Kronikk

UTSTYRSMANGEL: Tyske hjelmar vart heftig brukt den fyrste tida. Her frå Randaberg i Rogaland.

Arva frå Linge og Milorg

Den 6. desember er det 75 år sidan Heimevernet vart oppretta. Actionen byrja fyrst i januar 1947 med eit åtak frå fallskjermstyrkar på Elverum.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Frøet til Heimevernet vart sådd i London ein dag i slutten av mars 1942, då verdas framtid ennå såg dyster ut. Dette var før Stalingrad og El-Alamein, dei to vendepunkta i Den andre verdskrigen.

Jamvel om det den gong berre var eit namn på eit papir, vitnar teksten levert av eit utval om ei viss framtidsoptimisme. Utvalet vart leia av kommandørkaptein Gunnar Hovdenak i Forsvarsdepartementet i London. Heimevernet dukkar med andre ord opp i norsk soge frå handa til ein marineoffiser.

Som med all militær planlegging var det ikkje sikkert at ideen ville flyta. Særskild ikkje så tidleg som i mars 1942. Inspirasjonen var utvilsamt henta frå syn rundt på dei britiske øyer, der det lokale Home Guard farta rundt i byar, landsbyar og marker i jakt på tyske fallskjermjegerar, femtekolonnistar og invasjonsfaren som hang over øyriket dei fyrste krigsåra.

Den faren var ikkje lengre eit tema då den norske versjonen dukka opp. Sverige hadde òg fått sitt Hemvärn ganske raskt etter den tyske okkupasjonen av Danmark og Noreg. Det var desse to landa som vart førebiletet for den norske Heimevernet.

Les også: – Når Heimevernet nå fyller 75 år, er det på sin plass å rose HV-soldatane, skriv generalmajor Elisabeth Michelsen, sjef Heimevernet.

Gymlæraren

Det vart jobba vidare med ideen i London. Eit par år etter at dei første frøa var sådd, tok den avgåtte forsvarssjefen Wilhelm Hansteen opp tråden under eit større arbeid om gjenreisinga av Forsvaret etter krigen. Men så langt var alt berre papir, jamvel om krigens vindar hadde snudd. Det gjekk fire og eit halvt år før ideen fyrst falt i jorda, til den festa rot og fekk den endelege godkjenninga av Stortinget 6. desember 1946.

HVs FAR: Mons Haukeland er kalla Heimvernet sin far. Han tok over då den fyrste sjefen Wilhelm von Tangen Hansteen vart sjef for Tysklandsbrigaden. Generalen byrja arbeidet med HV alt i London under krigen.

Hansteen vart den fyrste Generalinspektør i Heimevernet, men han var ikkje lengre ein del av organisasjonen han hadde jobba med å forme. Då vedtaket i Stortinget kom var han i Tyskland, som sjef for den fyrste Tysklandsbrigaden. I staden vart det den stødige offiseren, motstandsmannen og gymnastikklæraren, bergensaren Mons Haukeland som gjekk inn i soga som Heimevernets far. Det var han som fekk oppdraget med å byggje opp organisasjonen.

Det var fleire grunnar til at HV vart oppretta så pass raskt etter freden, men det kom ikkje utan fleire faktorar og ei viss politisk tautrekking. Jamvel om Marinen og Luftforsvaret hadde fått eitt oppsving under krigen, vart stoda til Hæren eit ganske ynkeleg syn då freden kom. Uvissa om kva framtida ville bringe var stor, men samstundes hadde ein hausta lærdom av invasjonen i 1940.

Det vaks fram Milorg-foreiningar med tanke om å fortsette i ein og annan form for forsvar av landet i tida rett etter krigen. Men alle forsøk på organisering vart til slutt stogga av den tidlegare Milorg-leiaren, og no Forsvarsminister Jens Chr. Hauge.

Med opprettinga av HV oppnådde han to ting. Ivrige Milorg-folk kunne gå inn der som frivillige, og samtidig fekk Hauge køyrd ein organisasjon om rett etter krigen hadde relativt mykje å seie ut på sidelinja. Det ligg eit viss politisk handverk der, utan at me skal dvele for mykje med den.

Les og: Heimevernet er ein høgst levande og relevant 75-åring klar for fremtiden, skriv sjef Heimevernet, Elisabeth Gifstad Michelsen. Les meir her!

Frivillige frå Milorg

Heller ikkje den dåverande forsvarsleiinga av udelt positiv i starten. Det handla mellom anna om oppbygginga av den nye Hæren, og kven som skulle kallast inn i den. Hauge gjekk òg sigrande ut av den feiden. Og då Heimevernet vart oppretta vart det vedteke at dei årskulla som skulle vore kalla inn under krigen, skulle utgjere grunnlaget for den nye organisasjonen.

Dei som skulle vore inne frå 1940-45, skulle no inn i HV, og trenast opp med 120 timar i året, stort sett fordelt over helger, men med ei og anna heil veke. Hæren fekk ta til takke med 1946-kullet og så vidare. Grovt rekna i eit land som den gong hadde omtrent 3 millionar innbyggjarar, var det 30,000 som skulle kallast inn, men samstundes opna ein opp for frivillige. Registreringa, som ikkje berre var enkel, vart gjort unna. Då dei pliktige kalla inn, og dei frivillige hadde møtt, stod ein til slutt med ei styrke på omtrent 90,000 mann. Det gjer seg sjølv at alle rammer og budsjett fekk seg ei utfordring.

Denne massive tilslutninga av frivillige gjorde sjølvsagt at det kom mange med bakgrunn frå Milorg inn i HV. Men det var ikkje berre Milorg-folk som var med å forme organisasjonen, men kanskje like mykje veteranar frå Kompani Linge, i alle høve på leiar- og instruktørsida.

Den gong var HV delt opp i distrikt og kretsar, ein modell som i all hovudsak låg tett opp til den svenske, men som òg i ein viss grad overlappa med dei gamle Milorg-distrikta. Med nokre unnatak. Distriktssjefen hadde normalt tre eller fire kretssjefar unna seg. Dei siste jobba deltid, utvilsamt mykje fleire timar enn dei fekk betaling for.

Diskusjonen om Heimevernet bør dreie seg om kva fremtidens HV skal sikre, ikkje berre der mange soldatar organisasjonen skal ha, skriv Espen Berg-Knutsen ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI). Les meir her!

Åtaket på Elverum

Det var denne delen av leiarskapet som fyrte av Heimevernets fyrste skot under ein manøver på Terningmoen på Elverum i januar 1947. Og under dei hektiske dagane vart det ikkje spart på noko. Sjølve manøveren byrja med dropping av fienden frå fly. Truleg dei fyrste militære fallskjermhoppa i Noreg etter krigen. Det vart testa snørekøyring med lastebilar. Fallskjermhopparane, som utvilsamt vart spelt av nokre av dei mange på kurset med bakgrunn i Kompani Linge, vart kjempa ned. Øvinga var over.

Når ein ser på kva ressursar som vart nytta den januarveka på Elverum, så kunne kontrastane knapt vore større til den kvardagen det var for distrikts- og kretssjefane den fyrste tida. I dalføre, på øyer, i grender i innlandet og kvite hus langs kysten, og dessutan i byane skulle ein registrere og trene opp desse fem årskulla.

Samstundes skulle ein handsame den store straumen av frivillige. Det mangla utstyr i starten. Det mangla uniformer. Og ikkje minst mangla det gevær og ammunisjon. I dei fyrste distriktssjefmøta ser ein klart at ulike sjefar tar opp desse manglane. Dei igjen fekk stadig brev frå områdesjefar om murring i rekkene grunna manglande våpen. Det var utvilsamt ikkje særs givande å drive tørrtrening med eit gevær på ti mann, eller markere med pang-pang.

ARVEN FRÅ MILORG: I den fyrste tida var det knapt med uniformer. Våpen tok ein av det ein hadde. Denne gjengen frå Agder er klar til kamp.

Det var ikkje før godt ute i 1949 at desse tinga var på plass i nokon lunde ordentlege formar, jamvel om nokre distrikt fekk uniformer og våpen tidlegare enn andre. Det dei fekk var ikkje alltid state of the art, og ein del gonger måtte lokale børsemakarar jobbe lange timar for å få vekk rust og slitasjar på gamle Kragh-rifler. Ein nytta òg ein del tysk utstyr, som hjelmar, og ein del ting frå våpenslepp frå Storbritannia. Det einaste som det var nok av, verkar det som var sprengstoff – og det var ikkje få salver som gjekk av dei fyrste åra. Nokre gonger med levande effekt, som då ein bles ut alle vindauga i ein lokomotivstall i Stavanger.

Gratis skot

Basert på studiar av eit par HV-distrikt får ein òg eit godt bilete av mønsteret blant dei frivillige. Det kan sjølvsagt variere litt rundt i landet, men i Rogaland og Agder var det ein klar samanheng mellom talet på frivillige og kor sterkt Milorg hadde stått under krigen. Det verkar utvilsamt som særs mange frå Milorg melde seg til teneste, men det er òg klart at graden av frivillige var større på mindre stadar enn i byane, i alle høve i Sør- og Sørvestlandet. Ei anna gruppe som melde seg frivillig var medlemmar av skyttarlag. Jamvel om ein på nokre stadar fekk folk godt oppe i sekstiåra, som kanskje vart dregne inn i HV av di dei fekk gratis ammunisjon og ikkje av di dei var topp motiverte.

Dei eldste i Agder var til dømes fødde tidleg på 1880-talet, og i nokre av rulleblada står det at sist gong dei var i det militæret var under nøytralitetsvakta under Den fyrste verdskrigen, medan andre var kalla inn rundt unionsoppløysinga i 1905. Det gjekk naturleg nok ikkje mange åra før desse var ute av rullane.

Men dei med høg alder var stort sett unnatak. Milorg-generasjonen prega HV fram til dei gjekk av grunna alder midt på 1960-talet. Då skjedde det eit ganske markant skifte, både med tanke på gradvis fråflytting frå mange stadar, og ikkje minst endringa i ungdomskulturen. Den biten skal me ikkje dvele med her, men sjå litt nærare på korleis Heimevernet tenkje og var organisert den fyrste tida.

Hæren kjem

Dei fyrste etterkrigsåra var Noreg i eit slags utanrikspolitisk vakuum. I den såkalla brubyggingspolitikken var landet attende som ein slags nøytral stat. I alle høve frå Utanriksdepartementets side. Både i det militære og i Forsvarsdepartementet kom ein tidleg med analysar og grep som peiker i retning av ei vending mot vest, særleg Storbritannia, og gradvis USA. Det vart sjølvsagt formalisert med det norske medlemskapen i NATO i 1949.

For Heimevernets del var dei fyrste åra ganske prega av dei trusselbileta som hadde vore teikna opp under krigen i Storbritannia. Frykt for ein invasjon med luftborne styrkjer, og ein invasjon frå sjøen. Tanken dei fyrste åra var eit ein skulle slå attende åtak frå sjøen, og kjempe ned luftborne styrkjer. Slik det vart gjort under manøveren på Elverum.

Dette var meir og mindre henta rett frå manualane frå det britiske Home Guard frå krigen. Men jamvel om det var blanda resultat med å nytta fallskjermstyrkar i større forband under krigen både på vest og austfronten, vart «fallskjermfrykta» verande som ein trussel i fleire år framåt, og fekk for så vidt ein oppsving utover på 1980-talet med det såkalla Spetsnaz-trusselen.

DEMO: Distriktssjefen demonstrerer forsering av hinderløype. Olav Gausland den første sjefen i Rogaland var kommandosoldat med erfaring frå Walcheren under krigen.

Til siste mann

For Heimevernet var det likevel noko som skilde seg ut frå operasjonsmønsteret som Milorg hadde under krigen. Den allierte policyen mot Noreg under krigen frå 1942 og utover var stort sett prega om at ein skulle byggje seg opp og støtte ein alliert invasjon av landet. Det vart ganske tidleg klårt etter den allierte invasjonen av Nord-Afrika i 1942, og ennå sterkare under førebuinga til landingane i Normandie at den invasjonen fyrst ville komme etter ein siger på kontinentet. Eitt scenario ein frykta var at tyskarane skulle nytte Noreg som ein siste skanse. Det vart det som kjent aldri noko av. Men i byrjinga av HV-soga var det klårt at ein ikkje lengre skulle halde seg passiv, men kjempe aktivt. Dette vart òg slått fast etter at den såkalla plakaten på veggen kom.

I praksis tyda dette at HV skulle prøve å kjempe ned ein fiende, anten om dei landa på kysten eller frå lufta. Om det ikkje lukkast skulle ein trekke inn i naboområda, og halde fram kampen der. Den tredje fasen skulle ein gå over til aktiv geriljakrigføring. Med andre ord noko som meir og mindre likna på krigføringa i Jugoslavia under krigen. Tankane møtte ein del motstand i starten, særskild i innleiande møte om Heimevernet i 1946, og det er samstundes litt vanskeleg å fastslå frå kjeldene i kva grad dette vart aktivt øva rundt om i dei ulike distrikta.

Med tida kom det eigne geriljagrupper som var spesialtrena på Dombås, og det kan virke som brorparten av HV fekk meir stasjonære oppgåver. Ein viktig faktor var sjølvsagt at oppdraget endra seg meir til å sikre mobilisering for den store mob-Hæren som vart bygt opp med tung amerikansk våpenhjelp utover 1950-talet.

Då Sjøheimevernet vart oppretta tidleg på 1950-talet, var det òg ein del ekko frå krigens dagar. Ein del av dei sentrale instruktørane som Ingvald Eidsheim og Leif A. Larsen hadde erfaring frå Shetlandsgjengen under krigen, og ein nytta stort sett sivile fiskefartøy til oppdraga.

Men i det store og heile var det fleire av ideane for den fyrste tida, som etter kvart kokte ut i kålen, og ein fekk meir fokus på objektsikring, som for ein del må ha fortona seg ganske monotont dei dagane ein var inne. Samstundes hadde ein òg lag som dreiv meir og mindre permanent med flyspeiding frå forblåste høgder rundt om i landet.

LINGE-LINKEN: Sjefen til HV-07 Jens Ropstad hoppa inn i operasjon Sandpiper i slutten av 1943. Han vart distriktssjef i Milorg i Agder, og den fyrste HV-sjefen til han gjekk av i 1977.

Folkesport

Jamvel om arva får Milorg og Kompani Linge vart mindre frå midten av 1960-talet, haldt geriljakursa fram omtrent ut Den kalde krigen. Men det er ikkje til å stikke under ein stol at det var den militære idretten og ikkje naudsynt det militære oppdraget som var drivkrafta i mange av geriljalaga. Eit lite kuriosum er at landskonkurransane kor geriljakonkurransen var den gjævaste samla fleire titusen av publikum. Introduksjonen av fjernsynet og større fritidstilbod gjorde truleg sitt til at publikumstala falt dramatisk frå gullalderen i fyrste halvleik av 60-talet.

Både mannskap, frivillige, offiserar og operasjonsmønster var dei fyrste åra til Heimevernet sterkt prega av Milorg og Kompani Linge. Fleire gamle Linge-karar vart sittande som distriktssjefar fram til slutten av 1970-talet, fleire av dei over tjue år. Ein av generalinspektørane, Herulf Nygård, var òg veteran frå Linge, og ei sentral brikke i operasjon Lark i Trøndelag. Han gjekk av i 1977, og med det var dei direkte banda til Den andre verdskrigen broten.

Det vil sjølvsagt alltid vere eitt spørsmål i kva grad HV fylde med i tida, og ikkje gjorde endringar i takt med tida på rett tid. Ein skal òg hugse på at HV alt frå 1950-talet gjekk frå å vere de facto landmakta til å verte ein liten vingmutter i eit stort maskineri. HV-budsjettet var sjeldan over 3–4 prosent av det samle forsvarsbudsjettet. Kunnskapen om den fyrste tida har kanskje minka med åra innan Heimevernet, men dei siste åra har organisasjonen igjen vorte den største samlinga av soldatar på landjorda.

At ein nyleg har blåst liv i geriljakurset på Dombås, er på ein måte attende til tankar ein hadde i byrjinga. Men uansett er ikkje verda av i dag den same som i 1946. Noreg er meir urbant, teknologien har gjort store sprang og dugnadsånda er ikkje kva den var då folk mønstra for fyrste gong våren 1947. Det er sjølvsagt regionale skilnadar under den 75 år lange soga til HV, men i òg med at mob-hæren er vekke, så er ein litt attende til der kor HV var i åra då det var lokomotivet på landjorda. Hæren var den gong i Tyskland. Så heller ikkje at ein driv intops og lener seg på HV heime er noko nytt.

Korleis erfaringane frå krig under fjerne himmelstrok vil prega HV i framtida er ennå eit ope spørsmål – men no etter 75 år har Heimevernet på mange måtar same utgangspunktet som då det vart oppretta. Men løysinga på framtidas utfordringar er ikkje naudsynt dei same som i 1946.

Powered by Labrador CMS