Nyheter:

Whisky on the fort

I ein gamal Nato-bunker vert det laga nordnorsk whisky.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Veit du kor mykje kvart av dei to fata du står på, er verdt?

Tor Petter Christensen, dagleg leiar for Aurora Spirits, ventar ikkje på svar frå ein undrande fotograf frå Forsvarets forum, som fortvilt prøver å balansere kroppen med eitt bein på to forskjellige whisky-fat.

Ein ofrar mykje for eit perfekt bilete.

– 250 000 kroner, seier han med eit smil.

LAGER: I det gamle lasarettet blir nå fat på fat med ulik sprit lagret.
ARBEIDER: Colin Houston jobbar med å tappe whisky frå to mindre fat til eit større i lokalane til det gamle lasarettet.
LAGER: I det gamle lasarettet blir nå fat på fat med ulik sprit lagret.
WHISKY: Dagleg leiar Tor Petter Christensen (t.h.) og Colin Houston jobbar med å tappe whisky frå to mindre fat til eit større i lokalane til det gamle lasarettet.


Whisky-fat

INNGANG: Dagleg leiar Tor Petter Christensen i inngangen til det gamle lasarettet.
SMAK: Ulike snaker fra naturen blir testet ut til blant annet akevitten.
TESTER: Ingjerd Sørsand sjekker kvaliteten på brygget, kalt wash, som senere blir destillert.
WASH: Brygget vi ser her blir kalt wash, som senere blir destillert til sprit.

Ei søtleg lukt blanda med lukta av noko røykt fyller rommet i det som ein gong var ein gamal, militær bunker. Fat med ulike storleikar gir eit hint om at her vert det lagra sprit. Mykje sprit av sortane whisky og akevitt.


Mistanken blir ikkje mindre av at Christensen saman med skotten Colin Houston jobbar med å tappe whisky frå to mindre fat over på eit større da Forsvarets forum får audiens i det heilage rommet.

Gamalt fort

Vi oppheld oss nokre kilometer nord for Lyngseidet i Lyngen kommune i Troms. Inne på det som ein gong var eit topphemmeleg Nato-anlegg, ligg i dag det nordlegaste destilleriet i verda. Det vil seie – det kan vere nokon som destillerer sprit lenger nord i Noreg, men det er i så fall utan godkjenning frå styresmaktene...

GJESTER: Gjester som er på en guidet tur i destilleriet får smake på wash, som senere blir destillert til sprit.
GUIDE: Ingjerd Sørsand jobber blant annet som guide på Aurora Spirit.
FORT: Dagleg leiar Tor Petter Christensen foran inngangen til fortet, som nå er nedlagt.
FORT: Inne i operasjonsrommet til Årøybukt fort. Her kan man få en guidet tur.

Årøybukt fort blei under 2. verdskrigen bygd av tyskarane som ein del av Lyngenlinja. Her skulle russarane stoggast dersom dei tok seg inn i Noreg. Etter krigen tok det norske Forsvaret over anlegget som etter kvart blei eit fort som skulle vere klart til strid dersom ein krig braut ut igjen. 

I 1994 blei fortet lagt ned etter at det berre eit par år i førevegen var blitt investert mykje i underjordiske gangar, tunnelar og nærforsvarsstillingar.


Krigssjukehus

I 2005 blei heile området der fortet ligg, seld til private investorar. Men først i 2011 fekk investorane lov av Forsvaret å ta i bruk heile anlegget.

FORT: Inne i Årøybukt fort. Her kan man få en guidet tur.
IDYLISK: Aurora Spirit ligger idyllisk til i Lyngen. Nordlyset er ofte gjest på stedet.
FORT: Inngangen til Årøybukt fort i Lyngen.

I det som var lasarettet på anlegget, vert det i dag lagra litervis med brennevin.

– Eit lasarett er eit krigssjukehus. Det blei bygd i 1989 og skulle ta imot såra personell i tilfelle strid. Her har vi nå oppretta vårt første whisky- og akevittlager, der alle fata våre vert lagra i fleire år, forklarar Tor Petter, som meiner det gamle krigssjukehuset er perfekt for den nye oppgåva si.

Eit lasarett er eit krigssjukehus. Det blei bygd i 1989 og skulle ta imot såra personell i tilfelle strid

– Vi tør seie etter to år med lagring at dette eignar seg som lagringsplass. Når det gjeld lagring på fat, handlar det blant anna om temperatur, og da helst at det svingar nokre grader opp og ned. Og det gjer det i lasarettet. Det andre er fukt i lufta som også er optimal her inne. Så vi er nokså trygge på at dette eignar seg, og det seier også dei internasjonale ekspertane våre.


På den store tomta ved Lyngenfjorden har ein i tillegg investert i eit nytt bygg som husar sjølve destilleriet. Her inne går det føre seg det magiske som gjer ulike ingrediensar til ulike typar sprit som vodka, akevitt, gin og whisky.

Men ein har også gjort mykje meir rundt sjølve produksjonen. Med whiskyproduksjonen i Skottland som førebilete, der turismen rundt sjølve whiskyen er vel så viktig, har ein også i Lyngen opna opp for at publikum kan kome på vitjing og sjølv sjå korleis produksjonen går føre seg. Det finst ein eigen guida tur inn i sjølve Årøybukt fort for dei som ønskjer det. Dei tilbyr også fleire andre aktivitetar.

Mjukt vatn

Mange turistar har vore innom, og opplevinga vert krydra om nordlyset vel å køyre ljosshowet sitt på den iskalde, arktiske himmelen. Dette har gitt inspirasjon til produktnamnet Bivrost, som er det vikingane kalla nordljoset.

Så kvifor etablere ein spritfabrikk i ein fjord langt mot nord, eit godt stykke unna god infrastruktur og på eit militært fort som eigentleg skulle liggje gøymt for ein potensiell fiende, undrar vi på.

Så må vi heller ikkje gløyme at sjølve kulturhistoria rundt at dette er eit gamalt forsvarsanlegg var eit viktig argument

– Ein av grunnane er at vi har tilgang til veldig godt og mjukt vatn her. Vatn er ein viktig del i destilleribransjen. Den andre grunnen er at vi har investert i ein veldig stor trafo som gir oss god tilgang på straum. Den tredje grunnen er at her har vi eit fantastisk utsyn over Lyngsalpane, og den siste grunnen var at vi åtte området etter at det var kjøpt frå Forsvaret. Så må vi heller ikkje gløyme at sjølve kulturhistoria rundt at dette er eit gamalt forsvarsanlegg var eit viktig argument, seier Tor Petter Christensen.

Vitjar anlegget

Ikkje alle som kjem på vitjing, er klar over at destilleriet ligg inne på eit gamalt Nato-anlegg.

– Dei blir ganske overraska når vi fortel det. Vi har også hatt personar på vitjing som avtente førstegongstenesta si på fortet her. Dei hadde aldri trudd da dei oppheldt seg timevis på vakt, kan hende på 80-talet ein gong, at det ein gong skulle bli ein spritfabrikk her. Det tykkjer dei er ganske så spennande, seier Christensen.

Dei hadde aldri trudd da dei oppheldt seg timevis på vakt, kan hende på 80-talet ein gong, at det ein gong skulle bli ein spritfabrikk her

Og nettopp at destilleriet ligg ved gamle Årøybukt fort, har gitt dei mykje merksemd både i Noreg og i utlandet.

– Vi har hatt vitjingar av veldig mykje internasjonal presse blant anna på grunn av kombinasjonen spritfabrikk og gamalt, militært anlegg. Vi brukar også i marknadsføringa vår at whisky- og akevittfata vert lagra i gamal Nato-bunker. Men det viktigaste poenget for salet vårt er at vi er det nordlegaste destilleriet i verda, og at vi brukar arktiske råvarer i produksjonen vår.


For at ein whisky skal kunne kalle seg whisky, må han blant anna ha vore lagra i minst tre år. I 2020 er Aurora Spirit sin første whisky ferdig lagra og klar for marknaden. Det er ingen tvil om at Tor Petter og dei andre tilsette gler seg til det skjer.

– Vi er skikkeleg spente på korleis produktet blir tatt imot, seier Christensen, som allereie nå merkar ei stor interesse for den spesielle whiskyen som kanskje er den einaste i verda som er lagra på fat i et gamalt lasarett i eit tidlegare hemmeleg Nato-anlegg.


Powered by Labrador CMS