Kultur:

Boka «Frihet» er utgitt i forbindelse med 75-års jubileet for frigjøringen.

Fridom for vidaregåande

Boka «Frihet» har mange gode bilete frå maidagane 1945, men essaya er i hovudsak meint for elevar i den vidaregåande skulen, og har dimed avgrensa interesse.

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forfatter Asgeir Ueland har anmeldt boka «Frihet - Frigjøringen 1945 - sett idag».

I dag er det 75 år sidan Europa slapp jubelen laus. Det som lenge var frigjeringsdagen, men som i dag òg er veterandagen skulle i høve den gamle normalen vore markert langs land og strand, og kanskje utland. I staden kom koronaen og snudde opp ned på alle desse planane, som gitt normale dagar, nok hadde vorte den siste store markeringa av krigsgenerasjonen.

Nett grunna koronaen, og det byrjande frisleppet frå omtrent to månadar med avgrensa liv, gjer at ein i år har ei slags kjensle om korleis våren og sommaren 1945 arta seg for dei som var der. Boka til Dinamo Forlag kor ein del journalistar, akademikarar og samfunnsdebattantar skriv litt kring tema som fridom, demokrati, openheit, toleranse og tryggleik er nok i hovudsak mynta på elevar i den vidaregåande skulen.

Utan om dei korte essaya, får me eit rikt biletmateriale frå frigjeringa i alle dei nye fylka i landet. Det er òg nokre korte intervju med livserfaringar frå menneske rundt i landet som kom til verda nett 8. mai. I tillegg er det ei soge om Jo Benkows heimkomst etter freden, samt ein diskusjon mellom Sylo Taraku i Arbeidarpartitenketanken Agenda og Bård Larsen frå Civita leida av journalisten Hilde Sandvik.

Born av O-faget

Sett vekk frå bileta er det lite i tekstane som handlar om sjølve frigjeringa i 1945. Essaya er heller ein kort sveip over det Noreg som vaks fram etter krigen og fram til i dag. Brorparten av bidragsytarane er folk som er fødde i tiåret mellom 1965 og 1975 – det vil seie min generasjon, eller born av o-faget. Jamvel om det nokre stader er tendensar til viktige spørsmål – Knut Olav Åmås skriv til dømes: «Når tidligere mindretall av diskriminerte vinner makt, krever det klokskap ikke å utsette de som før hadde makten for samme type intoleranse.» Dette er skrive om kyrkja sitt homofilisyn, men kunne òg handla om synet på kvinnelege prestar. Det er utvilsamt sant at folk som i dag meiner at dei to gruppene ikkje har ein stad i kyrkja, ikkje nett har gode kår, i alle høve om dei er protestantar. «I dag har liberale verdier som toleranse «vunnet», iallfall offisielt, også i trossamfunnene.», slår han fast. Men er det vitterleg slik? Både store delar av den katolske kyrkja, den ortodokse, islam og jødedom held fram som dei har stemna fram til i dag.

Asgeir Ueland

Og slik kan ein halde fram med å stille spørsmål rundt det liberale prosjektet som trass alt kjem fram i denne boka. Det er i det heile ganske mange av forfattarane som kjem frå det som ein med eit nytt moteord kallar same kohorten. Deira tankar er ganske like kring ting, og til ein ganske stor grad prega av den sterke norske konsensustanken. Det er få av forfattarane som verkeleg trekk strikken til ytringsfridommen eller fridommen langt i denne boka. Liberalismetradisjonen som dei fleste her skriv i, som hentar inspirasjon frå Isaiah Berlin, er ikkje lik pluralisme per se. Liberalismen kjempar for å framleis vere dominerande, jamvel om det kjennes ut som «det rette».

Om denne boka skal vere ei slags formaning til den oppveksande slekt, ei samling av konfirmasjonstalar, så er den ikkje særleg utfordrande og annleis. Det er nokre gode avsnitt og delar i boka, og samtalen mellom Taraku og Larsen vert interessant av di Taraku vaks opp i eit diktatur, og dimed kjenner alternativet i praksis.

Avgrensa interesse

Det er òg nokre småfeil i boka. Hege Ulstein skriv til dømes at New York Times har slagordet: «Democracy dies in darkness». Alle som les amerikanske aviser veit at det er slagordet til Washington Post. Boka «Frihet» kan kanskje gjere ei oppgåve som klassesett i den vidaregåande skulen – ut over det har den avgrensa interesse. Det verkar òg som det er ei bok som er snekra saman relativt raskt.

«Men nettopp i denne timen vet vi hva frihet er», skreiv Nordahl Grieg om dei nakne flaggstengene på Eidsvold i april 1940. Sjølv fekk han ikkje oppleve fridommen att, men den eine setninga i fyrste verset av diktet hans er framleis det beste som er sagt om fridom på norsk. Det er det òg etter å ha lese denne boka.

Powered by Labrador CMS