Trump glad for auka forsvarsbudsjett i Nato

President Donald Trump lovprisa Jens Stoltenberg for jobben han har gjort som generalsekretær i Nato, ifølge NRK. Samtidig var han glad for at stadig fleire medlemsland har auka forsvarsbudsjettet sitt. Trump har i lengre tid stilt spørsmål ved nytta av alliansen og skulda fleire medlemsland for å vere gratispassasjerar som stolar på at USA skal kome og ordne opp. Han er også kritisk til at fleire land, blant dei Tyskland, ligg bak Nato-vedtaket frå 2014 om at medlemslanda skulle bruke to prosent av BNP på forsvar. Trump har ved fleire høve truga med å trekke USA ut av forsvarsalliansen.