Morgendrillen

Ingvild Auflem Vik var nyleg fungerande redaktør i Jet Set.

Kadett Ingvild Auflem Vik stussa då ein av våre allierte kom på øving i Bodø med ein 13 fots container fylt med øl.

Ho ville gjerne ha delt feltrasjon med bestemora og farmora, hennar store førebilete.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I spalta «Morgondrillen» stiller Forsvarets forum dei same spørsmåla på e-post til ei rekkje personar som har ei eller anna tilknyting til Forsvaret.

Navn:

Alder: 26

Yrke: Kadett Luftkrigsskolen

Sted: Trondheim

– Når og kanskje viktigast: korleis står du opp om morgonen?

– Det varierer ut frå kva som står på planen for dagen. Nokre dagar brukar eg å ta ei treningsøkt før skuledagen startar og då ringer gjerne første alarm 0555. Andre dagar ringer ikkje alarmen før 0700. Då er det på tide å slå på lyset og kome seg ut av senga, sjølv om den siste handlinga ofte krev meir viljestyrke enn eg likar å innrømme.

– Kva er det første du gjer?

– Som kronisk B-menneske brukar eg å starte dagen med å gi eit løfte til meg sjølv om å legge meg tidlegare enn eg gjorde i går. Så sjekkar eg kjapt nettavisene før eg går på badet og gjer meg klar for dagen, etterfulgt av ein betre frukost i Forsvaret si beste messe.

– Når startar arbeidet?

– Skuledagen startar som regel 0800.

– Pensko eller feltstøvlar?

– Tja, alt til sin tid og sitt bruk. Dei aller beste minna og største meistringsopplevingane kjem nok frå dagar der eg har hatt feltstøvlar på beina. Dei har eit større bruksområde og er behagelege å bruke, men passar til dømes dårleg til uniformsskjørtet. Det er fint å kome seg litt ut av den maskuline bobla ein gang i blant og då er pensko heilt på sin plass.

– Pumpe jern eller løpe maraton?

– Den store (og kanskje einaste) treningslidenskapen er fotball. Samtidig likar eg å trene variert, men spring sjeldan langt eller løftar veldig tungt. Om eg likevel må velje er det nok maraton framfor pumping.

– Beste triks for velferd på øving?

– Alltid ha eit par tørre sokkar i sekken og litt sjokolade på innerlomma. Det meste som vi gjerne tek for gitt i det daglege gir ein ekstra følelse av luksus ute. Om vinteren har eg alltid litt tørr never på kropp. Det er få ting som slår røvarhistorier rundt eit godt bål - dersom øvingsforholda tillèt det. Litt krydder til feltrasjonen og ein god porsjon humor kan ein òg kome langt med.

– Raraste kulturkrasjoppleving på øving med styrkane i andre land?

– Eg har ikkje delteke på så mange øvingar med styrkar frå andre land, men eg hugsar eg vart overraska over kor mykje respekt amerikanske soldatar viste for meg som ein heilt ordinær sersjant under Trident Juncture i 2018. Enten eg møtte dei i kontorgangen på jobb eller på butikken på veg heim frå jobb gjekk dei i rett og helste. Eg hugsar også at eg stussa litt då ein av våre andre allierte møtte opp på Bodø hovudflystasjon til øving med ein 13 fots container fylt med øl.

– Kven ville du aller helst delt ein pose FR (feltrasjon) med og kvifor?

– Om eg kunne gå tilbake i tid ville eg gjerne ha delt ein feltrasjon med bestemora og farmora mi, som dessverre begge har gått bort. To sterke, tøffe damer som eg kunne lært mykje av. Dei var sjeldan rådville og gjorde det beste ut av det dei hadde. I likskap med dei fleste andre husmødrer på den tida var dei nok rå på å få kvardagen til å gå opp sjølv om mennene var borte i lange periodar i forbindelse med arbeid eller deltaking i motstandskampen under 2. verdskrig. Dei var også gode rollemodellar for det å vere raus og behandle andre menneske med respekt.

– Smartklokke – yay or nay?

– Yay og nay. Kvar einaste løpetur eller sykkeltur må registrerast på treningsklokka, det er eit must for litt sjølvskryt og motivasjon til neste økt. På jobb er derimot ei heilt analog, dum klokke å føretrekke.

– Kva er den største utfordringa akkurat no, for arbeidsplassen din konkret og for Forsvaret generelt?

– Eg trur at ei av utfordringane som ein kvar utdanningsinstitusjon som Luftkrigsskulen står overfor, er å sørge for at den utdanninga som leverast er relevant for avdelingane som skal ta imot oss etter fullført utdanning. Den «grunnpakken» vi tek med oss ut frå Luftkrigsskulen bør vere spesifikk nok for dei første åra, men også generell nok til å framleis vere relevant litt lenger fram i tid. Vi skal ikkje berre oppfylle dei formelle krava til ei akademisk utdanning, men vi skal også utvikle oss som offiserar og utdannast i profesjonen. Frå min ståstad verkar det som om lista med krav til komande offiserar ikkje blir kortare, tvert imot, og eg trur det også framover vil vere krevjande å levere ei utdanning som skal legge til rette for at vi både skal vere kompetente luftmaktsutøvarar, gode leiarar og reflekterte medmenneske.

For Forsvaret generelt vil eg trekke fram personell og kompetanse som to store utfordringar som òg heng tett saman. Det hjelp dessverre lite å utdanne dyktige, motiverte offiserar og spesialistar når vi ikkje klarer å behalde personellet. Mange sluttar for tidleg fordi Forsvaret ikkje klarer å konkurrere med den sivile marknaden, blant anna når det gjeld løn og moglegheiter for etter- og vidareutdanning. Ein jobb i Forsvaret er krevjande, uavhengig av kva arbeidsantrekk ein bruker, arbeidsbelastninga er høg og ein må vere førebudd på å jobbe på stadar som i tillegg medfører ei ekstrabelastning for familie. Dersom dette ikkje kompenserast for i tilstrekkeleg grad er det dessverre mange som vel å bruke tida si ein annan stad.

Powered by Labrador CMS