Foto: Det russiske forsvarsdepartementet, TASS/NTB
Russland har utvikla høgteknologisk materiell spesielt tilpassa bruk i Arktis. Men eitt framkomstmiddel går aldri av moten.
Russiske soldatar i Nordflåten brukar reinsdyr for transport av personell og forsyningar.
Det russiske forsvaret har auka satsinga på nordområda. Dei etablerer og utvidar basar og har dei siste åra utvikla materiell spesielt tilpassa bruk i arktiske område, som nye snøscooterar og terrengkøyretøy. Men noko av utstyret kan til samanlikning synast å vere antikvarisk. Russiske soldatar i Nordflåten brukar nemleg framleis reinsdyr for transport av personell og forsyningar.
Arktisk brigade
Det finst gode grunnar til akkurat det, meiner den russiske forsvarseksperten Ivan Konovalov.
– Den største fordelen med reinsdyr er at dei tar seg fram i alle typar terreng. Med pansra køyretøy kan ein ikkje kome fram på same måten. Denne metoden er effektiv for mindre, taktiske militære einingar, seier Konolov i eit intervju med NRK.
Andre fordelar er at reinsdyra krev lite i form av etterforsyningar, og dei kan ofte finne sin eigen mat i operasjonsområdet. Dei er også i stand til å tilbakeleggje store distansar og gjer det enklare å operere i det skjulte. I 2015 oppretta det russiske forsvaret ein arktisk brigade som er spesielt utrusta og trent for vinterkrigføring.
Fleire av avdelingane som er med i brigaden, er stasjonert like ved grensa mot Noreg og trener jamleg på transport med reinsdyr. Det er det lange tradisjonar for i det russiske forsvaret.
2. verdskrigen
– Under den store patriotiske krigen (2. verdskrigen red.mrk.) blei reinsdyr bruka til å evakuere såra, transportere militære forsyningar og til å sende speidarar bak linjene til fienden. Reinsdyr blei også bruka til å hente ut havarerte fly og mannskap, skriv det russiske forsvarsdepartementet på nettsidene sine.
Over 10 000 dyr blei mobiliserte til saman i åra 1941-1945 saman med samiske reindriftsutøvarar. Forutan til transport blei reinsdyr også nytta ved offensive operasjonar som under eit åtak på ein tysk flyplass nær landsbyen Alakurtti i Murmansk-regionen. I desember 2020 blei det avduka eit monument for å heidre krigsinnsatsen til reinsdyrsoldatane frå urfolket. Minnesmerket viser ein soldat og ein skiløpar på sokkel, saman med tre reinsdyr og ein husky.
Trekkhundar
I Nordflåten vert også hundespann nytta til transport av soldatar og utstyr. Det gir mobilitet i ulendt terreng, over frosne innsjøar og i skog der motoriserte køyretøy vanskeleg tar seg fram.
I Alaska nytta amerikanske avdelingar trekkhundar fram til 60-talet. Og i det danske forsvaret vert framleis hundesledar bruka av Sirius-patruljen som patruljerer og driv med suverenitetshevding i Nordaust-Grønland.
Men i Noreg er det ingen planar om å bruke trekkdyr i militære operasjonar, ifølgje Jonny Karlsen, som er kommunikasjonsspesialist i Heimevernet
– Vi har ikkje tenkt å bruke korkje reinsdyr eller hundar til transport fordi vi manglar både kunnskap og ressursar til dette, opplyser han til NRK.
Maskingevær-pulk
Fleire Nato-land utviklar utstyr som er spesielt tiltenkt operasjonar i Arktis. Like før jul melde det nederlandske marinekorpset at dei har skaffa seg fire typar pulkar som blant anna skal nyttast på øvingar i Noreg.
Ein av pulkane er spesielt tilpassa for å bli bruka som våpenplattform for eit maskingevær av typen FN MAG. Han skal dragast av soldatane sjølve som også har tilgang på snøscooterar.
Dermed er det russiske forsvaret førebels aleine om å bruke reinsdyr til militær transport. Med tanke på oppbygginga i nordområda er det ingen grunn til å tru at dei kjem til å pensjonere trekkdyra med det første.