Noregs auge mot Russland

SØR-VARANGER (Forsvarets forum): Frå ei lita hytte på grensa til Russland er vernepliktige på vakt døgnet rundt for å følgje med på kva som skjer på den andre sida. – Ei givande teneste, seier Mikkel Solheim Gulliksen.

Publisert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

PÅ BESØK HOS: I denne spalten besøker vi forskjellige avdelinger i Forsvaret, for å få et innblikk i hvordan de ansatte lever og jobber.

19 år gamle Mikkel Solheim Gulliksen har blikket konstant festa inn i ein stor kikkert. Gjennom vindauga frå hytta ser han rett inn i Russland. Han snur forsiktig på kikkerten, nokre centimeter til venstre og så tilbake igjen. Russisk skog og fjell er i alle retningar, mot aust, sør og vest. Det går nokre sekund. Eit nærmast lydlaust «mmm» høyrest før han noterer nokre få teikn i ei skrivebok.

Garnisonen i Sør-Varanger (GSV)

  • Stifta 1. juli 1921. Har som oppdrag å overvake den 196 kilometer lange grensa mot Russland.
  • GSV er ei hæravdeling med fem kompani og rundt 600 soldatar. 200 av desse har som oppgåve å patruljere grenselinja frå Grense Jakobselv i nord til Treriksrøya i Pasvik i sør.
  • Patruljering skjer ved båt på elvar, på ATV, snøskuter, til fots om sommaren og ski om vinteren.
  • Garnisonen har innrykk to gonger i året, i august og i januar. Det tar eit halvt år å utdanne ein grensejeger. Dei siste seks månadene er grensejegeren stasjonert på ein post langs grensa, anten i Jarfjord-kompaniet (nord) eller Pasvik-kompaniet (sør).
  • Etter enda førstegongsteneste får soldatar ved GSV tilbod om ytterlegare seks månaders teneste, såkalla utvida tenesteperiode. Dette er frivillig, og soldatar som gjennomfører 18 månaders førstegongsteneste, slepp å bli kalla inn til HV-teneste seinare i livet.

19-åringen frå Fredrikstad er ein av dei drygt 200 norske vernepliktige soldatane som har som oppgåve å overvake Noregs grense mot Russland. Døgnet rundt, til alle årstider. På ei lita høgd med god oversikt over dei russiske grenseområda i Petsjenga er Gulliksen på vakt saman med tre medsoldatar. Hytta, som kallast Hundevann, er enkel og koseleg: Vatn frå elva, utedo, straum frå solcellepanel og eigenmontert vindmølle. To soverom har til saman sju senger. Her ute er dei unge soldatane for seg sjølve i veker i strekk. Avstanden tilbake til leir er rundt to timar på kuperte stiar i Forsvarets sekshjulingar. Oppdraget som skal løysast, har ein alvorleg overbygnad: Følgje med på kva russarane gjer like ved grensa til Noreg.

Det viktigaste rommet i hytta kallast berre luka. På nokre få kvadratmeter har soldatane alt ein treng for å rapportere på Russland: Kikkert, kamera, kryptert datamaskin og samband. Å vere på vakt i luka, som ein er i tre timar i strekk to gonger i døgnet, består i å få med seg alt av aktivitet, både langs grenselinja på norsk jord og inne i Russland. Ingen vil snakke om kva ein ser, eller ser etter, men alt av «unormal» aktivitet vert notert ned og rapportert vidare. Først til etterretnings- og analysesentralen på grensestasjonen og leiinga i Garnisonen i Sør-Varanger. Derifrå går informasjonen vidare oppover i Forsvaret og til regjeringa.

Les også: Slik har forsvarssommeren vært for soldater på vakt

I 101 år har norske soldatar ved Garnisonen i Sør-Varanger overvaka den 196 kilometer lange grensa mot Russland. Grensa strekkjer seg gjennom vassdrag og elvar, i bekkar og skog og over berg og fjell frå Grense Jakobselv i nord, til Treriksrøysa i Pasvik i sør. Jobben til Gulliksen og resten av patruljen på Hundevann består i å hindre ulovleg grensekryssing og elles sørge for at den såkalla grenseovereinskomsten mellom Noreg og Russland vert følgt.

Norsk-russisk grense

  • Grenseavtalen mellom Noreg og Russland blei signert i desember 1949.
  • Det er Grensekommissariatet i Kirkenes som har ansvaret for grenseavtalen. Grensekommissæren er underlagt Politidirektoratet.
  • Den norsk-russiske riksgrensa er markert med 396 grensemerke beståande av betongstøtter, røyser og stolpar. Grensestolpane står andsynes kvarandre. Dei norske stolpane er gule med svarte toppfelt, mens dei russiske stolpane er raud- og grønstripa.

· Grensevakta har politimyndigheit og er til stades på vegner av politiet for å informere og gjennomføre førebyggjande tiltak mot lovbrot.

· Det er visse reglar for ferdsel i grenseområda. Det er forbode å ha kontakt eller snakke over grensa eller å «gjere fornærmande eller provoserande handlingar mot eller over grensa». Det er heller ikkje lov å kaste ting over grensa eller la husdyr gå inn i Russland. Fotorestriksjonar gjeld også.

· Det einaste lovlege grensekryssingspunktet på grensa er ved Storskog.

Meir enn normalt utfordrande

Men soldatane har også ei anna og viktig oppgåve: Hevde norsk suverenitet og rapportere på russisk militært nærvær.

Skulle Russland velje å gå til militært åtak på Finnmark, vil norske vernepliktige vere det første hinderet det russiske forsvaret møter på. Derfor er soldatane utstyrte med skarp ammunisjon.

Det første som møtte 19 år gamle Gulliksen da han kom til førstegongstenesta tidleg i januar i år, var vinterkulda som beit han i nesa da han gjekk ut av flyet på Høybuktmoen utanfor Kirkenes. Soldatar på den norsk-russiske grensa må operere i temperaturar ned mot 30 kuldegrader. Somrane kan også by på sine utfordringar: Med varmen kjem myggen. Og dei er det mange av i Finnmark.

Men det var nettopp ønsket om ei meir enn normalt utfordrande førstegongsteneste som fekk Gulliksen til Sør-Varanger. Fleire av familiemedlemmane hans har tenestegjort som grensejegerar. Etter seks månader med utdanning inne i leir på Høybuktmoen kan Gulliksen nå kalle seg grensejeger.

– Dette er ei givande teneste. Vi er med på å løyse oppdrag kvar dag, seier Gulliksen, framleis stirrande inn i kikkerten.

Han blar om i boka og held fram med å notere på neste side.

– Vår jobb er å halde auge med grenselinja og sørgje for at det ikkje skjer noko brot. Du kan seie at vi er auga og øyra til den norske staten, seier Mathias Riborg Lona (19), patruljeførar og leiande meinig.

Auge og øyre trengst i nord

Natta til 24. februar gjekk Russland til krig mot nabolandet Ukraina. Europa er kasta ut i ein blodig storkrig kontinentet ikkje har sett sidan andre verdskrigen. Forholdet mellom Russland og vesten er på sitt kjøligaste sidan Sovjetunionens fall. President Vladimir Putin har erklært Nato og USA som dei største trugsmåla for Russland.

Mens Putins angrepskrig har køyrt seg fast i Ukraina og rundt rekna mellom 15 000 og 20 000 russiske soldatar har blitt drepne, forsyner vesten og Noreg Ukraina med våpen.

Les også: Kraftig brann på russisk side av grensen ved Pasvik

Tvers over grensa for Noreg ligg fleire viktige russiske militærbasar. Blant dei den 200. motoriserte infanteribrigaden i Petsjenga-dalen som består av rundt 4 000 soldatar. Helvta av desse er vernepliktige. Rapportar frå Ukraina tyder på at denne avdelinga blei send i kamper under den innleiande fasen i krigen – og har lidd monalege tap.

Løytnant Aksel Høie (32) er nestkommanderande ved Jarfjord grensestasjon, eitt av to kompani som passar på den norsk-russiske grensa. Eit hundretals soldatar held til her og i dei ulike stasjonane ute langs grensa opp mot Grense Jakobselv.

Høie seier det vert stilt store krav til soldatane som skal gjennomføre teneste på grensa, både fysisk og mentalt:

- På mange måtar minner ei teneste på grensa meir om ei deployering til utlandet enn ei klassisk førstegongsteneste, seier han og forklarar:

- Du drar til ein stad for å løyse eit oppdrag. Du kviler når du kan, du er ute når det vert kravd og gjer jobben til han er ferdig. Om du køyrer deg fast, klokka er 23:00 og sleden ikkje rikkar seg, så forlèt du han ikkje. Da er det å ta spaden fatt og grave til klokka er 01:30 og utstyret er laust. Og ingen kan kome og hjelpe deg, for det er så store avstandar her og klimaet er hardt, seier Høie.

STARTHJELP: Den eine sekshjulingen har flatt batteri og må ha starthjelp. Malene, Mathias og Sofie er trena i å klare seg sjølve, langt frå leir, over lengre tid. Å få start på ein sekshjuling med flatt batteri er blant de meir enkle tinga å løyse sjølv.
VEDLIKEHALD: Sersjant Malene (25) utfører vedlikehald av gummimattene som dekkjer traseen til køyretøya til Forsvaret.

Sjølv om Finland er på full veg inn i forsvarsalliansen Nato etter Russlands invasjon av Ukraina tidlegare i år, er Noregs grense mot Russland framleis den einaste staden Nato møter Russland i nordområda. Derfor er ein stor del av jobben til dei vernepliktige soldatane å følgje med på russisk militær infrastruktur og troppar.

Høie seier soldatane langs grensa skal vere «mentalt og fysisk førebudde på å forsvare landet i krig, med det som krevst» om Russland invaderer.

– Det er viktig å ha kontroll på kva Russland driv med. Og det er jobben vår å følgje med på rørslene til personar og på infrastrukturen på begge sider av grensa.

– Har det endra seg etter 24. februar?

– Nå byrjar vi å kome inn på ting som vil vere vanskeleg for meg å svare på. Det kan eg ikkje seie så mykje om.

– Kva har endra seg etter 24. februar?

– Vi er merksame på at meir uro i verda kan gjere det vanskelegare for menneske på flukt og gjere dei meir desperate. Flyktningstraumar er noko vi på grensa må følgje med på. Noreg ønskjer jo å ta imot menneske i naud, men det må skje på ein riktig og trygg måte. Da er det ikkje å traske over vidda i fjellet, men heller kome til Noreg på ein skikkeleg måte.

Det gjer at vi må skjerpe evna vår til deteksjon og handsaming av slike tilfelle av ulovleg grensepassering, seier Høie.

Flyktningstraumar har Noreg sett i nord før. På nokre hektiske haustmånader i 2015 kom det nesten 5 500 menneske reisande over den norsk-russiske grensa på Storskog og bad om asyl. Dei fleste kom frå Syria. Pågangen var så stor at politiet sin grensekontroll nesten braut saman. Reisa gjennom Russland nord til Murmansk og vidare til Kirkenes blei kalla for «The Arctic Route» og var ei langt mindre utsett ferd enn å flykte til Europa i båt over Middelhavet. På få døgn kunne personar kome seg frå borgarkrigen i Syria til eit Schengen-land og be om vern.

Les også: Vil vurdere felles nordisk forsvarsutdanning

Høie opplyser at ulovlege grensepasseringar skjer, men at dei er sjeldne. I juni i år blei ein mann arrestert av politiet for ulovleg grensepassering på Korpfjell. Grensekommissariatet, som har som oppgåve å sjå til at grenseavtalen med Russland vert oppretthalden, opplyser at dette er den einaste registrerte ulovlege grensepasseringa i terreng hittil i år.

Ingen telefon på grensa

På Hundevann er meinig Sofie Mellgren (19) frå Egersund i gang med dagens middag. Hamburgar står på menyen. Arbeidsoppgåvene i hytta er fordelte på dei fire personane i laget: Vask, henting av vatn og matlaging. Etter kvar tretimarsvakt i «luka», er det ni timar av. Den perioden vert bruka til soving, patruljering og velferd.

ALLE GJER ALT: Sofie Mellgren er dagens kokk og steikjer hamburgarar. Alle arbeidsoppgåver på grensevakthytta er delte mellom dei fire medlemmane i patruljen.

Hytta har både treningsapparat, badstue og ein TV. I bokhylla står Harry Potter og Aleksandr Solzjenitsyn. Nokre husreglar er innførte for å få livet på hytta til å bli enklare: Middag et ein saman utan å sjå på TV. Ein er alltid korrekt kledd på vakt. Og kvar dag freistar ein å samlast til sosiale aktivitetar.

For her ute på Hundevann er det ingen mobiltelefonar å trykkje på. Forsvaret opplyser at dette handlar om å hindre at Russland skal kartleggje og avlytte soldatar som oppheld seg langs grensa.

– Det er nærleiken til Russland som gjer at vi må vere flinkast i klassen på dette, seier løytnant Aksel Høie.

– Kva skjer om du tar ein soldat med telefon på grensa?

– Det vil vere eit regelbrot. Og vi har heldigvis få slike hendingar. Men det har skjedd regelbrot. Da er det klare linjer i Forsvaret på korleis ein skal handsame slike ting. Dette vil også vere eit tillitsbrot. Veldig mykje av tenesta vår baserer seg på tillit mellom befal og soldat og soldatane seg imellom. Når ein skal drive så sjølvstendig, med fire vernepliktige i fleire veker i slengen der ute på grensa, må dei kunne stole på kvarandre, seier Høie.

Soldatane på Hundevann seier telefonen er gløymd så fort ein legg han frå seg inne i leir:

– Ein gløymer at internett eksisterer etter éin dag. Dette er ei stor fridomskjensle, seier Gulliksen.

Nokre praktiske utfordringar kjem likevel av mobilforbodet: Sofie Mellgren har frist med å svare på studieplasstilbodet og må køyrast tilbake til Jarfjord grensestasjon. Ho er logga på nokre minutt, før telefonen igjen hamnar i skapet.

– Det er heilt greitt å vere kopla av i periodar, seier 19-åringen, som etter enda teneste skal byrje å studere ved NTNU i Trondheim.

TELEFORFORBOD: Alle mobiltelefonar må leggjast igjen på rommet i leir før oppdraget langs grensa startar. Det kan skape praktiske utfordringar – som å svare på studieplass for eksempel. Sofie Mellgren har derfor blitt køyrd tilbake til leir for å svare Samordna opptak.

Bestekompis som makker

Hundeførar Mathias Goldmann (19) gjer klar åtte år gamle Koda til kveldens patrulje. Tåka har lagt seg tungt over landskapet. For få minutt sidan forsvann sikta inn mot Russland. Nå er det hundane som er det beste våpenet som grensejegerane har for å avdekkje “unormal” aktivitet. Koda er ein blank og flott schæfer og ein av dei mest røynde hundane i kompaniet. I fleire år har han jobba med soldatar langs grensa for å avdekkje ulovlege grensepasseringar.

Goldmann løftar varsamt hunden og legg han i buret som er sett opp bak på sekshjulingen. Medsoldatane Hans Kristian Ruud (20) og Mikkel Solheim Gulliksen tar på seg hjelm, sjekkar våpen og lastar sekkane på bagasjeplanet. Det er patruljeførar Mathias Riborg Lona som har bestemt kvar soldatane skal gå. Kvart døgn vert mange slike oppdrag løyste langs grenselinja. Alltid til ulike stader, til ulike tider.

OPPDRAG SLUTT: Koda har snust seg ferdig for denne gongen og vert løfta tilbake i buret av hundeførar Mathias Goldmann. Hans Kristian Ruud og Mikkel Solheim Gulliksen (med solbriller) følgjer med.
TØRST HUND: Også dyr må ha vatn. Koda tar imot drikke frå sin partnar Mathias Goldmann. Den norsk-russiske grensa går like i terrenget bak.
NESTEN RUSSLAND: Mathias Goldmann og Koda jobbar seg fram i terrenget ved den såkalla grensegata. Midt i dette området går den norsk-russiske grensa.
HINDRAR REIN: Gjerdet langs grensa er sett opp for å hindre norsk rein i å gå over på russisk side. Slik grensepassering er ulovleg, og når det skjer, må norske og russiske grensevaktmyndigheiter rydde opp.
FINN ALLE SPOR: Mathias Goldmann og Koda sjekkar om menneske har passert i terrenget. Dersom ein person har gått over riksgrensa og inn i Noreg, kan hundane i Forsvaret lukte spora i opptil to døgn.

Nokre gonger kan ein patrulje vare i halvannan time. Andre gonger eit døgn. Evna til å klare seg aleine i krevjande omgjevnader over tid er blant dei viktigaste eigenskapane befalet ser etter når grensejegerar skal utdannast.

Det lyser i auga på Koda når han blir sleppt ut av buret etter ein humpete køyretur i retning grensa til Russland. Få meter over eit sperregjerde, som sørgjer for å hindre rein i å ta seg over grensa, startar sporsøking, eller detektering som dette kallast i Forsvaret. Goldmann festar ei fem meter lang line på hunden, set seg roleg ned ved sida av han og gir kommando.

Med snuten først sirklar Koda seg gjennom stein og kratt.

– Om nokon har kryssa grensa her, finn Koda ut av det. Luktesansen er tusen gonger betre enn hos mennesket. I tillegg er hundane trena til å høyre det vi ikkje klarar, seier Goldmann.

Ein av dei viktige jobbane som hundeførar er å bli så godt kjend med hunden at ein forstår kva som blir signalisert. Goldmann omtalar Koda som sin beste kompis og har vore saman med han i hundrevis av timar sidan starten på førstegongstenesta.

Goldmann har eit halvt år igjen av tenesta si. Tida byrjar også å gå ut for åtte år gamle Koda. 19-åringen håper å kunne få lov til å adoptere hunden når han ein gong blir tatt ut av teneste i Forsvaret.

Goldmann stadfestar at Koda har gjort funn på patrulje, men kan ikkje gå i detaljar på kva.

– Kvifor valde du å bli hundeførar?

– Det er ei veldig givande stilling. Og eg er veldig glad i hund. Eg har fått ein makker som er bestekompisen din. Og saman løyser vi eit viktig oppdrag for grensevakta, seier Goldmann.

Han fiskar opp ein godbit frå uniformslomma. Koda glefsar han i seg før han set nesa ned i den våte myra igjen. Patruljen på grensa til Russland er framleis ikkje over.

- Vi driv ikkje med politikk

Samarbeidet langs den norsk-russiske grensa held fram som før trass i krigen i Ukraina.

– Samarbeidet med russisk grensevakt er det same som det har vore sidan 1949. Korkje kald krig, perestrojka eller Krim-annekteringa har ført til endringar i dette samarbeidet, seier Jens-Arne Høilund, Noregs grensekommissær.

Det er Grensekommissariatet i Kirkenes som har ansvaret for den såkalla grenseavtalen mellom Noreg og Russland. Han blei signert i 1949 og skal handsame alle moglege hendingar som kan oppstå langs grenselinjer: Dyr som kryssar, menneske som går seg vill. Personar som fiskar på feil side av elva eller ulovleg migrasjon.

– Vi driv ikkje med politikk. Vi driv med samarbeid om grensa. Grensa er der. Ho må haldast ved like. Og det oppstår alltid nokre hendingar som må løysast, seier Høilund.

Powered by Labrador CMS