Nyheter:

Trur på frigjeving av Frode Berg
– Magekjensla mi seier at Berg blir frigjeven i løpet av hausten, sa ordføraren i Sør-Varanger for noen veker sidan. Han kan få rett.
Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
– Er det noko den russiske etterretninga kan, er det å bryte ned menneske. Men eg trur regjeringa nå gjer alt som er mogleg for å få han heim igjen, seier ordfører Rune Rafaelsen.
Dei siste åra har Frode Bergsaka tatt mykje av tida hans. Dei to har kjent kvarandre sidan 1994 da Berg var grenseinspektør. Rafaelsen kallar arrestasjonen av nordmannen ein personleg tragedie.
Den 25 oktober markeres 75-årsjubileet for at styrker frå Den Røde Arme frigjorde Øst-Finnmark. Rafaelsen ønskte at Noreg skulle invitere Putin fordi han trur det ville gjere det lettare å få frigjeve den spiontiltalte nordmannen.
– Dersom ein hadde invitert Putin, trur eg han hadde brukt høvet til å benåde Berg. Det hadde sett Putin og Russland i eit godt lys.
Trur på snarlig frigjeving
På tross av at Putin ikkje blei invitert, trur Rafaelsen likevel han kan bli frigjeven i løpet av hausten.
– Magekjensla mi seier at Berg blir frigjeven før jubileet. Men det har ofte vist seg at Russland har ein tendens til å gjere det stikk motsette av det ein trur og ventar, sa Rafaelsen til Forsvarets forum for noen uker sidan.
Den 15. oktober kom nyheiten om at ein utvekslingsavtale som omfatter Frode Berg kan nå være klar. I følge anonyme kilder i Litauen gått med på å utveksle en russisk storspion mot en «nordmann fengslet i Russland» og to litauere. Det kan være et gjennombrudd for den spiondømte nordmannen Frode Berg, som har sittet fengslet i Moskva siden desember 2017.
En utveksling som involverer den spiondømte nordmannen Frode Berg blir ikke klar før tidligst i neste uke. Det sier formannen i forsvars- og sikkerhetskomiteen i det litauiske parlamentet til NRK.
Utvekslingen ennå ikke er 100 prosent klar, selv om det er enighet mellom partene om hovedinnholdet i avtalen.
Feil retning
Sjølv har Rafaelsen det han kallar ei patologisk forgjering for Russland og vitjar landet fire, fem gonger i året. Det første minnet frå nabolandet er frå ein biltur med foreldra til Boris Gleb i 1965 der mange kunne kjøpe vodka og sjokolade. Framleis hugsar han lukta av dei eksotiske søtsakene. Seinare reiste han aleine som 15-åring med Norsk-sovjetisk vennskapssamband som arrangerte turar til Murmansk.
– Eg har alltid interessert meg for russisk historie og det russiske samfunnet. Eg har blitt skulda for å ha eit romantisk forhold til nabolandet i aust.
Likevel har han ingen illusjonar om tilstanden inne i Russland. Rafaelsen meiner alt som har med sivilsamfunnet å gjere, har gått i galen retning etter at Putin kom til makta.
– Det er ingen pressefridom, men nok av fattigdomsproblem og liten sosial mobilitet. Vi må gi tydeleg uttrykk for kva som er våre demokratiske verdiar. Det må aldri bli sånn at Noreg ikkje tør gjere ting av frykt for å provosere Russland.
Grunnen til at eg kan vere så stor i kjeften er at vi har ein sterk forsvarsallianse i ryggen.
INGEN FRYKT FOR RUSSLAND
Geopolitisk senter
Sør-Varanger kommune ligg heilt nordaust i det langstrakte landet vårt. For mange er det ein utpost. For Rafaelsen er dette det geopolitiske senteret i Noreg.Samarbeid
Rafaelsen styrar ein kommune der Forsvaret alltid har hatt ei tydeleg rolle. Han er imponert over den jobben Forsvaret gjer i Sør-Varanger.Krigshistorie
Frå rådhuset er det knappe 50 meter til den gamle brannstasjonen der Rune Rafaelsen vart fødd ikkje mange år etter krigen. I Europa var det berre Malta som blei bomba fleire gonger enn Kirkenes. Da tyskarane trekte seg ut, sto det knapt eit hus igjen i landsdelen.Det tok nokre år, men etter kvart reiste byen seg som ein fugl føniks frå oska. Faren hans, Alf Rafaelsen, var sjølv med som soldat under frigjeringa av landsdelen. Trass i krigsinnsatsen sin har faren aldri fått nokon medalje eller noka påskjønning for tenesta.