Kronikk

POPULÆRT: Skyting er Norske Reserveoffisers Forbunds mest populære aktivitet.

NROF feirar 125 år:
Ein tid med unionsoppløsning, verdskrigar og innsatsforsvar

– Reservistane gir ein større beredskapsstyrke som kan kallast inn ved dei uventa, omfattande og langvarige hendingane, skriv Ole Kristian Haagenrud, kommunikasjonsansvarlig i NROF.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.

Helga 20.–21. november feirar Norske Reserveoffiserers Forbund (NROF) at det er 125 år sidan Forbundet blei oppretta i Studentersamfundet i Kristiania.

– 125 år er ein anseeleg alder, òg for ein organisasjon. NROF har i hovudsak evna å vere tidsriktig gjennom unionsoppløysinga, mellomkrigstid og to verdskrigar, kald krig og innsatsforsvar, seier Forbundets president, Jørn Buø.

– Forbundet har i tillegg stadig vore relevant og tilpassa seg relatert til dei ulike mange befals-, personell- og utdanningsordningane Forsvaret har hatt opp igjennom alle desse åra.

I 1975 blei dei ulike reserveoffiserersforeningane samla til eit forbund under namnet NROF.

Den tidlege historia

I 1896 blei Vernepligtige Officerers Forening (VOF) stifta. Initiativet kom frå ei gruppe reserveoffiserar som tenestegjorde ved Nordmøre bataljon sommaren 1896. Etter ei solid mengde førebuande arbeid under leiing av P.R. Sollied, møtst 60 reserveoffiserar frå heile landet i Studentersamfundet i Kristiania den 23. november 1896. Her blei reserveoffiserane frå alle våpengreiner einige om formål, lover og organisasjonsform.

Frå første stund var foreininga si oppgåve å byggje ein landsomfattande og sterk organisasjon av reservebefal. Desse skulle arbeide til beste for forsvaret i landet og hevde reservebefalets interesser. Dette var mellombels ikkje den første foreininga for reserveoffiserar. VSF, Vernepliktige Sjøoffiserers Forening, blei stifta i 1895 og var ein fagleg foreining for offiserar med eksamen frå Sjøkrigsskolen nedste avdeling.

Les også: NROF-president Jørn Buø fikk dansk heder

Angrep på reservebefalsordningen

Den direkte grunnen for etableringa av VOF var det som blei rekna som eit angrep på reservebefalsordningen slik den hadde vore. Bakgrunnen for at dåtida sine reserveoffiserar følte seg angrepet, ligg i ei endring av offisersutdanninga inspirert av Danmark nokre år tidlegare.

President i Norske Reserveoffiserers Forbund Jørn Buø

Danmark måtte ta grep rundt eigen offisersmangel, ein mangel som blei særleg synleggjort under krigen mot Tyskland i 1864. Dei oppretta ein eigen skole for utdanning av reserveoffiserar, og blant dei 500 elevane i det første kullet finn vi to nordmenn, ein teolog og ein departementssekretær.

Inspirert av dette blei det oppretta ein eigen instruktionsskole her til lands, som skulle utdanne inntil 200 reserveoffisersaspirantar årleg. Denne ordninga skulle vere mellombels, mens det framleis var fare for at Noreg ville bli trekt inn i uroa som gjekk føre seg elles i Europa. På grunn av gode erfaringar blei ordninga fast og underlagt Krigsskolen. Her skulle det utdannast inntil 40 elevar i kvart kull.

I åra kor Hæren utdanna reserveoffiserar på krigsskolen, mellom 1864 og 1933, blei totalt 2876 vernepliktige offiserar uteksaminert frå Krigsskolens nedre avdeling. Fleire av desse blei seinare yrkesoffiserar.

Krigsskolen baserte rekrutteringa si til begge avdelingar på studenteksamen, altså bestått artium. På grunn av det høge utdanningsnivået på kadettane kunne opplæringa konsentrerast om militære fag og øvingar på ei kort opplæringstid. Dette kunne igjen føre til misnøye og ein vanskeleg situasjon mellom reserveoffiserane under tenestegjeringa deira og underoffiserane.

I boka «Borger og soldat» peikar forfattar Sven-Erik Grieg Smith på at det rundt hundreårsskiftet var eit klasseskilje i samfunnet. Reserveoffiserane hadde trass alt artium, og tilhøyrde såleis dåtida sin elite. Blant dei utdanna reserveoffiserane finst fleire som seinare blei ministrar, redaktørar og professorar.

Underoffiserane var derimot av arbeidarklassen. I januar 1896 danna dei ei landsforeining som blant anna kravde at reserveoffiserar skulle erstattast av underoffiserar. Behovet for ein eigen foreining for reserveoffiserar var med dette openbert, sett frå Sollied og dei andre reserveoffiserane sin ståstad.

Reserveoffiseren som historisk institusjon

Reserveoffiser som omgrep kan sporast tilbake til Preussen og det tidlege 1800-talet. I Noreg blei ikkje omgrepet offisielt brukt før i 1864. Dette trass i at vi ved forsvarsordninga i 1628 fekk ein organisert hær.

Funksjonen derimot er betydeleg eldre. Etter gammal vikingeskikk skulle kvar mann i kvar skipreid eige våpen. Gulatingsloven gav påbod om kva slag sitt våpen ein skulle eige. Skipreidet var ansvarleg for å byggje og halde seg sjølv med eigna båt, og dei skulle mobiliserast når det var fiendar i landet. Under Magnus Lagabøte i 1279 var Noreg delt inn i 279 ulike skipreid. Når ein mangla befalingsmenn tok ein bygdenes beste menn. «De hvis moralitet og tjenlige evner maa og kan ha ervervet dem deres medborgeres tillid», heiter det seg i oberst Angells forteljing om syvårskrigen som varte frå 1807 til 1814.

Les også: Nå har Norge fått sitt første Poseidon-fly

Den gamle bylova frå 1276 slår fast at bymennene hadde plikt til å halde vakt når ufred trua. I praksis innebar dette at byane sine mannlege innbyggjarar skulle sikre eigen by mot overfall og strandhogg. Oppsetting av vardar til brenning dersom det kom ufred til landet, var òg heimla i bylova.

Før forsvarsordninga etter europeisk mønster i 1628, var forsvaret av landet basert på militssystemet kor våpenføre etter skiftande ordningar gjorde teneste når krig trua. Ein kan kalle kvar ein borgar som tok kommando over ein slik oppsett avdeling for ein reserveoffiser. Dette sjølv om vedkommande ikkje hadde nokon formelt militær opplæring, eller nokon relasjon til yrkesoffisersbegrepet.

Den andre verdskrigen

Som under den første verdskrigen var mange reserveoffiserar kalla inn for å gjere teneste som nøytralitetsvakt før invasjonen av Noreg. VOF oppfordra våren 1940 medlemmane sine til å nytte seg av medlemsbladet Pro Patria for å spreie kunnskap som dei fekk gjennom tenesta si. Oppfordringa var det ingen som rakk å følgje. 9. april kom for brått. Før invasjonen blei det arrangert ei rekke kurs for reserveoffiserane, alt frå strategiske krigsspel til Forsvarets våpen.

Allereie den 8. april oppdaga den vesle og gamle fangstskuta Pol III fiendtlege fartøy gå inn i Oslofjorden. Pol III blei ført av vernepliktig kaptein Leif Welding Olsen, som beordra varselskot og full fart framover ved observasjonen dei gjorde av framande krigsskip. Eit av fartøya stoppa. Pol III gjekk mot det tyske skipet og rente baugen kraftig inn i torpedobåten Albatros og påførte den eit stort hol. Det tyske skipet opna eld, og Olsen blei invasjonens første offer.

Reservistane spela ei rolle under motstandskampane som følgde. Ein av desse var VOF-medlem Odd Øyen som deltok i kampane ved Midtskogen, i eit forsøk på å stanse tyskarane si framrykking mot Elverum. Der hadde konge og regjering søkt tilflukt natt til 10. april.

– Vi fekk oppleve å kjempe mot topptrente, velutstyrte motstandarar med det mangelfulle utstyret vårt. Omtrent ein tredjedel av den samanraska styrken bestod av befal som slåst med Kragen som sitt einaste våpen, og dei fleste av desse var reserveoffiserar, skreiv Øyen etter krigen.

Under den kalde krigen I åra etter andre verdenskrig var trusselen frå aust relevant, og Noreg hadde som kjent eit relativt stort mobiliseringsforsvar. Her spela naturlegvis reserveoffiserane ei stor rolle, og i NROFs stordomstid på 1980-talet hadde Forbundet over 11.000 medlemmar. Mange av desse deltok svært aktivt i ulik aktivitetar som skyting, kurs og ulike militære merkeprøvar, samt annan militær idrett, kultur og tradisjon. Dette er aktivitetar som NROF framleis organiserer, og aktivitetane våre er limet som held Forbundet samla.

Dagens NROF

NROF jobbar aktivt for å vareta reservisten og sette reservistspørsmål på agendaen. Forbundet er oppteken av å skape forståing for at bruk av reservistar i strukturen. I tillegg til stadig tenestegjerande personell er reservistar kosteffektivt og bidreg til at samfunnet kan ha ein større beredskapsstyrke som kan kallast inn ved dei uventa, omfattande og langvarige hendingane.

Gjennom ulike aktivitetar kan medlemmane halde ved lag kontakten med eit militært miljø, delta på idrett med eit militært tilsnitt, og vareta militær kultur og tradisjon. Gjennom både kurs, seminar og NROFs medlemsblad, som ligg tilgjengeleg for alle på nrof.no, ønsker NROF å formidle både fagmilitær informasjon og fortelje om NROF-aktivitet frå heile landet.

Les også: Forsvaret la ned permhotell: Slik blir soldatenes velferdstilbud

Bruk av reservistar gjer at vi kan ta med det beste frå det sivile samfunnet inn i det militære og det beste frå det militære inn i det sivile. Det er gunstig for arbeidsgivarar og for samfunnet.

President Buø meiner at den viktigaste grunnen til at NROF er relevant er at Forbundet har både høg kredibilitet hos premissleverandørane som Forsvaret, politiet, politikarar, embetsverk, media, medlemmar og publikum. Forbundet søkjer særleg å vere ein god sparringspartner og støttespelar i relevante spørsmål ovanfor både Forsvarsdepartement og Forsvaret, og NROF opplever å bli lytta til.

– Det tek lang tid å byggje opp kredibilitet. Dette er NROF sin viktigaste «asset», seier Buø.

Powered by Labrador CMS