Regjeringa ber Stortinget om å få starte nye investeringer

Regjeringa har bede om Stortinget si godkjenning til å starte opp fleire investeringsprosjekt, ifølge ei pressemelding. Blant dei er luftromsovervaking, vedlikehaldsfasilitet for ubåtar og hangar og verkstad for dei nye overvakingsflya, P8. I tillegg informerer regjeringa Stortinget om kostnadsbilete for kampflybase Ørland, terminering av prosjekt for ombygging av mannskapsforlegningar på Setermoen til forlegning for befal og verva, vidareutvikling av cyberdomenet i militære operasjonar og norsk medlemskap i Cooperative Cyber Defence Center of Excellence.