Forsvaret & jeg

Hovudjegeren

Berit Svendsen har fylgt Noreg frå å vere ei teknologisinke til å bli ein av dei mest digitaliserte nasjonane i verda. Nå meiner ho at Forsvaret må henge med i utviklinga.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Sjå på telenettet vårt i Noreg, det var eit av dei dårlegaste i Europa. Men er nå blitt eit av dei aller beste.

Berit Svendsen har leia Svendsen-utvalet som leverte rapporten sin i sommar. «Økt evne til å kombinere menneske og teknologi – veier mot et høyteknologisk forsvar», er undertittelen. I august 2019 tinga Forsvarsdepartementet utgreiinga. Saman med representantar frå næringslivet, offentlege verksemder og Forsvaret fekk Berit Svendsen i oppdrag å kome med innspel til «korleis ein kan bruke relevante lærdomar frå privat næringsliv og andre offentlege verksemder til å betre evna til å rekruttere, halde på, utvikle og avvikle kompetanse i Forsvaret.»

Auka omstillingstakt

Rapporten har skapt ein viss debatt?

Berit Svendsen

  • 57 år
  • Gift med Erik Østby, to barn
  • Sivilingeniør.
  • Tidlegare Telenor-topp.
  • Utenlandssjef i Vipps
  • Aktuell med Svendsen-rapporten

– Ja, det er eg glad for, det er jo noko av meininga med ein slik rapport. Men eg tykkjer debatten har vore litt svart-kvit, der ein er meir opptatt av å skape steile frontar enn å finne løysingar. Utgangspunktet til utvalet har vore at Forsvaret må supplere med kompetanse som er naudsynt for å møte eit endra trusselbilete og ei rivande teknologisk utvikling.

– Sagt meir konkret: Forsvaret må supplerast med meir teknologikompetanse og teknologiforståing for å kunne gripe sjansane frametter. Ikkje til erstatning for den militære profesjonskompetansen. Men som eit supplement. Debatten seier mykje om kva for endringsmotstand leiarane i Forsvaret på ulike nivå må handsame og manøvrere i. Omstillingstakta vil auke framover – derfor må leiarane meir på banen med ei tydelegare røyst. Det er synd rapporten vert lesen som kritikk av den militære kompetansen. Det har ikkje vore intensjonen.

Cybersoldatar

Ein av konklusjonane i rapporten er at trusselen i det digitale rommet aukar, og at teknologien er hovuddrivar for utviklinga. Alt dette må Forsvaret ta innover seg. Svendsen-utvalet meiner leiarkrafta vil aukast ved å rekruttere inn dei med erfaring frå teknologiomstillingar i næringslivet og andre offentlege verksemder. Da må fleire stillingar siviliserast.

– Ikkje fordi sivilisering i seg sjølv er eit mål. Det er det store gapet mellom dagens situasjon og ambisjonane som er sette av regjeringa, som gjer at utvalet har oppfatta at det hastar. Sivilisering er eit grep for raskare å få inn relevant erfaring som kan tette gapet og utvikle Forsvaret vidare. Ambisjonane til regjeringa i den nye langtidsplanen er å bli best til å nyttiggjere seg teknologi og bli blant dei leiande landa i Europa på innovasjon. Det er spenstige og viktige satsingar som krev målretta jobbing og monitorering for å kunne realiserast.

Visjonære leiarar

Berit Svendsen byrja som forskar ved Televerkets forskingsinstitutt i 1988.

– Det var ei veldig inspirerande tid der eg fekk høve til å jobbe med internettsatsinga.

Ho jobba i selskapet i 30 år, inntil ho slutta som sjef for verksemda til Telenor i Skandinavia i 2018 og blei henta til stillinga som utanlandssjef i Vipps. Svendsen fortel om ei tid, på 1980- og 90-talet, da det som da heitte Televerket, trong enormt mykje ny kompetanse for å møte dei nye utfordringane.

– Eg har alltid vore interessert i teknologi, seier Berit Svendsen.

– Dei sponsa utdanninga for heile skoleklasser på NTH/NTNU. Televerket hadde visjonære leiarar. Innovasjonen starta på toppen. Forsvaret kan lære av sivile aktørar sånn sett – eg tykkjer ikkje norske militære toppleiarar i dag verkar spesielt opptatt av teknologi.

Arpanet

– Eg har alltid vore interessert i teknologi, og det var naturfaga som fenga allereie tidleg på skolen, fortel Svendsen.

– Eg hugsar eg var veldig nysgjerrig på Arpanet, forløparen til internett. Etter USA var Noreg det neste landet i verda som fekk internett.

– Eg hugsar eg var veldig nysgjerrig på Arpanet, forløparen til internett. Etter USA var Noreg det neste landet i verda som fekk internett.

Det amerikanske forsvaret finansierte Arpanet i starten i 1969. Den første Arpanet-noden utanfor USA kom på Kjeller. Pål Spilling, kjend som den norske internettpioneren, som jobba ved FFI, kopla opp datalaboratoriet sitt til Arpanet i 1973. Til dette brukte Spilling ein SM-3-datamaskin, som Kongsberg Våpenfabrikk hadde bygd. Arpanet-noden var fysisk plassert hos det sivile forskingsinstituttet Norsar.

– Forsvarets forskingsinstitutt har bidratt vesentleg til Forsvaret og industrien, og dei bør kome mykje tettare på Forsvaret.

Gjørmekryping

Dottera Sofie ønskjer seg inn i Forsvaret når den tida kjem. Førebels er ho berre 17 år. Berit Svendsen seier at når ho snakkar om at Forsvaret treng eit større mangfald, så meiner ho ikkje berre kvinner.

– Eg meiner mangfald i ordets rette forstand, at Forsvaret må rekruttere frå alle lag i folket for å få inn dei beste hovuda – frå ungdomskulla, ja, men også frå dei som har vore i arbeidslivet i fleire år. Forsvaret treng folk med relevant erfaring. Både til leiarstillingar og til resten av organisasjonen. For å illustrere poenget nemner Svendsen rekrutteringskampanjane i Forsvaret.

Les også: Noman Mubashir ser gjerne forsvarssjefen med et regnbueflagg i neste års Pride-parade.

– Gjennom arbeidet i utvalet gjekk vi gjennom alt av kommunikasjonsaktivitetar. Heilskapsinntrykket er at verksemda i Forsvaret framleis handlar mest om å krype i gjørme, og at ein vil rekruttere personell som har evner og interesser som passar til slike jobbar. Forsvaret marknadsfører seg sjølv i stor grad på same måten som dei alltid har gjort. Men det er ikkje måten å vende seg til folk på som er gode på teknologi. Igjen meiner vi ikkje at Forsvaret skal slutte å gjere det dei gjer i dag, men at det må brukast meir differensierte kampanjar som tiltrekkjer seg dei med nisjekompetanse også.

Tenker likt

– Kompetansereforma i Forsvaret kom i 2013. Dessverre har reforma gått alt for sakte, eg synest mandatet til oss i utvalet liknar veldig på utfordringane som blei skildra i ho.

Les også: – Kanskje vi rekrutterer feil i Forsvaret?

– Manglande mangfald gjer ikkje minst at det blir for lite nytenking. Når menneska i ein organisasjon er for like, har gjennomgått den same utdanninga og gjer ting på same måten, så tenkjer dei ofte for likt.

Svendsen seier at sjølv om Forsvaret har samla ein del kompetanse i Cyberforsvaret for å verne IKT-systema i Forsvaret mot digitale truslar, så er dette langt frå nok.

– Manglande mangfald gjer ikkje minst at det blir for lite nytenking.

Spisskompetansen på teknologi må byggjast opp i alle forsvarsgreinene for å styrkje beredskapsevna.

– Spisskompetansen på teknologi må byggjast opp i alle forsvarsgreinene for å styrkje beredskapsevna, seier Berit Svendsen.

– Forsvaret bør i større grad ta ansvar for det supplerande kompetansebehovet, ein av måtane er å utdanne cybersoldatar slik andre allierte gjer.

Digital styrke

Berit Svendsen meiner digitaliseringa av samfunnet skjer så raskt at det kan vere vanskeleg å halde tritt. På et overordna nivå gjeld det forsvaret og tryggleiken til Noreg som nasjon, med kappløp heile tida for å møte truslane og ulike aktørar som endrar og raffinerer metodane sine.

– For den enkelte nordmann gjeld det stadig å vere medviten om tryggleiken innan dei systema ein brukar sjølv. Pandemien som har ført til at veldig mange nå jobbar på heimekontor, har skapt nye IT-utfordringar. Her kunne Forsvaret tatt eit samfunnsansvar ved å tilby opplæring i cybertryggleik til dei som var inne til førstegongstenesta. Små grep kan auke den digitale styrken i Noreg. Vinn-vinn for individet, samfunnet og Forsvaret.

– Menneska er alltid den største styrken og den største veikskapen, seier Berit Svendsen.

Powered by Labrador CMS