Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_2263_taktikkisandaforum_2263_taktikkisandahttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9855Taktikk i sandaModellbord med sand skal lære bort taktikk på Krigsskolen. /forum-media/PubImages/Sandkasse-7.jpg

– Eg fekk inspirasjon til å byggje taktikkrommet etter ein studietur til US Marine Corps. På basen Quantico har dei eit stort rom som dei brukar til dette føremålet. Nå har vi fått laga noko tilsvarande på Krigsskolen, seier rittmeister Philip Matlary.

Noko som liknar ei stor sandkasse med metallbenkar rundt, står i den eine enden av klasserommet. Andre plassar står fleire mindre bord fylte med sand. Dette er det nyaste tilskottet til taktikkundervisninga på Linderud.

 

 

forum_2263_taktikkisandaforum_2263_taktikkisandahttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9860US MARINE CORPS: David Smith har gjort teneste i Irak, Afghanistan og Jemen. Han har lang erfaring med bruk av modellbord med sand frå det amerikanske forsvaret. /forum-media/PubImages/Sandkasse-10.jpgUS MARINE CORPS: David Smith har gjort teneste i Irak, Afghanistan og Jemen. Han har lang erfaring med bruk av modellbord med sand frå det amerikanske forsvaret.


– Vi kallar dette Sand Table Exercise, forklarar Matlary som underviser ved seksjonen for taktisk samvirke ved Krigsskolen.

Taktikk-legging i sand er en gammel øvelse i Forsvaret, både innendørs og ute i felt. Nå gjeninnføres denne metoden ved Krigsskolen. 

– Dette er eit godt verktøy for å kunne ta avgjerder. Det er opp til instruktøren å variere kompleksiteten og vanskegraden. I motsetnad til krigsspel baserte på datamaskiner krev modellborda svært lita opplæring. Det er ein av dei største føremonane.

US Marines 

For å lære meir om moglegheitene har han invitert ein kompanisjef frå US Marines Rotational Force på Værnes. David Smith har gjort teneste i Irak, Afghanistan og Jemen. Han har lang erfaring med bruk av modellbord med sand. Han samlar masse i to store haugar. Eit kvitt band simulerer vegar, mens ein bygning blir konstruert av pappkort. Rundt bordet står fem kadettar.

– De skal lage ein plan for å innta denne høgda. Dette er for å sikre området slik at kompaniet kan rykke vidare og ta kontroll på dette bygget, seier han og peiker på papphuset.


Kadettane får nokre minutt til å førebu korleis dei vil løyse oppdraget. Tre av dei skal samarbeide om å gå til åtak, mens dei to andre skal forsvare området. Kadett Jens Eriksen får beskjed om å huke seg ned slik at hovudet er i same høgd som bordet. Dermed får han sjå terrenget, med høgder og søkk, slik det ville bli opplevd av ein ørliten soldat.

– De blir skotne på, seier Smith og får kadettane til å klappe i hendene for å simulere inn- og utgåande eld.

Tredimensjonalt 

Dei kallar inn artillerield som vert illustrert med å strø sand over pappkort som syner avdelingar som vert flytta i terrenget. Undervegs får kadettane ny informasjon om kapasitetane til fienden som gjer at dei må justere planen ubrote.

Etter ti minutt er øvinga ferdig, og kadettane gjer klar for ei ny gjennomkøyring.

– Ein får ei heilt anna forståing for kva for faktorar ein ikkje har vurdert ved fienden og terrenget når ein ser det tredimensjonalt på eit sandbord. Når ein byrjar å gå gjennom operasjonen, så klarar ein lettare å identifisere hol i planen, seier kadett Martin Marker.

 

 

forum_2263_taktikkisandaforum_2263_taktikkisandahttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9859Kadett Jens Eriksen får beskjed om å huke seg ned slik at hovudet er i same høgd som bordet. Dermed får han sjå terrenget, med høgder og søkk, slik det ville bli opplevd av ein ørliten soldat./forum-media/PubImages/Sandkasse-6.jpgKadett Jens Eriksen får beskjed om å huke seg ned slik at hovudet er i same høgd som bordet. Dermed får han sjå terrenget, med høgder og søkk, slik det ville bli opplevd av ein ørliten soldat.


Han dreg fram føremonen ved at ein får mange gjennomkøyringar på kort tid.

– Klappinga var enda ein ting ein må ta omsyn til. Det var vanskelegare enn ein skulle tru å kommunisere, tenkje på planen og klappe samstundes. Det utfordrar heilt klart simultankapasiteten, seier han.

Rollespel 

Den amerikanske offiseren Smith fortel at dette er ein viktig del av korleis dei undervi- ser i taktikk i marinekorpset.

– Alle offiserar har vore gjennom dette mange gonger.

Modellbord vert bruka for å gi ordrar, i krigsspel og for å øve på å ta val.

– Ein tar eit kart og byggjer terrenget ut frå korleis kartet ser ut. Det er ein forenkla variant av øvingar i felt, berre at det er raskare å gjennomføre. Ein kan simulere mange av stressmomenta frå det verkelege livet. Det er litt som eit rollespel, forklarar Smith.

– Kva er føremonene med denne metoden. Det verkar litt gammaldags?

– Det er eit bord av tre og litt sand. Ein kan gjere det når som helst og kvar som helst. Ein får mange gjennomkøyringar der ein øver på å ta hurtige og gode val. Det kan potensielt tyde skilnaden mellom liv og død i ein skarp situasjon.

 

 

forum_2263_taktikkisandaforum_2263_taktikkisandahttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9862/forum-media/PubImages/Sandkasse-3.jpg


Taktikkrom

Krigsskolen hadde tidlegare eit eige rom for modellbord av sand, men bygget som husa dette, blei rive. Nå vert metoden henta fram igjen. Med god støtte frå seksjonssjef Torgeir Menne har Matlary fått bygd om eit klasserom som tidlegare fungerte som lager.

– Innkjøpa av bord og anna materiell kosta 350 000 kroner, i tillegg kjem litt til oppussing og måling av rommet. Det meiner eg er ei god investering, seier Matlary.

– Kvar kom ideen om å byggje eit taktikkrom frå?

– Eg skreiv ei masteroppgåve ved King's College i London om korleis ein betrar undervisninga i taktikk. Etter utdanningsreforma vil mange framtidige kadettar ha frå lita til inga militær erfaring. Dette er ein god metode for å trene problemløysing. Poenget er å lære kadettane å ta raske, men gjennomtenkte val. 


Publisert 8. juli 2019 10:21.. Sist oppdatert 10. juli 2019 09:01.