Kultur:

VIL MYKJE: Stay Behind-boka vil mykje, men den funkar dårleg som bok for dei som ikkje er spesielt interesserte, skriv bokmeldaren om Stay Behind.

Bokmelding: Stay away

Fyrste bind om Stay Behind i Noreg er særs tung lesnad om den hemmelege militære avdelinga under Den kalde krigen. I tema som denne meldaren har skrive bøker om sjølv, nemleg SOE/OSS, finst det òg fleire feil.

Publisert Sist oppdatert

Geir Arild Høiland og Torstein Bjaaland

Stay Behind Forsvarets hemmelige militæravdeling 1946-1990. Bind 1.

Pax Forlag. 603 sider

Ein gong hadde eg ein gamal sløydlærar som ga oss følgande råd når me skulle fila og pussa fram den berømte brødfjøla: Ikkje gjer som kua som alltid tar det beste fyrst. Det er eit råd som fram til no har verka godt på andre ting i livet.

I meldinga av denne boka er det naudsynt å bryta med det gamle rådet og gå rett på det som fungerer: Dei beste delane i denne boka er det som omhandlar utfordringane med samband. Der er ein relativt god oversikt over dei ulike Stay Behind-nettverka fram til cirka 1970 i del fire. Det som òg fungerer er det eg reknar med er hovudbidraga til Torstein Bjaaland, nemleg dei delane som hans avdøde svigerfar, Per Røed.

Om det er eit forsøk på ein raud tråd i boka så er det soga om Røed. Desse delane er også dei mest velskrivne i denne framstillinga av ein organisasjon som det har vore ekstremt mykje spekulasjonar og konspirasjonar knytt opp til.

Kva var så Stay behind? For dei som er fødde etter at Lund-kommisjonen la fram sin rapport om dei hemmelege tenestene i byrjinga av 1994, så var Stay Behind ein hemmeleg organisasjon som vaks fram som ein lærdom frå Den andre verdskrigen. Under krigen måtte ein bygge opp motstanden nærast frå null.

Organiasjonen, som grovt sett bestod av tre delar, ein for sabotasje, ein for evakuering og ein for etterretning, skulle syte for at det alt var ei byrjande motstandsrørsle på plass om ballongen steig til vers. I tillegg reknar forfattarane med at ein hadde eit slags skuggenettverk, kor mellom anna Røed var sentral, som ein slags backup om ein vil. Mykje av dette oppsettet kan sporast attende oppsett som vart nytta under oppbygginga av den hemmelege motstanden under krigen.

James Bond i SB-lageret

Det var i Storbritannia under krigen at konseptet om Stay Behind-grupper vaks fram. Fyrst som ein slags siste skanse om tyskarane skulle klara å invadere England, seinare vart slike nett sett opp i Midtausten då Afrika-korpset nærma seg Egypt, samtidig med at tyske troppar nærma seg Kaukasus. I dokumenta etter Special Operations Executive (SOE), kor kompani Linge utgjorde den norske delen, finn ein sport av slike nettverk i Egypt, blant jødar i Palestina, i Jordan og jamvel i det nøytrale Tyrkia.

Då krigen var over nytta ein lærdommen frå ulike motstandsrørsler rundt om i Europa som eit grunnlag for slike nettverk. Særskild etter at Nato vart oppretta i 1949 skaut danninga av slike organisasjonar fart over det meste av Vest-Europa. I Noreg kom ein mest truleg i gang på eige initiativ, før ein fekk auka midlar og hjelp av britane og amerikanarane. I stor grad nytta ein seg av nordmenn med erfaring frå Kompani Linge, den britiske etterretninga SIS og andre sentrale folk frå ulike delar av motstandsrørsla under krigen.

I og med at det skulle vere ein motstandsorganisasjon in spe var det naudsynt at så få som mogleg visste om organisasjonen. Og det er denne organisasjonen dei to forfattarane freistar å få fram i lyset med denne boka. Når ein veit at materialet frå dei offisielle kjeldene framleis er klausulert, seier det seg sjølv at det ikkje er enkelt å få oversikten over korleis denne organisasjonen var og fungerte gjennom Den kalde krigen, jamvel om det finst spor i pressa og gjennom tidlegare bøker og oppgåver som er skrivne om Stay Behind.

Høiland har etter eige utsegn jobba med denne boka sidan 2011 og han har fått materiale av ulike kjelder, nokre namngjevne og andre anonyme. I forordet byrjar boka med den såkalla Meyer-saka, kor eit stort våpenlager vart funne i eit hemmeleg rom hos skipsreiaren Hans Otto Meyer. Denne hendinga er ikkje ein del av denne boka. At lageret vart funne er ikkje så overraskande når Meyer hadde synt det til nokre skodespelarar i 1974, mellom anna sjølvaste James Bond, Sean Connery. Poenget i forordet er at det stort sett vart stilt rundt Stay Behind etter Meyer-saka.

Merkelege påstandar

Det er mildt sagt ei sanning med modifikasjonar. Fyrst: Den tidlegare CIA-sjefen, William Colby, fortalde alt i sjølvbiografien Honorable Men i 1978 at han hadde vore med å bygge opp Stay Behind i Skandinavia tidleg på 1950-talet. Dette førte i si tid til at Stavanger Aftenblad kunne sette funnet av eit hemmeleg våpenlager på Ualand (ingen relasjonar med bokmeldar red.mrk.) i Rogaland i 1973 inn i denne konteksten. Alf R. Jakobsen var innom avdelinga «Muldvarpene» frå 1982. Dei som gjekk lengre var Chr «CC» Christensen i boka om Alf Martens Meyer og Ronald Bye og Finn Sjue i «Norges hemmelige hær», som skapte stor støy då den kom.

Med Lund-kommisjonen fekk ein slått fast, via ein kommisjon som ikkje nett var positivt innstilt til etterretningstenesta, at Stay Behind ikkje hadde gått over mandatet dei hadde. Etter den tid kom det eitt kapittel om Stay Behind i den offisielle historieboka om etterretningstenesta av Olav Riste og Arnfinn Moland. Det er òg i høve nettarkivet til Nasjonalbiblioteket, nb.no, andre bøker og ikkje minst ein god del avissakar om Stay Behind. Det har med andre ord vore alt anna enn stilt etter at ein fann våpenlageret hos skipsreiar Meyer.

Om ein blar litt i desse tidlegare bøkene, vil ein finne att ein god del ting som er omtalt i denne boka. Og her er det kanskje på sin plass å seie noko om fotnotane og metoden. Fotnotane er ofte særs mangelfulle, og i stor grad er dei reine tilleggsopplysningar. Hensikten med fotnotar er å gje kred til forfattarar og forskarar for løypa dei har gått opp, samt at me som lesarar skal kunne sjekka sanningsgehalten i det som står. På det planet er denne boka fullstendig misslukka.

Påstandar som vert fremma heng ofte i lause lufta, og då vart dei vanskelege å ta seriøst. Kjem ein med alvorlege skuldingar, som til dømes at Gunnar Sønsteby skulle vore agent for CIA, så må ein ha pottetett prov og dokumentasjon på slikt. Her vert det berre vagt synt til ein samtale med ein forfattar. Kor tid og når, veit me ikkje. Skildringa av escape-øvinga på sidene 509-510 er henta frå boka til Bye og Sjue. Dei to sistnemnde skriv på side 93 og 94 i si bok, Norges hemmelige hær, om den nøyaktig same øvinga som vart gjort av escape-nettverket til Stay Behind, Blue-Mix.

I boka me har føre oss er det verken fotnoter eller noko anna som peiker i den retning jamvel om Bye og Sjue står i litteraturlista. Det gjer òg mi eiga bok om Shetlandsgjengen og eg kjenner i alle høve att to ting frå den som heller ikkje er kreditert. I tillegg har eg sett ganske mange spørsmålsteikn i margen kring andre påstandar og utsegn, men det er avgrensa kor djupt ein kan gå for tilbakevisa feil i ei bokmelding.

Spekulative delar

Denne frittgåande tilnærminga til kjelder ein ting, men det er ikkje berre det som haltar i framstillinga. For det fyrste: Denne boka tar altfor lang tid før den kjem til poenget, ein må gjennom over 130 sider med førespel før ein kjem til noko som liknar Stay Behind. Desse 130 sidene omhandlar stort sett Den andre verdskrigen, eit felt denne meldaren har jobba med det siste tiåret.

At den seinare Stay Behind-leiaren Sven Ollestad skifta beite grunna indre uro i Kompani Linge sommaren 1942 held ikkje. I 1942 gjekk kompaniet over frå å vere meir og mindre ei kommandostyrke til å drive opplæring av motstandsfolk i tomannslag. Dimed vart mange, mellom anna Ollestad, gåande i Skottland utan å ha noko å gjere. Han søkte seg dimed saman med ei rekke andre over i det nyetablerte fallskjermkompaniet i von om meir action.

Forfattarane hevdar at det var motsetningar mellom britanes Special Operations Excecutive (SOE) og det amerikanske Office of Strategic Services (OSS). Dette er det null hald for i kjeldene. OSS byrja samarbeid med britane før USA var med i krigen. I den offisielle soga til SOE, skriven av William MacKenzie, kan ein på side 392 lese at avtalen som vart inngådd mellom SOE og OSS: «In general worked well in Western Europe and North Africa…» Det var utfordringar på Balkan og i Det fjerne Austen, men det hadde lite å bety for land kor Stay Behind vart oppretta.

For den norske delen av SOE var samarbeidet med amerikanarane heller ikkje fylt med skjær i sjøen. Det vart snart norsk-amerikanaren Georg Unger Vetlesen som representerte OSS i samarbeidskomiteen ANCC, som vart oppretta i februar 1942. Oberst John Skinner Wilson den britiske leiaren av kompani Linge skriv på side 150 i den offisielle soga til SOEs norske avdeling at: «Little by little, Cdr. Vetlesen’s influence and worth came to be felt and appreciated. Finally, it might be said he was a tower of strenght and of the greatest value…» (Sjå: The National Archives HS7-174).

Det er ikkje nett slik ein skriv om folk eller organisasjonar ein ikkje kan samarbeida med. Korleis forfattarane av Stay Behind kjem fram til påstanden om det var ein konflikt mellom SOE og OSS er vanskeleg å forstå. Det ingen i alle høve ingen hald i denne påstanden i kjeldene, snarare tvert om.

Dei skriv òg om Herbert Helgesen som var ein nordmann som jobba som liaison med amerikanaranes operasjon Rype at deltakinga hans i teamet: «...skyldtes utvilsomt et sterkt amerikansk påtrykk på SOE» (side 71). Biletet av Helgesen, som nokre har hevda jobba for CIA seinare, kjem frå personellmappa hans hos SOE. I den ligg det eit dokument om liansonoppgåva hans som er fullstending udramatisk og «plain sailing». Korleis stoda er med tanke på feil og mistolking av delane som omhandlar Stay Behind er, har ein sjølvsagt ikkje same grunnlaget for å seie noko om då arkiva ikkje er opna.

Tunge tak

Det ein derimot kan sei noko om er forma til boka. Fyrst, den er ekstremt tunglest og manglar grunnleggande struktur. Det vert ofte nytta at ein skal kome attende til poeng, nokre gonger jamvel i neste band. Det er ekstremt mange gjentakingar og ikkje minst tema som ligg langt utanfor det boka handlar om. Flyvåpenet under Den kalde krigen og Selmer Nilsen-saka til dømes. Desse hadde passa betre inn om det var ei generelt bok om Noreg under Den kalde krigen, men her øydelegg dei flyten. Det fyrste temaet er forresten dekka godt og betre av Kjetil Skogrand og Rolf Tamnes tidlegare i Fryktens likevekt.

Litt indre motsetningar er det òg særskild med tanke på russiske kapasitetar, som i byrjinga verkar som dei var umenneskeleg store, for så i ljos av Ukraina-krigen å verte mindre enn det som er ført an tidlegare. Det mest tankevekkande med alt dette er at boka bærer preg av å knapt vere redigert frå forlaget si side. Me lesarar kunne vorte skåna for mykje liding om ein kutta vekk gjentakingar og stramma opp manus litt. Det hadde ikkje skada boka i nokon som helst grad.

I samband med denne boka leste eg òg gjennom ein del av dei tidlegare bøkene som har kome om tema. Skilnaden mellom dei og denne boka er at dei flyt godt, har ein drive, jamvel om dei kanskje ikkje alltid hadde rett, jamvel Lund-kommisjonen er lettare lesnad. Ein kan berre vona at det vert gjort nokre grep med prosaen i det varsla band 2.

Det kanskje naivt i dag, med framveksten av eigne forlag i anna kvar grend og nes, å tru at all litteratur kan kvalitetssikrast når forlaget luktar støy og pengar. Men her burde i alle høve gjort eit minimalt arbeid for at ikkje påstandar vart ståande utan dokumentasjon og høvla vekk alt det overflødige.

Viktige spørsmål

Til slutt står ein attende med ein del spørsmål etter å ha lest denne boka. Fleire av dei som har vore involverte i leiinga av Stay Behind har seinare prata med forfattarar, skrive sjølv og vore vonbrotne. Det gjeld mellom anna Svein Blindheim, Alf Martens Meyer, Finn Kirkestuen og Erling Hoem. Ein interessant tanke som denne boka fekk fram i meg er at ego og synet på seg sjølv som særs viktig ikkje er noko som berre har oppstått no i Instagram-æraen.

Det andre spørsmålet som ein ikkje heilt får svar på er kor mykje den andre sida visste om Stay Behind eller kor effektiv organisasjonen hadde vore om ballongen steig til vers. I fyrste halvleik av 1970-talet gjennomførte britane ei øving, Badger’s Lair, mot Stay Behind-lag frå SAS i Tyskland. Dei nytta den nyaste teknologien og resultatet var at alle laga var tatt innan ei veke.

Det er mogleg at ein òg i Noreg var låst litt for mykje i gamal tankegang. Heldigvis vart Stay Behind aldri testa i ein tredje verdskrig. Det er eit ope spørsmål korleis desse avdelingane ville klart seg i eit landskap av atomsoppar. Forfattarane stiller òg det spørsmålet. Dei stiller òg nokre rette spørsmål i samband med kva motstandaren visste om avdelinga, men diverre finst det ikkje opne russiske kjelder som kan gi svar.

Den gamle sjefen for kontraspionasje i CIA, James Jesus Angelton, kalla ein gong alt som har med etterretning å gjere for eit «villnis av speglar». Det er ikkje ein dum definisjon av leseopplevinga av denne boka heller, jamvel om det kjem nokre nye ting og oppløysninga på det operative er relativt høg nokre gonger.

Stay Behind-boka vil mykje, men den funkar dårleg som bok for dei som ikkje er spesielt interesserte. Jamvel dei spesielt interesserte, dei som søker seg inn i dragsuget mot det hemmelege, skal lesa på seg nokre gnagsår for å komme gjennom denne tunge boka. Dimed må rådet til allmugen, eller den jamne lesar verte: Stay away.

Powered by Labrador CMS