Kronikk

MARINEN: Heile Marinen, og store delar av Kystvakta, må anten skiftast ut eller kraftig moderniserast for å oppretthalde eit minimum av kampkraft, skriv Tor Ivar Strømmen. På biletet er KNM Gnist.

La ikkje krigen kome først

Russisk vilje til å bruke krig for presse igjennom sine synspunkt og mål er allereie grundig demonstrert.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.

Den siste veka har ettertrykkeleg synt at krig mellom statar i Europa slett ikkje er noko som høyrer historia til. Me veit og at Russland sine viktigaste militære kapasitetar, dei strategiske ubåtane, opererer i våre nærområde.

Desse ubåtane er sjølve garantisten for Russland si overleving og det eine som faktisk gjer dei til ei global stormakt. Dei er altså heilt avgjerande i ein krig både for Russland og hennar fiendar. Det betyr at i tilfelle krig mellom USA/Nato og Russland – uansett kor den har sitt opphav, så vil krigen kome til oss. Russisk vilje til å bruke krig for presse igjennom sine synspunkt og mål er allereie grundig demonstrert.

Me kan difor slett ikkje sjå vekk frå ein trugsel direkte mot Noreg, eller ein krig som impliserer Noreg.

Budd på at krigen kan kome

...dersom me ikkje kan hindre krig, så må me ha evne å kjempe effektivt for å verje landet, sjølvstende og vår framtid

Alt dette betyr at me må vere budd på at krigen også kan kome til oss. Noreg må difor treffe tiltak som helst hindrar at krigen kjem, men dersom me ikkje kan hindre krig, så må me ha evne å kjempe effektivt for å verje landet, sjølvstende og vår framtid, samt kunne hjelpe våre allierte i å verje Europa og den liberale og demokratiske verdsorden me ynskjer og er del i.

Eg tek her til orde for raske og rimelege løysingar som kan styrke Sjøforsvaret, men tilsvarande moglegheiter finnast også for resten av Forsvaret. Det er Forsvaret sin samla kapasitet som er avgjerande for om me lukkast med å oppretthalde vår fridom, vårt sjølvstende og våre demokratiske og liberale rettar.

Men Forsvaret som heilskap er avhengig av dei einskilde elementa er gode nok – difor skriv eg spesifikt om Sjøforsvaret her.

Eit lite sjøforsvar

I dag har Noreg eit lite sjøforsvar som er prega av utfordringar med bemanning, vedlikehald og ein sterkt aldrande struktur. Eit sjøforsvar som er alt for lite til å handsame alle oppgåver det skal løyse i krigstid, og dimed heller ikkje er spesielt skikka til å effektivt førebygge krig. Dei neste åra vil Sjøforsvaret bli ytterlegare svekka.

Heile Marinen, og store delar av Kystvakta, må anten skiftast ut eller kraftig moderniserast for å oppretthalde eit minimum av kampkraft i løpet av dei nest 5-8 åra. Per no manglar me både pengar og politisk vilje til å gjere dette. I tillegg vil sjølv ei full modernisering av noverande struktur, inklusive fire nye ubåtar og tre nye kystvaktfartøy, ikkje vere tilstrekkeleg til å løyse den bredda av krigsoppgåver Sjøforsvaret må kunne handsame.

Heile Marinen, og store delar av Kystvakta, må anten skiftast ut eller kraftig moderniserast for å oppretthalde eit minimum av kampkraft i løpet av dei nest 5-8 åra.

Å bygge eit stort og avansert krigsfartøy er ein svært tidkrevjande prosess. Vel me å kjøpe fullskala ein-til-ein erstatningar for noverande struktur eller som tillegg til noverande struktur, så vil den tidlegast vere på plass om 8-12 år.

Krigen kan kome i morgon!

Me må altså treffe tiltak som kan bøte på situasjonen me står i – og det raskt. Det nyttar lite å vere klar ti år etter at krigen er slutt.

Vi gi effekt

Det finnast minst fire tiltak som kan treffast i dag og som vil gi rask og god effekt.

  • Sjøforsvaret må få midlar til å kjøpe inn ammunisjon og dei våpen ein treng, samt midlar til å bringe noverande struktur opp til det beste den kan vere. Altså midlar til vedlikehald, oppgraderingar og trening. Kapasiteten til å gjere dette har me i stor grad, det er pengar som manglar.
  • Me må snarast få tilbake sjøminer i strukturen. Eit kampmiddel som vil vere eit svært effektivt nektingsmiddel og som i tillegg lettar oppgåvene for resten av flåten i stor grad. Dette kan me få til på svært kort tid dersom eigen industri blir brukt og dersom me gjer nytte av eksisterande teknologi. Det kostar heller ikkje store summar.
  • Me må snarast byrje å bemanne opp strukturen. Det betyr at me må auke opptaka til dei ulike militære utdanningsløpa snarast mogleg, me må reetablere ein reserve og øve denne, og me må treffe tiltak som reduserer fråfall av høgt kvalifiserte offiserar og spesialistar til det sivile. Altså fleire inn og færre ut.
  • Sist, men kanskje viktigast. Me kan raskt få ein langt større og sterkare struktur på plass dersom me utnyttar eksisterande teknologi, eige maritimt næringsliv og eigen geografi.

Fleire kan bygge

Det finnast i dag ei rekkje skipsverft og utstyrsleverandørar i Noreg som kan bygge små og enkle krigsskip raskt. Fartøy på maksimalt 50-60 meter, med stor nyttelast, men samstundes små nok til å operere i kystsona og dimed med evne til å dra taktiske vekslar på vår geografi.

Les også: Det er ein arroganse som diverre pregar store delar av forskinga på og debatten om norsk tryggingspolitikk, skriv Tor Ivar Strømmen.

Desse fartøya kan vere grunnleggande like, men ha ulik utrusting – slik at ein grunnklasse med fartøy kan brukast til ei rekkje av dei ulike sjømilitære oppgåvene me må handsame.

Dei kan bruke våpen, sensorar og sambandssystem av same type som me allereie har i strukturen. I sum kan me då, for ein rimeleg sum – som i tillegg hovudsakleg går til eigen industri, få ei rask auke i talet på plattformar, unngå utfordringar med å vere avhengig av utanriks produksjon og leveranse, ha alle utviklings og vedlikehaldskapasitetar nasjonalt, få likskap i strukturen og dimed lette utdanning og vedlikehald, samt og viktigast – raskt få på plass eit Sjøforsvar som er både meir kapabelt som krigsførebyggande terskel og som kan effektivt løyse oppgåver i krig.

La oss no alle vone at me som land og som politisk system er vaksne nok til å treffe naudsynte tiltak raskt!

Meir robust forsvar

Slike fartøy er ikkje brukande til alt, og vil dersom ikkje klokt brukt vere sårbare, men dei utgjer eit langt meir robust forsvar enn kva noverande struktur gjer og vil i stor grad styrke og utfylle dei viktigaste kampeiningane våre, altså ubåtar og jagarfly, slik at desse også blir meir effektive.

I mange år har militære og sivile fagekspertar etterlyst ei styrking av Forsvaret som kan gi oss den statstrykkleik me må ha, i mange år har våre politiske leiarar nedprioritert dette i trua på den evige fred og alliansegarantiar. La oss no alle vone at me som land og som politisk system er vaksne nok til å treffe naudsynte tiltak raskt!

Powered by Labrador CMS