Kronikk

I OSLO: Representanter for Taliban på Soria Moria hotell i Oslo, der de hadde samtaler med vestlige representanter om menneskerettigheter og nødhjelp. Bildet er fra 23. januar.

Den vanskelege dialogen

Mange syns det er vanskeleg å akseptere at Taliban vart inviterte til samtaler i Oslo. For mange framstår det som ei anerkjenning av regimet ein har ført krig med sidan 2001, med store tap av afghanske og norske liv Eg forstår dei godt. For fire år sidan vart eg sjølv berga ut av norske og afghanske spesialstyrkar då Taliban gjekk til åtak mot Intercontinental Hotel i Kabul. Men kva er alternativet til dialog?

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.

Me står overfor eit vanskeleg val: Skal vi snakke med Taliban eller ikkje?

For å kunne ta den beste avgjerda må vi sjå på situasjonen i Afghanistan, kva alternativa til Taliban i tilfelle er, og kva konsekvensar dei ulike vala får for afghanarane og for regional og internasjonal sikkerheit.

Den humanitære situasjonen er prekær. Landet er avhengig av humanitær hjelp for å hindre at store deler av befolkninga på 36 millionar vil svelte i vinter. Så mange som 90 prosent av afghanarane kan ifølge FN hamne under fattigdomsgrensa.

Økonomiske sanksjonar og stopp i bistanden har gjort dei samla konsekvensane av langvarig tørke, internmigrasjon og Covid 19 langt verre etter at Taliban tok makta i august.

Likevel; problema i Afghanistan er for store til at dei kan løysast berre med humanitær hjelp. Dersom landet skal kome seg vidare må næringslivet i gang igjen og jobbar skapast. Det fordrar politisk stabilitet og fråvære av krigføring.

AFGHANISTAN-KJENNER: Seniorforsker Arne Strand ved Christian Michelsens institutt.

Grovt forenkla står ein overfor tre val.

Aktiv motstand mot Taliban-regjeringa

Det første alternativet er å nekte å anerkjenne at Taliban sit med den militære og politiske makta, og aktivt prøve å undergrave og svekke dei. Det kan til dømes innebere kutt i humanitær hjelp og nekte utviklingshjelp og iverksette strengare sanksjonar i håp om at det kan auke den folkelege motstanden mot Taliban.

Det kan også innebere å gje politisk, finansiell og eventuelt militær støtte til dei som utgjer ein militær opposisjon til Taliban. Det er fleire dilemma ved dette.

Det første er dei store humanitære lidingane og tap av liv ei slik tilnærming vil medføre. Den vestlege verda er tydeleg ikkje klar for å la dette skje; dei opnar for humanitær støtte kanalisert utanfor Taliban-regjeringa.

Den humanitære hjelpa foregår no – som me har sett i Oslo - i eit samspel med det afghanske sivilsamfunnet. Dei utfordrar samtidig Taliban på ivaretaking av menneskelege rettar, spesielt jenter og kvinner sine rettar. Det står i sterkt kontrakt til kva regionale aktørar, Russland og Kina vektlegg.

Det andre dilemmaet er at det ikkje finst noko truverdig politisk/militær opposisjon som kan utfordre Taliban, utanom den Islamske staten Khorasan gruppa (ISK). Og ingen ønsker at ISK skal få eit varig fotfeste i Afghanistan, heller ikkje at delar av Taliban skal orientere seg mot dei.

Den militære opposisjonen med base i Pansjir manglar militært fotfeste og har verken samlande eller legitime leiarskikkelsar. Dei gamle krigsherrane og korrupte ministrar og parlamentarikarar som oppheld seg i eksil er for mange afghanarar eit like dårleg alternativ som Taliban.

Kort sagt er aktiv motstand mot Taliban eit alternativ med få fordelar og liten sjanse for suksess. Dei humanitære og sivile kostnadane ved bistandskutt og vidare krigføring vil vere enorme.

Dei fleste militære og politiske leirane som hevdar å vere eit alternativ til Taliban har i over 40 år dokumentert at dei har lite å bidra med utover å sikre eigne interesser og formuar.

Les mer om krigen i Afghanistan: Bildet av bin Laden

Akseptere maktforholda og gå i aktiv dialog

Det andre alternativet er å akseptere Taliban som ein defacto makthavar, og samstundes gå i dialog for å prøve å moderere politikken dei står for, ansvarleggjere dei overfor si eiga befolkning og halde dei ansvarlege for dei leverer på det dei alt har lova.

Ei slik tilnærming er ikkje det same som å anerkjenne Taliban si regjering. Men den inneber at ein avviser det å ta avstand frå og isolere Taliban som den einaste aksepterte framgangsmåte.

Og ein må ikkje vere naiv, skal ei slik dialogtilnærming lukkast trengst det strukturerte, samstemte og planlagde samtaler på fleire nivå. Desse samtalane må finne stad med toppleiinga, inkludert dei Taliban representantane som står fjernast frå våre tankar om statsfunksjonar, demokrati og rettar.

Det er desse personane som først og fremst må syne vilje til å gjennomføre endringar på politisk (og religiøst) nivå. Dialogen må vidare skje ute i distrikta og landsbyane der den humanitære hjelpa skal nå fram og lærarar og helsearbeidarar få sine lønningar.

Då Taliban sat ved makta i førre runde var det nettopp på grunn av lokale krav og press, og i samhandling med lokale aktørar, at dei inngjekk kompromiss og lét jenter opp til tolvte klasse gå på skule.

Dersom slik dialog fører til at Taliban viser større respekt for menneskerettar, får på plass ei meir inkluderande regjering og hindrar at Afghanistan igjen vert ein base for internasjonalt orientert terrorisme kan det på sikt medføre internasjonal anerkjenning.

Men, Taliban har mykje å bevise før det eventuelt skjer.

Ein gammal afghansk kollega minna meg i går om at vegen til internasjonal anerkjenning går om nasjonal aksept. Dilemmaet med ei slik tilnærming er at Taliban kan oppfatte invitasjonar til dialog som ei delvis anerkjenning og at dei dermed kan sleppe unna krav om å ta ansvaret for eiga befolkning eller moderere seg.

Difor er det viktig å stille klare og realistiske krav, å ha på plass dei rette mekanismane for å både følgje og følgje opp samtalane, og å ha ein tidsplan for gjennomføring.

Det er også avgjerande at det internasjonale samfunnet har ei felles tilnærming. Nettopp dette oppfattar eg som eit viktig mål for diskusjonane i Oslo. Slik eg ser det er fordelane med dette alternativet at ein unngår ei oppsplitting av landet og mogeleg borgarkrig.

Dialog med Taliban kan forhindre at landet vert ein arena for regional konflikt, ikkje minst mellom Pakistan og India. Det kan også avgrense Russland og Kina sitt spelerom i ein region som er gjort militært sårbar etter USA og NATO si tilbaketrekking.

Både Russland og Kina valde å la sine diplomatar bli verande i Kabul for å ivareta eigne interesser då vestlege diplomatar trakk seg ut.

HJEMREISEN: Representanter fra Taliban avbildet på Gardermoen før de forlot Norge etter å ha deltatt på møter på Soria Moria hotell i Oslo.

Sluttført engasjement

Det tredje alternativet er å knipe igjen pengesekken, legge ned alle diplomatiske kanalar og overlate afghanarane til seg sjølve.

Det kan vere fristande når ein tenker på kor avgrensa resultata er av den internasjonale støtta landet har motteke og kor mange liv som har gått tapt dei siste 20– eller 40 åra.

Fordelen med ei slik tilnærming er at ein sparer pengar og diplomatar si tid. Ulempen er at ein slik framgangsmåte straffar heile det afghanske folket, ikkje berre Taliban.

Ikkje berre kan det splitte opp landet, noko ISK kan tene på, det kan også medføre ei massiv migrasjonsbølge. Enkelte vil reise for å søke beskyttelse, mange for å overleve. Og mange av desse vil ikkje nøye seg med å finne arbeid i nabolanda.

Dei vil reise vidare til Vesten der viljen til å ta i mot ei ny bølgje av afghanske flyktningar vil vere langt mindre enn førre gong.

Les om krigen i Afghanistan: Den siste norske sjefen

Etter Oslo

Vi veit framleis lite om kva som eigentleg kom ut av møtet i Oslo. Mi vurdering er likevel at det var ein nødvendig start på ein vanskeleg prosess som ikkje kunne ha funne stad så mange andre stader.

Møte introduserte nye reglar for forhandlingar ved å utfordre Taliban på deira evner og vilje til diskusjon med grupper dei er usamde med, og søkje felles løysingar.

Deltakarane vart garantert ikkje samde om alle krava. Det var det heller ikkje å forvente. Til det er avstanden for stor. Men Taliban har fått ei klar melding frå det afghanske sivilsamfunnet og dei internasjonale donorane om kva ansvar dei har og kva som blir forventa av dei.

Samtalane må følgjast opp både i Afghanistan og internasjonalt dersom balansen mellom dialog og kravstilling skal føre fram. Noreg tok det første steget. No må andre land følgje opp.

Vi må få ei avklaring på kva rolle og mandat FN skal ha i landet. Men endå viktigare; Taliban må no bevise at dei verdsette den norske gjestfridomen og at dei ikkje berre kom for maten og selskapet.

Det kan dei best gjere ved å gjennomføre reelle endringar i Afghanistan.

Powered by Labrador CMS