Nyheter

FRAMTIDA: Klimaaktivistar i New Dehli i India held ei plakat med teksten "historia vil hugse kva du gjorde".

Gløym straumen, her er framtida

Korleis vil verda sjå ut i 2040? Det freistar ei etterretningsnemnd peika ut av USAs etterretningsdirektør, Avril Haines, å gje svar på.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

For sjuande gong ser USAs etterretningsdirektør (Director of National Intelligence – DNI) inn i glaskula, og publiserer rapporten «Globale Trends» om stoda i verden dei komande to tiåra. Tilsvarande rapportar har kome kvart fjerde år sidan 1997. Til skilnad frå meir tradisjonell etterretning, er det ikkje fyrst og fremst dei militære kapasitetane som vert framheva i bileta som vert strokne ut over den breie kanvasen.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

I staden handlar det om fire hovudfaktorar: Demografi, økonomi, klima og teknologi.

STIGANDE HAVNIVÅ: Ein mann paserer eit hus som er forlatt fordi stigande havnivå har dekt golvet i første etasje. Biletet er frå Sidogemah i Indonesia og er datert 8. november 2021.

Konklusjonane i rapporten syner at med står på terskelen til ein ny æra, som vil prega alle vore liv i dei komande tiåra. Det er ei meir kompleks og annleis verd enn den me har vore vane med til no.

Om me tar trendane som vert meisla ut her på alvor, er det mykje av det som har vore kjend for oss dei siste tiåra som ser ut ebba til å vitra vekk i det komande tiåret. Nokre av trendane er alt midt i blant oss, medan andre berre er i startgropa. Det springane spørsmålet for alle land er korleis ein kjem til å handsame desse endringane, som knapt figurerer i den offentlege debatten, verken i Vesten generelt eller i Noreg spesielt.

Her kjem eit glimt av framtida.

Sjå breiare

Etterretningsfaget, eller etterretningskunsten om ein vil, har endra seg mykje dei seinaste tiåra. Spurd om kvifor ein ikkje såg at Den kalde krigen gjekk mot slutten svara ein gong ein gamal etterretningsveteran meg slik:

– Me var kanskje for opptekne med å telje tanks, i staden for å sjå at folk stod i matkøar.

Rapportane til DNI, som kallast globale trendar, er omtrent kjemisk frie for tanks.

Matvaretryggleik er derimot ein av dei mange faktorane som er med i analysen, som står på fem ulike pilarar som ein USA antar vil utgjere forme dynamikkane i åra som kjem. Og ein treng ikkje lese langt i den 156 sider lange rapporten før ein innser at det ikkje nett er oppløftande lesnad ein har føre seg, jamvel om det òg er skissert opp sceneria kor det meste går seg til.

SJUKDOM: Ei mor tek vare på sonen sin, som har fått dengue-feber som spreiast av mygg, på eit sjukehus i Karachi i Pakistan. Biletet er frå 22. november i år. Då varsla pakistanske styresmakter at dei hadde registrert fleire utbrot av sjukdommen rundt i landet.

Eller som det heiter i innleiinga:

«I dei komande år og tiår, vil verda møte meir intense og brusande globale utfordringar i spennvidda frå sjukdom til klimaendring, til splitting forsaka av ny teknologi og finanskrisar.»

Usminka framstilling

Setninga rir inn på ryggen av opningssetninga om at Covid-19 har minna verda om kor skjør den er. Men jamvel om Covid har vorte handsama på ein måte som ikkje har ført til massedød, og med det skil seg frå tidlegare pandemiar, så er det fleire utfordringar som lurer bak horisonten.

Analytikarane som har skrive, gjer heller ikkje uttrykk for at dei veit 100 prosent kva framtida vil gje. Dei siterer mannen som var ein av dei viktigaste etterretningsteoretikarane i det førre hundreåret – Sherman Kent, som sa at:

«Etterretning hevdar ikkje at den er ufeilbar i sine profetiar. Etterretning meiner berre at den har svaret den gjer er det djupaste, mest objektive og gjennomtenkte estimatet.»

Ønsketenking er altså ikkje eit verktøy her. Dei fem tema, som er dekka i rapporten, er ganske ulike, men nokre av dei overlappar òg. Dei er delt inn i globale utfordringar, fragmentering, ubalanse, kappestrid og tilpassing.

I seg sjølv er ikkje desse orda meir enn turre bein, men DNI gjer nok kjøt på beina til at dei vert levande. Me skal freiste å gjere det same.

1. Globale utfordringar

Med globale utfordringar meiner ein ting som ikkje er direkte knytt til menneskelege drivarar, men som vil medføra trykk, og i verste fall sjokk som vil vere katastrofale, for statar.

I denne boksen talar ein om klimaendringar, sjukdom, finanskrisar og teknologiforstyrring. Rapporten slår an at alle desse faktorane vil skje oftare og auke i alle regionar og land dei to neste tiåra.

2. Fragmentering

Jamvel om verda aldri har vore så knytta saman som den er i dag gjennom den moderne kommunikasjonsteknologien, handel og flytting av folk så opplever ein ei auka fragmentering. Dette skjer innanfor samfunn ned på lokalnivå, i statar og i det internasjonale samfunnet. Ein ser at samfunn vil sjå ei auka urbanisering, kor det vert utvikla teknologi som gjer at ein vil vere såkalla hyperoppkopla i dagleglivet i alt frå økonomi, helse og bustadar.

OPPKOBLA: Dette biletet er teke i 2011 og viser ei kvinne som trenar i trappene på Red Rock amfiteater ved Denver i Colorado. Amfiteateret er ifølge nyhetsbyrået AP eit av stadane Amazon skal introdusere teknologien sin "Amazon One", som inneber at forbrukare kan betale ved å stryke handflata si.

Det var 10 milliardar maskinar kopla til nettet i 2018, som vil auke til 64 milliardar i 2025, og kanskje fleire billionar i 2040.

Alle vil verte monitorert i sanntid. Jamvel om det vil lette livet for mange, vil det òg verte enklare å drive digital undertrykking og kontroll av befolkningar. Jamvel om ein ikkje driv undertrykking er det større fare for at folk søker likesinna og tenker innanfor «siloar» kor folk deler deira eigne syn.

Med andre ord ventar ein ei verd som både er globalisert og knytt saman, men kor det òg vert større fragmentering.

3. Ubalanse

Kort sagt handlar dette punket om at det i land og lokalsamfunn vil kome eit aukande gap mellom det folk har av krav og det styresmaktene kan levera. Det vil på sikt styrke tendensane me har sett dei siste åra med protestar mot regjeringar som ikkje klarar å innfri det dei lovar.

På sikt kan dette føre til at gamle system frå normer til korleis ein styrer land vil kome under auka press, og i nokre høve verte viska vekk. Den store utfordringa er at ein ikkje har noko gitt svar på korleis alternativet vil vere.

Kort sagt det vil verte ei utfordring for demokratiet.

4. Konkurrering

Ein vil i dei komande åra sjå ein aukande konkurranse på alle nivå få lokalsamfunn, via statar til den internasjonale arena. Ein ser at det er auka spenningar, oppdeling og konkurransar i samfunna rundt om i verda, òg grunna at folk har ulike identitetstilhøyring.

Statar vil sjå auka press for å møte dei aukande krava til befolkninga, og som eit resultat vil politikken verte meir flyktig og kranglevoren.

BJEFFAR: Ein hund med skiltet "GRRR!" deltek i ein demonstrasjon i Brussel mot styresmaktanes nedstenging av kulturlivet for å hindre spreiing av omikron-varianten av koronaviruset. Biletet er datert 26. desember.

Verken regionar, ideologiar eller styringssystem vil vere immune mot desse endringane. Internasjonale vil det fyrst og fremst manifestere seg via utfordringa som Kina medfører mot det USA og vestleg leida internasjonale systemet. Denne konkurransen vil gå føre seg på fleire plan frå informasjon og media på den eine sida, til handel og teknologiutvikling på den andre.

5. Tilpassing

I kva grad land kan tilpasse seg endringane vil vere nøkkelen i åra som kjem. Det handlar om alt frå å tilpasse seg klimaendringar, til demografiske endringar, som eldrebølga, og vidare inn i teknologien.

Samfunn som kan få auka aktivitet som følgje av kunstig intelligens (AI), vil kunne hauste fordelar. Men det vil ikkje kome utan endringar i korleis ein arbeidar. Samstundes meiner ein at samfunn som klarar denne tilpassinga av arbeidsstokken kan ha større sjansar for å dømme opp for misnøya, og skape ei sterkare kollektiv tru på samhandling.

Utfordringar konkretisert

Medan dei fem punkta ovanfor utgjer rammeverket i rapporten, ligg det mange interessante og utbroderande poeng lengre ut i rapporten.

Hovudbodskapen er at me no står føre ei markant endring på mange felt som me har vore vane med at er relativt stabile. Det vil ikkje vere formålstenleg å ta med alt frå rapporten, men ein del av poenga kan vere verdt å sjå litt nærare på. I dei komande tiåra vil dei fysiske effektane av klimaendringane slå inn sterkare, seier DNI.

Høgare temperaturar, stiging i havnivået og meir ekstremt ver vil ha ein effekt i alle land. Men, kostnaden og utfordringane vil verte sterkast for utviklingslanda. Dette vil truleg medføra auka press for å gjennomføre såkalla klimaengineering, som vil seie at ein manipulerer jordas klimasystem.

TØRT: Dette biletet frå 2011 viser somaliske flyktningar som gjeter ein geiteflokk ved Ifo flyktningleir i Kenya.

Ein ser òg føre seg auka debattar om kor raskt ein skal innføra nullutsleppsmåla. Dei auka temperaturane vil fyrst og fremst ha store konsekvensar i sentrale delar og på austkysten av Nord-Amerika, i Sentral-Europa, kring Middelhavet, Nord- Afrika og Midtausten, samt i Sør- og Sentral-Asia.

Eitt av resultata av dette er auka migrasjon.

Folkevandringstida

Demografien vil òg spele inn her. Det er venta at verdas befolkning vil auke fram til 2040, og at ein då vil ha omtrent 9,2 milliardar menneske på jorda. Den største veksten vil kome i Afrika sør for Sahara og i Sør-Asia. Samstundes vil det skje ei auka urbanisering i desse landa.

Samstundes som folk flyttar frå landsbygda til byane, vil ein òg sjå ein auka straum av flyktningar ut av Afrika til land som er betre utvikla, i hovudsak Europa. Dette vil igjen føre til auka press på regjeringar om å handsame migrasjon, noko som igjen kan skapa ustabilitet i nokre land, og bidra til at Asia vil tena på dette.

På det økonomiske feltet spår ein vidare vekst i den nasjonale gjelda som statane har, eit meir komplekst og fragmentert handelssystem, nye sysselsettingsproblem, og ei aukande vekst for dei store selskapa.

HANDEL: Dette biletet frå containter-havna i Shanghai i Kina, er datert 10. juli 2021.

Den asiatiske økonomien har derimot større sjanse for auka vekst, jamvel om det vil skje i litt mindre tempo enn det som har vore høve dei siste åra. Ein ser òg ei markant endring i arbeidsmønstra. Studie sitert i rapporten antar at automatisering kan fjerne omtrent 9 prosent av jobbane, og radikalt endre så mykje som ein tredjedel av dagens jobbar dei neste 15-20 åra.

Men på plussida vil ein òg skape nye jobbar, som tilsynelatande vil verte fleire (cirka 97 millionar) enn dei som går tapt (cirka 85 millionar). Utfordringa vert om ein klarar å omskolere arbeidsstokken inn i desse nye jobbane, som vil krevje eit høgare utdanningsnivå enn mange av dei som går tapt.

Men det er ikkje berre blant dei lite utdanna det vil kome automatisering, men òg i jobbar som tradisjonelt har hatt høge inntekter, som legar, ingeniørar, og universitetstilsette. Nøkkelen er å gjere utdanningsløpet rett, skriv dei i rapporten.

Det vert òg skrive mykje om endra handel, nye og meir fragmenterte handelssystem, superselskap og så bortetter. Når det gjeld økonomisk vekst vil Asia få ein større del av den globale handelen og veksten òg i åra som kjem.

Den tenkande maskinen

Me står føre ei ruvande teknologisk utvikling dei komande tiåra. Det vil kome ein auka konkurranse om «dei beste hovuda» og ein kamp om å få dei teknologiske fortrinna. Igjen, som i det militære, spår ein at dei to hovudkonkurrentane på dette feltet vil verte USA og Kina.

EIT HUNDELIV: Ein lokal hund reagerar på robothunden "Spot" i Erfurt i Tyskland 20. april 2021.

I 2040 vil AI verte mainstream. AI vil seie at tenking og problemløysing kan gjerast av maskinar i staden for menneske og dyr. Ein graf syner at kunstig intelligens kan overta den menneskelege mot slutten av perioden. Alt dette kan gje betre liv på mange felt, som helse, tryggare transport, personalisert utdaning med vidare.

Samstundes kan endre krigføring, og misbrukast der, minke våre private sfære, og når alt er netta opp, sjølvsagt gje moglegheiter for å gjere åtak mot system, eller undertrykke folk.

Og til slutt står me attende med folket. Som dei siste åra har synt, har misnøya med det politiske leiarskapet, slik me har kjent det store delar av etterkrigstida, auka. Det syner klårt frå rapporten at DNI har tatt innover seg om at det skjer endringar i samfunna.

«Svakare økonomisk vekst og framsteg menneskeleg utvikling, sett saman med raske endringar i samfunnet, har gjort store segment av verdas befolkning usikre og i tvil om kva framtida, samt gitt ei mistru mot institusjonar og regjeringar.»

Ekkokammer

Som nemnt ovanfor søker òg folk meir inn mot likesinna og folk som delar deira syn. Det gjelder både etnisk tilhøyring, religiøse og kulturelle identitetar, samt grupperingar innafor interesser og saker.

Ein stenger ute motrøyster, og opprettar med det siloar kor ein er isolert frå meiningar og justeringar. Via sosiale media vert folk òg betre til å mobilisere for å rope ut sin frustrasjon og krevje ressursar og anerkjenning frå regjeringar. Ein ser kort sagt ein auka pessimisme. Noko som òg opnar opp for motstandarar å spele på og kaste meir bensin på bålet. Misnøya med styresmaktene vil etter alt og døme halde fram i åra framåt, og folket vil ha og krevje meir.

Til slutt ser ein òg ei endring i globale normer. Det vil ikkje lengre naudsynt vere Vesten som leiar an i den systemiske kampen om korleis det internasjonale systemet skal fungere i åra som kjem. Får me ei større blokkdanning? I kva grad vil ein søke trøyst i andre og mindre demokratiske styreformer i åra som kjem? Spørsmåla er mange.

Den lange rapporten til DNI stiller mange høvelege og vanskeleg spørsmål. Dette er ei usminka framstilling av framtida. Mot slutten teiknar ein opp ulike scenario om korleis ein kan kome betre ut på den andre sida av horisonten i 2040.

USA og Kina finn saman og jobbar for ei betre verd og utvikling, til dømes. Men, det rosenraude scenarioet er ikkje det dominerande i denne rapporten. Det er mange skjær i sjøen framåt, og jamvel om ein les dette dokumentet med amerikanske biller, så er det mykje som òg gjeld Noreg her. Fragmentering, misnøye, klaging er alt ein del av kvardagen, jamvel om Noreg står på sterkare økonomiske føter enn mange andre vestlege land.

At Noreg er eit lite land, med ei relativt liten folkesetnad gjer det òg enklare å få til samlande tiltak enn det som er høve i dei store, og kanskje meir fragmenterte landa. Men uansett så vantar det ikkje utfordringar for Noreg òg fram mot 2040.

Den nye forsvarskommisjonen må kanskje gjere meir enn å telje tanks og så på alliansar når den byrjar arbeidt i det komande året. Mellombels kan me andre lese rapporten til DNI og vone på det beste, men førebu oss på det verste. Lærdommen er klokkeklar: Ein kjem lengst om ein drar i lag.

Powered by Labrador CMS