2. verdenskrig

Stalins psykologiske nedkjøling

Før invasjonen av Sovjetunion 22. juni 1941 fekk Stalin over 80 etterretningsmeldingar om at åtaket var føreståande, men han ignorerte alle. No, 80 år etter, har me kanskje noko av svaret på kvifor leiaren for Sovjetunionen handla som han gjorde.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den 16. oktober 1941 braut delar av den tyske Hærgruppe Midt gjennom dei russiske forsvarslinjene utanfor Moskva. Bak den tyske spydspissen låg Den raude hær meir og mindre knust.

Då invasjonen av Sovjetunionen byrja 22. juni, mønstra Den raude hær 5.3 millionar mann. No var den nærast utrydda. Sovjetunionen stod i den største krisa landet hadde kjent. Spørsmålet Stalin stod ovanfor var om han personleg skulle evakuera Moskva eller ikkje.

Les også: Russland kontakter overlevende fra Stalingrad for å etterforske «folkemord»

Grep var alt tekne. Fabrikkar og folk vart flytta austover, nye soldatar var under trening. Men no var det viktigaste spørsmålet ein stilte seg i den sovjetiske hovudstaden: Skulle ein ofra Moskva?

Uri Bar-Joseph

  • Uri Bar-Joseph er professor ved Universitetet i Haifa.
  • Han er ein av verdas leiande forskarar på etterretting og etterretningssvikt. - Teorien om trongen til kognitiv lukking vart fyrste gong nytta i boka hans om Yom Kippur krigen.
  • Boka hans om spionen Ashraf Marwan (svigerson til den egyptiske presidenten Gamal Abdel Nasser), vart filmatisert av Netflix.

Det var rett etter det tyske gjennombrotet at Stalin kalla inn general Georgij Zjukov. Generalen var van med at Stalin feide god etterretning til side og ikkje ville høyra på generalane sine. No var tonen ein annan. Stalin bad Zjukov om ei ærleg meining, og ingenting anna.

Spørsmålet til Stalin var rett fram: - Er du sikker på at me kan halde Moskva?

General Zjukov svara at han kunne forsvara byen.

Stalin spurde att: - Er du sikker på me kan halde Moskva? Det smertar meg å spørje om det. Svar meg sant, som ein kommunist.

Zjukov stod på svaret.

Å stenge verda ute

Denne samtalen mellom Stalin og general Zjukov då alt såg vonlaust ut, er for den israelske etterretningsforskaren, Uri Bar-Joseph, augneblinken då sovjetleiaren endra seg. Gjennom å nytta ein teori frå psykologien om kognitiv lukking, meiner han å ha gitt svar på eitt av dei store spørsmåla knytt opp mot det tyske åtaket på Sovjetunionen sommaren for 80 år sidan.

Det store spørsmålet som er knytt til Operasjon Barbarossa er: Korleis kunne Stalin, trass i særs god etterretning, feie unna alle indikasjonar på åtaket var føreståande, og ikkje gjere noko i forkant av åtaket. Nøkkelen, meiner Bar-Joseph, ligg i hovudet til diktatoren.

FORSKER: Den israelske forskaren Uri Bar-Joseph hevdar at vegen til mysteriet ikring Operasjon Barbarossa ligg i Stalin sitt hovud.

Bar-Joseph er ein av verdas leiande etterretningsforskarar, ein akademisk disiplin som har vore i vekst dei siste 20 åra. Disiplinen handlar ikkje berre om å børste støv av gamle papir med fingermerke og kaffiflekkar kor det står stempla: «Strengt hemmelig», men òg i stor grad om feltet etterretningssvikt. Med andre ord: Kva er det som gjer at etterretningsorganisasjonar eller leiarar ikkje ser den overhengande faren som lurer i horisonten, trass i indikasjonar på at krigen er under oppseiling?

Det var under forsking på etterretningssvikta under den israelsk-arabiske Yom Kippur-krigen i 1973, at Bar-Joseph kom på sporet av den psykologiske teorien om kognitiv lukking. Alle varsellampene blinka, men sjefen for den israelske militæretterretninga, AMAN, avfeide det.

Kvifor var det slik? Medan han grunna på det spørsmålet kom han i kontakt med den amerikanske psykologen Arie W. Kruglanski. Då Kruglanski utbroderte funna i si eiga forsking om kognitiv lukking, fekk Bar-Joseph sin eureka-augneblink. Saman skreiv dei eit essay kor modellen vart prøvd på sjefen for AMAN, Elie Zeira.

I ei bok, som har fått relativt lite merksemd, freistar Bar-Joseph å prøva ut modellen på andre krigshendingar gjennom den moderne soga. Det mest interessante og katastrofale tilfellet er sovjetleiaren Josef Stalin. Bar-Joseph forsøker i artikkelen å trenge inn i hovudet på diktatoren, og med det finne nye svar på gåta rundt Operasjon Barbarossa.

Kald teori

Det var fleire ting som rørde seg i hovudet til Stalin. Han var ekstremt paranoid, og tenkte i konspiratoriske banar. Utreinskingane av hans eigne offiserar og etterretningsfolk frå 1937 av vitnar om det. Eit anna ekstremt trekk med leiaren var ei trong til å identifisera seg med fienden, altså Hitler.

Josef Stalin fotografert i 1941.

Her nyttar Bar-Joseph forskaren Jay Frenkel si forsking om offeret si trong til å identifisera seg med overgriparen. Desse to faktorane vert understreka av Bar-Joseph, før han går over til å forklara Kruglanski sin teori om trongen til kognitiv lukking. Her trør me inn i den mest kompliserte delen av Stalin.

Trongen til kognitiv lukking inneber: «Eit sterkt ønske for ei sikker slutning om eit tema. Ei sikker slutning om kva som helst, i motsetnad til eit tilfelle kor forvirring og tvisyn rår.» Folk med sterk trong til høg kognitiv lukking vil trekke ei slutning om eit problem tidlegast mogleg, og halde på denne slutninga lengst mogleg. Dette kallar Kruglanski «frysing». Ein er som fastfrosen, og endrar ikkje syn, jamvel om fleire ting rundt ein indikerer at ein tar feil.

Empirisk forsking som er gjort, tyder på at denne frysinga fører til konkret oppførsel som pregar handlingane til den «frosne», mellom anna:

1. Uvilje til å vurdera ny informasjon, særskild den som går mot tidlegare oppfatningar, etter at ein har frose. 2. Nekting og omtolking av informasjon som ikkje passar synet. 3. Sette klarleik, orden og samanheng (koherens). 4. Liten forståing for perspektiv som er annleis enn eins eigne. 5. Høg grad av sjølvtillit og sjølvsikkerheit. 6. Intoleranse for pluralisme og meiningar som avvikar. 7. Ein autoritær leiarstil og avgjerdstaking.

I tidsnød

Bar-Joseph syner at Stalin var godt innanfor desse sju punkta. Jamvel om Stalin ikkje var blind for at det ein dag ville kome ein krig mot det aggressive Nazi-Tyskland, var tida eitt problem. Det var òg den relativt dårlege operative krigføringa til Den raude hær under den fiske Vinterkrigen.

Han sette i gang militære reformer, og auka forsvarsbudsjetta markant. Etter planen skulle Den raude hær vere i ferdig opprusta våren 1942. I tillegg var Stalin sikker på at det ikkje kom noko åtak før Britane var nedkjempa, som for så vidt var i tråd med det gamle konseptet til Bismarck om at Tyskland måtte unngå ein tofrontskrig. Men Hitler hadde som kjent andre tankar enn den gamle jarnkanslaren frå 1800-talet.

GENERALER: Feltmarskalk Bernard Montgomery fra Storbritannia, general Dwight D. Eisenhower fra USA, general Georgij Zjukov og Frankrikes general Jean de Lattre de Tassigny utenfor det sovjetiske hovedkvarter i Berlin 5. juni 1945.

Den sovjetiske etterretninga hadde utover på 1930-talet vorte leiande på fleire felt. Menneskeleg etterretning, såkalla HUMINT, og signaletterretning, SIGNINT, samt analyseorganisering.

Så kom utreinskingane til Stalin, som byrja i 1937. Alt vart snudd på hovudet. For offiserar og etterretningsfolk vart det no viktigast å gje Stalin det han ville ha, og ikkje det som var stoda. Det stod bokstaveleg tala om livet, eller i beste fall internering i gulagleire fjernt frå makta i Moskva.

Ein lort med bordellar

Likevel leverte den militære etterretninga (RU), og den sivile, som sprang ut av NKVD, særs god etterretning fram mot åtaket sommaren 1941. Det har vorte telt minst 84 konkrete etterretningsåtvaringar før åtaket på Sovjetunionen, medan andre har identifisert over hundre. Likevel gjekk det gale, og nokre av reaksjonane til Stalin på etterretninga som kom inn, gjer ein ganske god innsikt i kva Sovjetunionens leiar tenkte.

Alt 20. mars 1941 åtvara amerikanske styresmakter om eit planlagt tysk åtak. (Åtaket vart vedteke 18. desember som Direktiv 21.). Stalin kalla det ein provokasjon.

19. mai rapporterte den sovjetiske toppspionen Richard Sorge frå Tokyo. Han åtvara om at tyskarane ville nytta 150 divisjonar i åtaket. Stalin: [Sorge er]…«ein lort som har bygd seg opp med nokre små fabrikkar og bordellar i Japan».

Litt seinare rapporterte den tyske ambassadøren i Moskva, Schulenburg, om åtaket. Stalin: «Desinformasjonen har no kome opp på ambassadørnivå.»

Nok ei åtvaring kom frå den russiske agenten i det tyske luftministeriet, Harro Schultze-Boysen, den 16. juni. Stalin var ikkje i tvil: «Kanskje me skal be denne «kjelda» å knulle seg sjølv, han er ikkje nokon kjelde, men ein lygnar.»

Då Churchill åtvara han om eit åtak, trudde Stalin det var britisk lureri. Delvis grunna rapportar om det motsette frå eigne spionar. Trass i alle åtvaringane vart Stalin verande i sitt frosne syn om at Hitler ikkje ville gå til åtak.

Feilgrep på austfronten

Den tyske suksessen etter invasjonen var òg eit resultat av sovjetiske tabbar. Forsvarslinja vart flytt til den tysk-sovjetiske grensa i Polen. Den var ikkje ferdig, og den gamle linja låg open. Ein forventa treffingar og ikkje storinvasjon.

Og sist, dei hadde rekna med at tyskarane ville sette hovudstøyten mot industriområda i Ukraina og mot Kaukasus. I staden rulla Wehrmacht for fullt inn i Kviterussland. Men det største problemet var at Stalin nekta å sende fram styrkar, i frykt for at det ville provosere fram krig.

POTSDAM-KONFERANSEN: Storbritannias statsminister Winston Churchill, USAs president Harry S. Truman og Sovjetunionens leder Josef Stalin i Potsdam i Tyskland 23. juli 1945.

Resultatet vart altså klårt då Stalin møtte Zjukov i Moskva i midten av oktober. Den raude hæren var omtrent ikkje meir, og hovudstaden stor i reell fare for å falle for det tyske åtaket.

Stalin kom gradvis ut av det lukka tilværet. Vedtaket hans om å verte verande i Moskva var kanskje den viktigaste avgjerda han tok. Zjukov kunne seie at han ville halde Moskva, grunna god etterretning frå Tokyo. Richard Sorge, med sine fabrikkar og bordellar, kunne melda at japanarane ikkje ville gå til åtak mot Sibir. Dimed kunne ein flytta 700.000 utkvilte soldatar frå Sibir til Moskva.

Den 5. desember kom motåtaket som tok tyskarane på senga.

Den same gamle

Då stoda var på det verste, hadde Stalin vore viljug til å lytta både til generalar og etterretninga. Men, skriv Bar-Joseph, åtferdsendringa til Stalin var berre delvis. Jamvel om han bad om nøyaktig etterreting og evalueringar, «heldt han fram med å stola på eigen instinkt… mot generalane sine råd sette han i gang Kharkiv-offensiven», som mislukkast.

For Stalin kom ikkje den fundamentale læringsprosessen før den katastrofale sommaren 1942. Berre då innsåg han si eiga avgrensa evne som militærstrateg, og let dei profesjonelle gjere jobben.

Les også: Stalin drømte om å innta Berlin på Lenins fødselsdag

For Bar-Joseph er løysinga på Barbarossa-gåta knytt til Stalin si sterke trong til kognitiv lukking. Etter krigen haldt Stalin fram som før. For sovjetarane var heltemotet frå krigen avløyst av banking på døra rundt midtnatt, og ein svart bil som forsvann i mørke. Truleg hadde Stalin lukka igjen for godt.

Josef Stalin fotografert i 1943

Det ligg sjølvsagt ei vidare læring for dei fleste innanfor dette feltet. Ting er ikkje alltid slik ein bestemmer seg for at dei er. Og jamvel om det er vanskelegare å nå inn i eit diktatur som Sovjetunionen var, så manglar det ikkje på døme om liknande lukking frå den demokratiske verda.

Om Bar-Joseph ikkje har løyst heile gåta kring åtaket for 80 år sidan, i regelen er det fleire enn ein faktor som spelar inn, har han i alle høve kome med ein plausibel forklaring på kvifor Stalin feide unna alle indikasjonar på det tyske åtaket.

I dag 80 år etter studerer og skriv ein ennå tjukke bøker om resultatet av Stalins manglande vilje til å ta åtvaringane på alvor. Det som byrja 22. juni 1941 er framleis den mest dødelege krigen i soga.

Faktaboks: - Uri Bar-Joseph er professor ved Universitetet i Haifa. - Han er ein av verdas leiande forskarar på etterretting og etterretningssvikt. - Teorien om trongen til kognitiv lukking vart fyrste gong nytta i boka hans om Yom Kippur krigen. - Boka hans om spionen Ashraf Marwan (svigerson til den egyptiske presidenten Gamal Abdel Nasser), vart filmatisert av Netflix.

Powered by Labrador CMS