Sambandstrafikken var linja ut til dei allierte. Her sender Einar Skinnarland, den ellevte mannen i tungtvannssabotasjen signal frå Hardangervidda.

Norske jordbær, Haakon Lie og britisk signaletterretning

2. verdskrig blei et vendepunkt i relasjonen mellom Noreg og Storbritannia, seier den britiske diplomaten Tony Insall.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det byrja med jordbærplukking i Åndalsnes. Tony Insall var knapt seksten år, då han kryssa Nordsjøen med ein passasjerbåt og sette føtene i land i Bergen. Han vart ikkje verande i hansabyen, men reiste vidare med hurtigruta til Ålesund.

Forfattar Tony Insall.

Så drog han vidare innover fjordane. Som den britiske ekspedisjonsstyrken i april 1940 gjekk han i land innerst i Romsdalsfjorden. Men i motsetnad til landsmennene eit par tiår før reiste han ikkje vidare. Han budde på eit ungdomsherberge og nytta dagane i åkeren. Han hadde vel knapt trudd den gong at han skulle kome attende til Noreg i eit offisielt oppdrag.

Livet er, som kjent, det som skjer når ein er opptatt med å legge andre planar. Men tidleg på 2000-talet var Insall attende i landet han hadde brukt ein sommar i den gong. Denne gongen som britisk diplomat.

Som diplomatar flest hadde han sett mange andlet og statar rundt i verda mellombels. Då han kom inn i det britiske utanriksdepartementet vart han sendt på eit toårig kurs i kinesisk, før han brukte tid i Kina, seinare var det mellom anna posteringar i Afrika, før han enda opp i Oslo ein solskinsdag tidleg i mai.

Den fyrste veka var det berre sol og blå himmel, men i dei to vekene etter kom snøen. Eit tydeleg døme på kva for nyansar dei norske vêrgudane har på lager, om dei er i rette humøret.

Manglar i bokhylla

Om ein skulle skildre Noreg, sett utanfrå, er kanskje snakket om veret ein god plass å starte. Noreg har, naturleg nok, ikkje dei same klangen og laga som Kina, eller dei store skilnadane ein finn i Afrika. Då Insall las litteraturen om Noreg som stod i biblioteket på ambassaden, såg han fort at det meste av litteraturen i hylla var av det generelle slaget, og ikkje gjekk i særleg detalj.

Det var nokre få unnatak, som oljeindustrien. Det finst ikkje nett hundrevis av hyllemeter om Noreg på engelsk, og skal ein vere ærleg er ikkje skandinaviske studie ein vekstbransje internasjonalt. Insall lærde seg norsk, og vart av ein ven fortald soger om det nære forholdet det hadde vore mellom Det norske arbeidarpartiet og deira britiske søsterparti – Labour.

Tony Insall har skrive sin andre bok om relasjonen mellom Noreg og Storbritannia.

Dette vart temaet for doktoravhandlinga han skreiv. Avhandlinga gjer ei fascinerande innsikt i forholdet mellom dei to landa i dei fyrste åra etter krigen. Men er kanskje ikkje eit tema som ålmenta kastar seg over.

Den andre boka han skreiv om Noreg, Secret Alliances, som er ute i pocketutgåve, er derimot ei bok som bringer ny informasjon om krigen i Noreg til torgs. Med den boka har Insall skrive seg inn i ei lita, men viktig, gruppe av britiske historikarar som har kome med nye og gode bidrag til soga om krigen. (Dei to andre er Christopher Mann og Ian Herrington).

Saman utgjer desse tre ei gruppe ein kan kalle Nordsjøskulen – ei gruppe som freistar å forstå krigen i Noreg sett gjennom både den britiske og norske ståstaden. Til saman har dei grove fram mykje nytting og ny informasjon om Noreg, spesielt frå arkiva på andre sida av Nordsjøen.

Lite interesse før krigen

Jamvel om me byrja praten med jordbær, og arbeidarpartia, så var det boka om krigen som fekk mest merksemd i intervjuet eg gjorde med Insall på Zoom. Me hoppa litt i tid, tema og stad i intervjuet. Men det som utvikla seg til eit nært forhold under og etter den andre verdskrigen både militært og politisk, hadde knapt noko fundament på 1930-talet.

– Det var ikkje mykje interesse for landet i den britiske etterretningstenesta. Handelen var òg på eit ganske lågt nivå, og ting som Noreg den gong produserte hadde ikkje mykje verdi for oss. Den politiske sida er meir interessant på denne tida med tanke på Det britiske arbeidarpartiet, som på den tida var meir interessert i Sverige enn i Noreg. Det finst til dømes eit kjent utsegn frå Konrad Nordahl (Nestleiaren i LO) om at då han møtte sine britiske kollegar vart han ikkje ein gong tilbode ein kopp te. Det må ein vel sei er ganske lågt ned på den britiske gjestfridoms lista.

Knekte norske kodar

Sambandet er sentralt i boka om krigen i Noreg. Det kan framleis vere ting her som kan kaste nytt lys over den norske krigssoga, men det store biletet er nok på plass, meiner forfattaren.

Unnataket, som Insall skriv mykje nytt om i boka, var den britiske signaletterretninga. Dei hadde knekt dei norske kodane og las det meste av diplomatisk og økonomisk trafikk som gjekk frå Noreg i mellomkrigstida. Innhentinga av norsk trafikk haldt fram, men som Insall skriv vart det ikkje registrert og analysert. Det interessante er at den norske etterretningspioneren Rangvald Roscher Lund fekk eit møte med kodeknekkarane på Bletchley Park, som var ganske uvanleg: - Dei ville ikkje møte han. Dei vart fortalde at dei skulle møte han. Du kan tenke deg at dese folka visste kor viktig det dei dreiv med var, og ville minimere talet på folk dei snakka med. Roscher Lund lufta uro over det norske systemet. Han fortalde òg i kva grad svenskane hadde brote andre land sine kodar. Det han ikkje fekk vite, men som kjem fram i rapporten frå møtet var i kva grad britane hadde lest den norske trafikken.

Oberst John Skinner Wilson i samtale med ein av skipperane i Shetlandsgjengen. Wilson leida den norske seksjonen av SOE – Kompani Linge. Ved sida av han står Leslie H. Mitchell, den fyrste sjefen på Shetland, som under åtaket på Noreg var SIS-agent i Oslo.

Ein annan trafikk britane dekoda var signala som vart sende frå partisanane som vart sende av Sovjetunionen inn i Nord-Norge. Jamvel om dei fleste meldingane var relativt banale, så visste britane om aktiviteten i nord. Ein annan stor britisk suksess i nord, som Insall skriv om for fyrste gong er at britane hadde ein dobbeltagent i det tyske Abwehr i Vardø. Denne mannen vart verande i Noreg heile krigen.

Papira om han, som det finst få spor av i norske og britiske arkiv, stammar frå russiske arkiv og informasjon som vart levert til Sovjet av den britiske dobbeltagenten Kim Philby. Desse papira gjer i alle høve ganske god innsikt i kva tyskarane visste om partisanane som opererte i det høge nord.

I tysk teneste

Noreg vart òg eit springbrett for tyske etterretningsoperasjonar mot Storbritannia, særskild i krigens tidlege fase. I motsetnad til kva som tidlegare er hevda. At det knapt var tyske agentar som kom gjennom garnet til det britiske MI5, syner Insall at det var nokre nordmenn som kom gjennom. Jamvel om dei ikkje gjorde mykje skade, og i nokre høve, som skipperen i Shetlandsgjengen, Ingvald Johansen, skifta side.

– I dei fyrste månadane eller omtrent det fyrste året (av krigen), var det fleire forsøk på å sende agentar frå Noreg til Storbritannia enn frå noko anna land. Det var ikkje berre nordmenn som kom frå Noreg. Dei fyrste forsøka var ganske elementære, av di ein venta ein tysk invasjon av Storbritannia. Det var folk som kom utan skikkelege id-papir, som kom med ei avbitartong og som skulle gjere enkel sabotasje. Då det vart klart at invasjonen ikkje kom, vart dei betre til å skjule agentane mellom verkelege flyktningar. Ein, Wallem, vart til dømes radiooperatør på eit skip som skulle gå i konvoi over Atlanteren. Men på den tida var lesinga av kodane til Abwehr meir effektiv, og ein fekk identifisert og arrestert han.

Den danske fiskebåten «Lady» vart nytta i den første organiserte sabotasjen mot Noreg frå Storbritannia. Sabotasjegjengen var ein kombinasjon av kvalfangarar, spritsmuglarar, unge patriotar og ein svenske.

Det me ikkje veit

Jamvel om boka til Insall ikkje rokkar med hovudforteljinga om forholdet mellom Storbritannia og Noreg under krigen, har han makta å grave fram mange detaljar som var ukjende i boka. Det gjer ho til obligatorisk lesnad, og sår nokre frø, det er mogleg å jobbe vidare med. Men har me no «utmatta» arkiva på dei to sidene av Nordsjøen?

– Me har nok vore gjennom det meste på ein eller annan måte. Men det er framleis mogleg å finne noko nytt. Eg fekk til dømes opna opp nokre dokument under arbeidet mitt. Det kan vere fruktbart å gå gjennom ein større del av dokumenta frå signaletterretninga. Men eg er usikker på om det er nok til ei ny bok.

– Samstundes veit me berre det me veit, og det ville vore vidunderleg om me visste om det fantes noko meir. Men om det skulle dukke opp noko nytt, er det mest truleg nokre papir som er etterletne av ein norsk motstandsmann. Om eg skal tippe vil det kanskje kome ei ny bok dei neste fem åra basert på eit slikt funn, seier Insall. Det kan òg finnast materiale i MI6-arkivet om Noreg, me veit noko om dette frå norsk side, og Insall har gjort stor bruk av det materialet. Men papira kring dei norske agentane gjer i det store og heile den norske sida. På den britiske sida er arkiva etter MI6 stengde, og vert truleg aldri opna.

Las og: Før invasjonen av Sovjetunion 22. juni 1941 fekk Stalin over 80 etterretningsmeldingar om at åtaket var føreståande, men han ignorerte alle. No, 80 år etter, har me kanskje noko av svaret på kvifor leiaren for Sovjetunionen handla som han gjorde.

Jamvel om forholdet mellom dei to landa ikkje var særleg nært og utvikla i åra før krigen, vart krigsåra eit vendepunkt i relasjonane. Det skjedde ikkje over natta.

– Det er verdt å seie at det var mangel på tiltru på den britiske sida, av di me hadde ein ganske ubøyeleg kultur når det kom til security. På den tida var ga ikkje nordmennene inntrykk av å vere opptatt av det. Det var eit par døme på fyll og snakk, som eg ikkje tok med i boka.

– På den andre sida har dei og me ganske mykje til felles kulturelt, som i den humoristiske sansen og at me ler av dei same vitsane. Det gjer ting lettare når ein startar eit samarbeid. Men dei er mykje meir rett fram, og det var lettare å jobba med dykkar regjering enn til dømes den franske og nederlandske. Her kjem òg den strategiske viktigheita av Noreg i den tidlege fasen av krigen inn. Det var ganske lett å gjere raid der.

– Dette har på mange måtar levd vidare. Eg treff framleis militære no og då som talar med affeksjon om dykkar militære. Spesialstyrkane står til dømes høgt i kurs, seier Insall.

Eit uvanleg bilete frå krigen. Odd Sørlie og Arthur Pevik frå SOE-gruppa Lark fraktast over saman med SIS-agenten Bjørn Rørholt i kvit jakke. Begge skulle bli involvert i jakta og forsøka på å senke slagskipet «Tirpitz». Leif Larsen (Shetlands-Larsen) tok dei over, og gjorde seinare eit mislykka forsøk på å senke det tyske beistet.

Personleg policy

Om krigsåra la grunnlaget, så var dei personlege relasjonane mellom arbeidarpartia i dei to landa unik i åra etter krigen. Som Insall skriv om i boka basert på doktorgraden, fekk Noreg, særleg Haakon Lie eit særs tett samarbeid med Denis Healy i det britiske Ap. I den grad at ein kan snakke om eit spesielt forhold, meiner Insall.

– Ein del av det hadde sjølvsagt å gjere med at Haakon Lie, og Konrad Nordahl, nytta mykje av krigsåra i Storbritannia. Dei trudde òg dei kunne bygge ei ny og betre verd etter krigen, og hadde nokre ganske ambisiøse idear.

Las og: Forlaga pakkar inn soger om relativt kjende nazistar som «ukjende». Det er eitt problem

– At så mykje gjekk direkte mellom folk på den tida, i ein slags privat politikk, hadde nok ein del med at dei hadde gjort seg opp ei meining, etter å ha grunna på ting. Dei hadde lærd å stole på seg sjølv og eigne ressursar gjennom krigen. Og litt utvida stolte ein nok meir på folk på den tida. Healy fekk til dømes sirkulert informasjon frå det britiske utanriksdepartementet som var strengt hemmeleg. Det var mange politiske rådgjevarar til dømes som aldri fekk tilgang til slikt.

Dei åra som han skriv om i den fyrste boka, er samstundes tida kor USA veks fram som stormakta i verda. Noreg knytte seg utover på femtitalet meir til USA, jamvel om samarbeidet med Storbritannia haldt fram. Det var sjølvsagt mange personlege relasjonar frå krigen som levde vidare.

Under raidet mot Lofoten fekk dei allierte tak i ein tysk enigmamaskin, som vart viktig i den britiske kodeknekkinga kalla «Ultra». Insall har nytta mykje av det nyleg frigjorte materialet frå kodeknekkinga, og har jamvel funne ut at britane lytta på norske partisanar i Finnmark.

Insall har ein del tankar om nye prosjekt, men covid har sjølvsagt gjort at det mest har vore umogleg å gå i arkiva det siste året. Men kva så me framtida. Før krigen var forholdet til øyriket avmålt. Det har sjølvsagt skjedd mykje i Nordsjøen sidan den gong. Men kva med framtida, spør eg den tidlegare diplomaten:

– Forholdet er veldig tett. Royal Marines øver framleis i Noreg. Det har alltid vore mogleg å halde ærlege diskusjonar med dykk. Og det er ein fordel. Så kan me av og til vere samde om å vere usamde, og det går ikkje an med alle, seier Insall.

Om biblioteket på den britiske ambassaden var litt tynt på ein del felt. Har i alle høve Tony Insall gjort sitt til at forståinga om den felles historia over Nordsjøen har fått nokre fleire lag. Bøkene han har skrive er med på å halde spegelen føre oss, og er med på å sjå oss sjølve som andre ser oss. Det er ikkje for mange som skriv om og utvidar den norske horisonten frå utlandet. Insall er verkeleg ein av dei. Og skriv ein om eit land har ein regelen ein affeksjon for det landet ein skriv om.

Dei jordbæra i Åndalsnes må ha vore veldig gode.

Powered by Labrador CMS