Nyheter

MØTTE PRESSEN: Fungerende statsadvokat Nathaniel Medell møtte pressen 20. desember, etter at den russiske forretningsmannen Vladislav Klyushin ble utlevert fra Sveits til USA.

Russisk hackar for retten i USA

Vladislav Klyusjin eigaren av det russiske cyber-selskapet M-13 står tiltalt i Massachusetts for ulovleg aksjehandel. Amerikansk ekspert meiner han kan verte ei etterretningsgullgruve.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Vladislav Klyusjin vart utlevert frå Sveits til USA rett før jul. Den 41 år gamle eigaren av det russiske cybertryggleik-selskapet M-13, vart arrestert i Sion i Sveits under ein skiferie i mars i fjor.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

Selskapet driv offisielt med mediemonotorering og cybertryggleik, og har nære band med Kreml. Klyusjin er tiltalt saman med fire andre for å ha hacka seg inn på amerikanske kvartalsrapportar før dei vart publisert offentleg, og shorta og kjøpt aksjar via selskap i ein rekke land.

Den russiske selskapseigaren er tiltalt saman med fire andre. Dei fire er framleis på frifot, men ein av dei, Ivan Ermakov vert i tiltalen skildra som ein tidlegare offiser i den russiske militæretterretninga GRU.

Ermakov er tidlegare tiltalt i USA i samband med hackinga av det demokratiske paritet før valet i 2016.

Etterretningskupp

Jamvel om rettssaka og tiltalen i fyrste instans handlar om økonomisk kriminalitet, meiner amerikanske etterretningsekspertar at Klyusjin kan vere i ei gullgruve med sin kunnskap om russiske cyber-operasjonar.

Den tidlegare sjefen for amerikansk cyber-tryggleik, Christopher Krebs, meiner at russaren kan gje verdifull informasjon til USA og deira allierte om cyber-operasjonar iverksett av GRU, i høve ein kommentar til CNN.

I den britiske avisa, Daily Mail, vert det spekulert i om Klyusjin har hoppa av. Avisa kjem derimot ikkje med nokre prov for at så er høve.

Det har dei siste åra vore auka aktivitet i russiske cyber-åtak mot land i Vesten. Men samstundes har det òg vorte peika på at den russiske hackinga av det amerikanske straumnettet i 2018, var eit vendepunkt.

I ein artikkel i Foreign Affairs i august 2020, varsla sjefen for den amerikanske signaletterretninga (NSA), Paul M. Nakasone, ei meir offensiv linje i den pågåande cyber-konflikten.

Innblikk i det skjulte

Om Klyusjin kommer med informasjon i korleis russarane har drive med sine cyber-operasjonar dei siste åra vil det utvilsamt gje ny innsikt til vesteleg etterretning.

Førebels erklærte den tiltalte seg ikkje skulding i tiltalen.

Det fyrste rettsmøte vart halde på onsdag. Om saka kokar ned til økonomisk kriminalitet, eller får større og breiare konsekvensar er ennå usikkert. Det er uansett lite truleg at informasjon om cyber-operasjonar frå GRU mot Vesten vil nå det offentlege domene på kort sikt.

Før ein kjem så langt må etterretningsanalytikarane gjere sin jobb. Rettssaka i Boston har uansett gitt ein menneskeleg vri inn i ein konflikt utan andlet.

Powered by Labrador CMS