Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

forum_1145_sjefeninordforum_1145_sjefeninordhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=7633Sjefen i nordKjerstin Askholt (56) meiner det er bra at Forsvaret øver på Svalbard. Noregs utpost i nord er nemeleg verd å forsvare. /forum-media/PubImages/Askholt - nett.jpg

Den tidlegare ekspedisjonssjefen i Justis- og beredskapsdepartementet tar gjerne tre nye år på Svalbard. Ho tiltredde i 2015 og fekk ein av de verste ulykkene rett i fanget nokre månader etter at ho landa på dei nordlegaste landområda i Noreg. Nokre dagar føre joleftan gjekk eit snøskred frå Sukkertoppen som øydela fleire hus. Dei kunne likevel førast opp att på tryggare grunn. Men tapet av to menneske sette djupare spor i det vesle samfunnet i Longyearbyen.

– Du får det du får på «vakta di», og da er det berre å løyse oppgåvene med dei føresetnadene ein har, seier Askholt.

– Heldigvis har eg veldig dyktige og røynde folk rundt meg her oppe. I ein sånn situasjon må du bruke medarbeidarane dine for alt dei er verde.

Skuggesider. Tobarnsmora frå Asker har lang leiarrøynsle. Ho har blant anna vore sjef for Polaravdelinga ved Justis- og beredskapsdepartementet, avdelingsdirektør for administrative saker i Kriminalomsorga og fungert som ekspedisjonssjef for same avdeling. Askholt var direktør i Bredtvet kvinnefengsel og på Ullersmo. Ho har sett dei mørkare avkrokane ved samfunnet og vakse på det. Det handlar ikkje om å forsvare handlingane, fortel Askholt, men du kan forstå kvifor einskilde kan kome skeivt ut.

– Menneske er menneske.

– Eg møtte mange innsette som eg kjem til å hugse. Du set meir på pris på livet etter å sett skuggesidene i samfunnet.

Innsette i norske fengsel er nå eit tilbakelagt kapittel. Likevel fryktar ho at Longyearbyen, som i dag har ein svært låg kriminalitet, kan få fastlandsproblem.

– Vi må passe på at vi ikkje får narkotikaproblem. Vi blir likare fastlandet på godt og vondt, så vi må følgje utviklinga nøye framover.

Ho meiner det
er viktig å halde eit vake auge med forvaltinga av dei store nasjonalparkane og tryggleiken for turistane. Uroa som Askholt målber, blir underbygd av fleire nylege hendingar. I juli tok mannskap på eit cruiseskip livet av ein nærgåande isbjørn. Kystvakta har også rapportert om kubikkmeter med plast som flyt rundt øya og finn vegen til land på grunn av aukande skipstrafikk. Klimaforandringar er synlege, fortel Askholt, som meiner det er viktig at det ikkje blir for mange vitjande på øya.

Vi må finne ein balanse som vernar den urørte eigenarten til Svalbard.

forum_1145_sjefeninordforum_1145_sjefeninordhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=7634Villmark: Kjerstin Askholt har utviklet en interesse for kikkertsikter under oppholdet på Svalbard. På Svalbard må man kunne klare seg selv (Foto: Sysselmannen på Svalbard). /forum-media/PubImages/Bilde 2.jpg

– Vi må finne ein balanse som vernar den urørte eigenarten til Svalbard. Det er jo det turistane kjem for å sjå, og som vi som bur her, set så høgt.

Villmark.
Som sysselmann på Svalbard har hofunne ei urørt villmark som er verd å forsvare – sjølv om det for ein periode inneber mindre tid til mann og til barna som er i tjueåra.

– Han lever heldigvis godt med det, han har i alle høve ikkje sagt noko anna til meg. Han passa jo raskt på å kjøpe ein snøscooter med større motor enn min, humrar Askholt.

– Også ønskjer han å «perse» på Svalbard ski-maraton neste år så han er heldigvis open for at eg blir litt til. Barna har også kome kvar jol og i feriar, og vi har brukt høvet til å skape mange minne her – saman, seier Askholt.

Livet på Svalbard er ikkje for alle. Du må kunne klare deg sjølv, ikkje vente fastlandsluksus og planleggje utferder i villmarka.

– Eg har utvikla ei ny interesse for kikkertsikte, seier Askholt og viser til behovet for å gå væpna utanfor Longyearbyen.

I Svalbardområdet er det rundt 3000 isbjørn – fleire enn det er menneske. Og sjølv om rovdyret som kan vege 800 kilo, heller vil ha ringsel enn menneske, må ein passe på.

– Det er eit fantastisk dyr som eg har vore så heldig å sjå – på avstand med kikkert, men eg har også opplevd dei så nær at det definitivt ikkje var behov for det.

– Du veit, enkelte turistar har dessverre eit litt naivt forhold til isbjørn, men det er eit rovdyr som kan ha full oversikt over deg utan at du sjølv er klar over det.

Suverent.
Kjerstin Askholt vil at politikken skal bli verande i Oslo og ikkje bli spela over til nord. Ho avvisar at det spente forholdet mellom Russland og Vesten etter annekteringa av Krim, har påverka naboskapen på øya. På Svalbard har nordmenn eit godt forhold til russarane og ukrainarane i Barentsburg litt sør for Longyearbyen.

Det er lett å gløyme at vi forsvarte oss på Svalbard under 2. verdskrigen.

forum_1145_sjefeninordforum_1145_sjefeninordhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=7635Medalje: På vegne av Forsvaret overrakte Sysselmann Kjerstin Askholt INTOPS-medaljen til Bjørn Engen (Foto: Sysselmannen på Svalbard)./forum-media/PubImages/Bilde 5.jpg
forum_1145_sjefeninordforum_1145_sjefeninordhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=7636Besøk: Sysselmann Kjerstin Askholt tok imot USAs daværende utenriksminister John Kerry da han besøkte Svalbard juni 2016 (Foto: Sysselmannen på Svalbard). /forum-media/PubImages/Bilde 3.jpg
forum_1145_sjefeninordforum_1145_sjefeninordhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=7637Seremoni: Trond Vigtel var sjef for de norske militære styrkene på Svalbard døde i kamp med tyskerne i 1943. 8. mai hvert år er det en minneseremoni ved graven hans (Foto: Sysselmannen på Svalbard). /forum-media/PubImages/Bilde 1.jpg

Det er viktig å vise respekt andsynes kvarandre, delta i arrangementa til kvarandre – og vere medvite historia om ein god naboskap, seier hun.

– I samband med rolla til Forsvaret på Svalbard set Svalbardtraktaten nokre rammer for faste, militære installasjonar, men Noreg har full rett til å forsvare heile Noreg, inkludert Noregs nordlegaste region. Det er naturleg at vi i det daglege har ei fast og konsekvent utøving av mynde her oppe. Det er det sysselmannen som står for.

Ho viser til at øybuarane kvart år minnest krigshistoria på Svalbard. Den 8. mai heidrar øybuarane blant andre kaptein Trond Vigtel som leia den norske styrken som forsvarte øygruppa, og som mista livet her under kampar mot tyskarane.

– Det er lett å gløyme at vi forsvarte oss på Svalbard under 2. verdskrigen.

Sysselmannen på SvalbardSysselmannen på Svalbard
Kjerstin Askholt (56) er gift og har to barn
Tok sjefskurset ved Forsvaret høgskole 2011
Sysselmannen på Svalbard har blant anna miljøvernmyndigheit på Svalbard og politimyndigheit for heile øygruppa
Svalbard er et eige politidistrikt

http://forsvaretsforum.no/Lists/FactBoxList/DispForm.aspx?ID=50

Publisert 12. september 2018 12:51..