Savner kake på Sessvollmoen

Har vi blitt for sære som spør etter kake? Nope!

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er nemleg det vesle ekstra som skal til for å klatre heilt til topps i Messetoppen. Sjølv om det kjennest som om eg står og trampar i golvet og ropar høglydt som ein sur gutunge etter noko søtt etter middag, så ligg det ei meining bak.

La meg få forklare ...

Perfekt, men ... På Sessvollmoen er i utgangspunktet ingenting feil, dei har ein super lunsj med fleire bra varmrettar, dei har utvalet av pålegg som skal til, masse frukt og grønt i tillegg til å by det fram på ein fristande og god måte. Soldatane skryter av maten, men somme klagar sjølvsagt også. Spesielt får smaksvariasjonar i havregrauten til frukost gjennomgå. Middagen sit som eit skot, perfekt spagetti carbonara med nybakt focaccia og bra med salat til. Vi kunne godt tenkt oss eit lite strølag med parmesan, men carbonaraen var såpass krema at han faktisk klarte seg fint utan.

Men ... vi klarar oss liksom ikkje heilt utan ei søt avslutning.

GULT ER KULT: Omeletten som Karine Løken viser fram, er noko av det som går inn i kategorien «det vesle ekstra» på Sessvollmoen.


Ein halv?
Det er i fare for å bli oppfatta som ein utamd kakemons eg skriv dette... men: Det er kake eller ein søt dessert som ville ha sett den berømte prikken over i-en eller køyrt dagens måltid heilt i mål.

På dei stadene i Forsvaret som har enda med fem tallerkenar, er det nettopp det vesle ekstra som har gjort at toppkarakteren er landa.

– Nei, vi plar ikkje ha slike dessertar her hos oss, sa kjøkkensjefen til oss.  

Så synd. For sjølv om soldatane får lov til å steike vaflar sjølv i helgene, så endar vi på fire tallerkenar. For vi får ikkje lov til å dele ut eller trekkje ein halv.


Kursleir.
Sessvollmoen messe har i all hovudsak soldatar frå Forsvarets sanitet og militærpolitiet som daglege «kundar». I tillegg til andre og mindre avdelingar vert Forsvarets felles opptak og seleksjon (FOS) halde der med jamne mellomrom, og leiren er dessutan kjend som kursleir i Forsvaret. Mange har vore på kurs og har ete på Sessvollmoen.

Det gjer sitt til at kundegrunnlaget kan variere stort frå veke til veke for dei 19 som kokkelerer over fire måltid på kjøkkenet. Den eine veka kan dei ha 200, den neste kan over 1000 dukke opp. Men messa taklar det fint, ikkje berre på takk vere kjøkkengjengen, men også fordi dei har ei praktisk messe som slusar dei svoltne inn og ut igjen på ein effektiv og god måte. Ingen køkrasj eller for den del særlig store køar å snakke om er den generelle tilbakemeldinga.

***


Kjøkkensjefen


Hanne Oddveig Holen har styrt kjøkkenet på Sessvollmoen i 20 år, og ho fortel at dei nyleg har gjort endringar etter eit møte i garnisonsutvalet.

– I møta får vi tilbakemeldingar på menyar og det vi serverer, blant anna frå soldatane. Dei kjem med sine ønske om endringar og om matrettar, fortel Holen.


Soldatane rosar overfor Forsvarets forum kjøkkensjefen for blant anna å ha fått på plass iste nær sagt beinveges og for å ha gjort endringar i menyen.

– Det er viktig for oss å lytte til kundane våre, seier Holen.

Ho fortel om ei messe med til tider stort trykk.

– Spesielt under opptak og seleksjon. Da står soldatane og et maten sin ved søppelbøttene, slik gjer dei seg snøgt ferdig og kjem seg vidare. Mange har da ikkje tid til å ete i det heile tatt, seier Holen og ristar på hovudet.

Elles har Holen ein viktig regel:

– Det skal alltid vere salat og grønsaker til middag, eller begge delar, seier ho.

– Kva saknar du i messa sjølv?

Emilie Ødemark (18), kontorlærling: Eg skulle ønskt det var meir variert og at det var lagt ned meir sjel i maten – og i smaken.
Anniken Fagerdal (19), kontorlærling: Eg tykkjer maten går mykje i det same. Risgrynsgraut et vi jo nesten heile tida.
Emil Nilsen (20), kontorlærling: Eg bunkrar når eg et på Sessvollmoen, men eg tykkjer maten generelt er for dårleg.

– Skikkeleg solskjerming. Veldig mykje lys kjem inn når sola står på.



Powered by Labrador CMS