Nyheter:

Jens Bolstad saknar humanitære oppdrag, som evakuering av flyktningar frå Kosovo.

I håpets teneste

Flya var lasta med nødhjelp. På returetappen frakta dei menneske til tryggleik. – Blant dei mest meiningsfulle oppdraga eg har vore med på, seier Hercules-pilot Jens Bolstad.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er tidleg i 1999 og verda er vitne til at tidlegare Jugoslavia går i oppløysing.

I Kosovo har dei etniske spenningane ført til at grannar nå fryktar kvarandre. Frå 24. mars går 400 kampfly til åtak, av desse seks norske F-16, mot ei rekkje mål i Kosovo, i hovudstaden i Serbia, Beograd, i tillegg til andre byar i Jugoslavia og i Montenegro. Natos Operation Allied Force varar i 78 dagar. Åtaka skulle rettast mot serbiske militæranlegg, men råkar også sivile, blant anna ein flyktningkolonne.

Les også: Glemmer aldri de spesielle sanseinntrykkene i ved å finne døde mennesker

Luftforsvaret har bidratt til humanitære operasjonar sidan «tidenes morgon».
Over ein million menneske blir drivne på flukt til nabolanda.

Flyktningstraum

Serbiske styrkar svarar med å intensivere åtak mot sivile kosovoalbanarar. Hus vert sette i brann, og seinare skal det avdekkast massegraver. Desperate familiar forlèt heimane sine, pakkar nokre få eigedelar som dei tar med seg på flukta. Over ein million menneske blir drivne på flukt til nabolanda. Etter ein serbisk offensiv sør i Kosovo i slutten av februar aukar flyktningstraumen til Makedonia ytterlegare. Det er her luftbruene til Nato kjem til unnsetning med norske Hercules transportfly.

Jens Bolstad er fortsatt flygar ved 335-skvadronen.

Effektivt

Jens Bolstad er heilt fersk utsjekka flygar da han i april 1999 er med på ei av dei tre luftbruene med Hercules som Luftforsvaret gjennomfører. Trass i spent atmosfære på Balkan er besetninga førebudd.

– Eg hugsar stemninga som heilt udramatisk da vi gjorde oss klare i forkant. Skvadronen hadde vore med på liknande før.

– Luftforsvaret har bidratt til humanitære operasjonar sidan «tidenes morgon», påpeiker Bolstad og nemner luftbruene mellom Ancona og Sarajevo i 1993 og 1994. Mellom 1995 og 1997 bidrog dei norske Herculesane med troppeflyttingar og frakta forsyningar frå Rimini til Sarajevo, Split og Zagreb.

Han omtalar detasjementet han var del av som relativt lite samanlikna med oppdrag dei seinare åra der elementa frå Luftforsvaret har vore større og meir komplekse.

– Vi styrte i stor grad ting ganske effektivt og greitt sjølve.

I 2004 måtte norske soldater forsvare seg mot 12 000 rasende mennesker i Kosovo: Les den dramatiske historien

Flyktningar i alle aldrar, frå spedbarn til beste- foreldre. er med i Hercules-flyet.

Nødhjelp

Sjølv sit annanflygar Jens Bolstad i cockpit saman med fartøysjefen mens resten av besetninga syter for å lose passasjerane inn. Flyktningar i alle aldrar, frå spedbarn til beste- foreldre. C-130-flyet har femti sitjeplassar i lasterommet (seinare har Luftforsvaret tatt i bruk ein ny Hercules-modell, journ.anm). I tillegg er aluminiumsgolvet dekt av teppe og soveposar for flyktningane. Nær hundre menneske i kvar transport frå flyplassen i Skopje, Makedonia, like ved grensa til Kosovo. I Pisa, Italia, står eit sivilt Braathens Boeing 737-fly klart til å bringe flyktningane trygt til Noreg.

Flyktningane fraktast i buss til flyplassen for avreise med Hercules.
Flyktningleir i Makedonia.

– Øktene våre var tre dagar med flyging og så ein dags pause imellom, seier Bolstad.

Den norske Hercules-besetninga bur i ein italiensk landsby i denne perioden. Totalt fraktar 335-skvadronen rundt 100 tonn nødhjelp og 1135 flyktningar mellom Pisa og Skopje.

«Eg hugsar stemninga som heilt udramatisk da vi gjorde oss klare i forkant. Skvadronen hadde vore med på liknande før»

Meiningsfullt

Bolstad, som framleis jobbar som flygar, er ein av få på 335-skvadronen som var med på Luftforsvaret sitt bidrag for å redde kvinner, menn og barn ut av den krigsherja regi- onen. I tillegg er Vebjørn Lia, lastemeister, fram- leis på skvadronen. Ein av dei andre som var med, Jon Andresen, er framleis på Gardermoen og leverer transportlogistikk i FLO.

Les også: Kosovo-oppdraget var et veiskille for Forsvaret, mener Robert Mood.

Noreg bidrog med støvlar på bakken i Kosovo Force (KFOR), hovudsakleg gjennom Telemark bataljon, frå 1999. Men før dette var altså Herculesen, «Luftas arbeidshest», på vengene ei rekkje gonger, i tre intensive, humanitære oppdrag.

Totalt fraktar 335-skvadronen rundt 100 tonn nødhjelp og 1135 flyktningar mellom Pisa og Skopje.

– Dei seinare åra har vi ikkje deltatt på tilsvarande type humanitære oppdrag, seier Hercules-pilot Jens Bolstad.

– Det er noko eg saknar.

NB: I høst avsluttet Norge sitt militære bidrag i KFOR, da den siste offiseren reiste hjem.

Powered by Labrador CMS