Utanriks:

Abdelmalek Droukdel vart drepen førre veke.
Abdelmalek Droukdel vart drepen førre veke.

Jihadistleiarens død

Franske spesialstyrkar drap leiaren for al-Qaida i Maghreb (AQIM) førre torsdag. Kva konsekvensar får det for Vest-Afrika?

Publisert

På trygg avstand gjennom linsa til satellittbilete til google verkar landsbyen Tessalit, som ein gudsforleten stad. Sjølv i høg oppløysing verkar denne staden i Nord-Mali lite og skrive heim om. Hovudvegen RN19 går nord-sør.

Det er 70 kilometer nord til Algerie.

Fjellkjeda Adrar des Ifoghas byrjar nokre hundre meter aust for der gatene sluttar. Det var eit slag her i 2012 under tuareg-opprøret. Etter sigande var opprørarane støtta av al-Qaid i Maghreb (AQIM). Mykje støv har blåse gjennom gatene i Tessalit sidan den gong. Og jamvel om ein ikkje veit sikkert at AQIM var der under slaget i byrjinga av 2012, var dei i område torsdag for ei veke sidan.

Tessalit er langt vekke. Og dimed har det tatt ei veke før det franske nyhendebyrået AFP fekk nokre detaljar om kva som skjedde der torsdag 5. juli. Det var eit dagraid. Femten franske spesialstyrkar vart sette inn aust for landsbyen av «minst to transporthelikopter», dei vart støtta av eit Tiger-åtakshelikopter og eit Gaselle-helikopter, dronar var over dei i tillegg. Det var fruktene av eit langvarig etterretningsarbeid, fekk AFP opplyst. Skot vart utveksla. Nærstrid, i høve kjeldene. Kor mange som døydde, er litt uklart. Det vart tatt minst ein fange, men mannen dei var etter i raidet dukka alt opp som død førre torsdag: Abedelmalik Droukdel, emiren, altså leiaren, av AQIM.

På grensa mellom Niger og Mali. AQIM får mykje merksemd i den fransktalande delen av Afrika.
På grensa mellom Niger og Mali. AQIM får mykje merksemd i den fransktalande delen av Afrika.

Ein av veteranane

Under normale tilhøve ville kanskje operasjonen fått stor merksemd i media. Men dette er uvanlege tider. Det er utvilsamt det mest profilerte målet som den franske styrke Barkhane, som opererar i Mali, har «nøytralisert» som dei heiter i dei franske kommunikea. Og jamvel om amerikanske kjelder stadfesta teknisk støtte til den franske operasjonen var det ein fransk operasjon, og ein fransk suksess førre torsdag. Men kva har det å seie for stoda i Sahel og Mali i tida som kjem? Vil det endra noko i dynamikken? Og kor stor «deal» er dette?

Thomas Hegghammer frå Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) er ein av verdas leiande terrorforskarar. Han understrekar at Vest-Afrika ikkje er spesialområdet hans, men han har, snappa opp ein del gjennom åra. Den avdøde emiren, Abdelmalik Droukdel, er sjølvsagt ikkje ukjent, så kven var han?

– Han var ein av dei verkelege veteranane i jihadist-rørsla, og ein av eit knippe jihadistar som lever med karriere heilt attende til Afghanistan-krigen på 1980-talet. Han kom med heilt på slutten der. Og etter det gjekk det slag i slag, seier Hegghammer.

Lokalt til regionalt

Droukdel vart fødd i 1970 i Algerie. Og var i høve terrorforskaren aktiv i den algeriske borgarkrigen på 1990-talet i alle inkarnasjonane som dei militante islamistane gjekk gjennom desse åra. Frå 1998 var han aktiv i GSPC, som i 2007 endra namn til AQIM. FFI-forskaren seier det slik:

– Han var med lenge og er kanskje den lengst kjempande algeriske jihadisten. Han gjekk frå å vere ein del av ei algerisk revolusjonær rørsle til å vere ein del av ei meir regional gruppe. Som no har størst nærvær i Mali.

Men den eines død er den andre sitt brød. AQIM har vore den største gruppa i ein koallisjon i Vest-Afrika kalla Jama'at Nasr al-Islam wal Muslimin (JNIM). Denne gruppa har dei siste åra vore i konflikt med den lokale avdelinga av IS. Desse to gruppene er igjen i konflikt med lokale regime og koalisjonen som Frankrike leiar i området. Og for å gjere noko veldig komplekst enkelt:

– Det er klårt ei viktig hending. Han var ein stor skikkelse. Men det er aldri sånn at tap av ein leiar øydelegg ei gruppe. Men det er ikkje positivt å tape ein figur som han. Det skjer på eit ugunstig tidspunkt og kan svekke JNIM relativt til IS. Så i eit større bilete er det kanskje noko som forlenger konflikten mellom JNIM og IS, analyserer Hegghammer.

IS framleis leiande

Korleis dette vil utspele seg i tida som kjem er altså usikkert. Men det utvilsamt ei fjør i hatten for Frankrike dette, meiner Hegghammer. Jamvel om AQIM kanskje er mindre kjent enn nokre av dei andre grupperingane innanfor al-Qaida systemet, har dei fått mykje merksemd i den fransktalande verda, påpeiker han. Ikkje unaturleg sidan dette er det fransktalande Afrika, kor Frankrike har hatt og har nærvær i fleire år.

Me nyttar høve til å spørje litt om tilhøvet mellom IS og AQ på den globale scena.

– Sidan 2013 har den verda vore bipolar med to merkevarer. Det er liten tvil om at IS gjekk forbi al-Qaida som globalmerkevare i 2014, og eg trur dei er den største framleis. Dei har nok flest nye, unge rekruttar. Men al-Qaida har kompensert med å vere meir pragmatiske og har operert smartare i enkelte regionar.

Aukar mest

Det er i alle høve ikkje snakk om noko sluttspel i Vest-Afrika:

– Ingen vestleg stat kan slå regionale grupperingar åleine. Ein støttar stor sett med luft, spesialstyrkar og etterretning. Skal ein klare å knuse regionale grupper må det skje i samarbeid med lokale aktørar og tryggleiksstyrker. I kva for grad ein lukkast er like mykje eit politisk og diplomatisk spill mellom dei vestlegeaktørane og dei lokale statane, som Mali her. Og det er eit veldig komplekst spill, seier Hegghammer.

Ein torsdag i juni 2020 kom dette komplekse spelet til ein landsby nord i Mali. No har støvet frå helikoptera lagt seg, og lyden frå skotsalvene stilna. I Tessalit, som i resten av regionen held det unormale normale fram. I dagraidet var temperaturane alt oppe i 45 grader. Snart er staden gløymd att, og på wikipedia vil det kome nok ein bolk i den korte biografien om landsbyen ved foten av fjella. Men problema i regionen held fram, jamvel om det har stilna langs veg RN19.

– Vest-Afrika har hatt den største veksten i jihadisme i verda dei siste to åra. Det er ingen grunn til å tru at det vert mindre aktivitet der i åra framover, avsluttar Hegghammer.