Nyheter

OFFENSIV: Russiske militære køyretøy nære Mariupol. Dette området vert kontrollert av russisk-støtta separatistar.

Krigen drar ut, medan Russland førebur stor sommaroffensiv

Det britiske tankesmia Royal United Services Institute (RUSI), publiserte før helga ein omfattande studie av krigen i Ukraina så langt. Ein krig som varar lengre enn sommaren, kan få store konsekvensar for resten av Europa, åtvarar dei.

Publisert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Rapporten frå RUSI – Operation Z: The Death Throes of an Imperial Delution, er ein av dei mest omfattande studiane av krigen i Ukraina til no. Med krigen inne i sin tredje månad, byrjar ein så smått å få litt oversikt over kva som har skjedd under krigen dei to fyrste månadane.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

Forfattarane av rapporten, Jack Watling og Nick Reynolds har gjort ein omfattande studie både av krigen så langt, og av moglege konsekvensar og utvikling om krigen skulle bli langvarig.

Heile dokumentet er basert på opne kjelder, samt intervju med høgtståande ukrainske offiserar, vestlege etterretningskjelder, samt feltarbeid inne i Ukraina. Det er edrueleg lesnad, og i konklusjonen åtvarar dei mot å la euforien over den tidlege ukrainske suksessen ta over.

Det er framleis mange dystre scenario i horisonten, og det er ikkje gitt at Ukraina vil gå sigrande ut av krigen, jamvel om det er ein moglegheit.

Det ligger uansett hard og langvarig krigføring forut, åtvarar rapporten.

Les også: Ikke et mål å vinne krigen innen 9. mai, ifølge Lavrov.

RUNIERT: Soldatar frå den pro-russiske separatistgruppa Folkerepublikken Donetsk (Donetsk People's Republic) i Mariupol, laurdag 16. april.

Kva gjekk galt?

Det er alltid vanskeleg å konkludere om ein krig som framleis går føre seg. Opne kjelder vil berre gje eit avgrensa bilete av det som skjer på bakken, og mykje av det som har hendt i krigen vil kanskje ikkje sjå dagens lys før om tiår fram i tid.

Rapporten får RUSI er noko av det betre, og mest oversiktlege som har kome om krigens fyrste fase. I den «historiske» delen handlar det mest om slaget rundt Kyiv. Ut frå det biletet som forfattarane teiknar var det mykje som gjekk galt på russisk side, men samstundes var det òg fleire viktige faktorar som spelte inn for Ukrainas del, som så langt ikkje har kome fram i media – nemleg suksessen til det ukrainske artilleriet.

Men før nedslaga byrjar, må ein sjå på kva som gjekk gale for Russland i krigens innleiande fase.

Les også: – Krigar har ein tendens til å vare lengre enn folk trur, sier den amerikanske obersten Liam Collins.

RUSSISK KONTROLL: Russiske stridsvogner i Mariupol, laurdag 23. april.

Opphaveleg var den russiske intensjonen å ta Kyiv på tre dagar, og ha stabilisert kontroll over landet innan den russiske sigersdagen for Den andre verdskrigen, 9. mai.

Watling og Reynolds innrømmer at dei trudde at Det ukrainske forsvaret ville bli øydelagt, jamvel over litt lengre tid enn det optimistiske russiske estimatet. Det skjedde som kjend ikkje, og årsakene til det er fleire.

Då dei fyrste meldingane om eit russisk angrep kom 24. februar klokka 05.00, lokal tid, opplevde dei ukrainske radarsystema omfattande jamming. Samstundes vart radarsystem djupar inn i landet forstyrra av dronar som simulerte russiske fly.

Då luftforsvaret gjekk til åtak blei dei angripne av fly. Alle forstyrringane førde til at ein klarte å lande ei styrke av russiske VDV fallskjermsoldatar på flyplassen i Hostomel, nordvest for Kyiv. I desember 2021 hadde desse styrkane, saman med folk frå 9. direktoratet i FSB øvd på undertrykking av det ukrainske sivilsamfunnet. Men dei fekk ikkje planen for åtaket før det var tre dagar att.

Då planen kom, blei en diskutert på ope samband, og ein visste frå ukrainsk side at Hostomel var eit hovudmål. Etter at dei russiske styrkane vart sette inn med ein helikopteroperasjon, blei det møtt av ukrainsk artilleri og eit koordinert motangrep.

ENORME SKADAR: Øydelagde hus i Irpin, utanfor Kyiv, lørdag 30. april.

Artilleriet riv opp russarane

Mellombels rykka dei russiske styrkane fram lags to aksar frå Kviterussland mot Kyiv. Desse styrkane var i hovudsak motorisert infanteri og Rusgvardia-styrkar.

Dei siste var meint å ta kontroll over område som var erobra. Dei fekk ordren mindre enn 24 timar før åtaket, og som ein konsekvens kunne dei ikkje gjennomføre framrykkinga i dei formasjonane den russiske doktrinen tilseier.

Dei hadde heller ikkje nok artilleristøtte. Jamvel om nokre av styrkane nådde utkanten av Kyiv på 48 timar, låg dei fleire kilometer føre hovudstyrken. Det medførte at mange vart isolerte og øydelagde. Og mange einingar braut saman då dei møtte motstand.

Då invasjonsstyrken stogga, byrja den russiske militære leiinga å hive fram reservar, samt artilleri. Ukrainarane svara med bruk at anti-tanks våpen. I tillegg varsla sivile då russiske strykar passerte.

Asgeir Ueland

Då invasjonsstyrken stogga, byrja den russiske militære leiinga å hive fram reservar, samt artilleri. Ukrainarane svara med bruk at anti-tanks våpen. I tillegg varsla sivile då russiske strykar passerte.

Ukrainske spesialstyrkar og dronar byrja å markere mål for det ukrainske artilleriet. Den russiske styrken måtte halde seg til vegane, og jamvel om dei hadde tyngre artilleri, så kom ikkje desse langt nok fram til å kunne drive motangrep mot det ukrainske artilleriet.

For ukrainarane var samstundes artilleriet deira godt innanfor rekkevidde for å ta ut dei russiske styrkane som var lengst framme. I høve rapporten sa ein ukrainsk rådgjevar for general Valerii Zaluzjni at jamvel om anti-tanks våpena sakka farten til angrepsstyrken, var det artilleriet som braut dei ned.

Me veit korleis det enda, då dei russiske styrkane kom fram til utkanten av Kyiv, så hadde dei ikkje tilstrekkeleg med styrkar til å ta byen. Og jamvel om den russiske planen var dårleg utført, så var den ukrainske kraftsamlinga og kampviljen sterkt medverkande for suksessen.

Ukraina hadde vald å gjere Kyiv til tyngdepunktet for forsvaret av landet, og dei innrømmer overfor forfattarane at det ville gå utover forsvaret i aust. Jamvel om det tok lengre tid, så hadde ikkje det ukrainske forsvaret nok styrkar til å stå i mot i sør.

FRIDOM: Menneske med ukrainske flagg protesterar mot den russiske invasjonen på Svobody-plassen i Kherson, Ukraina, 5. mars. Svobody betyr fridom.

Uroleg aust for Don

Etter at dei russiske styrkane trakk seg ut frå områda nord for Kyiv, har dei flytta fronten til å omfatte Donbass, altså austsida av elva Don. Det var i utgangspunktet venta at denne operasjon ville starte etter 9. mai, men grunna auka våpenhjelp frå Vesten, konkluderte ein med at ein ikkje kunne vente, og sette i gang operasjonen tidlegare.

Det ukrainske målet er no å ta attende dei tapte områda, noko som berre er mogleg om den russiske invasjonen vert svekka.

Asgeir Ueland

Konklusjonen til forfattarane er at den nye offensiven ikkje kan vere avgjerande. Ukraina kan ikkje akseptere våpenkvile, av di det vil føre til at Russland kan sementera dei objekta dei har tatt, og vidare annektera landet bit for bit.

Det ukrainske målet er no å ta attende dei tapte områda, noko som berre er mogleg om den russiske invasjonen vert svekka. I den knappe veka sidan rapporten kom, er det mykje som tyder på at den russiske offensiven i Donbass har køyrd seg fast inntil vidare.

Konklusjonen til rapporten er at begge sider har konkludert med at dette kjem til å verte ein lang krig. I Russland ser dei to forfattarane indikasjonar på endra retorikk, som har utvikla seg dei to siste månadane. Dei ser at ein kan gå over frå det russarane kallar ein «spesial operasjon» til å erklære krig, truleg krig paraden i Moskva 9. mai.

Det gjer det lettare å mobilisere å få inn fleire styrkar. Dette er det klaraste signalet frå russisk side at ein går mot ein lengre konflikt.

Det er to andre faktorar som òg vert drege inn. Forsøket til FSB på å utvide konflikten til Moldova, samt bruken av økonomiske våpen, som gasseksporten. Når det gjeld Moldova, kor Russland sidan 1992 har kontrollert områda som ligg aust for elva Dniester, har den manglande landbrua mellom områda og Russland gjort det vanskeleg å få til noko.

Så lenge Ukraina kontrollerer områda rundt, er det vanskeleg for den relativt litle russiske styrken å gjere noko på eigenhand.

Hard vinter

Det økonomiske våpenet kan derimot spele ei viktigare rolle om krigen dreg ut. Frå russisk hald vil ein ha tilgang på midlar gjennom gassalet til Tyskland, som det ikkje finnast noko reelt alternativ til før om tre år fram i tid.

Samstundes er mange av dei russiske våpensystema avhengige av komponentar frå Vesten, og det er her sanksjonar kan gjere ein skilnad. Her spår dei eit auka forsøk frå russisk side for å få tak i desse frå tredjeland, hovudsakleg dei som sit på gjerdet i konflikten.

I og med at offensiven i Donbass verkar til å ha køyrd seg fast, spår forfattarane at ein kan venta ein ny russisk storoffensiv i sommar, målet vil då vere å slå Ukraina militært. Ein har heller ikkje gitt opp dei vidare måla som å ta over Moldova heller.

Les også: Ukraina sier de avslørte russisk spion i generalstaben.

Mottiltak mot offensiven

GJENFORENT: Ukrainske Hryhorii og kona Oksana slår armane om kvarandre i eit mottakssenter for internt fordrivne i Zaporizhzhia, måndag 2. mai.

Dei to forfattarane tilrår difor ein policy kor ein ikkje berre tilfører våpen for å stogge den pågåande offensiven, men held fram å utruste Ukraina fram mot ein ny offensiv i sommar.

Samstundes vil høgre energiprisar som rammar vestelege forbrukarar, og kaldare, samt problem for vestleg næringsliv med auka utgifter, mogleg gjere det vanskelegare å halde fast med det noverande støtta til Ukraina.

Eit resultat kan verte auka russisk desinformasjon. Som med alle spådommar om framtida heng det framleis i det blå – men forfattarane avskriver heller ikkje ein viss russisk suksess i løpet av sommaren – konsekvensane av dette er mildt sagt alarmerande for Vesten, konkluderer Watling og Reynolds: Om Russland skulle lukkast, vil NATO ha ein aggressiv, isolert og militarisert stat på grensa.

Om dei tapar har Putin byrja ei radikalisering av befolkninga i jakta på ein policy han vil ha vanskeleg for å levere. I så måte kan det medføre enden på Putin og hans politiske prosjekt.

Om dei tapar har Putin byrja ei radikalisering av befolkninga i jakta på ein policy han vil ha vanskeleg for å levere. I så måte kan det medføre enden på Putin og hans politiske prosjekt.

Asgeir Ueland

Vegane framåt er altså mange, men faresignala blinkar alle stadar fram og over sommaren. Rapporten om operasjon Z gjer mange svar om kva som har skjedd fram til slutten av april, når det gjeld det som kom framåt heng framleis mange spørsmål i lufta.

Den fyrste indikasjonen på kva som kan kome får me meir sikkert 9. mai då eit isolert Russland sender sine utstillingstropper ut i gatene i Moskva – mellombels veit me hundre prosent sikkert frå to månadar i Ukraina at det som glimar frå dei russiske uniformene på paradedagar ikkje naudsynt er gull.

Så langt har operasjon Z vore ein katastrofe, men den er langt frå over.

IKKJE OVER: Presidenten i Ukraina, Volodomyr Zelenskyj må førebu seg på en vanskeleg sommar. Her vert han fotografert saman med generalsekretær i Dei sameinte nasjonane, Antonio Guterres (t.h.), torsdag 28. april.
Powered by Labrador CMS