Bokmelding:

Ny forsvarssjef Eirik Kristoffersen kjem med bok om leiing.

– Eit godt innblikk i kvardagen til ein av landet sine beste avdelingar

17. august tek Eirik Kristoffersen over som forsvarssjef. No kjem og boka hans: «Jegerånden».

Publisert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette er ei spesiell bok. I hylla bak meg står det fleire, delvis ikkje leste, bøker frå gamle forsvarssjefar rundt om i NATO. Dei har eitt til felles – alle er skrivne etter at generalane har levert inn nøklane og gått av.

Med boka til Eirik J. Kristoffersen bryt me altså nytt land – ei bok skriven av ein forsvarssjef før han tiltrer og som vert slept omtrent på dagen då han får stafettpinnen frå admiral Haakon Bruun-Hanssen.

Når det er sagt har me heller ikkje nokre store tradisjonar i Noreg for at forsvarssjefar skriv memoarar, noko som er litt synd for oss historikarar.

For fyrste gong sidan Den andre verdskrigen har me fleire folk i Forsvaret som er flaska opp på slagmarka

Kanskje er denne boka til general Kristoffersen med på å flytte nokre grensesteinar i så måte, og ikkje minst signaliserer det ei ny tid i Forsvaret – inntoget til dei unge offiserane frå 2001 i den øvste leiinga i organisasjonen. For fyrste gong sidan Den andre verdskrigen har me fleire folk i Forsvaret som er flaska opp på slagmarka, og i høve Kristoffersen i spydspissen.

Kjente soger

Denne boka skal vere litt biografi og litt ei bok om leiarskap. Den skal inspirere. Og om ein som meldar les etter ein slags undertekst så kan ein seie at den òg kan vere med på å inspirere unge menn og kvinner til å søke seg inn i rekkene til Forsvarets spesialkommando (FSK).

Det er åra i FSK som utgjer det meste av boka. Men me får òg eitt kapittel om unge år i Bjerkvik, med den etter kvart kjende soga om bestefaren som lyftar onkelen opp i robåten og stoggar bombardementet til britane av Bjerkvik.

Det som kanskje er litt mindre kjend for oss som les om Forsvaret er den relativt «normale» tenestevegen Kristoffersen hadde fram til han gjorde spesialjegeropptaket i 1999. Eg vil òg anta at han får Libanon-veteranane til å rette seg litt opp i ryggen med den anerkjenninga dei får i boka. Det er godt veteranarbeid.

I dag verkar det rart at det skulle vere ein blindveg å gå inn i FSK i 1999, som fleire åtvara Kristoffersen mot då han søke seg på det fyrste opne opptaket til avdelinga. Med tanke på at forfattaren no er forsvarssjef, nærast på rekordtid, kan ein seie at det var eitt godt val.

Det verkar, utan at han skriv det i boka, som om han har ein god nase for å sjå kva som kjem til å verte viktig og gjere dei rette vala, jamvel om ein ikkje kunne vite kva som kom 11. september 2001.

Ukjende soger

Mykje av denne boka går føre seg i Afghanistan. Det er utvilsamt noko som forma Kristoffersen både som ung offiser og som for alvor sette han fram i lyset då han fekk Krigskorset.

Det eg kanskje sakna litt i gode nærbilete av nokre av dei mange operasjonane, er litt reflektering om korleis spesialstyrkane gjekk frå å vere nokre «lurvelarvar» til saman med etterretningstenesta å verte sjølve varemerket til Forsvaet heime og ute.

Det var i desse åra spesialstyrkane vart allment kjende i landet, og ikkje berre kviskring i gangane på kasernane som det var på tidleg 90-tal. Sett frå eit leiarperspektiv hadde det vore interessant å sjå refleksjonar om korleis ein tar ein organisasjon frå skuggen til dagslys, utan at ein avslørar for mykje.

Det heilt klart sterkaste kapittelet er skildringa av operasjonen kor Tor Arne Lau-Henriksen vart drepen i Afghanistan. Eg tvilar på om det er mange utafor spesialstyrkane og Forsvaret som hugsar at han vart drepen. Men no får me skildra fleire detaljar og inntrykka det gjorde på resten av avdelinga i dagane etter. Og ikkje minst korleis dei handsama hendinga i etterkant.

Dette er ikkje staden å ta opp debatten om kva som gjekk galt og ikkje i Afghanistan, jamvel om Kristoffersen gjer seg nokre tankar kring spørsmålet i innleiinga. Tanken i boka er at kvart kapittel skal ha i seg ei setning eller to som ein slags lærdom for leiarskap. Ein finn dei ganske greitt i slutten av kapitla, men reint teknisk kunne det vore fordel med nokre utheva «bullet points» i slutten av boka for å gje den jamne lesar litt med dørene.

Visste du at Forsvarets forum sender ut nyhetsbrev med de viktigste forsvarsnyhetene hver morgen? Du kan melde deg på her.

Ei ny verd

Men alt i alt er dette eit godt lite innblikk i kvardagen til ein av landet sine beste avdelingar. Og det er kanskje meir ein delbiografi om General Kristoffersen enn ei rein leiarskapsbok. Det store plusset er at boka er særs lett å lese med sin munnlege stil. Om ein får «jegerånda» over seg i nokre timar og er fult fokusert kan ein dra gjennom boka på ein dag.

Denne boka er utvilsamt mynta på vanlege folk

Det er ei bok som i hovudsak handlar om karrieren til Kristoffersen til og med tida som sjef FSK. Det er ikkje noko manifest om korleis han vil vere som forsvarssjef. Det gjer ikkje innblikk i kometkarrieren frå tida i Forsvarets operative hovudkvarter, via GIHV, via sjef Hæren til forsvarssjef på knapt tre år. Desse tinga vil han vonleg ta opp den dagen han takkar av og kjem med neste bok. Denne boka er utvilsamt mynta på vanlege folk, og det er kanskje noko av det viktige i dag at folk kan få ei klar oppfatning av korleis livet i ei spesialavdeling er spesielt og i Forsvaret generelt. Samstundes luer eg på to ting. I kva grad kan ein overføre erfaringar frå dei som er heilt, heilt, i toppen til vanlege folk. Og det andre er om Kristoffersen med denne boka opnar opp for eit ras av likande bøker frå sei, Marinejegerkommandoen og/eller Etterretningstenesta. Det er nok av døme på slike bøker frå USA. Men det kan berre framtida sei noko om.

«Jegerånden» er uansett ei bok, trass i den hybride sjangeren, som skapar noko nytt kring ein ny forsvarssjef, kanskje er det ein overgang frå forsvarssjefar flaska opp på tenkinga i det 20. hundreåret til forsvarssjefar for det 21. hundreåret. Det er òg ein slags status over åra då spesialstyrkane var langt heimanfrå og verda hadde fokus på terrorisme. No i 2020 er trusselbilete anna, større og meir multipolart. Og ansvaret for å leie Forsvaret gjennom desse farvatna ligg no på skuldrane til Eirik Kristoffersen, les du denne boka får du i alle høve vite kva han er laga av.

Powered by Labrador CMS