Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Neste veke legg KV Andenes til kai etter sitt siste militære tokt, etter 41 år i teneste som kystvaktskip. Deretter skal ho strippast for våpen, sambandsutstyr og ammunisjon, slik at ho kan brukast som sivilt fartøy.
Annonse
Tips oss:
Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.
– Så vert ho lagt ut for sal, fortel sjef for Kystvakta Oliver Berdal til NRK.
Tysdag 3. oktober vart fartøyet takka av under eit arrangement i Bodø. Der var blant anna Torstein Myhre, KV Andenes si aller fyrste skipssjef, til stades.
Skipet vart overlevert til Sjøforsvaret tilbake i 1982 og er sidan den gong eit av fartøya i Sjøforsvaret som har gjennomført flest oppdrag utanfor norsk økonomisk sone.
Blant anna har KV Andenes delteke i fleire ekspedisjonar i Antarktis og segla i den Persiske gulf under Gulfkrigen i 1990 til 1991. Fartøyet har også delteke i oppdrag i forbindelse med dei russiske ubåtane Komsomolets – som sank vest av Bjørnøya i 1989 – og Kursk, som sank nord av Kolahalvøya i 2000.
KV Andenes deltok også i operasjon RECSYR, saman med fregatten KNM Helge Ingstad, då kjemiske våpen vart henta ut av Syria.
«Andenes» er eit skip av Nordkapp-klassen, som nå skal erstattes av den nye Jan Mayen-klassen. KV Jan Mayen vart døypt i november i fjor, og får selskap av KV Bjørnøya og KV Hopen.
Den nye klassen har ein lengd på 136,4 meter, breidd på 21,4 meter og eit deplasement på 9.612 tonn. Alle tre er forventa overlevert til Sjøforsvaret i laupet av 2024.