Kultur:

«Det forberedte sinn utnytter mulighetene best», heiter det i eit ordtak fra Forsvarets Etterretningsskole. Kjetil Anders Hatlebrekke skriv opplysande om etterretning, meiner Asgeir Ueland.
«Det forberedte sinn utnytter mulighetene best», heiter det i eit ordtak fra Forsvarets Etterretningsskole. Kjetil Anders Hatlebrekke skriv opplysande om etterretning, meiner Asgeir Ueland.

Etterretningsteorien som kom inn frå Volda

Boka er i alle høve eitt godt forsøk på å løyse utfordringar innanfor etterretningsfaget, skriv Asgeir Ueland om «The Problem of Secret Intelligence».

Publisert

I andre Samuelsbok kapittel 21. vers 19. står det skrive at det var ein Elhanan som drap Goliat. Her vil protestane kome raskt. Ein treng ikkje ha lese Bibelen for å kjenne uttrykket Davids kamp mot Goliat. Og me har alle, i alle høve tidlegare, lært soga om gjetarguten David, som slo ut krigskjempa Goliat med slynga si. Det er med andre ord ei etablert sanning. At denne Elhanan skal ha gjort det i staden endrar heile konseptet for vår forståing av hendinga.

Ein kan sjølvsagt diskutera om det var David eller Elhanan som drap Goliat. Det er ikkje sikkert at me nokon gong vil vite kven som gjorde det. Men spørsmålet kring kven som ga Goliat hans bane er eit godt døme på kva denne boka handlar om.

Problema Kjetil Anders Hatlebrekke, som er tilknytt Forsvarets etterretningshøgskole (FEH) og opphaveleg frå Volda, tar opp i denne framifrå boka om etterretning er noko me alle kan lære av. Jamvel om vår kvardag ikkje er i skuggeland, har boka innsikter og kunnskap som er nyttige langt utafor etterretningsverda.

Hatlebrekkes bok ble utgitt i 2019 på Edinburgh University Press.
Hatlebrekkes bok ble utgitt i 2019 på Edinburgh University Press.

Komplisert kvardag, skandalar, populærkultur, mislykka operasjonar og ein og annan suksess er dei fire etterretningspilarane som lekmannen møter filtrert gjennom media. Men som både boka til Hatlebrekke og ein aukande akademisk produksjon knytt til etterretnings syner – er ting meir komplekse enn det. Det er innafor den komplekse kvardagen at forfattaren freistar å gjere ein skilnad. Drivkrafta er det gamle og gode spørsmålet om korleis ein kan unngå feil. Dette er med andre ord ei bok om korleis etterretning kan bli betre, og korleis ein kan verte meir merksam på kva utfordringar som står føre ein når ein ser og analyserer hendingar.

Bokfakta:

«The Problem of Secret Intelligence»

Av Kjetil Anders Hatlebrekke

Edinburgh University Press

326 sider.

Dei beste forholda

Det er utvilsamt ein del overlapp mellom etterretning og det som Hertugen av Wellington sa attende på 1800-talet: «Heile krigskunsten handlar om å gjette kva som er på andre sida av haugen.» I denne boka legger forfattaren fram ei ny syntese om korleis ein kan skape dei beste forholda for å gjette kva som finst bak haugen. Den byrden, eller åket, ligg oftast hos dei tause heltane i etterretningsfaget – analytikarane.

Boka er delt i tre. Dei to fyrste delane er ei vandring i ulike problem som ein har møtt i etterretningssoga og teoriar som er utvikla. Den siste og lengste delen er ei sakstudie rundt etterretningssvikten før 11. september 2001. I alle tre delane kjem Hatlebrekke fram med sine syntesar, før han konkulderar med korleis vegen vidare bør eller kan vere.

Altså kva lærdommar ein kan hauste frå gamle mistak. Om ein er medviten om mistaka frå tidlegare kan ein unngå å gjere dei same feila oppatt, og med det levere eitt betre etterretningsprodukt i framtida. For å syna korleis det heile heng saman må me ta oss ein liten fagturne basert på boka. Det vert lite Bond, James Bond, her. Men vonleg kan ein få nokre innsikter i kor komplekst og utfordrande dette faget eller kunsten er. For jamvel i spørsmålet om etterretning er eit fag eller ein kunst har det framleis ikkje kome noko einsidig svar.

Etterretningssvikt

I og med at etterretning, som nemnt, òg har vekse fram som ein akademisk disiplin, er det i hovudsak to greiner som dominerer det veksande treet av kunnskap ein finn utanfor dei lukka romma. Det er reine historiske arbeid på den eine sida, og teori på den andre. Eit sentral tradisjon innanfor den siste delen handlar altså om etterretningssvikt, med andre ord: Kvifor går ting galt?

Det er mange fallgraver langs vegen det er lett å vada inn i både innanfor etterretning og i verda generelt. Med denne boka kan ein i alle høve koma utanom nokre av dei.

Redusere det usikre Argumentasjonen til Hatlebrekke er denne: Etterretning er ein kognitiv aktivitet, eller tenking som dei seier på Sunnmøre. Og essensen i etterretning vert reflektert av hovudprinsippa i kritisk rasjonalisme. Etterretning må ein difor forstå som: «Hemmeleg tilverka visdom som går utanpå avgrensinga som formell tenking gjer, og som gjer usikre estimat mindre usikre, og som dimed dannar politiske, strategiske og operasjonelle fordelar ovanfor motstandaren.» (Mi omsetjing red. mrk.) Med andre ord, ein kan aldri vite heilt sikkert kva som er bak haugen, men ein må streva for at det ukjende og overraskinga som ventar bak den vert så liten som råd er.

Korleis gjer ein så det. Tradisjonelt er nyttar all etterretning det såkalla etterretningshjulet. Det finst ulike og utvida versjonar av det, og Hatlebrekke utvidar hjulet ganske mykje i denne boka. Tradisjonelt har hjulet vore slik: Retningslinjer (frå oppdragsgjevar i hovudsak Staten), innsamling, handsaming, analyse, formidling (til oppdragsgjevar) og tilbakemelding. Det er mykje som kan gå gale i denne prosessen. Kva tenker og veit oppdragsgivar? Gjer dei etterretningsorganisasjonen rom til å hente inn det dei har potensiale for å henta inn, eller køyrer dei eit sikkert løp for å unngå risiko? Veit dei kva verdiar ein kan få ut av etterretninga hos allierte? Og så vidare. Innsamlinga er det ein får inn frå felten anten det er med såkalla Humint, menneskeleg etterretning, Signint, signaletterretning. Osint, opne kjelder, Imint geografisk eller biletetterretning, for å nemne nokre felt. Men dei to store proppane ligg i handsaming og analysen, og i ein viss grad i sluttproduktet.

Å lukke seg

Svarte svaner, gamle soger: Det er to faktorar som har vekse fram som kjende døme på korleis etterretning kan gå galt i desse prosessane. Kognitiv lukking og svarte svaner. Den fyrste delen har vekst fram frå psykologien og har slått rot i analysen kring etterretningssviken før Yom Kippur krigen i 1973. For å gjere det enkelt: Etterretningsleiinga i militæretterretninga, AMAN, hadde utvikla det dei kalla «konseptet» om ikkje Egypt fekk langtrekkande rakettar ville dei ikkje gå til åtak. Sjef AMAN Elie Zeira hadde altså «fryst» seg, og sagt at utan A ville ikkje B skje.

Å lukke seg kognitivt er eit menneskeleg behov når ein opplever noko som usikkert og i kriser. Og jamvel om nokre seier at ting er annleis, så vil ein ikkje høyre på dei av di ein har fryst tankegangen. Det kan vere så banalt at ei bedrift går dårleg og er i ferd med å hamne i grøfta. Revisor åtvarar, men i staden for å ta grep lånar ein meir pengar i von om at ting skal snu. Det endelege resultatet vert verre og ein tiner ikkje opp att før ein står føre døra til skifteretten.

Å lukke seg kognitivt er eit menneskeleg behov når ein opplever noko som usikkert og i kriser.

Hatlebrekke tek òg fram induksjonsproblemet, som i si tabloide form kallast for «svarte svaner». Det klassiske døme på induksjon er: Alle svaner er kvite. Så ein oppdaga Australia kor det var svarte svaner. I desse koronatider kan ein til dømes sei: Ein har vore klar over det kan kome ein pandemi, men den svarte svana nedstigninga og stillstanden i økonomien og dei konsekvensane det kan få på sikt.

I denne boka er 11. september 2001 eitt glitrande utlagd døme – ein såg ikkje føre seg at terroristar kunne nytta sivile fly for å gå til åtak på mål. Men òg dei svarte svanene kan ein sjå om ein gjer nok for å dele informasjon og set dei rette brikkene saman. Rapporten etter 11. september syner at det var nok materiale der til å stogga åtaket, men at det ikkje vart delt nok mellom dei ulike amerikanske etterretningsorganisasjonane. Boka gjer òg eit godt bilete av kvifor induksjon er farleg, altså at ting skjer om att etter kjende mønster. Proppen i sluttproduktet er sjølvsagt i kva grad oppdragsgjevar tar inn over seg eller les den sterkt filtrerte versjonen som til slutt hamnar på pulten deira.

Det er her Haltebrekke kjem inn med syntesen. For at ein skal kunne sjå desse farane må ein ha ein kultur som gjer opning for å kunne vere kjettaren i rommet og seie mot sjefen, og ein må dela informasjon mellom ulike organisasjonar. Jamvel om det meste av innhaldet i boka er henta frå den angelsaksiske sfæren, særleg USA, er dette noko som er gjengs gyldig i fleire vestlege land.

Ein kan til dels sei at amerikanarane lærde ei lekse i 2001, og det vart til dømes delt masse informasjon under opprørsnedkjempinga i Irak i 2006-7. Samstundes kom det uheldige følger av denne «need to share» tenkinga. Snowden og Assange og spreiinga av etterretning på Wikileaks kan i stor grad tilskrivast deling av etterretning i stor skala. Ein kan òg hevda at om ein deler for mykje, kan ein legge seg open for utru tenarar, som til dømes har personelge motiv for å gå til pressa. På den andre sida er ikkje slike lekkasjar ukjende frå Den kalde krigen då «need to know» var overskrifta. Men om eg skal sette fingeren på noko i denne boka er det kanskje drøfting rundt dette spørsmålet. Men det er i hovudsak lette krusingar på vantet, og knapt nokon syndeflod.

Uansett kor rasjonelle folk er, eller vert trena til å vere så er dei sårbare for irrasjonalitet. Det veit alle som har vore forelska.

Rosenborg på San Siro Teorien som Hatlebrekke utviklar handlar altså i hovudsak om korleis vegen til mindre uvissa må byggast. Eg skal ikkje gå inn på dei djupare filosofiske utleggingane hans her, men han lener seg ein del på Karl Popper sin teori om påvising av kva som er galt. Kartet han teiknar opp her har ein hensikt – å gjere fagfolka betre i stand til å sjå eigne svakheiter og avgrensingar. Dei skal verte meir medvitne om korleis deira eige hovud kan ta dei ut på vandringar opp det gale dalføre, med ei katastrofale konsekvensane det kan få. Jamvel om boka kan vere litt av eit maraton for dei som ikkje er vane med å lese akademiske tekstar bør den lesast av alt frå e-offiserar i HV til bedriftsleiarar, og ikkje minst politikarar og tilsette i departementa. Men der Hatlebrekke legg fram eit ganske optimistisk syn på korleis ein kan betre kvardagen for etterretninga, er underteikna meir pessimist. Eg trur rett og slett eigeninteressa som drivkraft er for sterk for mange, og dimed vil ein framleis jage opp feil dalføre i von om å verte geniforklart. Kanskje er det den innebygde skepsisen me som kjem frå humaniora har?

At eit slikt kart over etterretningas villmark av speglar vert produsert av ein nordmann, har noko av Rosenborgs siger på San Siro over seg. Det er eit arbeid som er oppe på Meisterliga nivå. Og jamvel om eg ser nokre småskadar her og der, som eg kunne tenkt meg å diskutert vidare. Til dømes. Uansett kor rasjonelle folk er, eller vert trena til å vere så er dei sårbare for irrasjonalitet. Det veit alle som har vore forelska. For lekmenn og kvinner som les boka vil alt ein har tenkt om etterretning til no verte snudd på hovudet. Dei vert ført inn i nye måtar å tenke på. Men, og det er ei åtvaring, dette er ikkje ei bok som er enkel. Det er ei bok som krev hardt arbeid og pennen i handa.

Likevel er boka noko meir enn berre til innvortes bruk på FEH og liknande stadar. Det er òg folkeopplysing. Etter å har kome gjennom kan lesaren sette fleire skap på plass enn det er rom for her i meldinga. Og ein har med eitt fått nye verktøy til å freista finna ut om det var Elhanan eller David som drap Goliat.

I skuggeland

Det er mange fallgraver langs vegen det er lett å vada inn i både innanfor etterretning og i verda generelt. Med denne boka kan ein i alle høve koma utanom nokre av dei. Men i skuggeland som i sjølve livet kan ein aldri vere heilt sikker. Klarar ein å redusere det usikre, har ein i alle høve ein sjanse til å kome fram til målet, er kanskje essensen i det forfattaren legg fram her. Spørsmålet framåt er om folk vil høyre på bodskapen til Hatlebrekke.

Boka er i alle høve eitt godt forsøk på å løyse utfordringar innanfor etterretningsfaget. Så får me sjå om røysta frå Volda, for å halde oss til det bibelske, vert høyrt. Eller om den som hos Johannes døyparen berre ropar i villmarka i eit varsel om det som skal kome, men som ingen vil høyre på.