, makkeren hadde døydd i ein vinterstorm i Nordsjøen for å hente hjelp. Ein hadde òg oppretta kontakt med nettverket i Ålesund. Ut over det var det ikkje mykje å syne til dette året.

Den sommaren hadde Tyskland invadert Sovjetunionen, og no før jul nærma dei seg Moskva. Japanarane gjekk til åtak på Pearl Harbor 7. desember, og fekk med det amerikanarane inn i krigen. For mange av nordmennene som etter kvart var utdanna vart det mykje venting, fleire luftige planar, og lite konkret enn å renne rundt i Skottland. Nokre gonger på tjuvjakt, andre dagar på øvingar, besøk i den lokale landsbyen medan BBC tala om utviklinga i verdskrigen.

Les mer: Den siste Linge-soldaten

For landgjengen var det ikkje skjedd så mykje dette året, òg dei som drog lasset på denne tida var sjøgjengen oppe på Shetland, som i alle høve freista å få levert inn nokre våpen og ammunisjon til den byrjande norske motstandsrørsla.

Stoda var omtrent lik for dei britiske commandos-avdelingane som hadde blitt trena og trena det året. Heller ikkje dei hadde fått testa ut all verda av kunnskapen dei hadde tileigna seg på andre stadar i det skotske høglandet. Seint i 1940 skulle dei raida området rundt Sokndal i Rogaland, men det vart avblåst i siste liten. Ein plan om å gå til åtak på den norske sildeflåten i det same kystområdet vart det heller ikkje noko av.

I dei militære skrivebordsskuffene låg det den gong som i dag, mange vidløftige planar, som enda sine dagar med eit politisk nei. Nokre fekk ja. I mars hadde ein raida Lofoten, og øydelagt ein sildeoljefabrikk i Øksfjord. No var Lofoten komen på kartet att.

Planla raid mot Lofoten og Måløy

Men planarbeidet haldt fram, og i andre halvleik av 1941 byrja ein å sjå på nye moglegheiter for eit raid mot Noreg. Ein skulle altså attende til Lofoten. Også denne gong var ideen at ein skulle bli verande eit par månadar og drive åtak mot tyske mål. Grovt sett skulle dette lette trykket mot Murmansk-konvoiane, som frakta vidare den amerikanske våpenhjelpa til britane, til Stalins stadig minkande divisjonar.

Det var ideen i alle høve. For å få til dette måtte ein forvirra fienden med ein raid lengre sør. Ein skal hugse at den norske kysten den gong ikkje var gjennomhola av tunellar, festningar og kanonar på same måte ein kan sjå om ein vandrar rundt på den «ydderste nøgne ø» i dag.

For å få til dette trengde ein folk. Folk som kunne språket og hjelpe dei britiske commandos fram i gatene og sluse nordmenn, som ville ut, vidare om bord i båtane og til fridommen. Brorparten, 77 i talet, vart plukka ut for Lofoten, mens ein mindre gjeng, på rett over tjue skulle til Måløy.

Her skulle òg skodespelaren som tok på seg rolla som leiar av denne brokete gjengen, kaptein Martin Linge. Men i tillegg til dei frå landgjengen var det òg folk frå sjøgjengen som skulle vere med, denne gong som guidar på brua på dei fire jagarane, som saman med ein kryssar og to troppetransport skip skulle gjere reisa over havet og gå til åtak 2. juledag – etter planen vel og merke.

Vêrgudane hadde nemleg andre planar for Nordsjøen denne jula, og i staden skjedde det noko merkverdig i Lerwick på Shetland, sjølvaste julaftan.

Juletrefesten i Lerwick

Det var skipa til juletrefest blant dei gråe bygga i Lerwick denne julaftan. Treet hadde blitt henta ut frå Noreg, og det var i hovudsak Shetlandsgjengen og andre nordmenn på øyene som skulle feire. Samstundes låg fiskebåten «Drott» til kais i Lunna Voe. Den var i oppdrag for SIS og hadde kome frå Peterhead, men måtte søke ly for veret. Mannskapet var òg med på festen.

I ettertid har denne julefesten vorte ein slags del av myten til spesialstyrkane.

Det var siste gong dei fleste av dei såg mannen som hadde fått dei inn i spesialtenesta. Det var samla folk frå tre ulike greiner av dei hemmelege norske styrkane i Storbritannia. Framtida var høgst usikker. Og det var for mange den fyrste jula vekke frå heimar og familie og fedreland. Dei song Glade Jul, dei song Fedrelandssalmen, og det vanka sikkert ein dram og to før ein trekte seg attende, i det som verkar som ordna former.

Dei hadde eit oppdrag som venta på den andre sida av havet. Men ikkje alle som låg på vent fekk ta del i denne festen. Men jul feira dei alle på sin måte. Kvelden før britane tok til med si feiring.

Men kven var desse folka, som låg på vent om å kome i kamp, og trø på norsk jord att etter fleire månadar med hard trening, strabasiøse reiser for å kome til Storbritannia, og ulike bakgrunnar og erfaringar.

Ein kan sjølvsagt skrive om Måløy-raidet ut frå det reint militære, men dei fleste av dei som var der er i dag gløymde. Difor skal me heller kalle opp stemmane til desse gløymde røystene som var unge den gong for 80 år sidan. Jamvel om det var britane som dreiv operasjonen, skal me sjå den med norske auge.

Fikk du med deg denne: Joachim Rønneberg om arven etter Linge

Soga om Sverre Silden

Utværet Silda ligg på ei øy ikkje lengt frå Stadt. Her hadde folk rodd fiske i generasjonar kring Sildagapet. Då Sverre Silden kom til verda i 1918 var det endringar på gang i fiskerinæringa. Dei siste tiåra hadde gitt ei endring frå små båtar, til større havgåande. Fyrst med damp, så kom motorane og dei velkjende skøytene og kuttarane. Behovet for trygge hamnar hadde òg vekse fram då. Ein kunne ikkje lengre hale båtane på land om stormen trua. Måløy var eit døme på det.

Staden som låg på hi sida av det øya ein kunne sjå frå Silda, hadde gått frå fem gardar til eit yrande fiskerisamfunn på få år. Sverre Silden kjende området godt. Han hadde jobba som dreng i fjordane her. Han hadde fiska, og nok levert fangst der. Så den lokale kunnskapen hadde han nok. I midten av september 1941, hadde han forlete verda han kjende så godt. I båt, saman med ei gruppe andre frå heimstaden.

Etter at dei kom til Shetland, vart dei sende vidare til London for avhøyr. Nokre dagar etter var Sverre Silden på kontoret til Martin Linge. Vegen vidare gjekk tilbake til Shetland og inn i Shetlandsgjengen. I starten av desember var han tilbake på gamle tomter med to agentar som skulle til Ålesund. Han var innom heimen, og på returen var det med to – broren til Sverre og den komande kona. Men snart skulle han gå om bord i eit større fartøy enn skøytene han var vant med.

Britane førebudde åtaket på Måløy, men dei trengte kjentfolk som kunne losa marinefartøya inn mot målet. Både Sverre og broren fekk jobben.

Etter at juletrefesten i Lerwick var over venta ei natt på hotell. Under frukosten fyrste juledag fekk dei beskjed om å hente bagasjen. Dei vart så køyrde omtrent fem mil nordover til sjøflybasen i Sullom Voe. Her venta fire jagarar, ein kryssar og to troppeskip. Silden mønstra på jagaren «HMS Offa». Han hadde med seg ein engelsktalande nordmann frå kompaniet som omsettar.

Det var fyrst no at Martin Linge sa at målet var Måløy. Han ønska den unge fiskaren lukke til, så drog han frå Sullom Voe, og til staden der troppeskipet låg ankra opp. Dei skulle slått til andre juledag, men det var motorproblem i eitt av troppeskipa. Dimed vart åtaket forsinka med eitt døgn.

LANDGANG: Allierte kommandosoldatar i landgangsfartøy under Måløy-raidet.

Det siste Linge sa til Silden, var «lukke til», etter det såg han ikkje mannen han fyrst hadde møtt i London meir. «Offa» stemna ut saman med dei andre fartøya som låg i vågen klokka 16. andre juledag. Dei nådde den planlagde staden på norskekysten tredje juledag. Det var ein fin klar dag. Flåten vart ikkje oppdaga før dei nådde innseglinga til Vågsfjorden. Då såg dei signallys frå Husevåg. Men lite skjedde. I alle høve i nokre minutt.

Krigsskip avfyrte 500 granatar

Tyskarane hadde laga ei stilling på Moldøen som tygga innseglinga til Ulvesundet frå sør. Klokka 09:30 opna kryssaren «Kenya» opp mot stillingane, jagarane «Offa» og «Onslow» følgde på. I etterkant meinte Silden at dei to jagarane avfyrte 500 granatar. Etter eit kvarter vart alt stilt.

Soldatane gjekk i land og tok tyskarane til fange. Frå jagaren kunne han sjå at det føregjekk kampar i Måløy, men han fekk ikkje med seg detaljane frå sjøen. Saman med resten av flåten var han med på å transportere ein 70-80 lokale til Scapa Flow. Ein familie hadde sågar kome ned frå Silda, og låg klare for raidet. I etterkant vart det spekulert i om Sverre Silden hadde varsla om eit føreståande angrep då han var heime i starten av desember.

Då han kom attende på perm til London, gifta han seg med Aslaug, som hadde fått jobb på eitt hotell i hovudstaden. Som nygift gjorde Sverre Silden ein tur til i Shetlandsgjengen, før han takka av. Ein periode budde den nystifta familien i den skotske landsbyen Buckie. Her dreiv han fiske, før han gjekk over i handelsflåten, og var med på reia under invasjonen i Normandie.

Etter krigen var han med på å frakte heim dei norske fiskebåtane som hadde flukta over til Storbritannia under krigen, brorparten gjennom 1941. Krigsåra skildra han i ei bok på midten av 90-talet.

Soga om Knut Wigert

Som Martin Linge var Knut Wigert skodespelar, som systera Sonja. Faren var offiser, men Knut hadde vorte erklært udyktig grunna tuberkulose. I fyrste halvleik av 1941 flykta han til Sverige. Derifrå reiste han gjennom Russland, via Midtausten til Sør-Afrika, over til Nord-Amerika, før han segla inn til Gourock i Skottland, ikkje langt frå Glasgow 9. september.

I London, få dagar etter, såg han Linge att. Dei to hadde stått på scena saman før krigen. No sa Wigert at han ville verte jagarflygar. Linge hadde ein anna rolle til han. Han ville ha han med i kompaniet.

Ni dagar etter at han sette føtene i land i Skottland, stod han oppstilt som ny rekrutt i SOE i Stodham Park. Geriljakurset i Skottland fylgde i starten av oktober, før han gjorde fire hopp på Ringway utanfor Manchester i starten av november. I mappa frå kursa er det berre skryt å lesa. «Ein av dei beste i kullet», stod det i ein av rapportane til Wigert.

Etter kurset bar det attende til Sør-England, og Henley-on-Thames, som var staden kor kompaniet hadde basen i den tidlege tida. Då operasjonen nærma seg vart styrken sendt nordover til Invergordon i Skottland. Til ein leir kor det ikkje stod godt til. Linge vitja dei her. Og oppunder jul gjekk dei om bord i båtane, og drog til Scapa Flow. I motsetnad til fleire av dei andre, vart Wigert og dei soldatane han var med verande i båten julafta. Dei fekk tak i nokre lys og feira moderat. Så kom klarsignalet og troppeskipet sette krusen mot Måløy.

Overfarten merkast godt for dei som ikkje var sjøvande. Troppeskipet krenga og mange mata krabben på vegen nordover. Då dei kom fram tredje juledag, vart landgangsfartøya låra og segla mot målet i vifteformasjon på fem fartøy.

Blod i vatnet

Wigert var ein av dei som gjekk til åtak mot festninga som Sverre Silden hadde skildra kanonaden av. Elden hadde stogga då landgangsstyrken var femti meter frå land. Førti meter seinare smadra landgangsfartøyet i ein stein, ein offiser frå 3. Commando hoppa i vatnet og la på svøm.

Dei andre hoppa i det iskalde vatnet kort etter. Wigert merka blod i vantet medan han sumde dei få metrane i land. Han kom seg i land og fór inn i stålstormen.

Tyskarane hadde vakna av eldgjevinga, men hadde framleis ikkje kledd på seg i mange høve då åtaket kom. Sjølve åtaket varde i ein halv time. Det var konstant skyting, fram til stillingane var inntatt. 35 fangar kunne dei vise til. Dei fekk ta i ei flaske vin, som dei tok ein sup av, mellombels såg dei kampane inne i den eine gata i Måløy. Commandos rykka fram frå hus til hus. Dei hadde ikkje meir å gjere på holmen, så dei bad om å bli sette over med ein av båtane.

I det dei skulle gå over sundet, smalt det uhorveleg og eit trehus, truleg eit ammunisjonslager, vart pulverisert.

KVITT FLAGG: Tyske soldater overgir seg under raidet.
BRANN: Brennende tyske brakker og ammunisjonsdepoter på Måløy.

Dei krumma seg og sprang inn i eit pakkbu. Wigert og Ulf Gaustad som han var saman med. I bua var det tønner og sekkar, som ga ei viss dekking. I ei sprekk i veggen såg Wigert ut på gata. Han såg Martin Linge laupe over på veg mot det tyske hovudkvarteret i Ulvesund hotell. Linge på veg i sitt livs rolle mot den uunngåelege skjebnen i kvar ein tragedie.

Det visste sjølvsagt ikkje Wigert då. Han var opptatt med andre ting. Dei var i kamp på liv og død mot nokre tyskarar som hadde forskansa seg i eit pakkhus. Granatane hjelpte ikkje, og det måtte brannbomber til for å lokke dei ut. Plutseleg stor Wigert auge til auge med ein tyskar. Han agerte nokre millisekund raskare og skaut fyrst. På tyskaren fant han eit kamera som han tok med. I memoarane han skreiv rett etter krigen er tyskaren avbilda medan han ennå var i live. Wigert framkalla filmen i etterkant.

Klokka 1500 hadde dei kontroll. Og evakueringa bryja. Wigert var ein av dei siste som kom med i landgangsfartøyet på returen. Ennå var det eldgjeving frå snikskyttarar. Men han kom, som dei fleste andre nordmennene levande frå det. Etter returen til Scapa Flow sat dei i to veker om bord på slagskipet «Rodney».

Det dei ikkje visste var at britane planla eit nytt raid. Men det vart ikkje noko av det for denne gjengen. Wigert la seinare fram kritikk om hendingane for norske myndigheiter i London. Han meinte ein måtte ha meir norsk kontroll. Så vart han sendt på befalskule, og var aldri meir ein del av kompaniet.

Wigert avslutta krigen i fallskjermkompaniet, var med i ein dekkingsstryke for MTB ein gong. Etter krigen haldt han fram med skodespelet, ein av dei fyrste filmane han var med i var Englandsfarere. I 1946.

Les også: På familiegården har Jo Øvergaard et privat krigsmuseum

Soga om Rubin Langmo

Rubin Langmo var alt veteran i romjula 1941. Han hadde vore med på ein sabotasjeaksjon i Hardanger, alt sommaren 1940, før SOE vart offisielt oppretta. Han var i det fyrste kullet til kompaniet. Etter den forrykande starten med oppdrag i Noreg, hadde han blitt flytta til Shetland som sjåfør. Å gå rundt i gatene i Lerwick var ikkje noko han sette særleg pris på. Og han hadde bedt om å bli flytta attende til kompaniet. Det skjedde summaren 1941.

Under raidet var han saman med Anton Vedå og Martin Linge i landgangsfartøyet, saman med nokre britiske soldatar. Medan dei stemna inn saman med dei andre kom det eit britisk flyåtak. Eitt av måla var å legge røyk over styrken i grålysinga, og ein nytta mellom anna fosforgranatar. Ein av dei landa midt i landgangsfartøyet, og Langmo ensa så vidt at to britar døde. Men då gjekk lemmen ned. Det var ingen ting å reflektere over.

Han storma i land saman med Vedå og Linge. Og kapteinen førde an.

Det er ikkje lett å vita kva som gjekk gjennom hovudet til Martin Linge den morgonen for 80 år sidan, men han hadde ein klår plan. Dei tok sjansar. Kryssa gater og opne marker i eit valdsamt tempo. Linge hadde ein ting i hovudet – ta det tyske hovudkvarteret på Ulvesund hotell før tyskarane kunne øydelegge dokument og papir.

SKADD: Ein såra britisk kommandosoldat hjelpes om bord i eit landgangsfartøy.

Martin Linge truffet av tysk skarpskyttar

I motsetnad til dei andre hadde ikkje Linge vore med på tørrdrillane i gatekampar som resten av nordmennene hadde. Han hadde rett nok vore med på raid før, i Lofoten i mars, men i Måløy spela han helten Hektor. Planen var at dei skulle nå hotellet. Hive granatar inn vindauga og ta det dei ville. Men då dei kom fram, og Wigert såg han kryssa gata vart det litt nøling frå dei som var med i partiet. Ein britisk offiser vart skoten på vegen, og Linge hadde tatt med seg nokre britar i tillegg til dei to nordmennene.

Det er ikkje lett å vite kvar som førde til nølinga utanfor hotellet. Men dei såg det var fleire tyskarar der enn dei hadde trudd. Og søkte ly rundt hjørnet, kor dei venta eit par sekund. Medan dei stod der låg ein tysk skarpskyttar i posisjon.

Heilt ut av det blå kom dei ei kule og trefte Linge. Langmo prøvde å få han unna. Men medan han kava kom det ei kule til som gjekk rett forbi den oppreiste mannen, og trefte kapteinen for andre gong. Då søkte Langmo dekke, medan mannen som hadde fått dei inn i kompaniet trakk sitt siste pust. I rapporten i etterkant meinte Langmo at han hadde klart å skyta skarpskyttaren i etterkant. Og då raidet var over, og alle komne ut, var Linge den einaste nordmannen som var drepen. Eit par var skadde, men ikkje alvorleg.

Det finst fleire rapportar frå gatekampane i Måløy 27. desember. Erik Johs. Olsen og Odd Isene skildra harde kampar ikkje langt frå kyrkja. Då flåten segla ut att stod staden i brann. I etterkant vart det produsert ein propagandafilm kor ein får litt inntrykk av korleis det var.

Men jamvel om raidet var ein suksess, var det mykje misnøye i etterkant blant dei som hadde vore med. Kanskje mest grunna at dei vart verande om bord på «Rodney» i to veker. Om Wigert var blant dei som ville ut av kompaniet, eller i alle høve ha meir norsk kontroll, var Langmo meir i tvisynt i etterkant. Han fekk mange fleire operasjonar, og vart etter krigen etterkvart fengselsbetjent i Oslo, etter å ha flakka rundt ein del år.

Symboltungt raid

Raidet mot Måløy hadde mest strategisk effekt. I og med at tyskarane auka styrketala i Noreg markant utover i 1942. Det var òg ei tid med mange endringar i kompaniet, som i februar fekk det uoffisielle namnet Kompani Linge. Det var dei britiske commandos-avdelingane som hadde flest folk under raidet på Måløy.

I alt 18 nordmenn var med på land, og nokre fleire i flåten. Det er ikkje sikkert at raidet hadde blitt så symboltungt om Martin Linge hadde kome frå det i live. Men det var utvilsamt han som leida an den dagen, nesten som han visste kva som kom til å skje.

For Rubin Langmo, som stod der rett ved kapteinen då han falt, var det ikkje tvil om kva Martin Linge gjorde den dagen. Dei siste linjene i rapporten om døden til Martin Linge lyder slik: «Han kjempa for eit ideal – fridommen til landet og folket deira.» Rapporten vart skriven 15. januar 1942. Den gong var utfallet langt frå sikkert.

Martin Linge var falt, og det vart på mange måtar ettermælet etter raidet 27. desember. I Lofoten skjedde det samstundes ting som var mykje vanskelegare å fordøye.

Powered by Labrador CMS