Kultur:

SAS førte mange vågale raid frå Sahara til kontinentet, og med sine Jeepar skapa dei frykt hos fienden. I Bergen blei det derimot fleire riper i lakken sommaren 1945.

Mot slutten av krigen gjorde Special Air Service eit siste raid - mot politiet i Bergen

Dette er historia om planane britiske SAS hadde i Noreg under 2. verdskrig.

Publisert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det var mykje nytt frå Vestfronten sommaren 1944:

Dei allierte hadde brote ut frå strendene i Normandie. Paris var frigjort. I midten av september byrja operasjon Market Garden, den største luftborne operasjonen til då.

Dei viktigaste måla for krigen hadde for lengst flytta seg frå periferien til kontroll på kontinentet. Og periferien var Noreg. I fleire år låg landet i den strategiske skuggen av planleggingsarbeidet med Overlord, invasjonen i Normandie. Men medan operasjonen i Arnheim køyrde seg fast, var det nokre som tenkte på Noreg. I den såkalla skotske kommandoen jobba ein med ein plan kalla Apostle. I planen stod det korleis Noreg skulle frigjerast etter at Tyskland var slått på heimebane.

Oppdraget

Det var som ein del av Apostle var at ein fyrst byrja tenke på ei rolle for spesialstyrken Special Air Service (SAS) i Noreg.

Den britiske spesialstyrken blei danna i Nord-Afrika kor dei gjennomførte operasjonar bak fiendens linjer. Mot slutten av krigen kom SAS også til Noreg.

På dette fyrste møtet i september 1943 var SAS tenkt å utføre fire ulike oppdrag i Noreg.

* Dei skulle sikre landingsstader for styrker som kom sjøvegen eller frå lufta.
* Vere med å halde lov og orden.
* Sikre viktig infrastruktur.
* Arrestere gestapofolk og krigsforbrytarar.

Den gong bestod det britiske SAS av to regiment – 1 SAS og 2 SAS. Det var òg andre avdelingar som var franske og belgiske i same avdelinga, men dei hadde nok å gjere i sine respektive land.

Les og: llegal presse var eit viktig våpen under 2. verdskrig - men kampen om sanninga pågår fortsatt.

Oppdeling

Ei knapp veke etter møte blei planen stadfesta. Eit tillegg opna opp for å nytta to–tre lag til rekognosering før tyskarane la ned våpena. Hovudstyrken måtte vente. Utover hausten og tidleg vinter haldt ein fram med planlegginga for spesialstyrkane.

Ein delte jamvel Noreg inn i soner.

Amerikanarane sin spesialstyrke OSS (forgjengaren til CIA og Green Berets) fekk ansvaret frå og med Tromsø til og med Bodø. Frå Trøndelag og sørover skulle teigen delast mellom SOE, det vil seie Kompani Linge og SAS.

Hensikten no var at SAS aktivt skulle delta med sikring av objekt, såkalla anti-sabotasje. I midten av november hadde 1. SAS øyremerka 30 offiserar og 130 menn til oppdrag, mens 2. SAS stilte 40 pluss 280.

Sahara og Skottland

Diskusjonane den hausten kom lenger enn berre til papirmølla. For å operere i Noreg, uvisst når på året, trengte SAS trening i vinterforhold samt i skigåingas mysterier.

For regimentet som hadde byrja soga i Sahara, var det langt til nordavind og snøforhold.

Fleire alternativ blei lagt fram for å gje soldatane dei rette forholda: Vintersport, altså alpint, i dei franske Alpene var eitt. Eit anna var å sende dei til Canada eller Island, mens det siste var å nytta fjelltreningssenteret i Skottland.

Skitrening: Det var den enklaste løysinga som til slutt vart vald.

Og frå september og fram til februar 1945 var folk frå dei to regimenta under trening ved Banchory utanfor Edinburgh. For at vintertreninga skulle fungere, blei det sagt at ein skulle nytta norske offiserar og soldatar i treninga.

Diverre er det ikkje lista opp nokre nordmenn, men sidan dei velde den skotske løysinga, er det sannsynleg at det var nordmenn som ga skitrening og anna. Om dette stemmer, syner det at nordmenn trena opp SAS før rollene vart reverserte under Den kalde krigen.

Jamvel om det er ei fotnote i spesialstyrkesoga, er det uansett eit godt poeng for dagens spesialstyrkar over ei vennleg øl med sine britiske kollegaer – det var vi som byrja å trene dykk.

Soldatar frå Special Air Service gjør seg klare til eit fallskjermhopp under trening i Egypt.

«Betongblanding»

I desember 1944 skjedde det mykje på frontane i Europa frå Lappland til Ardennene. Den tyske lapplandsarmeen trakk seg gradvis tilbake til Lyngen med omtrent 200.000 mann. I Ardennene starta motoffensiven midt i desember.

Hendingane i det høge nord gjorde at dei allierte blei opptatt av å hindra at store tyske styrker kunne trekke seg tilbake til Tyskland og med det bidra i krigens siste fase. Planen som etter kvart blei kjent som Operasjon Betongblanding, byrja no å ta form.

I denne planen var 2. SAS tenkt ei aktiv rolle med å sabotere kommunikasjonslinjer, anten det var veg, jarnbane eller telefonlinjer.

Dei som sa nei, var den allierte leiinga under general Eisenhower, men i Skottland jobba ein vidare med å finne ei opning for SAS, trass i generalens nei.

Sabotasje

I starten av januar 1945 blei det planlagt operasjonar med amerikanske og britiske styrker. Dei skulle drive sabotasje saman med lokale norske motstandsgrupper.

Dei norske styresmaktene sa ikkje omgåande nei til planen, men sette eitt krav: Ingen av styrkane til dei allierte stormaktene skulle operere sør for Trondheim.

Grunngjevinga frå norsk side var frykt for at Milorg-grupper ville gå frå å vere ei undergrunnsrørsle til å gå i open kamp mot tyskarane.

For SAS såg ein fyrst på eit par bruer på Nordlandsbanen som mål, men til slutt stod ein att med ei bru som ikkje var med i starten, den ved Snåsamoen.

Skrinlagd

Etter planen med kodenamn Ibrox skulle eit lag på ti mann droppast inn med fallskjerm, linke opp med lokal motstand og øydelegge brua før dei vart guida trygt over til Sverige.

Operasjonen kom så langt at spesialstyrkane stod klar på flyplassen Tain i Skottland. Vindauget med nok månelys byrja 28. mars 1945, og dei sat stand by frå den datoen.

Om det var veret eller andre ting som sinka oppdraget er uklart, men 4. april kom meldinga om at det var utsett til neste fullmåne. Fem dagar seinare, og fem år etter den tyske invasjonen i Noreg, blei operasjonen skrinlagd for godt.

Dei to SAS regimenta vart flytta til kontinentet i eit nytt forsøk på å ta bruer over Rhinen i operasjon Varsity. Operasjonen var den største luftborne åtaket i krigen, og denne gongen lukkast planane.

Sola flyplass

SAS var no i Tyskland, langt frå Noreg. Ein plan som vart liggande i skuffa, hadde ein sett på om det var mogleg å ta og halde Sola flyplass før ein tysk kapitulasjon. Om denne operasjonen hadde blitt iverksett, ville det vore ein kopi av 1940 då tyske fallskjermjegerar tok flyplassen.

Det vart ingen ting av angrepet, men 3. mai 1945 vart SAS kalla tilbake til Storbritannia. Oppdraget denne gongen var omtrent ein blåkopi av planane frå september.

Dei landa på Sola som ein del av operasjon Apostle, frå 10. til 12. mai.

SAS var i Noreg.

«Mad» Mike

Forpartiet med den legendariske brigader «Mad» Mike Calvert i spissen hadde ei overnatting i Stavanger før dei rulla sørover til Kristiansand i jeepar, på lastebilar og tog. Dei oppretta hovudkvarter på Hotell Ernst og delte okkupasjonssona i to.

1. SAS vest for Otra til Fedafjorden og 2. SAS aust for Otra til fylkesgrensa til Telemark. I dagane på Sørlandet utførte dei helst vaktoppdrag samt patruljer opp dalføra med jeep.

Tida elles gjekk mest med å internere tyskarar samt å samle russiske krigsfangar som var på ulike stader i Agder-fylka. Lokalbefolkninga var sjølvsagt i godt humør. 17. mai var eit naturleg høgdepunkt desse dagane.

Sentrale allierte offiserar under ein paraden i Bergen sommaren 1945. Frå høgre står Alex Murihead, Paddy Mayne, Harry Poat og Brian Franks. «Mad» Mike Calvert er nummer ni frå høgre.

Slaget om Bergen

Tida på Sørlandet vart kort.

Alt 26. mai vart dei frakta med båt til Distriktskommando Vest og Bergen.

Dei dagelege oppdraga handla om heimsendinga av tyskarar og russiske krigsfangar. Utover sommaren 1945 blei situasjonen i Bergen meir normal. Miner vart rydda, og forsyningar kom inn.

Det var nok ikkje all verda å ta seg til. Lokalhistorikaren Per Helge Martinsen skriv i boka «Hemmelig krig» om ein episode kalla «Slaget om Bergen.»

Ein SAS-soldat var arrestert av norske polititroppar av ukjend grunn.

Det enda med at SAS storma politikammeret natta til 8. juli og fekk kameraten fri. SAS sin eigen rapport er taus om denne hendinga og andre liknande saker.

Då oberst John S. Wilson, den britiske sjefen for Kompani Linge, kom for å sjå til sine menn i Bergen, fortalde han om ei anna og større problem enn med politikammeret. Wilson skriv om eit «slag» om kvinner mellom SAS og norske sjøfolk 15. juni.

Kvinnene var slike som hadde vore i lag med tyskarar, og SAS tok hand om dei og tok dei med seg til forarging for sjøfolka. Han skriv vidare at: «Det er uheldig at me heile tida har fått klager om SAS.»

Heimreise

Bilete som teiknast frå desse episodane, indikerer at det vart ein del trøbbel med SAS i Noreg fredssommaren 1945. Og det kan òg vere ei delvis forklaring på kvifor opphaldet til dei britiske spesialstyrkane i Noreg den sommaren stort sett er gløymd.

Men SAS hadde meir og mindre gjort jobben då dei pakka ned og segla heim til Storbritannia i slutten av august. Britane fylde ikkje på med nye folk.

SAS var ute av Noreg.

Tilbake til Noreg

Med slutten av krigen stogga behovet for spesialstyrkar – trudde ein. SOE kor kompani Linge var den norske delen, vart langt ned, det same vart SAS. Nordmennene frå Linge nytta noko av kunnskapen i det nye Heimevernet, som ein del av dei gjekk inn i.

SAS var nedlagt kort tid før det vart oppretta på nytt. Ein stad kor dei på ny fekk legendarisk status, var i Malya på 1950-talet. Og det var ingen ringare enn «Mad» Mike som leida an fjernt frå Torgallmenningen i Bergen.

Myter

Men SAS var ikkje ferdige med Noreg. Under den kalde krigen trente dei fleire gonger i landet under Nato-paraplyen. Med åra er det bygd ganske sterke band over Nordsjøen mellom spesialstyrkane.

Det er mogleg at SAS hadde hatt eit litt betre ry rett etter krigen om dei hadde gjennomført Operasjon Ibrox i Nord-Trøndelag. I staden fekk dei ei oppgåve med å fylle eit vakuum etter enda ein konflikt.

Med åra har SAS fått ei ganske høg stjerne blant spesialstyrkar og vore ein skapar av myter.

Fokus på Russland

Med fleire år i krig mot terror har hovudfokuset vore andre stadar enn Noreg. Men ironisk nok, no når me nærmar oss 74 år sidan dei kom til Noreg, dukka det opp ein interessant nyheit på BBC. Reporteren Mark Urban, kjend for gode kjelder i SOF-miljøa, kunne rapportere at britiske spesialstyrkar skal auka fokus på den russiske trusselen. Oppgåvene er å operere i gråsona for å kontra russisk aktivitet. Kva det tyder i praksis, vil me nok ikkje få vite.

Returoppgjer

Men det er to ting ein kan ta med seg frå soga. Fyrste gong SAS trefte russarar, var i Noreg, og for det andre kan det verte meir tid til trening under arktiske forhold. Men om SAS kjem til Noreg i åra framover, vert det neppe mykje omgang med sivilbefolkninga. I det heile er det tvilsamt om ein vil høyre om SAS kjem til lands igjen – om då ikkje politiet i Bergen steller i stand eit returoppgjer.

Kjelder: The National Archives. Per Helge Martinsen – Hemmelig Krig.

Powered by Labrador CMS