Nyheter

SER MOT KINA: MI6-sjef Richard Moore holdt sitt første offentlige innlegg tirsdag 30. november ved International Institute for Strategic Studies.

Framveksten av Kina har høgast prioritet, seier sjefen for MI6

Richard Moore tok tysdag den britiske utanlands-etterretninga ut av skuggane og skisserte fire område som organisasjonen har fokus på. Samstundes åtvara han om at teknologiutviklinga det komande tiåret kan få like omkalfatrande konsekvensar som den industrielle revolusjonen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er ikkje mange tiår sidan sjefen for Secret Intelligence Service (SIS), på folkemunne kjend som MI6, berre var kjend under akronymet «C».

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

Nokre år etter at internett vaska over landa vart det vanleg å offentleggjere personen som stod i spissen for den britiske utanlands-etterretninga. Men det har likevel vore kutyme at leiaren ikkje uttalar seg offentleg så lenge han er i rolla.

Richard Moore, som tidlegare har vorte den fyrste britiske etterretningssjefen som nyttar twitter, braut tysdag med tradisjonen under eit føredrag på International Institute of Strategic Studies (IISS). Under eit omtrent 30 minutt langt føredrag skisserte han opp stoda sett frå SIS ståstad, og skisserte kva trendar han ser det neste tiåret.

– Vår oppgåve er å sjå verda som den er, og ikkje slik ein ønsker den skal vere, poengterte Moore.

Han trakk fram to grunnar til at han no gjekk ut. Den eine var å stå til ansvar innanfor demokratiet. Det andre at endringar i trusselbiletet krev ei større grad av openheit for organisasjonen.

– Det er eit paradoks at om me skal verte verande hemmelege, må me verte meir opne, sa han i innleiinga.

Teknologisk kvantesprang

Det har ikkje vore uvanleg at leiarar frå tilsvarande tenester i andre vestlege land held slike føredrag, så MI6 er i så måte ikkje nokon pionér på dette feltet.

Under føredraget som varde omtrent ein halvtime, med ein lukka spørsmål og svar seanse i etterkant, trakk sjefen for SIS fram fire felt som ein har særskild fokus på for tida. Dei fire var Kina, Russland, Iran og internasjonal terrorisme. Eit anna poeng han framheva, var moglege konsekvensar av den rivande teknologiske utviklinga som ein ventar det komande tiåret.

- Kvanteteknologi og bioteknologi vil endre heile arbeidsområde. Det store volumet av data og intensiveringa av kunstig intelligens vil endre kva del av daglegliva våre. Det vil kome ei større teknologisk utvikling det neste tiåret enn det har gjort det førre hundreåret. Dette vil føre til like store omkalfatringar som under den industrielle revolusjonen. Som samfunn har me ennå ikkje tatt desse endringane, og dei geopolitiske konsekvensane, innover oss, men det er eit fokusområde for MI6, sa Moore.

Kina fyrst

Om dei fire meir «tradisjonelle» truslane Moore, framheva, Kina, Russland, Iran og internasjonal terrorisme, framheva han særskild Kina.

– Kinas framvekst er feltet som har høgast prioritet for MI6.

– Kinas makt og vilje til å nytta den veks. Store deler av Storbritannias tryggleik og vekst er i større grad knytt saman med Kinas handlingar og policy. Det er område kor me må samhandla med Kina, som handle og investeringar, det kulturelle feltet og overnasjonale utfordringar som klimaendring og biologisk mangfald. Men Kina er ein autoritær stat med andre verdiar enn våre… Kina driv store spionasjeoperasjonar mot Storbritannia og våre allierte. Dei engasjerer styresmakter, industri og den kinesiske diasporaen.

Moore åtvara òg mot aukande eksport av kinesiske overvakingssystem til andre regime. At Hong Kong ikkje lengre har fridom, og at over ein million muslimske uighurar har blitt sett i leiar.

Han framheva det var naudsynt med ei djupare forståing av Kina, men òg å åtvare mot gjeldsfeller – noko som i den seinare tid har vorte framheva i meldingar frå mellom anna Afrika, at sensitive data kjem i feil hender, samt å vere sårbar for politisk press eller tvang.

Stå opp mot Russland

Når det gjaldt Russland, framheva han at førehaldet for tida er vanskeleg. Han peika på statleg godkjende åtak, som i Salisbury. Cyberåtaka mot Solarwinds og kuppforsøket i Montenegro. Han peika òg på at Russland er viljug til å nytta hemmelege undergraving, òg gjennom private firma som Wagner. Samstundes peika han òg på den spente situasjonen i Ukraina.

– Ingen land i Europa eller utanfor, bør verte forført av tankegangen om at ubalansert ettergjeving over for Russland, vil føre til betre oppførsel, Moore.

Når det gjeld Iran var det fyrst og fremst tre ting han vektla. Det kjernefysiske programmet, oppbygginga av proxy-grupper i Libanon, Irak og forsøk på likande i Syria og i Golfen. Det siste poenget var at Iran har ein sterk cyber-kapasitet.

Terror i Afrika

Om den internasjonale terrorismen snakka han om faren med at Afghanistan kan verte ei ny trygg hamn for grupper som al-Qaida og IS, samt problem i Nord-Afrika, Afrikas Horn, Sahel og sør for Sahel. Han sa at MI6 saman med MI5 (innanriks-etterretninga) og signaletterretninga GCHQ hadde stogga «dusin» av åtak før dei kom til Storbritannia. Men la òg vekt på at anti-terrorarbeid vert meir og meir vanskeleg i ei fragmentert verd.

Inga James Bond-løysing

Eit siste poeng som Moore trekte fram var at MI6 i framtida må jobbe tettare saman med det private næringslivet for å løyse teknologiske utfordringar. Ein kan ikkje konkurrera med teknologiselskapa, så difor må ein finne måtar å samarbeida på.

– Til skilnad frå «Q» i James Bond filmane, kan me ikkje gjere alt innomhus, sa Moore mot slutten.

Det siste peika han som den endringa i korleis den britiske etterretninga jobbar, men at det var naudsynt for å møte dei komande utfordringane.

Jamvel om det i seg sjølv var noko nytt at sjefen for MI6 snakka offentleg, er mykje av det som er sagt ganske tett opp til signal og retningar som har kome frå USA det siste året. I så måte var det få store overraskingar for dei som fyljer den geostrategiske kvardagen, i det Richard Moore presenterte tysdag kveld.

Powered by Labrador CMS