Behov for oppvask

Setermoen mistar toppkarakteren for plasseringa av oppvasken i messa.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Før jul åt soldatar og befal av papp og med plastikkbestikk for at oppvasken skulle byggjast ut til det doble. Tre månader tok det å utvide oppvasken til å takle tilnærma dobbelt så stort trykk. Men kva dei ansvarlege har tenkt med for å kome fram til denne løysinga, veit ikkje vi. Resultatet er dessverre eit oppvaskområde som uroar ei elles svært triveleg messe.

SETERMOEN: Sjå video frå Setermoen.

Når ein i dag et på Setermoen, skulle det være unødvendig å bli uroa av oppvaskmaskiner som bråkar i bakgrunnen, tallerkenar som vert stabla, og bestikk som vert sortert. Støyen er merkande, det er nærmast som om området for leveringa av oppvask har blitt eit hovudelement i messa – i staden for ein siste stad før ein nøgd slikkar seg om munnen og forlèt messa god og mett.

Der ryk topptallerkenen i messetesten dessverre.

GODT: Seibiff med poteter, grønsaker, baconterningar og rømme.


Innpisk. For det er jo trist at Setermoen mannskapsmesse mistar toppscoren sin når dei elles scorar høgt på alle plan. Maten, trivnaden, stemninga er god. Det er også ein godt organisert kø, men i lengste laget frå tid til anna. Han kunne ha vore kortare med fleire stasjonar for handvask og litt kjappare innpisk frå inspiserande befal. Fem til ti sekund mellom kvar soldat som får kome inn, blir fort til minutt og lang kø for dei bakarste i rekka.

I tillegg kan ikkje minst avdelingane halde seg til og respektere etetidene dei er tildelte.

 

Mykje ros. Soldatane på Setermoen rosar maten, både frukost, lunsj, middag og kveldsmat. Særleg får den omnsbakte laksen ros, den heimelaga havregrauten går definitivt ned, dei nysteikte brøda til kvar frukost får ros, og middagane har varierande og godt innhald.
Da Forsvarets forum vitja messa, var det nok litt hektisk og kort tid etter ombygginga av oppvasken. Litt rotete her og der, men det slår totalt sett ikkje negativt ut for resultatet vi hamnar på.

Gjer om. Denne dagen blei det servert seibiff med poteter, grønsaker, baconterningar og rømme. Eit måltid med kvit fisk som fall godt
i smak. Fisken var ikkje tørr, men vart derimot opplevd som fersk og god. Akkompagnert av eit godt utval grønsaker og en dæsj med rømme og baconterningar blei dette eit måltid som var særs vellykka.For Setermoen er det synd at oppvasken øydelegg for ein toppscore.

Mitt råd til dei ansvarlege for messebygget er: Freist å setje opp eit skilje som både dempar lyden og hindrar innsynet til oppvasken.

Det vil gjere Setermoen til ei toppmesse. 

STØY: Et du i Setermoen messe, blir du unødvendig uroa av skrammel og rammel fra oppvasken.



Det fortel assisterande kjøkkensjef på Setermoen, Geir Arne Gløsen (59). Han har stått i same stilling sidan 1984. Med sine 32 tilsette på kjøkkenet serverer han frå 600–700 til 1200 menneske i messa kvar einaste dag.

– Dette er den største messa i Hæren. Men vi klarar oss godt likevel, med god innsats får vi til god mat. Det er viktig å vere blid og i dagleg kontakt med soldatane, seier Gløsen.

Dei steiker brød og rundstykke kvar morgon, serverer heimelaga havregrynsgraut kvar tysdag og torsdag og diskar opp med kakebord kvar fredag.

– Eg opplever soldatane som et hos oss, som veldig medvitne på kva dei puttar i seg frå dag til dag. Derfor går det også veldig mykje frukt og grønt som vi passar på å fylle opp heile tida, seier han.

KJØKKENSJEF: Geir Arne Gløsen.

– Dessutan kokar vi 650 egg til kvar einaste frukost – blautkokte eller hardkokte. Og ein gong i veka set vi eggerøre, bacon og tomatbønner fram til lunsj. 


Powered by Labrador CMS