Nyheter

KRONIKKSKRIBENT: Tidligere sjef for det amerikanske marinekorpset, Charles Krulak.

Generalopprør mot langtidsplanen til Marinekorpset

Noreg var eitt av dei fyrste landa som fekk merke konsekvensane av Marinekorpset sin nye langtidsplan. I eit intervju til Forsvarets forum seier tidlegare sjef for avdelinga, general Charles Krulak, at omlegginga ikkje heng på greip.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I mars 2020 då verda gjekk inn i den fyrste nedstigninga grunna covidpandemien, publiserte Det amerikanske marinekorpset (USMC), sin nye langtidsplan. Force Design 2030 var ikkje vanskeleg å forstå – ein skulle dreie fokuset til korpset mot Stillehavsregionen.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

Ein skulle kvitte seg meg tungt utstyr, som stridsvogner, ingeniørelement, og i noko av luftkapasiteten.

I dei neste åra skulle ein opprette basar på øyer i Stillehavet, og ta i bruk missilar og dronar. Den nye planen, bygde på den nasjonale forsvarsstrategien for 2018, som dåverande forsvarsminister Jim Mattis sette i verk.

Noreg var eit av dei fyrste landa som fekk merka dei nye tidene.

Alt i september 2020, vart det tunge utstyret USMC hadde lagra i Noreg, som stridsvognar og ingeniørutstyr, køyrd ut frå førehandslagra, ned på kaia, og frakta vekk. Det kom nokre forsikringar frå dåverande forsvarsminister, Frank Bakke-Jensen, om at USMC framleis ville øve i Noreg. Men det var alt den gong klart at dette var noko som kom ganske uventa.

I ei tid der verda framleis fokuserte på pandemien, tok det ikkje lenge før den byrjandestormen døydde ut i norsk offentlegheit. Spørsmåla stogga opp.

På kammerset

Frå utsida verkar det som ting stogga opp i USA òg. Tankane i langtidsplanen vart referert i media, men så vart det tilsynelatande stilt, heilt til no. 22. april kom det nemleg ein kronikk i Washington Post, som er ein hard kritikk mot langtidsplanen til USMC.

Kronikken var ikkje underteikna av kven som helst. Det var tre generalar, Jack Sheehan, Anthony Zinni, men fyrst stod Charles Krulak, som var korpset sin 31. kommandant, eller sjef på godt norsk.

STILLEHAVET: Frå ein reportasje i 2014 om Rim of the Pacific (RIMPAC), verdens største marineøving i havområda rundt øygruppa Hawaii i Stillehavet. Norge deltok for første gang med fregatten KNM Fridtjof Nansen og seilte saman med 48 andre fartøy, seks undervannsbåtar og 200 fly og helikoptre.

Jamvel om kronikken held ein høvisk tone, er det vanskeleg å unnlata å lese den som ei litt sofistikert radbrekking av langtidsplanen. Det verka som eit uvanleg grep.

Då Forsvarets forum tok kontakt med den pensjonerte firestjerners generalen Krulak, var han klar på at det har skjedd meir i kulissane sidan planen kom enn publikum er klar over. Kronikken var ikkje noko skot frå hofta.

– Det har gått litt over to år sidan planen kom, og alt har vore stilt, kvifor gjekk de ut no?

– For deg som sit på utsida, har det kanskje vore lyden av stilla. Men me er ei gruppe av tidlegare generalar som har hatt diskusjonar med korpskommandanten over lang tid. Det toppa seg under eit møte i mars. Han (general David H. Berger), vil ikkje høyre på oss. Og difor bestemde me oss for å gå ut. At nokre går ut på denne måten er noko heilt nytt i Marinekorpsets historie, det har aldri skjedd før. Og det peiker på alvoret i saka, seier general Krulak.

– Korleis reagerte du då du las planen, og har det endra seg med tida?

– Min fyrste reaksjon var negativ. Og negativiteten har auke i styrke med tida. Endringane er gjort utan at ein har konferert med allierte. Det vil ta vekk noko som har vore Marinekorpset si oppgåve i lang, lang tid. Nemleg å vere Amerika si reaksjonsstyrke kor som helst i verda. Me skal gå fyrst inn, og bane veg for dei elementa som kjem etter. Dette er eitt spørsmål om den nasjonale sikkerheita.

800 granatar

Charles Krulak er ingen kven som helst i Marinekorpset si soge. Som ung offiser såg han harde kampar i Vietnam. Han var ein særs innovativ offiser og utvikla tre kvartals krigføringskonseptet på slutten av 1990-talet.

Konseptet gjekk forenkla ut på at den moderne marineinfanteristen i løpet av tre kvartal i ein by kunne møte på særs ulike oppgåver. Frå full krigføring, via fredsbevaring til humanitær hjelpearbeidar.

I den artikkelen skreiv han òg om den strategiske korporal. Det vil sei at leiarskapet i komplekse operasjonar skulle tas over av den lågare kommandokjeda for å i komplekse og hurtigendrande operasjonar. Det er noko av dette ein ser igjen i den ukrainske krigføringa i dag.

Dei to andre generalane som signerte kronikken, Sheehan og Zinni, er òg legender i Marinekorpset. Men dei er altså ein del av ei større gruppe som er kritiske til den nye planen.

– Men de byrjar alle å dra på åra. Om eg skal vere djevelens advokat, kan ein avfeie dykk med at de er ein gjeng med pensjonistar som ikkje fyljer utviklinga. Kva vil du sei til det?

– For det fyrste så har me ikkje vore på sidelinja i årevis. Me har undervist i fleire år på ulike stadar. For det andre, så er det tre av dei andre generalane i gruppa, som pensjonerte seg for mindre enn eit årsidan. Me har alle erfaringar frå strid i fyrste linje, og veit kva det krevjar å vere i krig. Den noverandekommandanten har aldri vore i strid. Han veit ikkje korleis det kjennes å få 800 granatar regnande over seg. (Kurlak siktar her til eigne erfaringar frå Vietman, mellom anna operasjon Hastings i 1966).

Stort feilgrep

– Men bak denne planen ligg sjølvsagt dreiinga mot Stillehavet og Kina som motstandar, som ein alt under Obama-administrasjonen freista å få til. Kva tenker du om det?

– Dette er eitt av dei store feilgrepa i den amerikanske strategien. Det heng på ein einaste faktor, at det neste slaget, eller krigen, kjem til å verte utkjempa på ein stad ein ikkje tenkte på. Og truleg med ein krigsplan som ennå ikkje er skriven. Kven kunne trudd at me kom til å kjempa i Vietnam, eller Korea på førehand? For å kunne kjempe på stadar ein ikkje kan føresjå treng ein fleksibilitet. Ein kan seie at ein førebur seg på det som er venta, i staden for å førebu seg på det uventa. Ein bør alltid førebu seg på det uventa.

– Ein må òg hugse på at det er presidenten som legg føringar for tryggleikspolitikken. Om, til dømes president Obama, sa at Kina var viktig så vil Forsvarsdepartementet svara og førebu strategien ut frå det presidenten ønsker, seier Krulak.

– Men ein skal òg hugse på at verda har endra seg markant sidan den nasjonale forsvarsstrategien komi 2018. No er det 2022. Alle administrasjonar lagar sin eigen strategi. Og det har sjølvsagt skjedd ting som i Ukraina.

Spør dei lokale

Den kvassaste kritikken til generalane går på fleire praktiske ting. Kutting i mannskap, og ikkje minst planen om at USMC skal opprette basar på øyer i Stillehavet. Medan dei fleste er opptatt av krigen i Ukraina skjedde det eit markant skifte i Stillehavet i slutten av april.

BASEPOLITIKK: Tidlegare president i USA, Barack Obama. Dreiinga av strategi mot Stillehavet og Kina som motstandar, gjekk føre seg alt under Obama-administrasjonen.

Salomonøyene inngjekk ein forsvarspakt med Kina, som gjer at stormakta i aust får sitt fyrste fotfeste i Stillehavet, og kjem nærare Australia. Det er planar om kinesiske basar på øygruppa.

I kritikken frå kronikken i Washington Post, skriv mellom anna Krulak at dette handlar om sjølvstendige nasjonar, som kanskje ikkje vil ha amerikanske basar i nærleiken. Samstundes fryktar han for ei rekke praktiske ting som detikkje er tatt høgde for i langtidsplanen. Forsyningar og evakuering av såra, mellom anna.

– Salomonøyene er nøyaktig eit godt døme på den kritikken me fremmer, men det er òg andre ting som speler inn. Sei at ein setter opp ein base på ei øy, og at denne ligg ved utkanten av ein tettstad. Det er greitt nok at ein har missil og dronekapasitet, men om Kina skulle gå til åtak vil dei angripa med eit tal missil som er tjue gonger så stort som det me har. For det fyrste vil soldatane bli sittande fast midt i blinken, for det andre vil folket rundt sitte midt i blinken. Om du budde på øya, hadde du villa bu midt i eit missilmål? Dette vil sjølvsagt føre til uro og press på lokale politikarar. Det er ikkje ei god oppskrift.

Marinekorpset si soge går attende til slutten av 1700-talet. Det er ei avdeling som Kongressen ein gong fastslo skulle bestå av tre divisjonar, og tre luftvingar, samt dei støtte elementa ein treng til ei kvar tid.

Avdelinga har ofte vore oppfinnsame og utvikla kapasitetar før dei verkeleg fekk brukt for dei. Eitt klassisk døme er landgangsfartøya, som vart utvikla mellom dei to verdskrigane, og vart avgjerande under krigen i Stillehavet.

Utstyret må på plass

– No vil dei kutte i mannskap og utstyr for å kjøpe inn dyre plattformar, og ein vil kutte før ein har nye løysingar på plass. Dette har aldri skjedd før. Me har alltid utvida som det var behov, og aldri kutta noko før det var nye ting på plass. Eg skal gje deg eit konkret døme. Under Den fryste golfkrigen så nytta me dei gamle torotors CH-46. Dei var gamle og hang så vidt i hop, men eg sa at dette må me klara nokre år til. Samstundes så visste eg at dei nye V22-helikoptera var på veg inn. Men det var aldri tale om å fase ut dei gamle, før dei nye var på plass. Slik er det no. Ein fasar ut ting før erstatningane er klare.

Krigen i Ukraina har òg synt at tanksens varsla død er prematur, meiner Krulak.

– Kva er det ukrainarane ber om? Jau, det er stridsvognar og artilleri. Noko som ein vil kutta i USMC. 70 prosent av artilleriet du ser på fjernsynet på ukrainsk side i dag, kor trur du det kjem frå? Nettopp, det kjem frå Marinekorpset, seier Krulak.

Då eg nemner kva som skjedde i Noreg i 2020, set det minna i sving hos generalen.

– Eg har vore i Noreg fleire gonger, oppe i desse grottene. Eg var der saman med general Solli (dåverande forsvarssjef Arne Solli). Det var fantastiske folk som jobba på desse anlegga. Og Solli ga meg ein Colt-revolver, som eg framleis har liggande her.

– Det er framleis særs vanskeleg å utkjempe ein krig utan bruleggingsutstyr, stridsvognar og artilleri. Det er krigen i Ukraina eit godt døme på. Ein kjem ikkje nokon veg utan tungt stål. Me har heilt klart gjort noko som svekkar nordflanken, og den nye planen underestimerer det som skjer der. Det andre er at det vil vere vanskeleg for Amerika og sende sine søner og døtrer i strid utan at dei har skikkeleg utstyr. Essensen av korpset er at me skal kunne opererer kor som helst, på kortast mogleg varsel. Det er dette me er opprørte over, avsluttar Krulak, den militære delen av intervjuet.

Aston Villa

Krualk gjekk av som kommandant for USMC sommaren 1999. Han gjekk med tida over i bankverda, og var seinare med på å berge eit amerikansk college frå økonomiske problem. Her kunne ein sjå generalen trille ei tralle rundt i biblioteket og dele ut mat til studentar. Men det er kanskje ein annan ting som gjer at namnet demrar hos nokre av lesarane. Charles Krulak sat nemleg i styret til fotballklubben Aston Villa ein periode. Her vart han kjend for å diskutere med fansen på internettfora, men det byrjar å verte ei tid sidan Villa-dagane. Så følger han ennå med på dei?

– Er du galen. Sjølvsagt gjer eg det. Villa og Marinekorpset har same standinga hos meg, dei er tatovert i sjela.

Ein kunne sjølvsagt avslutta med den lette og positive tonen. Men etter kronikken i Washington Post, og avklåringa frå generalen vert det opna opp eit hav av spørsmål kring prosessen med endringa av førehandslagringa.

Om ei stor gruppe tidlegare amerikanske generalar er djupt uroa over stoda til Marinekorpset, er det kanskje grunn til å spørje om ein frå norsk hald har freista male over noko som er råte. Og sidan stridsvognene rulla ut frå lagra har det skjedd ein ting og to på Natos austre flanke.

Me let general Krulaks ord henge her til slutt: Førebur me oss på det føreseielege, eller ta me med oss rådet om å førebu oss på ting med ennå ikkje har tenkt på? Signala frå den tidlegare Marinekorps-kommandanten er særs alvorlege. Og for Noreg

Powered by Labrador CMS