Alle trudde mannen til venstre på biletet var grekar.

Det var ein del av ein godt uttenkt plan, som han hadde lagt då han kom til Berlin.

Han var amerikanar.

Soldat i den strengt hemmelege avdelinga Detachment A.

Frå 1956 til 1990 opererte amerikanarane
EI STRENGT HEMMELEG
eining i Berlin.

Dette er soga om Detachement A.

Dei var kledde i sivil, og skulle operere
BAK FIENDENS LINJER
om tredje verdskrig braut ut.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den greske framandarbeidaren likte seg best då skodda la seg over Berlin. Han hadde kome til byen i 1976. Som alle emigrantar nytta han seg av eksilmiljøet. Han fiksa seg medlemskap i ulike klubbar. I tyskundervisninga på Goethe Instituttet, sat han i lag med sine landsmenn, og lærde seg språket i det nye landet. Gradvis blei han meir kjend med byen, som den gong låg som ei øy midt i Aust-Tyskland. Vest-Berlin var på mange måtar hovudstaden i Den kalde krigen. Men grekaren verka ikkje så opptatt av det. I alle høve ikkje då han omgjekk sine landsmenn.

Då han «mista» passet, fekk han ordna seg eit nytt hos den tyrkiske mafiaen i byen. Han byrja å ta turar med S-Bahnen, som var styrt av DDR. Hoppa ein av på feil stasjon, var ein på den andre sida. Bak jarnteppet. Falskt pass og turar med S-Bahn var kanskje ikkje ting som framandarbeidarar dreiv på med. Men grekaren hadde i alle høve bygd seg opp ei soge med truverd. Men det var ein grunn til at han likte seg i skodda denne grekaren. Då er ting uklåre, og ein ser ikkje heilt kven dei ein møter er.

At denne grekaren treivst i skodda var alt anna enn tilfeldig. Det var ein del av ein godt uttenkt plan, som han hadde lagt då han kom til byen. Mannen var ikkje grekar, men amerikanar. Soldat i den strengt hemmelege avdelinga Detachment A.

Avdelinga vart oppretta i 1956. Den bestod av seks team. Om den tredje verdskrigen kom skulle dei fungere som stay-behind-parti. To av laga inne i byen, og fire inne i DDR. Dei skulle kjøpe generalane i vest verdifull tid, 72 timar vart det sagt. Med å gjennomføre sabotasjeaksjonar mot Warszawapakta sine divisjonar.

I byrjinga på Den kalde krigen i Berlin var spora frå andre verdskrig framleis godt synlege.
To av pionerane i Detachment A. smakar på den lokale maten i 1960.

Innhopp med atombomber

For Mike Mulieri, som «grekaren» heitte, var det notorisk oppbygde dekkhistoria som framandarbeidar ei overlevingsmekansime. Skulle han bli tatt til fange av mostandarane frå aust, ville kanskje ein stakkars framandarbeidar kunne gå fri. Elles var oddsa for å overleve låge. Å bygge opp slike dekkhistoriar var ikkje noko soldatane i eininga var pålagt, men eit eige initiativ. For Mulieri handla om å ha ein plan for det verste scenarioet, eller som han uttrykker det i dag: Om ballongen skulle stige til vers.

Låge odds og tøffe oppdrag vart ein del av kvardagen til Mullieri alt før han sette føtene i Berlin. Då han var stasjonert i Bad Tölz med 10. Special Forces Group i starten av 1970-talet, var han ein del av det såkalla SDAM-teamet. Oppdraget deira var å hoppe inn i Aust-Tyskland, eller eit strategisk punkt, som i Fuldagapet med ei taktisk atombombe. Etter det skifta han til 1. SOF i Okinawa i nokre år. Den avdelinga vart midlertidig lagt ned etter Vietnamkrigen, og Mullieri reiste så attende til USA for å gå på Forsvarets Språkinstitutt, kor han lærde seg gresk. Det synte seg å verte eit godt verktøy då han skulle lage seg ein ny identitet. Men då han kom til byen var det ikkje berre stay-behind-verksemd som prega kvardagen til Detachment A.

Arva frå krigen

Stay-behind-konseptet vart utvikla i Storbritannia då den tyske invasjonsfaren var på sitt høgaste i 1940. Det vart òg sett opp liknande team av Special Operations Excecutive (SOE) i Midtausten då det tyske Afrika-korpset nærma seg grensa til Egypt. Hensikten var at dei skulle jobba skjult bak fiendens linjer og bygge opp lokal motstand.

Dei skulle ha radiokontakt ut til den frie verda. Det amerikanske OSS, som seinare vart til CIA, vart opplærde av britane og tok med seg konseptet. Det vart vidareutvikla under Den kalde krigen rundt om i Nato, men det vanlege var at det var at det var folk frå heimlandet som var i Stay-behind. Det. A. skilte seg i så måte ut frå resten av Europa, i og med at det berre var amerikanarar i eininga. Jamvel om nokre av pionerane hadde europeisk bakgrunn.

I dei fyrste åra, då muren ennå ikkje var bygd i Berlin, og relativt kort tid etter at den avskar Vest-Berlin frå DDR var tenkinga til amerikanarane ennå prega av ting ein hadde gjort under Den andre verdskrigen. Det. A. skulle drive både med urban ukonvensjonell krigføring, væpne lokale, men nokre team skulle drive sabotasje infrastruktur og militære mål. Eit sentralt mål var jarnbanen i den såkalla Berliner Aussenring, som ein rekna med ville frakte det meste av styrkane til Warszawapakten mot vest. I dei fyrste åra var det òg meininga at CIA skulle gje teama i Det A. informasjon om hemmelege nettverk bak fiendes liner om det vart krig. Denne tanken vart ikkje langvarig.

Nokre av dei alle fyrste Det A. medlemmane i uniform. Fleire av pionerane hadde europeisk bakgrunn.

– Endringa kom tidleg på 60-talet. Det gjekk ikkje så lenge før ein konkluderte med at dei nettverka i austblokka ikkje fantes lengre. Grunna [Kim] Philby og andre som ga informasjon til Sovjet var det vanskeleg å halde undergrunnsnettverk ved like i det som var ein perfekt politistat. Aust-Tyskland var definitivt ein god politistat, seier James Stejskal på Zoom frå Virginia.

Oppdrag frå «idiot»

Stejskal kom til Berlin samstundes med Mike Mullieri. Og tenestegjorde i eininga to gonger, frå 1976-81 og frå 1984-89. Som Mulieri hadde han òg vore i 10. SOF, men han kom frå teneste i USA før han kom til Berlin. Det er takka vere han at soga om Detachment A vart offentleg kjend. I 2017 ga han ut boka Special Forces Berlin, om eininga han var ein del av i til saman ti år. Men det vart ikkje rett fram å få boka ut.

– Me hadde eit veterantreff og nokre sa at det skulle vore skrive ein historie om eininga. Normalt tar hæren seg av slikt, men me visste at det ikkje kom til å skje med vår eining, og at me måtte gjere det sjølve. Då var det ein idiot som peika på meg og sa: Han kan gjere det, han har skrive bok før. Så då tenkte eg at det var verdt eit forsøk.

James Stejskal fotograferer fienden i Berlin i 1986. Det var lite som tyda på at Den kalde krigen gjekk mot slutten då han forlét byen i fyrste halvdel av 1989.

Jamvel om han hadde tenestegjort i Berlin sjølv, var det ikkje alle veteranane som stilte opp.

– Nokre synte til at dei hadde signert tagnadserklæring, andre la på røyret. Men eg fekk eit ganske godt utval av folk frå dei ulike periodane.

– Eg kunne kanskje tenkt meg litt meir om perioden frå 1962-70. Det er sjølvsagt eit problem at det meste av dokument har forsvunne eller har vorte øydelagt. Men eg hugsa ting frå då eg var i operasjonsseksjonen, og det var andre som hadde dokument og bilete òg.

– Det tok femten månadar å få klarert boka, av di den måtte lesast av ni ulike byrå, frå CIA til Luftforsvaret. Men til slutt, etter at eg trua med advokat, godkjente Pentagon publisering.

Deja vu i Berlin

Då Stejskal kom til Berlin hadde han ingen bokplanar. Han var opptatt av andre ting. Då han kom til byen fekk han ei rar kjensle om at han hadde vore der før. Då han gjekk rundt i gatene kjende han seg mest som han var i eit filmsett. Han tenkte at Richard Burton, skodespelaren i Spionen som kom inn frå kulden, kunne dukke opp når som helst. Berlin hadde ei heilt spesiell atmosfære på syttitalet.

Den var delt i fire mellom amerikanarar, britar, franskmenn og russarar. Men det var òg ei slags todeling mellom konservative tyskarar og meir radikale unge, mange som hadde kvardagen ved Freie Universität.

– På 70-talet såg du omtrent ikkje unge med dongeribukser. For mange amerikanarar var det òg ein brå overgang å kome inn i den tyske kulturen. Ein kunne ikkje la bilen gå på tomgang, eller slå plenen når ein ville. Då ville ei gamal dame ringe politiet og klage på støy. Eg likte å vere i Berlin, men det var ikkje alle som likte det. Eg jobba til dømes i ein bar ei stund, og hadde ein kjærast som var ganske radikal og hadde vorte arrestert nokre gonger. Det var ikkje grunna at eg ville ha eit dekke, eg likte berre dama, seier han no.

Men for nokre vart overgangen litt for stor.

Alt på 1960-talet byrja ein med forskemannsteneste i Det A. Her øver dei på sprenging av ei bru over ein av Berlins kanalar.

Dei tenestegjorde normalt i tre år, men kunne utvida til fem, som Stejskal. Om dei fyrste åra som eininga opererte var prega av såkalla «direct action», altså sabotasje, så skjedde det ei utvikling i hovudoppdraget med tida. Særleg på 80-talet.

– Det vart mindre fokus på å sprenge ting, og meir fokus på overvaking og målutveljing, som ein melde inn slik at luftforsvaret kunne angripe dei. Om ein hadde kryssa grensa på den tida handla det om å finne ein god skjulestad å observere frå, utan at ein vart oppdaga. Eg trur det kunne fungert.

– Tidlegare var det meir fokus på å sprenge ting, som jarnbanen som gjekk i ring rundt byen. Sjefen for dei allierte styrkane sa: Oppdraget dykkar er å gje meg tid – 24-48-72 timar, og etter det er de åleine.

Kva dei ville møte i ein krig fekk nokre få eininga fyrstehandskunnskap om då dei kryssa inn i Aust-Tyskland for å observere øvingar som Warszawapakta haldt. Tyskland var på denne tida delt inn i fire okkupasjonssonar, ei fransk, ei britisk, ei amerikansk og ei russisk. Berlin var delt opp på den same måten. Under avtalane hadde partane rett til å observere øvingar på den andre sida. Russarane vart handsama godt då liaisonane varsla at dei kom til Vest-Tyskland, men stoda i aust var noko annleis.

Stejskal var med på desse kryssinga nokre gonger. Jamvel om han sjølv kom ut av turane på andre sida utan uhell, skjedde det ein del gonger at russiske pansra køyretøy smalt inn i dei amerikanske bilane etter hendelege uhell. Nokre fekk òg beslaglagt fotoutstyr.

– Under desse liaisonoppdraga var det to offiserar som mista livet. Ein fransk og ein amerikanar. Dei vart skotne av russiske vaktar som hadde lite militær trening, og at dei skulle vakta objekta med livet og drepe ein kvar som kom i nærleiken.

Å drepe signaletterretninga

Jamvel om desse liaisonoppdraga var kjende, var det få som visste om eininga som dei mystiske folka som var med over høyrde til. Det. A. var så hemmelege at få, jamvel høgt oppe i Pentagon, visste om at dei eksisterte. Gjengen, som gjekk rundt i sivil og hadde utradisjonelle hårfrisyrar sett frå eit militært synspunkt, haldt til i Andrews Barracks i Berlin. Rett ved sida haldt signaletterretningseininga til, det som i dag er NSA.

Dei som sat og lytta på fienden var ikkje i tvil om kva oppdrag eininga hadde:

– Dei trudde me var stasjonert der for å drepe dei om russarane angreip. Slik at dei ikkje vart tatt til fange. Dei var heilt sikre på at det var oppdraget. Men det var ein del raringar i den avdelinga òg, nokre satt med aluminiumsfoliehattar på hovudet av dei dei var sikre på at russarane bombarderte dei med mikrobølger. MP-ane trudde òg det var noko muffens, og dei hata oss verkeleg. Me hadde alltid bråk med dei, seier Stejskal.

Les og: Kongefamilien takka krigsveteranar på frigjeringslunsj

Kontra-terror

Verken Stejskal eller Mullieri tenkte mykje kring av kva konsekvensane av ein tredje verdskrig ville ha for dei den gong. Dei var, som spesialstyrkar er, opptatt av å løyse oppdraget. Det nye oppdraget som det vart meir fokus på utover på 70-talet var anti-terror. Og Det A var blant dei fyrste amerikanske styrkane som vart trena opp på det feltet, i tett samarbeid med den tyske kontra-terroreininga GSG-9. Som mellom anna frigjorde gislar i eit kapra Lufthansa fly i Mogadishu i 1977.

Kartet syner nokre av dei viktigaste «direct action» måla på jarnbanelinja rundt Berlin.

Til feil øy i England

På syttitalet vart det meir og meir terror rundt om i Europa, som til dømes den tyske venstreradikale Baader-Meinhof gruppa. Òg i Storbritannia var det terror frå IRA på den tida, og nokre kom på å bruka Det. A som markørar på kontra-terror øvingar i England. Ein ynda stad for desse øvingane var hamnebyen Southampton.

– I starten hadde dei liten tru på kva me var kapable til. Men dei freista òg å gje utfallet på førehand. Då me kom hadde dei tinga bilar, og sa kva hotell me skulle bu på. Det er ikkje enkelt å spele ei terroristcelle når dei veit kor du bur, seier Stejskal.

Mike Mulieri tok konsekvensane det gitte spelet under ei av øvingane i hamnebyen. Dei hadde fått beskjed av sin eigen sjef om at dei måtte gjere ting meir vanskelege. Mulieri nytta sitt greske alias om kom til byen nokre dagar før dei andre. Han fekk kontakt med nokre greskkypriotar i byen.

Morsetrening i den tidlege tida.

Vidare fann han ut at dei hadde nokre arkiv etter Mayflower, den fyrste emigrantbåten til USA, på universitetet. Han ordna eit falsk tilrådingsbrev og fekk, som i Berlin, tak i ein del ulike id-kort. Slik kunne han sjekke inn på hotell og få tak i ting utan å syne passet. Britane skulle i alle høve slite litt meir. Noko av hensikta med øvinga var sjølvsagt at dei skulle bli tatt, avhøyrd før det vart ei festleg avslutning av øvinga. Men denne gongen var dei godt på veg til å kome gjennom. Dei hadde gått på målet, og skulle ta ferga ut av landet.

Ikkje langt frå ferjeleiet var det sett opp ein politikontroll, men Mulieri og teamet hans hadde ein god sjanse til å kome seg unna og om bord på ferja til Isle of Wright.

– Me vart stogga, og sjåføren rulla ned vindauget. Politimannen spurde kor me skulle hen. Svaret var sjølvsagt Isle of Wright, men sjåføren utbraut spontant: Isle of Man! Og me blei tatt, humrar Mulieri på videolinken frå Florida.

Skarpe oppdrag i Teheran

Det var ikkje uvanleg for avdelinga å delta på øvingar utafrå Berlin. Både i Vest-Tyskland, og som den i Storbritannia. I tillegg byrja dei samtrening med tyske marinejegrar for å trene opp froskemannskapasitetar. Noko av hensikta var at ein kunne nytta kanalane som rann gjennom Berlin til kome seg over på den andre sida å utføre sabotasje. Mulieri hugsar ennå at dei nytta Viking-tørrdraktar. Dei var tilverka i Noreg. Men øvingar, om dei kunne vere harde, var ein ting. I 1980 var det noko heilt anna som sette Detachment A i sving, og det skjedde særs langt vekke frå tåka i Berlin.

Den 4. november 1979, i etterkant av den islamske revolusjonen, vart 52 amerikanarar tatt som gislar på den amerikanske ambassaden i Teheran. Det gjekk ikkje så lenge etter det før ein byrja å planlegge ein frigjeringsoperasjon for å få ut gislane. Operasjonen fekk med tida kodenamnet Eagle Claw. Ni mann frå Det. A vart tatt ut som ein del av angrepsstyrken, saman med 90 frå Delta Force. Men medan dei byrja førebuingar var det klart at ein trengde meir etterretning om måla, som var ambassaden og det iranske utanriksministeriet, samt kjennskap til korleis ein kunne kome seg rundt i byen.

Nokre frå eininga hadde nett kome attende frå skitrening i Bayern til Berlin då dei fekk beskjed om å pakka sakene og reise til Frankfurt. Dei var fem mann som reiste og vart intervjua om ein jobb. Av desse fem vart to plukka ut, saman med ein annan med erfaring frå eininga og ein persisktalande frå Luftforsvaret.

Deira oppdrag var å drive måletterretning rundt om i Teheran. Dei reiste med falske dokument, og skulle etter planen bu på ulike hotell og ha minst mogleg med kvarandre å gjere så lenge dei var i byen. Før dei fire drog, alle på ulike tider, så måtte dei signere eit dokument om at dei amerikanske styresmaktene ikkje kjente til dei om dei skulle verte tatt.

Dei kom til byen tidleg i april 1980, og sjekka reiseruter. Ei notorisk kartlegging av utanriksministeriet og ambassaden byrja. Ein såg på moglege inngangar, vaktstyrkar og vegar inn i bygga. Den eine klarte til og med å kome seg inn på ambassaden og fekk sett litt korleis det såg ut i fyrste etasje. På den tida, skriv Stejskal, hadde ein ikkje teikningar av utanriksstasjonane. Etter ei veke med hard arbeid, drog dei ut som dei kom og leverte informasjonen dei hadde samla. Kort tid etter skulle dei attende og ta i mot styrken som trena på oppdraget og guida dei inn i byen.

PSSE-B i fullt kontra-terrorutstyr i 1988, flagget bak vart tatt med på øvinga på Iran-operasjonen i 1980.

Operasjon Eagle Claw

Medan nokre frå Berlin-gjengen trena med Delta, og tre andre dreiv etterretningsarbeid i hjarte av Teheran, sat Mike Mulieri på stand by i Oman. Amerikanarane hadde sendt inn to mann for å hente jordprøvar frå den tiltenkte landingssona i den iranske ørkenen, kodenamn Desert One. Mulieri sitt oppdrag var saman med ein makkar å hoppe inn, og ha med seg eit såkalla Fulton bakke til luft redningssett. Settet bestod av seletøy og ein verballong.

Når ballongen var oppe i lufta, kom det inn eit transportfly som fanga opp trådane, og gradvis heva dei som hang i selen opp i flyet. Men den alltid notoriske planleggaren Mulieri var ikkje sikker på at det ville lukkast, så han la ein plan B.

– Det var ikkje så mange måtar å kome seg ut på. Me kunne ikkje dra mot kysten, så eg fekk utskrive ein del gullpengar og la ein plan om at me måtte dra ut gjennom ørkenen via Pakistan. Det vart aldri noko av, og dei som tok jordprøvane kom seg greitt ut med flyet som tok dei inn.

Det. A-folka som hadde drive etterretning i Teheran var på stand by i byen. Dei hadde kom attende i perioden 17-19 april, på same måte som sist, via ulike ruter. Dei gjorde nye rundar rundt måla og henta inn siste etterretning. Dei skulle nytte seg av nokre iranske lastebilsjåførar, som var rekruttert. Guida av gjengen frå Det. A skulle henta åtaksstyrken på ein helikopterlandingsstad, kalla Desert Two. Det ville etter planen nærme seg morgon då, så ein skulle vere i ørkenen til det vart kveld att, før ein gjekk til åtak.

Medan dei venta hadde det skjedd ei katastrofe i ørkenen. Nokre av helikoptera måtte snu grunna ein ørkenstorm, og dei var ikkje fulltalege då dei kom fram. Helikoptera skulle etter planen etterfyllast frå Herkules-fly med drivstoffpølser om bord. I løpet av natta kom meldinga om at oppdraget måtte avbrytast. I løpet av evakueringa krasja eit helikopter inn i den eine Herken, som tok fyr. Åtte mann døydde. Men resten kom seg ut. Oppdraget, eitt av dei fyrste som Delta gjorde, var totalt mislukka.

For teamet på Desert Two vart det ei lang natt. Dei fekk til slutt ei melding, men dårleg samband gjorde at dei trudde oppdraget vart utsett. Med det i tankane drog dei attende til byen. Den eine høyrde kva som hadde skjedd i ørkenen på tysk utanlandsradio. Dei visste dei måtte koma seg ut, og ute i gatene var det stadig aukande folkemengder som ropte hemn over Amerika. Det var med naud og neppe at teamet klarte å kome seg med ein Air France flight og med det i tryggleik. Då åtaksteamet kom tilbake til ein base i Egypt, og dei frå Det. A tilbake til Berlin, var stemninga laber, minnast Stejskal.

– Det var temmeleg dårleg stemning blant karane. Det var ikkje så mykje fokus på at det var mislykka, men at det kunne gått betre. Det var fleire som skulda på helikopterpilotane. Rapportane i etterkant peika òg på dei, og mykje av ansvaret låg òg hos Pentagon som nytta marinen og marineinfanteriet sine helikopter. Hadde det vore luftforsvaret, som me nytta i det andre oppdraget, ville det over ei anna soge, meiner Stejskal.

Han vart sjølv plukka ut for det andre oppdraget som var mykje meir ambisiøst. 35 mann frå Det. A og omtrent 150 frå Delta var plukka ut. Dei øvde og øvde i USA, og kom så langt at dei gjorde åtaksdrillar. Til slutt fekk gisselsituasjonen ei diplomatisk løysing, 444 dagar etter at amerikanarane vart tatt. For Stejskal gjekk turen attende til Berlin.

– Det som skjedde mellom det første forsøket og treninga for det andre var at ein fekk grunnlaget for Special Operations Command (SOCOM). Så dei hendingane er det som la grunnlaget for der spesialstyrkane er i dag.

Mannskap frå Det. A. trenar på det andre oppdraget i Iran. Trass i iherdig trening vart oppdraget kansellert.

Slutten for Det. A

I 1984 vart det vedtatt at ein skulle legge ned Det. A. Ein rapport hadde konkludert med at Sovjetunionen ikkje ville verte lurt Ein rapport hadde konkludert med at Sovjetunionen ikkje ville verte lurt av kva eininga dreiv med, ikkje berre av di alle hadde spesialstyrkebakgrunn, men òg av di det vart freista å innhente mykje etterretning om dei. Samstundes var det svakheiter i systemet, som gjorde avdelinga sårbar. I løpet av 1984, vart rekkene tynna ut. 16. desember vart dørene lukka for siste gong for Det. A. i Andrews Barracks. For omverda såg det ut som om stay-behind eininga var vekke for godt.

Men ein annan stad i byen om det på plass ei anna eining som hadde dekke som ei militærpoliteining. US Army Physical Securtiy Support Element – Berlin (PSSE-B) fekk hovudkvarteret ein annan stad i byen – i bygg nr 817 i Roosevelt Barracks. Medan Mulieri hadde reist andre stadar, var dette eininga som Stejskal kom attende til for sin andre periode i Berlin. I denne tida vart det nok ennå meir fokus på kontraterror, og litt mindre på det gamle hovudoppdraget, meiner Stejskal.

Han vart verande i den nye eininga til fyrste halvleik av 1989. Etter to lange periodar i byen forlét han staden, mens muren og skodda var det same som før. Berlin som by hadde endra seg ein del sidan den fyrste turen hans på 70-talet. Ein kunne merke meir innflytelse frå USA og Storbritannia. Ungane gjekk i jeans no, noko dei altså ikkje gjorde den gong. Ting var litt mindre konservative i byen. Men då Stejskal pakka bagen for siste gong, var det ingen teikn på noko uvanleg rundt den omringa byen.

– Eg fekk ein telefon ei tid etter, kor ein kollega sa eg skulle skru på CNN. Kort tid etter var eg på eit Pan AM fly til Berlin. Muren falt.

– Jamvel om eg ser attende no i ettertid, var det ingen teikn på at Den kalde krigen gjekk mot slutten då eg reiste frå Berlin. Eg skulle ønske eg kunne såg teikn på at noko var i ferd med å skje, men det gjorde eg ikkje. Kanskje ein kunne sett ting i Dresden der, ironisk nok, Putin var på den tida, men ein merka ikkje noko i Berlin.

Med murens fall vart det ganske raskt klart at det ikkje lengre var behov for PSSE-B. I 1990 var det slutt for stay behind eininga, denne gong på alvor. Det var få som hadde visst om den under Den kalde krigen, og jamvel rapportar frå Stasi-arkiva synte at ein ikkje hadde forstått heilt kva Det. A. dreiv med i det gamle Aust-Tyskland. For Stejskal og Mulieri vart det andre oppdrag, andre stadar på kloden, som ennå er gradert informasjon. Men begge avslutta karrierane i CIA.

– Det var tida i Berlin som gjorde at eg ville inn i etterretningsarbeid, me såg jo mange agentmøter mens me gjekk rundt i byen, seier Mulieri.

Stejskal hadde mykje av dei same erfaringane. Han var alltid på allerten, og fekk ein gong høyre av ein tyrkisk gjengleiar at han hadde auger i nakken.

– Eg sat alltid heilt bak i restaurantar med auga mot inngangsdøra. Du førebur deg på alt.

Les og: Liv Grannes var britisk agent i Nordland og høyt dekorert norsk krigshelt. No blir historia hennar film.

Det som må seiast i romanform

I dag skriv Stejskal romanar basert på erfaringar frå tida i Berlin med Det A. Den fyrste, A Question of Time, handlar om ein austtysk dobbeltagent som må smuglast ut av ei viss eining frå Aust-Berlin. Den andre i serien er venta i no i haust.

Enkelt sagt så er fiksjon berre ein måte å fortelje sanninga på i ei anna form. Då eg skreiv Special Forces Berlin forstod eg at det var mange soger som aldri kunne komme fram i lyset grunna hemmelegstempling. Det eg har gjort er å endre dei litt, så eg kan gje det ut som romanar. Den andre handlar om noko som skjer i Iran, seier han.

Men skrivinga har òg ein anna funksjon:

– Det tar nokre byrder frå hovudet. For kvar side eg skriv, er det ein ting mindre eg må lagre oppi her, seier Stejskal og peiker på hovudet. Berlin og Den kalde krigen er og har vore ein klassisk del i populærkulturen. Scenene og atmosfæren i den fyrste romanen til Stejskal gjer i god fyrstehandskjensle av korleis det ein gong var i byen. Og kanskje vert det ein dag til ein serie på fjernsyn. Etter at Stejskal skreiv boka om Detachment A, har ikkje eininga fått særs mykje merksemd.

Det er litt rart, av di ein skulle tru det var godt stoff for dei fleste aviser. Kanskje drukna det heilt i alle dei andre tinga som har skjedd i verda dei siste åra, Trump, Brexit, ny kald krig, Kina og så bortetter. Den byen som Mulieri og Stejskal gjekk rundt i med falske identitetar finst ikkje lengre. No er Berlin ein open og endra by. Muren er vekke, eininga er lagt ned, og dei sovjetiske styrkane som av og til køyrde inn i amerikanarane sine bilar som overvaka Warszawapakten sine øvingar i Aust-Tyskland, i høve avtalar om liaison på øvingar i Tyskland, er ikkje heller i nærleiken lengre.

– Me veit sjølvsagt ingenting om kva som ville skjedd med folka i Det. A. om Den kalde krigen vart varm. Kanskje ville «grekaren» Mulieri klart å lure seg unna som framandarbeidar, kanskje ikkje. Dei tenkte ikkje så mykje på slikt den gong, men var fokusert på oppdraget slik spesialstyrkar er. Falske identitetar er sjølvsagt eit kjent fenomen i etterretningsverda, men av og til kan ein lura på om folk vert litt som dei dei speler. Soga om Det A har nemleg ei forhistorie. Eg trefte Mulieri tilfeldig medan eg dreiv research for ei bok. Ein av kveldane såg eg han på dansegolvet i pur glede, og med eit heilt utruleg godt fotarbeid. Han var eldre, grå, men hundre prosent i live. Eg hadde sett noko liknande før ein stad, tenkte eg. Jau, der var det – i sluttscena på filmen Grekaren Zorba, kor Zorba dansar for den amerikanske akademikaren. Mulieri skriv ikkje bøker, men der den kvelden var han grekaren Zorba i pur glede og utan noko som helst falsk identitet.

Powered by Labrador CMS