Nyheter:

Comebacket

I 1980 heldt Dag Otto Lauritzen på å miste beinet i ei fallskjermulykke i Forsvaret. Året etter blei han noregsmeister i sykling.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Vi skulle hoppe fallskjerm under ei repetisjonsøving i Nord-Noreg. Troppen med fallskjermjegerar sat klare i ein Twin Ottersom hadde klatra til 10 000 fot. Mellom beina hadde eg festa ein sekk på 20–30 kilo. Idet eg hoppa ut, skjønte eg med ein gong at noko var gale.

Utan at Dag Otto Lauritzen merkar det, har ein karabinkrok losna. Idet han hoppar ut, vert sekken forskuva til den eine sida, og vinden tar tak slik at han byrjar å rotere. Ute av kontroll trekkjer han skjermen som kjem opp mellom beina hans, så snorene surrar seg rundt høgrefoten.

– Eg går rundt som ei kråke og heng med eitt opp ned i lufta. Det er det siste eg hugsar før eg uvitar, fortel han.

Lauritzen fell mot bakken i rasande fart. Like før han råkar marka, kjem han til seg sjølv. I siste liten får han losna beinet frå snorene så han ikkje møter bakken med hovudet først.

Amputasjon.

På sjukehuset i Hammerfest kan dei konstatere at skadane er omfattande med avrive krossband, leddband, beinbrott og krasa kneskål. I tillegg er hovudpulsåra strekt. Hadde ho roke, måtte han ha amputert beinet.

– På denne tida jobba eg som politimann og var i gang med kurs for å bli med i Beredskapstroppen. Legen fortalde etter operasjonen at skaden sannsynlegvis ville gi meg delvis stivt bein, og at eg ville ha problem med å gå normalt igjen. Men eg bestemte meg for å gjere alt eg kunne for å vise at legen tok feil.

Sykling var ideelt for å trene seg opp igjen etter skaden. Og allereie året etter ulykka blir han noregsmeister i B-klassa.

– Eg har lært at somme gonger kan ulykker, sjukdom eller andre negative ting gjere at det vert opna nokre nye dører. Sånn sett kan eg kanskje «takke» Forsvaret for at livet tok ei heilt ny vending, og at eg vart syklist.

Frå proffsyklist til TV-skjermen.

I dag er tidlegare fallskjermjeger Dag Otto Lauritzen kanskje best kjend som TV-kjendis. Saman med makker Kristian Ødegård har han sykla verda rundt.

Frå neste år trer dei to inn i heilt nye roller når 14 kjendisar blir innrullerte i «Kompani Lauritzen».

– Det var utruleg fascinerande å sjå korleis deltakarane levde seg inn i rollene sine. Dei gjekk opp i rett, sjølv når det ikkje var kamera til stades. Dei bad om løyve til å få gå på do og stod opp ein time før revelje for å vaske rommet.

Dei levde i ei forsvarsboble, fortel Lauritzen som har rolla som «oberst».

I programmet, som har premiere på TV2 våren 2020, skal deltakarane blant anna gjennom rekruttskole og helvetesveke. Ein etter ein ryk dei ut heilt til fire står igjen som skal gjennom den avsluttande militærøvinga. Til slutt skal det kårast ein vinnar.

– Berre ein av deltakarane hadde vore i Forsvaret tidlegare. Målet var ikkje å lage soldatar, men å få fram dei beste utgåvene av dei sjølve.

SJØLVINNSIKT: I Forsvaret lærte eg mykje om meg sjølv. Blant anna\nat når ein trur ein er heilt i kjellaren, så er ein eigentleg berre halvveges\nned trappa, seier Dag Otto Lauritzen.

– Hadde kjendisane godt av å prøve seg på «førstegongstenesta»?

– Eg trur alle har godt av eit slik år der ein lærer seg disiplin, blir utfordra utanfor komfortsona og opplever sterk kjensle av meistring. Og så skapar ein veldig tette band. Dei som var med i TV-innspelinga, har hatt fleire sosiale samlingar allereie, heilt på eige initiativ. Når ein har vore med på noko tøft saman, så skapar det band som varar.


Helvetesveka. 

Sjølv hugsar han attende på tenesta som fallskjermjeger med stoltheit. Planen var eigentleg å jobbe om bord på eit skip etter vidaregåande. Dra på jordomsigling, samle opplevingar og tene pengar. I staden kom det ei innkalling til Forsvaret i postkassa.

– Eg blei send på rekruttskolen for Garden på Trandum. Der fekk eg auge på plakatar som reklamerte for opptak til Jegerskolen. Eg tenkte at det er «dei tøffaste av dei tøffe», så det måtte eg søkje.

Av 1200 som prøvde seg, fekk 100 lov til å vere med på helvetesveka. Det var lite søvn og mat, og gutar i tjueåra som felte nokre tårer og ville heim til mamma. Mange følte dei hadde gitt alt og var ferdige. Likevel var dei der framleis fleire dagar seinare.

– Der lærte eg noko viktig, at når ein trur ein er i kjellaren, så er ein truleg berre halvveges ned trappa.

Særleg ei hending gjorde sterkt inntrykk. Under ein 5000-meter stupte to gutar av utmatting.

– Ein av dei hamna i koma, den andre blei henta av ambulanse, men døydde på veg til sjukehuset. Det blei politietterforsking, og dei fann seinare medisinar i skapet hans. Han hadde vore sjuk, men heldt det løynt. Han ville meir enn kroppen tolte.

Eg tenkte at det er «dei tøffaste av dei tøffe», så det måtte eg søkje.

Frå Finnmark til California. 

Dag Otto kom gjennom nålauget. Etter førstegongstenesta vurderte han å verve seg til det som er forløparen til spesialkommandoen. I staden blei det politiutdanning og fast jobb i Kristiansand. Han trefte Ellen som seinare blei kona hans, og dei kjøpte seg hus. Kursen var sett. Heilt til fallskjermhoppet i 1980 snudde opp ned på alt. Det tok 34 år før han hoppa igjen. Denne gongen godt stroppa fast til ein spesialsoldat på Rena.

– Eg plar alltid seie at folk må tore å utfordre seg sjølv. Da kan eg ikkje vere noko dårlegare sjølv. Men hjartet hamra ganske godt da eg stod på rampa til Hercules-flyet. Heldigvis gjekk alt bra denne gongen.

Viljestyrke.

Han skildrar året som fallskjermjeger som den viktigaste perioden i oppveksten. Han vart kjent med seg sjølv og lærte korleis kroppen reagerer når det buttar imot.

– Det var periodar under Tour de France da eg hadde lyst å leggje meg i grøfta og grine. Da tenkte eg attende på helvetesveka. Når eg klarte det, så kan eg klare dette også, sa eg til meg sjølv. Viljestyrke er det viktigaste talentet. Det lærte jeg i Forsvaret.

Høgdepunkta frå sykkelkarrieren er mange. Men eit av dei største kom under OL i Los Angeles. Fire år etter at Dag Otto Lauritzen låg på Finnmarksvidda og lurte på om han kunne gå normalt igjen, stod han på pallen og fekk bronsemedaljen rundt halsen.

– Akkurat da kjentest det som eit gull.


********


Dag Otto Lauritzen (63)
Gift, to barn og to barnebarn
Tidlegare proffsyklist og kjend frå fleire TV-program
Våren 2020 startar TV-serien «Kompani Lauritzen» på TV2.

Powered by Labrador CMS