Nyheter:
Uvæpna
Den største trusselen er ikkje eit nytt terroråtak, meiner Benedicte Bjørnland. Politidirektøren er meir uroa dersom nokon klarar å råke demokratiet.
– Samfunnet vårt er så robust at det vil gå
vidare også etter eit terroråtak. Men dersom
nokon klarar å manipulere eit demokratisk val,
kan det råke oss hardt, seier Benedicte Bjørnland.
– Eg meiner at den mest alvorlege, langsiktige trusselen mot samfunnet vårt er den som
kan true demokratiet.
Tillitsbasert samfunn.
Politidirektøren som
har vore i jobben i nokre månader, meiner
auka væpning ikkje er svaret på eit tøffare
tryggleiksbilete.
– Vi bør framleis ha eit sivilt preg på handheving av makt i samfunnet, seier ho.
– Norsk politi er jo sivilt og i utgangspunktet
uvæpna. Slik byggjer vi tillit. Eg trur tilliten til
samfunnet er avhengig nettopp av dette sivile
og trass alt dempa preget som politiet har, seier
Bjørnland.
– Noreg er eit tillitsbasert samfunn. På slike
barometer scorar vi høgt samanlikna med andre
vestlege land. Utan at eg meiner vi er eit naivt
folkeslag.
Trass i at Noreg i 2011 opplevde ei av dei
verste høgreekstreme terrorhendingane i verdshistoria på Utøya og i Regjeringskvartalet, meiner Bjørnland altså at nordmenn framleis skal
kjenne seg trygge, stort sett.
– I andre vestlege land er militære styrkar i større
grad synlege i bybiletet for å vareta tryggleiken til
befolkninga, ser du for deg at det kan bli meir aktuelt
jamvel i Noreg?
– Eg vonar eigentleg ikkje det. Så kan det
hende at trusselbiletet endrar seg og vi står
andsynes akutte truslar av alvorleg slag, der det
er naudsynt at vi trekkjer på ressursane i Forsvaret, men så for raskt å skalere ned igjen.
Framandkrigarar.
Heildekkjande, svarte glasflater møter deg når du entrar hovudinngangen.
Men ser du éin gong til, frå skrått over gata, er
det blå himmel, kvite godvêrsskyer og grøne tre
som vert reflekterte i den spegelblanke fasaden
på Politihuset på Majorstua. I alle høve denne
dagen. Det toppmoderne bygget ligg i eit av
dei tryggaste stroka i hovudstaden, tett opptil
Vigelandsparken, og har eit bustadområde i bakkant.
Hovudkvarteret var nytt hausten 2015. På
innsida er det like lyst, luftig og oversiktleg som
fasaden utanfrå står fram mørk og lukka. Høgt
der oppe held Benedicte Bjørnland til. Den 1.
april i år flytta ho inn som ny politidirektør
etter å ha avslutta seks år i sjefsstolen hos Politiets sikkerheitsteneste. Da ho byrja i den førre
jobben, var 22. juli-rapportane om PST noko av
det første ho fekk på skrivebordet sitt.
– Korleis har tryggleiksbiletet endra seg i tida
etter du vart PST-sjef?
– Syria-konflikten hadde starta, men omgrepet framandkrigarar var heilt nytt. Dette ble eit
taktskifte for PST at vi stod andsynes ein større
kontingent med personar som hadde tilhøyr i
Noreg, men som drog og slutta seg til ein terrororganisasjon. Dette har prega PST i åra etterpå.
HV-kontakt.
Benedicte Bjørnland har bakgrunn
som jurist med ei etter kvart lang fartstid i
politiet. Før PST var ho blant anna fullmektig,
adjutant, inspektør og politimeister i Vestfold.
– Som politimeister samhandla eg med lokalt
heimevern. Hovudsakleg møtte eg befalet i
HV i samband med øvingar, og det vart ei god
røynsle, eg tykkjer dei var profesjonelle.
– Eit godt overblikk over forsvarsgreiner og
kapabilitetar fekk eg først etter sjefskurset ved
Forsvarets høgskole i 2010. Ein kan ikkje unngå
å bli ein forsvarsven etter det.
Benedicte Bjørnland har i fleire år figurert
på lista i Kapital over dei mektigaste kvinnene
i Noreg. Bladet har også påpeika at desse kvinnene ofte har ein fellesnemnar: Dei har vore
med på sjefskurset i Forsvaret.
– Korleis fungerer samarbeidet mellom politi og
forsvar nå?
– Eg meiner det fungerer godt, det såg vi
særleg under Trident Juncture. Vi har dagleg
samarbeid med Forsvaret, som grenseoppgåver
og kystvakt, for å nemne noko. I tillegg trenar
Beredskapstroppen til politiet og spesialstyrkane i Forsvaret jamleg saman. Ved ulike
hendingar opplever vi at vi får god hjelp frå
Forsvaret.
– Er grenseoppgangane mellom ansvarsområda
til forsvar og politi godt nok definerte?
– Eg tykkjer at både vi i politiet og Forsvaret
har ei god forståing av kva oppdraget er. Dagens
trusselbilete er hybrid, så da vil det også vere
gråsoner for kven sitt ansvarsområde ein er på.
I eit framtidig tryggleikspolitisk bilete med ein
uklar trussel bør grensene kan hende trekkjast
enda tydelegare. Eg kan ikkje i dag teikne det
landskapet fordi vi ikkje har røynt det ennå.
Men det konvensjonelle biletet som etatane
våre er bygde for, er under utvikling, trur eg.
Trident Juncture.
Ho viser til at politiet fekk
øvd kapasitetane sine mot hybride truslar under
Trident Juncture.
– For oss var Nato-øvinga også ei live-hending
der vi brukte politistyrken til å rapportere om
andre makter som opererer i Noreg nå.
– Vi må bruke dei auga og øyra vi har, til å
varsle både om det situasjonsbiletet vi har i dag
og i framtida, konkluderer politidirektøren.