Bokanmeldelse

ETTERRETNING: Boken skrevet av Frode Kristoffersen og Kjetil A. Hatlebrekke gir etterretning på et forenklet språk mener bokanmelder Asgeir Ueland.

Bokmelding: Forteljingar frå skuggeland

Denne boka gjer altså eit godt innblikk i kva etterretning er, kva etterretningstenesta driv med, og dei utfordringane ein har i ei kompleks verd. I så måte er boka ei god vaksine mot Google-ekspertisen, to klikk unna, skriver bokanmelder Asgeir Ueland.

Publisert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forfatter Asgeir Ueland har anmeldt boka «Etterretning – Oppdragene, menneskene og faget: Fra innsiden av den norske etterretningstjenesten» skrevet av Frode Kristoffersen og Kjetil Hatlebrekke.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

For fyrste gong har det kome ei bok frå innsida i den norske etterretningstenesta som ikkje handlar om brotne løfte, forbigåing i tilsettingsprosessar eller bitre menneske. Historisk har desse motiva vore ein sterk drivar kvar gong det har kome bøker om ulike etterretningstenester, òg i Noreg. Christian "C. C." Christensen og Svein Blindheim er to historiske døme på tidlegare tilsette i «tjenesten» som hadde ei kake å mæle. Frå utsida har ein stort sett hatt det historiske arbeidet til Olav Riste og Arnfinn Moland «Strengt Hemmelig», men den stoggar i 1970. Lund-kommisjonen har òg gitt nokre innblikk. Det finst òg nokre andre verk om norsk etterretning. Men kort sagt er bøker om det hemmelege Noreg avgrensa til ei bokhylle, medan sogene om tilsvarande tenester i utlandet nærmar seg eit bibliotek.

I Vesten har det gått føre seg ei akademisk vekst både i etterretningssoge og faget, òg i Noreg. Men ein ennå ikkje kome heilt på utanlandsk nivå når det gjeld publisering. Britane har til dømes fått ei offisiell soge om både MI5, MI6, signaletterretninga GCHQ og Joint Intelligence Committee (JIC). På andre sida av Atlanterhavet kan ein vada i bøker og frigjorde dokument frå CIA. Studiar og sogelæring har oftast vorte haldne innomhus. Det kan vere både ein psykologisk og historisk grunn til dette. Skepsisen til hemmelege tenester i Noreg har vore sterk, noko som truleg heng saman med arva etter 68-arane og Lund-kommisjonen. Det kan verka som reaksjonane på denne støyen har vore i ånda til vår gamle statsminister Christian Michelsen, og at den ståande ordren vart: «Nu gjelder det å holde kjeft!».

HEVER KUNNSKAPSNIVÅET: Boka gir en god innføring i hva som kreves for å jobbe med etterretning mener bokanmelderen.

Etterretning til folket

Med boka til Kristoffersen, (i dag attende i spesialstyrkane), og Hatlebrekke, så er ein ikkje lengre innanfor tagnadens sjanger. Den noverande sjefen for e-tenesta, Nils Andreas Stensønes, varsla òg at ein må verte meir opne om etterretning. Det same sa òg sjefen for britanes MI6 i fjor. Likevel trur eg ikkje denne boka naudsynt er eit raskt svar på signala om nye tider. Kjetil Anders Hatlebrekke har lenge vore ein formidabel utdannar innanfor etterretningsfaget, både i lukka og opne kurs. Han har predika ei meir opne tilnærming i fleire år, mellom anna i meisterverket The Problem of Secret Intelligence.

Om den førre boka var avansert, så er delar av denne nye boka ei slags folkeutgåve – lekmannens veg inn i etterretningsverda. Saman med kapitla om etterretningsteori, som eg utvilsamt vil sei er dei nyttigaste verktøya i boka, så får ein to parallelle mini-biografiar om forfattaranes tid i etterretningstenesta og Forsvarets spesialkommando (FSK). Nokre stadar, som i Afghanistan for omtrent 20 år sidan, overlappar liva deira bokstaveleg tala. Andre gonger jobbar dei på ulike stadar som Balkan eller Irak, eller med andre folk frå e-tenesta. Hatlebrekke fortel om vegen inn i etterretninga, oppdrag for HUMINT-avdelinga E14 (HUMINT = menneskebasert innhenting), og korleis han opplevde ei slags akademisk vekking for faget under studie i London. Han skriv ganske nært om kjenslevart om periodar i livet, nesten som ei slags oppsummering av livet. Mellom det faglege og alvorlege finst det fine parti med rein livsvisdom frå Hatlebrekkes penn her.

Spesialsoldatens etterretningP

Brorparten av Frode Kristoffersen sine kapittel, sett vekst frå det som handlar om oppveksten i Nord-Noreg, er meir rett på sak. Grovt sett handlar det om korleis han brukte etterretningstenesta og samarbeidet med dei under dei ulike «deployeringane» til Afghanistan. Ein ser òg korleis samarbeidet utvikla og vaks fram med åra, heilt fram til den dramatiske evakueringa i 2021. Om ein stoggar litt opp i lesinga så kan ein seie at Kristoffersen skriv som ein spesialstyrkemann – oppdraget skal løysast, medan Hatlebrekke er litt meir filosoferande. Eg tykkjer det fungerer og speglar to ganske ulike typar, som likevel har gått gjennom store oppdrag og utfordringar i lag. For lesarar som kjøpar boka for spenning så vil det nok vere dei personlege betraktningane frå teigen som fenger mest.

Det mest matnyttige i boka ligg i kapitla om etterretningsteori, og om dei ulike utfordringane ein står over for når ein skal unngå etterretningssvikt. Forenkla: Dra feil konklusjonar om ei hending eller ein situasjon. Her kan ein dra masse nyttige erfaringar inn i kvardagslivet òg. Og for ein som har lese den førre boka hans, må eg gje Hatlebrekke ros for måten han har klart å gjere ganske komplekse ting til godt og enkelt forståeleg for omtrent alle lesarar. (Dei konkrete tinga er djupare handsama i meldinga frå den boka i linken over).

Hevar kunnskapsnivået

Denne boka gjer altså eit godt innblikk i kva etterretning er, kva etterretningstenesta driv med, og dei utfordringane ein har i ei kompleks verd. I så måte er boka ei god vaksine mot Google-ekspertisen, to klikk unna. Samstundes er det òg ei god innføring i kva som krevjast for å jobbe med etterretning – ein ser kor samansat og kor mange ulike felt som skal fungere saman for å forstå verda rundt oss. Med denne boka har ein endeleg fått eit klårare bilete av kvardagen i ein organisasjon som på mange måtar har vegra seg for å framheve seg sjølv. Kanskje har e-tenesta vore litt for mykje på defensiven i det offentlege rom etter at internettrevolusjonen kom over oss. Med denne boka skjer det ei endring her.

Boka fekk meg òg til å tenke på eit par ting som kanskje er verdt å reflektere rundt. I kva grad speglar ei etterretningsteneste samfunnet den er ein del av? I kva grad veit oppdragsgjevarane, det vil seie regjeringa, kva ein kan få ut av etterretningstenesta? Til sjuande og sist er det regjeringa som skal handle ut frå den etterretninga ein får, og då kan ein òg velje å ignorere åtvaringar eller råd.

Ein står òg ved inngangen til ein ny industriell revolusjon med den kunstige intelligensens kome. Læreviljuge maskinar kan endre mykje av den verda ein held seg til no, og det vil naudsynt òg prege framtida på fleire måtar. Det er rett nok ei bok i seg sjølv, men det er eit tema som snart er over oss, og som kanskje kunne fått eit par linjer i kapittelet om teknologi. Det kapittelet har forresten ein feil. Det var bombinga til US Air Force som fekk tyskarane til å legge ned produksjonen av tungtvatn, og ikkje Gunnerside si sabotasje. Men dette syner vel noko av poenget med boka. Etterretningsfolk er til sjuande og sist menneske, og menneske gjer feil. Det er òg eit felt som ligg i gråsona mellom profesjon og kunst, i så måte er denne innføringa, og klargjeringa om kva som går ut frå Lutvann, eit lite kunststykke i seg sjølv.


Powered by Labrador CMS