Nyheter

OFFISER: William Steffens (t.v.) var militærattaché i både Paris, Stockholm og Sovjetunionen.

Kaptein Steffens og den russiske revolusjon

Europa var i krig då den norske militærattacheen kaptein William Steffens tok fatt på stillinga i Petrograd januar 1917. Kapteinens rapportar frå den tida gir eit interessant innblikk i dagane som skaka verda.

Publisert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Om ettermiddagen 5. november 1917, to dagar før Oktoberrevolusjonen byrja, steig kaptein William Steffens om bord på toget i Petrograd, den dåverande hovudstaden i Russland. Han var på veg til fronten i sørvest.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

Eit døgn seinare var han i hovudkvarteret i Mogilev, i dagens Belarus, før vegen gjekk vidare via Kyiv til Berdytsjiv, som han nådde om føremiddagen 9. november. Her trefte han general Nikolai Volodsjenko, sjefen for sørvestfronten. Generalen let ein stabsoffiser overta. Saman med Steffens la offiseren planen for nordmannens vidare besøk ved fronten.

Slik byrjar rapporten som Steffens sende heim 4. desember 1917. Den omhandla reisa for å observere kampane mellom Russland og Tyskland som gjekk føre seg over ei brei front som gjekk frå Østersjøen og sør til Svartehavet.

I ettertid er det lett å seie at han var på veg til feil front. Verdssoga utspelte seg der kor han hadde sitt daglege tilhald – i Petrograd, dagens St. Petersburg. I den byen hadde alt kapteinen sett revolusjonen i gatene litt over eit halvt år før han sette seg på toget på veg sørover.

Den 37 år gamle Steffens var kaptein i generalstaben. Før Steffens møtte opp på jobb som militærattaché i Petrograd frå januar 1917, hadde han hatt den same stillinga i Stockholm.

I Europa hadde verdskrigen rasar på fleire frontar sidan august 1914. Russland var den gong alliert med Frankrike og Storbritannia mot Tyskland og Austerrike-Ungarn, det sentraleuropeiske imperiet som dei fleste har gløymd no.

Alt var ved det gamle då Steffens kom til byen ved Nevaelva. Her kunne han ei stakka stund sjå tsar-Russlands siste dagar med eigne auge. Kort tid før han byrja i stillinga hadde dåtidas største influensar, Rasputin, blitt drepen i byen.

SKREIV: Steffens skreiv rapportar frå reisene sine.

Likt som Oktoberrevolusjonen byrja i november, byrja Februarrevolusjonen i Petrograd i mars. Forklaringa heng saman med to ulike kalendrar. Den gamle julianske, som blir nytta i Russland, låg 13 dagar bak den gregorianske som blir nytta i Vesten.

Kapteinens fyrste rapport frå Petrograd kom 17. mars, eit lita veke etter at Februarrevolusjonen var eit faktum. Steffens hadde ikkje hatt mykje tid til å bli kjend med forholda då han skreiv heim om: «Utviklingen av den russiske revolusjon.»

Tsarens siste dagar

I dag ville ein kalla slike rapportar for etterretning, men på den tida var den profesjonen så vidt i støypeskeia. Steffens gjorde seg likevel flid med sine rapportar i tida då han satt ringside til verdssoga.

Rapport nr 1. frå mars er ikkje noko unnatak, her skildra han bakgrunnen for Februarrevolusjonen. I høve kapteinen handla det om mangel på mjøl, eller utilstrekkeleg tilgang på bakeri. Folk stod timesvis i kø for sine brødrasjonar, som ikkje var fordelte i høve storleiken på familiane.

I byrjinga merka ein ikkje så mykje til protestane i dei privilegerte delane av byen. Det endra seg rakst og tunga på vektskåla kom då fem regiment på 25.000 soldatar slutta seg til revolusjonsrørsla, skreiv Steffens. På litt over ei veke hadde tsaren abdisert og revolusjonen var eit faktum.

No i ettertid veit ein at denne revolusjonen, kor leiaren av sosialdemokratane Aleksandr Kerenskij var leiar, ikkje vart langvarig. Alt i august rapporterte den norske kapteinen at: «Det er i det hele at lægge merke til, hvorledes frygten for en kontrarevolusjon i den siste tiden begynder at gjøre sig mere og mere gjeldende…»

Det manglar nokre av rapportane frå september og oktober, men 2. november melde han heim at han hadde fått tillating for eit 14 dagars langt besøk ved fronten. Det var ikkje lett å få i den tida og både svenskane og spanjolane hadde fått avslag, før Steffens hadde danskanes sendemann hatt ei reise til fronten. Steffens vart fortald at årsaka til at han fekk reise var at Noreg hadde vore imøtekommande og sympatisk overfor Russland. Spesielt vart det trekt fram arbeidet Noreg hadde gjort for russiske krigsfangar.

Ein armé går opp i liminga

Før Steffens sette seg på toget hadde han dempa forventingane føre turen: «Under de nuværende militære forhold i Russland vil en reise til fronten vel neppe gi meget stort positivt utbytte i militært henseende…», skreiv han heim 2. november.

Frå 9. november 1917 skildrar Steffens reiseruta vidare. Han såg på ei flyavdeling, og etter det kom han til Lutsk, deirfrå gjekk turen til fronten. Ved Svidniki fekk han sjå det russiske artilleriet skyta mot tyske stillingar. Nokre dagar etter, natt til 17. november, var det meininga han skulle vere eit døgn i skyttargravene som utgjorde dei fremste linjene utanfor byen Brody. Her vart han innhenta av revolusjonen.

Offiserane var nervøse, og han byrja på reisa attende til Petrograd. På fyrste etappe mot Kyiv krasja bilen han var i med ein lastebil, slik at dei vart eit døgn forsinka. Det vart dagar å venta i Kyiv før han kunne returnera med toget til Petrograd 22. november. På dei over to vekene han hadde vore vekke hadde bolsjevikane tatt makta utan at han hadde fått ta det i augesyn. Det var andre forfattarar, som John Reed, som skildra dei ti dagane som rysta verda i Petrograd.

Rapporten til Steffens frå 25. november er i fyrste del ei rein skildring av reisa. Med unnatak av skyttargrava han ikkje fekk sjå, er revolusjonen knapt med. Den kjem desto sterkare fram i andre delen kor han skriv at: «Mitt totalinntrykk var… at den russiske arme i realiteten ikke eksisterer lengre som en kampfaktor».

Det var unnatak i artilleriet og delar av kavaleriet, men infanteriet var stort sett gått i oppløysning med unnatak av nokre garderegiment. I den 111. infanteridivisjonen som han vitja, hadde divisjonssjefen vorte drepen. Han såg eit utal desertørar både langs vegane og på jarnbanestasjonen i Kyiv.

Det herska eit tilsynelatande kaos over alt.

Tyskarane kjem

I etterkant av revolusjonen sette sentralmaktene Tyskland og Austerrike-Ungarn i gang ein storstilt offensiv i februar 1918. Dei rykka fram over ei brei front og tok kontroll over det meste av Baltikum, Belarus og Ukraina. Petrograd var òg trua. Mobiliseringa til den raude hær hadde ifølgje Steffens gått tregt, men då hovudstaden var i fare, skreiv han, var det rykte om at det vart mobilisert 60.000 på ei natt.

Som han skreiv i mars 1918: «Stemingen i Petrograd har den siste tiden vært temmelig nervøs blant bolsjevikenes ledere». Vidare skreiv han: «Bolsjevikene besluttet å foreslå å oppgi Petrograd som hovedstad og overflytte hovedstaden til Moskva.»

MANGLAR: Nokre av Steffens sine rapportar manglar frå Riksarkivet.

Krigen på Austfronten vart avslutta 3. mars då ein fekk avtalen ved Brest-Litovsk. Då var alt den russiske borgarkrigen i full gang. Då Steffens sende heim rapportane mellom mars 1917 og mars 1918 er det berre nokre få ting han skriv om det som skjer i borgarkrigen.

Då han kom og fekk med seg Petrograds siste dagar som hovudstad var føremålet fyrst og fremst å sjå på Russland som ein del av Den fyrste verdskrigen. Det nøytrale Noreg hadde likande militærattachear rundt om i dei ulike krigførande landa den gong.

Ny kaptein tar over

For Steffens vart den knapt halvtanna året i Petrograd ein tilskodarplass for eit land kor den fleire hundre år gamle tsarregimet kollapsa. Med unnatak av rapportane til generalstaben skreiv aldri Steffens noko meir utfyllande om den dramatiske tida i landet. Nokre av rapportane manglar frå mappa som i dag ligg på Riksarkivet. Gitt at han var midt blant bolsjevikanes leiing er det kanskje fleire spor av tida som ligg andre stadar.

I ettertid er det interessant at Noreg vart sett på som eit land som stod høgt i kurs i det kortvarige «sosialdemokratiske» styret i landet. Det var det som gjorde at Steffens fekk si lange reise langs fronten nokre dagar før revolusjonen som endra Russlands forhold til Vesten meir og mindre fram til i dag braut ut.

I dag er det ikkje mange som hugsar William Steffens. Dei få som gjer det hugsar han nok som general og sjef for 4. divisjon under kampane etter invasjonen den 9. april 1940. Steffens var saman med general Fleischer den generalen som ga tyskarane mest kamp. Kanskje var hans fyrstehandsinntrykk frå fronten i 1917 ein medverkande årsak til det. Då Steffens forlét Russland i mai 1918 haldt han altså fram si militære karriere.

Kapteinen som overtok stafettpinnen etter han i Petrograd i 1918 er òg mest hugsa for si rolle under Den andre verdskrigen. I motsetnad til Steffens skreiv han òg ei bok om Russland seinare.

Den nye militærattacheen var sju år yngre, var presteson og hadde avlagd den beste eksamen nokon gong på krigsskulen. Kapteinen var Vidkun Quisling.

Powered by Labrador CMS