Veteranane

Kåre Willoch (88) og Olav Breidlid (89) reiste til eit utbomba Tyskland etter 2. verdskrigen.

Publisert Sist oppdatert

Ein tidlegare statsminister og generalinspektør for Hæren minnest krigen godt. Faren til Olav Breidlid var lærar. Han vart send til straffeleir i Kirkenes fordi han nekta å slutte seg til underbruket til Nasjonal Samling, Norges lærersamband. Kåre Willoch mista ein onkel under krigen og måtte flykte til Sverige fordi faren deltok i motstandskampen. ​​​

​Bandittar. Tre år etter krigen reiste Kåre Willoch og Olav Breidlid til Tyskland for å slutte seg til Tysklandsbrigaden under okkupasjonen av eit land som låg i ruinar.

​​
– Min første tanke var at eg skulle bli offiser. Vi var i Tyskland for å holde orden, ikkje noko meir enn det, seier Breidlid om beordringa til Tyskland.
– Dei som gjekk med hemntankar, trur eg fekk ei anna haldning da dei møtte elendet i Tyskland, held han fram. 

– Vi må hugse at nazistane fekk langt færre enn helvta av røystene. Det var stor skilnad på tyskarane, og alle var ikkje nazistar, seier Willoch. ​

– Nazistane var bandittar. 

– Eg trur dei fleste tyskarane var glade for å ha oss der. Dei såg ikkje på oss som okkupantar, vi var deira vern mot Sovjetunionen​.
Kåre Willoch​

​​​​

– Eg trur dei fleste tyskarane var glade for å ha oss der. Dei såg ikkje på oss som okkupantar, vi var deira vern mot Sovjetunionen, seier den tidlegare statsministeren.

Dei to var eit halvt år i Tyskland, Breidlid i første delen av 1948 og Willoch i andre. Yrkes- militære Olav Breidlid var sersjant og ein del av oppklaringseskadronen i Tyskland. Kåre Willoch var korporal og i forsyningstroppane.
– Her står det igjen nokre murar, det var enda verre andre stader, seier Willoch mens hans ser mot eit fotografi av utbomba ruinar.

– Byen Kassel var ein grushaug rett og slett, med enkelte skorsteinar som framleis stod. I den grushaugen så budde det folk, held han fram.

– Sivilbefolkninga gjekk jo og plukka murstein, seier Breidlid.

​– Eg var i Berlin eit par gonger. Der var det aldeles forferdeleg. 

– Ja, det var mykje svartebørs da vi var der, seier Breidlid.
– Det var ein del befal og soldatar som vart sende heim på grunn av det ulike straffebrot.

– Sende du nokon heim sjølv?
– Nei, sånne avgjerder tok ikkje eg der, seier Breidlid. ​​​

Kåre Willoch var knapt 20 år da han ble beordret til å reise til Tyskland og Tysklandsbrigaden. 
Kåre Willoch var knapt 20 år da han ble beordret til å reise til Tyskland og Tysklandsbrigaden. 
Olav Breidlid var sersjant og en del av oppklaringseskadronen i Tysklandsbrigaden.
Olav Breidlid var sersjant og en del av oppklaringseskadronen i Tysklandsbrigaden.