Meninger

TOLKNING: Det Heier søker å gjere er å sannsynleggjere korleis Russland kan tolke Noreg, Nato og USA si framferd, skriv Tor Ivar Strømmen. Her er den russiske fregatten Admiral Gorshkov.

– Me treng ikkje ein akademisk skyttargravskrig

Det er ein arroganse som diverre pregar store delar av forskinga på og debatten om norsk tryggingspolitikk, skriv Tor Ivar Strømmen.

Publisert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I fleire artiklar og replikkar i Forsvarets forum har dei to tungt væpna professorane Tormod Heier og IFS-direktør Kjell Inge Bjerga grave sine skyttargraver og jamvel innleia eit bombardement for å mjuke opp og bryte ned motstandaren sitt forsvar. I replikken «Avledningsmanøveren har feilet (5. mars)» gjekk Bjerga steget vidare. Han gjekk til bajonettåtak gjennom ingenmannsland.

Men diverre, som med dei fleste bajonettangrep, så var også dette åtaket lite klokt.

Bjerga sitt åtak korkje leiar til betre innsikt eller ein god debatt. Det står heller fram som eit noko desperat motangrep for å forsvare sitt eige forskingsmiljø og artikkelen er diverre også prega av stundom underleg argumentasjon. Eg ser difor trong for å røske litt i argumentasjonen – og vonleg provosere fram ein noko betre debatt. Me treng ikkje akademiske skyttargravskrig, men ein debatt som leiar til auka forståing og tydelegare handlingsalternativ som forskingsmiljøa kan presentere til våre politiske styresmakter.

Ikkje eit forsvar

Delta i debatten?

Har du noe på hjertet og ønsker å delta i debatten?

Send oss en e-post på debatt@fofo.no.

For dei som måtte sjå dette innlegget som eit forsvar av Heier sine synspunkt, så er det ikkje det. Det er derimot eit svar på kva eg opplever som vitskapleg arroganse, ein arroganse som diverre pregar store delar av forskinga på og debatten om norsk tryggingspolitikk og norsk strategi. Det er også ein arroganse som bidrar til at Noreg sine leiande tryggingspolitiske miljø held fram med å dyrke nokre få og statiske strategiske narrativ og imperativ som me har arva. Heller det enn å ta innover oss at strategien sitt fremste trekk er denne si kontinuerlege endring og den tenkande og agerande motstandarar.

La oss starte med Bjerga sitt kriterium for kva som er god forsking. Han skriv at «Det som teller er reliabilitet og validitet i henhold til anerkjente vitenskapelige kriterier. Punktum.»

Det er faktisk umogleg å dokumentere noko som ikkje har funne stad.

At ein forskar skal unngå rein spekulasjon er sjølvsagt ei plikt. Diverre treff denne plikta dårleg i denne saka. Dette då temaet er tryggingspolitikk som skal handsame notid og framtid. Eit slikt tema har mest ingen fakta og dimed mest heller ikkje dokumentasjon. Det er faktisk umogleg å dokumentere noko som ikkje har funne stad.

Eit vitskapleg utgangspunktet for slike synspunkt om ei tenkeleg framtid kan me difor berre basere på teoriar, meir eller mindre sannsynlege føresetnadar, og eit set med meir eller mindre abstrakte målsetjingar. Tryggleikspolitikk og strategi er dessutan sosiale aktivitetar, altså komplekse samspel mellom personar og grupper av personar. Det er altså eit fenomen som finn stad i eit miljø kor informasjon ikkje er samla, kor informasjon er implisitt forstått, og kor informasjon finnast i formar som er resistent mot oppdaging, samling og analyse. Dette er ikkje eit utgangspunkt som gir oss sikre svar og er dimed heller ikkje eit grunnlag for teoridanning som kan testast vitskapleg med mindre me faktisk utkjempar ein krig.

Følgjeleg, korkje forsking på eller synspunkt om tryggingspolitikk for no- og framtid kan ha den grad av reliabilitet eller validitet som Bjerga synast å krevje. Det er heller slik at tilhøva som definerer resultata i komplekse miljø sjeldan, om nokon gang, er fullt tilgjengelege for korkje forskarar, politikarar eller militære planleggarar, og dette uansett korleis informasjon er samla og brukt.

Følgjeleg finnast ingen fasitsvar og ei heller dokumentasjon som kan underbyggje, stadfeste eller avkrefte essensen i logikken.

Like truverdig

Dette betyr også at kontrære synspunkt om tryggingspolitikk i no- og i framtid kan vere like truverdige som «normal vitskapen» dersom dei byggjer på god teori, truverdige og naudsynte føresetnadar og ei god forståing for kva aktørane ynskjer oppnå. Dette trur eg Bjerga eigentleg er godt innforstått med, sjølv om det ikkje kjem godt fram i artikkelen hans. Difor vil eg også sjå litt på nokre fleire tilhøve med artikkelen. Dette då dei er meiningsdannande for mange, og burde vere det for mange.

Nettopp med di eksperimentering er umogleg, og med di informasjonstilgangen i komplekse miljø vil vere svært fragmentert og ufullstendig i sin natur, så kan me ikkje danne gode teoriar på bakgrunn av stort anna enn historia. Men historia, slik den blir fortalt av historikarar, er aldri sanninga – den er berre ei tolking og forenkling av fortida, og ei tolking der fråvær av data og sanningar gjer at ein kvar historikar eller annan forskar må bruke sin beste innsikt for å fylle gapa og finne samanhengar.

Det Heier søker å gjere er å sannsynleggjere korleis Russland kan tolke Noreg, Nato og USA si framferd, deira militære disposisjonar og deira militære innretting.

I tillegg er strategi som fag først og fremst ein kompleks sosialvitskap kor lineære kausale samanhengar i svært lita grad finnast. Dessutan er fenomen som krig og avskrekking aktivitetar kor persepsjon, misforståingar, målsetjingar og handlingsalternativ korkje er, kan eller vil kunne skildrast eller dokumenterast med sikkerheit. Avskrekking kan ein til dømes aldri vite om fungerer i samsvar med kva ein trur eller ynskjer før etterpå, og sjølv då berre med stor grad av usikkerheit. Det er difor både umogleg og utenkeleg at nokon kan identifisere det eine riktige svaret. Ein kan berre sannsynleggjere noko og det er truverdet av desse synspunkta som er det som bør drøftast. Og truleg finn sanninga seg innafor spekteret ein har diskurs om.

Russland og Nato

La oss vidare sjå på nokre av Bjerga sine påstandar. Påstandar han set fram for undergrave Heier sine synspunkt og konklusjonar. For det første insinuerer Bjerga at Heier hevder å vite korleis Russland tolkar oss og vil reagere på oss. Eg har svært vanskeleg for å sjå at Bjerga kan finne eit haldepunkt i noko av det Heier har ytra som tilseier at eit slikt utsegn er riktig. Det Heier søker å gjere er å sannsynleggjere korleis Russland kan tolke Noreg, Nato og USA si framferd, deira militære disposisjonar og deira militære innretting. Utifrå dette føreslår Heier ei rekkje rådgjerder som vil kunne setje Noreg betre i stand til å handtere det, i hans auge, mest sannsynlege scenarioet i hans syn.

Dette er ikkje kontrær forsking eller ei lite vitskapleg tilnærming, men synspunkt basert på innsikt. Synspunkta kan diskuterast, og basis for dei kan diskuterast, men å søke å avvise dei som uvitskaplege og dimed illegitime med di dei ikkje byggjer på konkret dokumentasjon blir rett og slett meiningslaust.

Dette får meg faktisk til å lure på om Bjerga har sett på Forsvaret utover det ein finn på glansa papir frå Forsvarsdepartementet.

For å understreke sin påstand om manglande reliabilitet og validitet i Heier sin argument, så spør Bjerga om kva for ein dokumentasjon Heier har på eit langvarig overforbruk av innsatsforsvaret. Dette får meg faktisk til å lure på om Bjerga har sett på Forsvaret utover det ein finn på glansa papir frå Forsvarsdepartementet. Er det noko nærmast alle utsegn frå alle nivå i forsvarssektoren har trekt fram dei siste 20 åra, er det nettopp mangelen på balanse mellom oppgåver og struktur, og dei enorme belastningane på avdelingar og einskild personar i Forsvaret våre engasjement utanfor Noreg sine grenser har gitt oss sidan 2001.

Om ikkje dette syner eit overforbruk, så veit ikkje eg.

Tilsvarande har tilføringa av ekstramidlar til Forsvaret dei siste åra i all hovudsak handla om å fylle opp lagre, ta inn etterslep på vedlikehald og å få opp treningsnivå på anna enn innsatsstyrker til internasjonale operasjonar. Hadde me ikkje hatt eit overforbruk, så hadde vel ikkje det ha vore trong for noko slikt – eller?

Alle er fjerna

Så undrast Bjerga på kva for strukturelement Noreg har som me har med di me tilpassar oss alliansen sine krav framfor reine nasjonale vurderingar. Spolar me attende til paradigmeskiftet i norsk forsvarsplanlegging på byrjinga av 2000-talet, så finn me fort at mest alt me har av militærmakt i Noreg i dag består av dei kapasitetane som både kan løyse nasjonale og internasjonale oppdrag. Samstundes er mest alle dei kapasitetane som berre hadde nasjonale føremål blitt utradert frå strukturen. Typiske nektingskapasitetar, som t.d. kystartilleri, sjøminer, MTBar, luftvern, mobiliseringsstyrker og sjøheimevern er alle fjerna.

I tillegg har me fjerna det meste av lagre og vedlikehaldsavdelingar etc. – noko som har gjort at Forsvaret i svært lita grad har evna å stille på beina meir enn dei elementa me til ei kvar tid skulle levere til internasjonale operasjonar og sjølv desse berre gjennom direkte rovdrift. Dei få elementa me sit igjen med av styrker med berre eller primært nasjonale oppgåver, er alle anten styrker for fredstidsoppgåver (som Kystvakta og Grensevakta) eller dei er eit resultat av Stortingfleirtalet sine redningsaksjonar.

Ikkje størst

Sist, men ikkje minst. IFS er ikkje Noregs største forskingsmiljø på tryggleikspolitikk. IFS er ein lut av Forsvarets høgskule (FHS) og det er FHS samla som utgjer dette nasjonale tyngdepunktet. IFS utgjer difor berre eit tyngdepunkt innanfor dette høgskulesystemet og berre innafor sume områder av kva me kan definere som tryggleikspolitisk forsking.

På andre områder, som til dømes på koplinga frå stridsteknisk og taktisk nivå til det politisk-strategiske nivået er IFS slett ikkje eit spesielt korkje robust eller eit leiande miljø.

Det er heller ikkje IFS innan profesjonskunnskap, altså samspelet mellom praksis og teori i den militære profesjonen. I kort, med sume heiderlege unnatak, så manglar IFS kompetanse på militærmakt under det strategisk, jamvel dels politisk-strategiske nivå. Dette inkluderer avgrensa kunnskap på og om militære operasjonar og spesielt taktiske aktivitetar og kapasitetar.

Dette er ei stor utfordring for IFS ettersom strategi utan taktikk er akkurat like meiningslaust som taktikk utan strategi.

Sume synast kanskje denne artikkelen er ei vel kraftig maskingeværsalve for å stogge eit relativt tannlaust bajonettåtak.

Følgjeleg, skal IFS levere heilskapleg forsking, så må ein samvirke med resten av FHS og andre. IFS er ikkje eit tyngdepunkt aleine, men berre som del av eit system, og berre dersom ein vel å møte andre på likefot. Eit godt kunnskapsdannande og utforskande miljø føreset heller ikkje berre individuelle band med andre forskarar og utanforstandane institusjonar, men også institusjonell vilje til å gi slipp på eigne dogme, og ikkje minst ei stor grad av audmjuk tilnærming i møte med nettopp kontrære synspunkt.

Sume synast kanskje denne artikkelen er ei vel kraftig maskingeværsalve for å stogge eit relativt tannlaust bajonettåtak.

Det for så være – poenget er berre at korkje IFS eller Bjerga eig sanninga – likeså lite som kva Heier gjer.

Ein må faktisk kome seg opp av skyttargravene, og ein må byrje å diskutere sak, teori, føresetnadar og målsetjingar framfor berre å veksle stikk om kven som har dei viktigaste resultata.

Powered by Labrador CMS