Morgendrillen

BEOGRAD: Egil Daltveit er norsk Forsvarsattaché i Beograd, med ansvar for landa på Balken.

Forsvarsattaché Egil Daltveit meiner Forsvaret må satse like heilhjarta på utdanning og kompetanse som på jagarfly, stridsvogner og ubåtar

Vart servert vodka og spekk på rekognosering i Russland - følgd av kappløp i knehøy skaresnø.

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I spalten «Morgendrillen» stiller Forsvarets forum de samme spørsmålene på e-post til en rekke personer som har en eller annen tilknytning til Forsvaret.

– Når og kanskje viktigast korleis står du opp om morgonen?

– Sidan ein stor del av arbeidet i diplomatiet skjer på kveldstid ligg eg i denne jobben og drar meg til eg vaknar av meg sjølv omtrent halv sju, men nokon gongar heilt fram til klokka sju.

Egil Daltveit

Alder: 50

Yrke: Forsvarsattaché

Sted: Den kongelege norske ambassaden i Beograd, Serbia

– Kva er det første du gjer?

– Bortsett frå det som skjer på badet er det å trekkje ein stor kopp med økologisk English Breakfast Tea med litt serbisk honning og mjølk. Teen er essensiell for at eg skal fungere godt, og er frakta inn til Beograd av min gode britiske kollega.

– Når startar arbeidet?

– Det startar umiddelbart med gjennomgang av dei største nyhendenettstadene på Balkan medan eg drikk te.

– Pensko eller feltstøvlar?

– Her har eg ikkje noko val. Det må bli pensko. I løpet av tre år som forsvarsattaché har eg gått i arbeidsuniform om lag ti gongar, og kun ein gong på ambassaden. Då lurte den tidlegare ambassadøren på om eg ikkje hadde eit slips som passa til den grøne pysjamasen min.

– Pumpe jern eller løpe maraton?

– Nei takk til begge deler. Knea mine nektar å bli med på maraton lenger, og eg tykkjer det er keisamt å løfte jern, med unntak av i dei geniale crossfitøktene idrettsoffiserane på Krigsskolen hadde i lunchen då eg tenestegjorde der. Sykling, langrenn, korte løpeturar og alle formar for vedsjau er mine favorittar.

– Beste triks for velferd på øving?

– Å ta ein pause klokka åtte på kvelden for å lese godnatthistorie til veslejenta heime. Det har også vore ein fast del av rutina som forsvarsattaché, og viktig for å halde tett kontakt med tre år borte frå familien.

– Raraste kulturkrasjopplevelse på øving med styrkane i andre land?

– Vanskeleg å velje, her er det mykje å ta av! Men på ei rekognosering til ei felles øving med Russland på Kolahalvøya for om lag 15 år sidan fekk vi servert 1 dl vodka og 10-12 bitar «sjomga» (spekkbitar på 3x3 cm) kvar til lunch ute i felt. Rett etter lunch var det kappløp i knehøg skaresnø opp til nærmaste høgde.

– Kven ville du aller helst delt ein pose FR (feltrasjon) med og kvifor?

– Her er det frykteleg mange eg gjerne skulle ha delt med, men når eg må prioritere må det bli med Selma, den ni år gamle dotter vår. Og det må skje ute på vår yndlingsaktivitet – gapahuktur sommar, haust, vinter eller vår.

– Smartklokke – yay or nay?

– Ja takk, begge deler. Eg har smartklokke, men det vart så mykje piping og mas at eg etter nokre dagar slo av alle funksjonane. No brukar eg den kun som pulsklokke.

– Kva er den største utfordringa akkurat no, for arbeidsplassen din konkret og for Forsvaret generelt?

– Å få til ei god overlapping slik at oberstløytnant Dag-Magne Lunde kan gjera ein best mogleg jobb som forsvarsattaché i Beograd frå 1. august.

– For Forsvaret er det å lukkast med å satse like heilhjarta på utdanning, kompetanse og ny teknologi som på jagarfly, stridsvogner og ubåtar. Vi må ha dei skarpaste hovuda for å få maksimalt ut av teknologien og dermed trygge landet i ei framtid som er usikker.

Powered by Labrador CMS